Lobbying på direkten

I onsdagskveldens Haralds time med gjester hadde eg lagt opp til ein variert kveld med fire personar. Med meg i studio var Vidar Homme, som fortalde at Valle Sparebank og Evje og Hornnes Sparebank sitt selskap for felles banktenester, tidlegare kjent som Terra, no hadde bytta namn til Eika. I Setesdølen sitt oppslag om dette kunne ein få inntrykk av at bankane hadde blitt med i ei ny gruppe, men det er bare namnebyte, og Vidar fortalde at grunnen var at Terra ikkje gav den tillit som bankane gjerne ville ha etter hendingane for nokre år sidan. Samstundes med namneendringa kom og ei endring i profilen som dette felles selskapet skal ha.

Vidar sat saman med meg heile timen, men eg var lite flink til å fortelje dei som var på telefonen at han var der, så han følte ikkje at han kunne bli så aktiv med i samtalen. Den første som eg hadde på telefonen var Solveig Jore, som torsdag for ei veke sidan tok doktorgraden på flått. Ho vaks opp på Evje, men foreldra hennar er frå Valle. Ho gav oss eit interessant innblikk i forskningsarbeidet sitt og tok seg god tid til å fortelje om kvifor ho hadde blitt interessert i dette. Ho ville bruke doktorgraden til å forske vidare som tilsett på Veterinærinstituttet og såg ikkje for seg å gå tilbake til veterinærpraksis. Forskninga hennar syner at både klimamessige tilhøve og attgroing kan vere årsak til at flåtten breier seg over større område enn tidlegare.

Siste delen av kvelden hadde eg med meg Kjell Ingolf Ropstad og Knut Olav Tveit, som er dagleg leiar av Småkraftforeninga. Kjell Ingolf var på Evje måndagskvelden og hadde pep talk før valgkampen, det hadde vore ein flott kveld, fortalde han. Eg lurte på om han kom på Setesdalskonferansen, men han skulle i Heimevernet den veka, så det ville i så fall bli bare eit kort besøk. Knut Olav Tveit var svært nøgd med at Kjell Ingolf hadde vore med på eit Paragraf 8-forslag i Stortinget. Det handla om at folk som i ein periode bygde småkraftverk og var blitt lova å få vere med i ordninga med grøne sertifikat og likevel ikkje kom med, måtte få bli med. Det gjaldt 180 småkraftverk. For open mikrofon avtalte dei å møtast når Kjell Ingolf var ferdig med HV-øvinga.

Siste delen av innslaget fortalde Knut Olav at han hadde vore i Høgsterett, som no handsamar anke frå grunneigarar i samband med Brokke Nord og Sør. Der hadde han site saman med trivelege setesdølar og høyrt på prosedyrene. Han sa ikkje namna, men den som har fylgd med i avisa, vil vite at Tone Å. Rysstad nok var ein av setesdølane han snakka om.

Til slutt kunne Vidar fortelje at Valle Sparebank gjerne var med i finansiering av småkraftverk, men at grunneigarar i Valle gjerne hadde samarbeidd med selskapet Småkraft, og dei hadde eiga finansiering i samarbeid med storbankar, så der var Valle Sparebank ikkje med. Det vart ein variert og interessant time, syntest eg.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130410

Variert kveld med mykje stoff

Denne onsdagskvelden vart nokså variert med mykje stoff. Eg likar å få informasjon når eg er i radioen, og det fekk eg mykje av denne kvelden. Eg vonar at lyttarane og synest det er flott å få litt faktainformasjon i sendinga.

Det starta med ein prat med Bjarne Tveiten om etablering av Setesdal Sogelag, eit lag for dei tre øverste kommunane i Setesdal. Evje og Hornnes sogelag fungerer godt og har god aktivitet, så dei er ikkje med på dette opplegget. I kveld samlast folk på Setesdalsmuseet for å starte laget, og Bjarne fortalde om det som første innslag i radioen i kveld. Eg minna og om Ervingen, syngespelet som vart framført i Spelestoga klokka 19. Vonleg førte påminningane til at folk møtte opp både på museet og i Spelestoga.

