Annonsen fall ut

Annonsen i Setesdølen fall ut denne veka, og dermed var det nok folk som ikkje har internett som ikkje vart heilt oppdatert på kva vi sender i veke 45. Men slik er det, vi får vone at folk set på radioen klokka 18 av gammal vane.

I kveld fekk dei eit program i vanleg stil, med sangkveld og orgelmusikk av Niklos K. Besteland. Så er eg glad for å kunne fortelje at i morgon kveld klokka 20 vil eg sende kåseriet som Arne Torp heldt i samband med at vallemal.no hadde 10-årsjubileum. Ørnulf tok opp dette og har laga eit program vi kan sende i morgon. Elles er det vanleg programopplegg med aktuell time, andakt, informasjon frå kommunen og opi sending.

Fortel det til folk som ikkje har internett, og velkomen til å høyre på sendinga.

Program for veke 45, 2012

Tysdag 6. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 7 november

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakter (frå 20.30): Jorunn Helle og Solveig Rysstad

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Rune Ingebretsen
20.00 Arne Torp kåserer: Vallemålet, – nærare kjem du ikkje gamalnorsk i dag.
21.00 Opi sending med Rolf Erik Homme og Henri Tore Viki

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside
Helsingar kan sendast på post@valleradio.com

Meir om Kultur og Naturreise

Etter det eg skreiv i går er det ikkje nokon som har hatt kommentarar. Det er truleg litt for teknisk, ikkje veit eg. Men eg slo opp på det som artikkelen handla om, og fann Bø og Sauherad. Då vart eg kan hende litt klokare: http://kulturognaturreise.wordpress.com/2012/03/14/1265/

For oss i Setesdal vil vel Riksveg 9 vere ein god bindelekk for slik informasjon. Ikkje bare Gul stripe til Hovden, men informasjon om alt ein kan sjå på vegen. Kanskje nokon får lyst til å stoppe og. Men det manglar mykje informasjon, databasen du kan legge dette i, heiter Setesdalswiki, så finn ei rød lenke i basen og skriv ein artikkel. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Åpne data kan gi vekst

I ein artikkel i Mandag Morgen skriv Knut Olav Tveit om ein app som no vert utvikla for smarttelefonar. Ein skal løfte fram kultur og natur på mobiltelefon og gi tilgang til informasjon, fakta og fortellingar knytt til staden der du er. http://mandagmorgen.no/%C3%A5pne-data-skal-gi-norsk-vekst

Eg lurer på om Setesdal kunne gjere seg nytte av eit slikt prosjekt. Kva om vi fekk henge oss på ein slik app med stoff frå dei fire kommunane i Setesdal. Så kan turistar som køyrer gjennom dalen, få opp informasjon om ting dei kjem til på mobiltelefonen. I framtida vil fleire og fleire bilar ha dataskjerm med kart, og då vil eit slikt prosjekt kunne nyttiggjere seg data direkte i bilen, til og med utan å bruke mobiltelefonen.

Vi har alt 3300 artiklar i Setesdalswiki. Mange av desse kunne lett nyttast inn i ein slik app. Kan hende kunne kartdata med informasjon om særmerkte fjellformasjonar få folk til å stoppe og ta bilete. Det er jo lettare å ta eit bilete når ein veit kva ein ser i naturen. Kommunane har lagt til rette ulike opplegg for turistar, men ofte veit ikkje turistane om dei. Om slik informasjon kom inn i den appen som ein har på mobiltelefonen, kunne det kanskje fungere like godt som eit signalbygg i Valle.

I artikkelen i Mandag Morgen heiter det:

Det offentlige prosjektet Kultur- og naturreise skal gjøre digitalisert og lokalt tilpasset informasjon om kulturarv og natur tilgjengelig for mobile brukere på telefon og nettbrett.
Prosjektet har flere målgrupper, men det er snakk om reisende på ulike måter: folk i buss og bil, syklende og gående. Både fastboende og turister. Kultur- og naturreise handler primært ikke om teknologiutvikling, men om å løfte frem og tilpasse innhold fra offentlige databaser og andre kilder til visning i mobile tjenester. Innholdet skal også kunne gjøres tilgjengelig i eksisterende tjenester som Wikipedia, Visit Norway og andre.

Gode tankar her, les heile artikkelen og sjå om du finn ein måte ein kan gjere seg nytte av dette tiltaket i Setesdal. Eg trur Signe Sollien Haugå er den rette til å gå vidare med ideane til, regionrådet burde lage eit prosjekt for å få dette til i Setesdal. Men skriv gjerne ein kommentar her på bloggen og, om fleire tenkjer saman, kjem det ofte gode idear.

Fredag 2. november 2012

Her er programmet for sendinga i Valle Radio fredag 2. november 2012. Dette var ei sending til heile dalen, og Ørnulf Hasla var programleiar. Teknikar var Inga Flateland og frå klokka 20.30 var Bjørg Ragnhild Trydal Jansen og Anna Rysstad telefonvakter.

Program
18.00 Aktuell time
*Ørnulfs time med gjester i studio. Tema: Kulturveka 2012 i Valle. Vi samtaler med Odgeir Bruaset, Lene Dyrkorn, Leif Kvinlog og Sissel Åkre.

19.00 Tankar frå Bibelen
*Ved Bjørgulv T. Berg

19.30 Regionrådet informerer
*Samtale med alle ordførarane i Setesdal. Opptak frå Sørlandsutvalet sit møte på Sølvgarden.

20.00 Gjest i studio
*Opptak av Odgeir Bruaset sitt foredrag under kulturveka.

21.00 Open sending
*Ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

==Eksterne lenker==
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Programinformasjon på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside
*Helsingar kan sendast på post@valleradio.com