Planlegging

I morgon er det planlegging av hausten for staben i Valle Radio. Ørnulf har sendt ut innkalling til å møte på Sølvgarden klokka 18, og etter planlegginga vert det felles middag. På denne måten kan alle i staben kome med innspel om korleis hausten skal verte, og så vil ein ha eit godt grunnlag for det som skal skje utover. Sesongen startar opp i september, og det er snart bare to veker til.

Valle Radio vil vere aktuell, så eg trur ikkje det er mange av oss programleiarar som har laga program i sommar, sjølv om det har vore mange arrangement ein kunne laga program om. Planlegginga skjer helst frå veke til veke, i alle fall har det vore slik til no. Kan hende vil opplegget i morgon gje høve til meir langsiktig planlegging, med tema for program ein har lyst å lage i løpet av hausten.

Uansett korleis ein legg det opp, det er strålande at folk vil skape nærradio også komande haust. Det skjer mykje i nærmiljøet, så det bør vere råd å få til gode program både tysdagar og onsdagar om ein umakar seg litt. Både programleiarar og intervjuobjekt bør gjere det, om det skal lukkast. Difor skulle eg ønske at folk som blir spurde om å vere med i radioen, svara ja og stilte opp når det var bruk for dei. Eg veit nok at det ikkje alltid er slik, men eit ønske kan ein jo ha.

Sjølv er eg glad for samarbeidet med Norea Radio som eg har hatt tysdagskveldane. Det gjev oss opning mot kyrkje- og kristenliv også utanfor Setesdal, og det kan vere av interesse for mange. Også i Valle er det mange som fylgjer med på Visjon Norge og dei kristne kanalane på TV. Norea syner ei noko anna side av kristenlivet og ein kan vel seie at også det har mange sider som kan speglast på ulike måtar.

Vel møtt til ein ny radiosesong.

Dysleksi

I dag stod eg opp tidleg og sette meg framom TV for å sjå Promised Land. Epispoden Book Worm handla som vanleg om familien Greene, denne gongen om mor i huset, som er blitt vikarlærar og møter ein gutt med dysleksi. Faren vil ikkje at sonen skal gå på skulen meir, men gjennom episoden ser vi ei utvikling som endar med at både far og son startar lesetrening.

Promised Land, les eg på Wikipedia, er ein serie på 69 episodar som fylgjer familien som legg ut på tur i USA etter at familiefaren vart arbeidsledig. Dei bur i ei campingvogn og episodane syner hendingar i livet deira. eg har lagt merke til at det er same folka bak denne serien som bak En engel i blant oss, av og til dukkar englefolka opp, og Wikipedia stadfestar det. Promised Land startar på kanal FEM ved sjutida, så nå når skuleferien er slutt, vert det nok slutt på å sjå på dette. Men eg har opplevd det som interessant å sjå desse episodane nokre morgonar, og dagens episode minna meg om utfordringane lærarar har i møte med unge med lærevanskar.

No startar eit nytt skuleår. Eg vonar at det vert godt for både elevane og lærarane.

Ovmett

Sjølv med eit gull i dagens OL merkar vi at vi held på å bli ovmette. Det er grenser for kor mykje sport vi kan tole på TV, og når kvar einaste kveld er fylt med OL, kan ein verte ovmett om ein er aldri så glad i å sjå folk konkurrere. No vart det gull til Eirik Verås Larsen i dag, det var jo ein bonus, endeleg ein nordmann med medalje, og så gleder vi oss over at Andreas Thorkildsen kvalifiserte seg og kunne nøye seg med to kast i denne omgangen. I morgon er det semifinale i handball, men då er vi på tur. Barnebarna skal heim til Nittedal, så vi har funne ut at vi skal møtast på halvvegen, pappa Lars Gustav startar i tretida og det same gjer vi, så får vi sjå kor det er lagleg å treffast.

At det var siste kvelden saman, feira vi med is, det verkar som om Håkon og Kristine kunne hatt glede av å ha ein slektning som jobba på iskremfabrikk, for dei er nokså ustoppelege. Dagens middag var ei stor fleskepannekake, det er populær mat hos oss, men med is til forrett, vi måtte jo feire gullet, og så ei god pannekake, så vart vi ovmette der og. Etter ein kvil kunne vi likevel glede oss over meir godt, så sommardagar på Sørlandet har vel helst stått i nytinga sitt teikn. No er det imidlertid slutt. Dei små reiser heim, etter ei veke med fotballskule for dei ventar skulekvardag på nokon kvar. I grunnen er det godt at vi snart skal kome i gang att. Nye dagar og nye oppgåver å løyse. Best å ikkje vere ovmett då.