Deretter snakka eg med leiaren i Aust-Agder Husflidslag, Helle R. Simensen. Ho fortalde om Åpen Dag som skal vere på Hove laurdag, der Karin Bøe skal fortelje om boka si, Rugger og brossar, og der Annemor Sundbø skal demonstrer strikking med spelsauull som ikkje er spunnen.

Siste del av den aktuelle timen handla om Setesdalskonferansen 2013. Ørnulf Hasla fortalde at opptakten til konferansen var at regionrådet fekk tilbakebetalt arbeidsgjevaravgift som bedriftene betalte inn etter at ESA hadde sagt at alle måtte betale lik avgift i heile Norge. Før hadde Setesdal betalt 9%, så måtte dei betale 14%. Men desse pengane fekk altså regionrådet tilbake, og då brukte dei pengane til å starte Setesalskonferansen, som no er blitt årleg. Men no er det blitt 9% att, så no sponsar Regionrådet konferansen, og medan det før var gratis, må folk no betale ein tusenlapp for alt saman.

Ørnulf anbefalte alle i målgruppa å melde seg på, og så snakka vi med Siren Marcussen Neset, som skal på konferansen og fortelje om Skattefunn. Dette er ei ordning der ein kan søke om å få godkjent prosjekt som vert finansierte med skattelette på inntil 20%. Ein kan og få tilskot. Dette vil ho fortelje meir om på Setesdalskonferansen.

Med dette munna den aktuelle timen ut. Etter den overtok Torleif Harstad med Tankar frå Bibelen. Då fekk eg ein pause, den er alltid kjærkomen.

Oddvar Høgevoll på tråden

I kveld fungerte det å ringe frå teknikarstolen og ha ein prat direkte på lufta. Eg hadde avtalt med Oddvar Høgevoll at eg kunne ringe han klokka 18.30. Han var på veg til Porsgrunn då eg snakka med han, og klokka halv sju var han komen fram. Der skulle han ha møteveke på Misjonshuset for Norsk Luthersk Misjonssamband fram til fredag.

-Då er du ein tradisjonell predikant? spurde eg
-Ja, eg er vel det, svara Oddvar
-Du spelar og syng vel sjølv om du er aleine?
-Ja, sang og musikk lettar mykje og hjelper at ordet kan få inngang, meinte Oddvar.

Men laurdag bar det i veg til Grunge kyrkje, som ligg eit par kilometer nedanfor Edland. http://nn.wikipedia.org/wiki/Grunge_kyrkje

Sist Oddvar Høgevoll var der, kom det 90 personer. Kyrkja har plass til 130 les eg på Wikipedia, men då er ho nok stuvande full, så med 90 opplevde nok folk at kyrkja var full. Oddvar meinte folk måtte kome tidleg om dei skulle få god plass.

-Du har med deg gode musikarar, så du treng vel knapt spele sjølv den kvelden?
-Nei, eg kan vel bare syngje den kvelden. Han var samd i det.
-Er alt på norsk?
-Det hender at eg syng litt på engelsk og, det er variasjon i det.

Sundag kjem han så til Rysstad og spelar og syng på Sylvgarden klokka 16. Der pleier han å vere 4-6 gonger i året, og som regel er det mykje folk som kombinerer middag på Sølvgarden med å høyre på Oddvar og bandet hans.

Han var glad for høvet til å fortelje om programmet sitt i Valle Radio denne tysdagskvelden, og eg var glad for å få ein prat med han.

Resten av halvtimen med aktuelt frå kyrkje og kristenliv nytta eg til å snakke om Syngespelet Ervingen som skal famførast på Dagsenteret på Valle Bygdeheim i morgon og så i Spelestoga i morgon kveld klokka 19. Her er lenke til informasjon om det: http://www.vinjeproduksjoner.no/content/ivar_aasen.htm

Spennande onsdagssending

I dag har eg brukt litt tid på onsdagssendinga. Det var særleg timen mellom 20 og 21 som eg tenkte å få litt kjøt på. I Aktuell time likar eg å ta omsyn til tirsdagsutgåva av Setesdølen før eg bestemmer kva vi skal ha med.

I går vart det klart at eg fekk med meg Solveig Jore og Vidar Homme i den første delen av Haralds time. Solveig vaks opp på Evje, foreldra er frå Valle. Ho er veterinær og sist veke tok ho doktergraden på flått. Du las kanskje i Fædrelandsvennen om det, at ein nå kan finne flått like til Valle og like til Harstad. Før fann ein flåtten ved kysten og bare i Sør-Norge. Eg vil i alle fall spørje henne om den kalde vinteren vi har hatt i år, tek knekken på desse små udyra som Dagbladet likar å ha på førstesida. Du kan lese meir om Solveig på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Solveig_Jore

Då eg snakka med Vidar Homme, var han svært positiv til å kome i radioen og fortelje om Eika-bankane. Valle Sparebank og Evje og Hornnes Sparebank har bytta gruppe og er ikkje lenger med i Terra. Det vil vi høyre meir om.

Eg har ei god stund hatt ein avtale med Knut Olav Tveit om å få han med i Valle Radio. Han er dagleg leiar av Småkraftforeninga, foreninga for alle som byggjer småkraftverk i elver og bekker. Han har hus på Tveit i Bygland, så det lokale burde høve. Sjølv er han frå Kristiansand og bur i Oslo.

I kveld var Kjell Ingolf Ropstad på Evje i samband med valkamp-møte for Agder. Han har lova å seie litt om det møtet i sendinga onsdagskvelden, og så skal han og Knut Olav snakke saman. Knut Olav sin jobb er jo å snakke med politikarar om småkraft, og Kjell Ingolf er i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, så om du høyrer på Valle Radio onsdagskvelden, får du høyre korleis ein driv lobbyverksemd for open mikrofon. Eg trur det kan bli ein interessant time.

Meir som sendinga onsdag finn du på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_i_Valle_Radio_20130410

Program for veke 15, 2013

Tysdag 9. april
Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv
19.00 Country Gospel Timen
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 10. april
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter frå 20.30: Ingunn Åkre Uppstad og Ingebjørg Ellinor Rysstad

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Frode Buen
20.00 Harald time. Gjester: Solveig Jore om flått og Vidar Homme om Valle Sparebank
21.00 Opi sending. Henri Tore Viki og Rolf Erik Homme

*Nettradio: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Ingen mista lappen

I gårsdagens Setesdølen stod det ein notis om at ingen mista lappen i påsketrafikken på grunn av fart i Setesdal denne påska.

Eg twitra dette i dag, og meldinga vart fanga opp av Geirr Tangstad Holdal som har 3686 lesarar. Han samlar informasjon om trafikk i twitterstraumen sin og er daglig leder av Nei til frontkollisjoner. Det kunne kanskje verke som om han meinte eg var smålåten då eg ikkje kravde midtdelar på RV9, bare gul midtstripe, helst stipla, ikkje heiltrukken i ein annan tweet eg laga, for han samanlikna ønsket mitt med Navarsetes ønske om gul midtstripe på E-39.

Eg synest nok at dei to vegane knapt kan samanliknast. Rett nok er det billigare å byggje RV-9, den går i ein dal medan E39 går på tvers av dalar. Men trafikken er heilt ulik, ettersom det er få byar oppover Setesdal, men mange byar langs E-39. Difor er eg nok for firefeltsveg mellom Mandal og Kristiansand, ja heile strekningen til Stavanger kunne vore fire felt, så stor er trafikken der. Oppover Setesdal er det bare stor trafikk fredag og sundag. Om det hadde vore firefeltsveg der, hadde nok mange fleire brukt vegen, men det er ei anna sak.

Det er ei glede at ingen mista lappen på grunn av fart i Setesdal i påskehelga. Eg kjører jo ofte den vegen, og det er sjeldan at nokon bryt ut av køen og kjem mot meg når eg er på veg nedover på fredagane. Sundagane kjører eg oppover så seint at det meste av køkjøringa er over når eg kjem, så heller ikkje dei turane gjev skrekkopplevingar. Så får det heller våge seg at det går ein del kroner til statskassen i form av bøter. Sjølv har eg vore heldig og unngått dei verste straffepoenga, med åra vert ein visst flinkare til å ta tida til hjelp. For meg har det og blitt vanleg å stoppe og sove litt når eg blir trøtt, eg kjempar ikkje mot tunge augnelok lenger.

moisund.com og Setesdalswiki

moisund.com er ei nettside med lokalt stoff frå nedre Setesdal. I dag vart Setesdalswiki omtalt der. http://www.moisund.com/2013/04/05/setesdalswiki-eit-leksikon-for-setesdal/

Det førte til mange lesarar på Setesdalswiki, så takk til folka bak moisund.com for omtalen. Den nettstaden har 1,5 millionar besøk på eit år, det er mykje meir enn Setesdalswiki. Men dei har ei heilt anna form, mykje personleg stil og omtale av dagsaktuelle hendingar. Når eg skriv på Setesdalswiki, hender det at eg finn stoff på moisund.com som eg kan bruke, og nettstaden er omtalt på Setesdalswiki.

Eg synest det er fint for Setesdal å ha to slike nettstader. Dei utfyller kvarandre, og regionen er då tydeleg til stades på Internett, noko som er viktig i våre dagar.

I sendinga i kveld på Valle Radio var óg Setesdalswiki omtalt. Det var Signe Sollien Haugå som fortalde om Setesdalskonferansen 2013 og at folk kunne finne mykje informasjon om den på Setesdalswiki. Det stemmer jo, for eg har hatt som mål å farge alle lenkene i artikkelen blå og då er det blitt ein del informasjon. Etter det Signe fortalde, var det framleis nokre ledige plassar på konferansen. Eg vil anbefale folk å melde seg på, de er mykje interessant ein kan få med seg til beste for næringslivet i Setesdal.

Her er programmet for sendinga i kveld. Meir om det kan du og finne på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Fredagsprogram_i_Valle_Radio_20130405

Program fredag 05.04.13
Ansvarleg Ronny Stavsholt
Teknikar Liv Gunn Viki
18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki
19.30 Regionrådet informerer
20.00 Ronnys time
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike.
Nettradio: http://159.171.56.26:8000/live.m3u

4000 artiklar på Setesdalswiki

I kveld runda vi 4000 artiklar på Setesdalswiki. Det er no fire år sidan vi starta skrivinga, det var i slutten av april 2009, så i snitt har vi klart å produsere om lag 1000 artiklar i året.

Eg hadde ein draum om å klare 4000 artiklar før Setesdalskonferansen 2013, den skal vere 18. og 19. april, og det var på Setesdalskonferansen 2009 at eg vart utfordra til å starte ei side der folk kunne finne informasjon om næringsliv og folk i Setesdal. Det har utvikla seg til å verte mykje meir, no er det både folk og geografi og kvar dag er det ei side om kva som skjer i Setesdal den aktuelle dagen.

Setesdalswiki hadde ikkje blitt det den er blitt i dag om vi ikkje hadde fått ein avtale med Sigurd Haugsgjerd, redaktøren i Setesdølen, om at vi kunne skrive inn overskriftene frå avisa. Det gjev oss om lag 100 artiklar kvart år, men det gjev og lenker til stoff som kan verte til leksikonartiklar. Det er difor stor grunn til å takke avisa for hjelpa vi har fått.

Mange seier at det meste finst på Internett, men det er jo ikkje sant. Eg leitar ofte etter informasjon om noko til ein artikkel, men det er ikkje noko anna å finne enn skatteopplysningar, om ein er næringsdrivande og telefonnummer når det gjeld folk. Så ein må ofte snakke med folk eller gå til bøker for å få informasjon. Samstundes er det mange som går til Internett for å få informasjon, då kan Setesdalswiki hjelpe for emne frå Setesdal. Mange lurer på om det går an å lage ein wiki om noko så lite, men dei 4000 artiklane skulle vel vise det godt nok, og endå har ein bare så vidt skrapa borti emnet.

Så då startar vi med friskt mot på neste tusen. Vonleg vil artiklar om bedrifter og næringslivsfolk auke på etter kvart. Talet på besøk er på 200-300 kvar dag. Om lag 100 unike gjester i snitt kvar dag. Eg er glad at nettstaden kan vere til nytte for folk som vil ha informasjon om Setesdal.

Fram og tilbake

Etter at eg hadde skrive bloggen i går, ringte Ronny til meg og sa at han hadde sett feil på kalenderen og at han ikkje skulle til Oslo før i mai, så han kunne ta fredagssendinga, slik planen hadde vore, men som ikkje hadde kome inn på andre lister enn lista for programma på Setesdalswiki. Det er jo heilt naturleg, ei bytting etter at lista er sendt ut, er jo vanskeleg å få inn på lista. Difor har eg laga ei liste over kven som har ansvar for sendingane på Setesdalswiki, og den prøver eg å halde oppdatert. Andre kan jo og oppdatere den om dei bytter, så det burde vere enkelt. Men det er ikkje alltid så enkelt og mange av oss som driv med radioen, likar best å halde oss til den lista vi får sendt ut og ikkje til ei som blir endra ut over i sesongen.

Her er lenke til lista på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_program_v%C3%A5ren_2013

No blir det altså Ronny til fredag og dermed får eg to kveldar i studio neste veke: Først tysdagssendinga og deretter onsdagssendinga.

I dag tok eg turen utover til Rysstad. Eg hadde tenkt å levere opptakaren til Bjørgulv. Men på turen kom eg til å tenkje på at eg kunne kopiere påskegudstenesta over i eposten min og sende fila over til meg sjølv, så kunne eg spele den for elevar i klasseromet og dei få høyre seg sjølv på radio. Dermed så vart det ein tur på Statoil Rysstad i staden, i den koselege kafekroken der sit det ofte hylstringar og rødar saman. Når ein har ein Statoilkopp, må ein jo nytte den…

Toralv Andersen kom innom, og han hadde ikkje artikkel på Setesdalswiki før i kveld, men i kveld avtalte vi at eg kunne ringe han, så skulle han gje litt informasjon. Då eg kom tilbake til Valle og fekk eit tastatur, slo eg på tråden til han, og dermed vart det ein liten artikkel. Han var jo i kommunestyret i forrige perioden, no er han vararepresentant, så det var tolv røde lenker som vart blå då eg skreiv den artikkelen. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Toralv_Andersen

Sjølv om det vart litt fram og tilbake, kom det då noko godt ut av det heile. Og i dag bytta vi artikkel på framsida, den vi hadde der, hadde stått ganske lenge og det var på tide å få ein annan der no. Nå er det artikkelen om Setesdalskonferansen 2013 som står der. Fristen for å melde seg på gjekk ut 1. april, men enno er det høve å melde seg på ved å sende ein epost til post@setesdal.no for å få med seg denne hendinga i vår.

Normalt program att

Så er påsken over og det blir normale program att i Valle Radio. Men denne veka er det ikkje onsdagsprogram, for vi har ansvaret for sendinga til heile dalen fredagskvelden. I utgangspunktet var eg sett opp til å ha ansvaret for den, men eg er jo alltid i Mandal fredagskvelden. Difor hadde eg bytta med Ronny Stavsholt, trudde eg. Men i kveld fekk eg telefon frå Jorunn om at det ikkje var tilfelle, for Ronny skulle bort.

Etter sendinga i kveld snakka eg med Ronny og vi diskuterte litt fram og tilbake. Han meinte at han kunne reise til Oslo etter at han var ferdig i radioen, noko eg syntest var lite gunstig. Så det vart til at eg tek ansvar for fredagssendinga til heile dalen no i april. Det høver i grunnen greitt, for kona er ikkje heime fredagskvelden i Mandal, så då kan eg godt vere i radioen.

I kveld, tysdag, hadde vi sending som vanleg, og då hadde vi eit litt justert programopplegg:

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel 1
18.30 Gudsteneste frå Hylestad kyrkje 2. påskedag. Vikarprest Kristian Grundetjern og Familiekoret
19.20 Sangar relatert til påske
19.40 Over ein open Bibel 2
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Meir informasjon om programmet finn du på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_i_Valle_Radio_20130402