 

Meir om Lauritz Fuglevik

I dag møtte eg Tor Fuglevik, barnebarn av lokalhistorikaren eg fortalde om i går. Det skjedde i Buen kultursenter i Mandal, eg hadde kome tidleg og fått opp datamaskinen på eit grupperom i det nye flotte biblioteket der. Så kom det ein telefon frå Reidun om at han ikkje fann meg. Det synte seg at han sat ute i foajeen med ein kopp kaffi, og snart var vi i god prat.

Som eg har skrive tidlegare er leksikonartiklar avhengige av å ha kjelder, og han hadde med omtale frå Agder Tidend til 70-årsdagen og minneord frå Lindesnes Avis då farfaren døydde. Dermed vart det nok stoff til ein artikkel på Lokalhistoriewiki. Her er artikkelen:

Lauritz Fuglevik (født 27. oktober 1860 på gården Fuglevik i Halse og Harkmark kommune, død 24. august 1933) var lærer og lokalhistoriker. Han var lærer på Landøy fra 1882, senere også på Skogsøy. Allerede like etter konfirmasjonen begynte han på Lunde høyere skole i Søgne, og etter to år der var han lærerkandidat. Den første tiden var han vikarlærer flere steder i Halse, en tid var han også på Malmø skole. Da han sluttet som lærer i 1927, hadde han vært lærer på Landøy og Skogsøy i 45 år.

Utenom lærergjerningen var han engasjert i Mandals fiskeristyre, hvor han var medlem og til dels formann i en årrekke. Her laget han utredninger om laksefisket til fordel for sjøfiskerne i striden om fredningstiden for laksefisket. Men det var lokalhistorie som var Lauritz Fugleviks hovedinteresse. Han var medlem av Agder Historielag og bidro i flere år med flere artikler i Bidrag til Agders Historie. Han skrev også artikler i Lindesnes Avis, Samleren og Agder Tidend. Året før han døde fikk han statsstipend til folkeminnegransking. Han døde dessverre før han fikk publisert særlig mye av det han hadde samlet inn, men tre artikler ble gitt ut av Marnar Historielag i 1935 i skriftet Selfangst og hummerfiske i gamle dager – Tråneplomma.

 

350.000 artiklar

I dag runda Wikipedia 350.000 artiklar. Det skjedde utan store markeringar klokka 10.44 og var bare omtalt i ein notis på Torget, ei samtaleside for folk som skriv på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Torget#Like_f.C3.B8r_350_000_artikler_.21.21

Det er ganske mange artiklar, til å vere eit så lite språksamfunn som det norske, på engelsk er det no over fire millionar artiklar. Og sjølv om Wikipedia er dugnadsbasert med hovudvekt på skribentar som er interesserte i fotball og popkultur, kan ein finne ganske mykje av generell kunnskap på denne nettstaden.

I dag var eg ein tur i Mandal og møtte Tor Fuglevik. Møtet resulterte i at eg skreiv ein artikkel på Lokalhistoriewiki om farfaren hans, lærar og lokalhistorikar på eit par øyer aust for byen. Du kan lese meir om det på min andre blogg, http://blog.setesdalswiki.no/

Vi kom til å snakke om Wikipedia og Store Norske Leksikon og endringane som har vore i leksikonstrukturen dei siste åra. Begge vona vi at Store Norske ville få økonomi til å kunne halde drifta, vi treng eit leksikon med ein redaksjonell profil i tillegg til Wikipedia, som er meir basert på skribentane sine interesser enn ein redaksjonell profil.

Lokalhistoriewiki har 12.179 artiklar når dette vert skrive, og er altså ein dverg målt opp mot Wikipedia. Men dei dekker ei nisje som gjev rom for stoff som det ikkje er så naturleg å ha med i Wikipedia. Difor kallar dei seg ein fagwiki. Men det er mykje ugjort der, så dei kan trenge folk som skriv. Sjølv trur eg nok eg får halde meg til å vere mest aktiv på Setesdalswiki, sjølv om eg ikkje var særleg produktiv der i dag. I staden var Reidar Tveito innom og skreiv om Håhellerhytta, så der har du ein fin artikkel å lese før du tek turen vestover til helga. http://www.setesdalswiki.no/wiki/H%C3%A5hellerhytta

Ein lokalhistorikar frå Mandal

I morgon skal eg møte Tor Fuglevik på Buen Kultursenter klokka 11.30. Vi skal snakke om ein lokalhistorikar frå Mandal, Lauritz Fuglevik. Tanken er at eg skal skrive ein artikkel om han på Lokalhistoriewiki. Her er ei liste som Dag Hundstad  har laga over artiklar han har skrive:

LITTERATUR AV LAURITZ FUGLEVIK

Forkortelser:
AHÅ = Agder Historielags Årsskrift.
U.å. = Ukjent år.

Fuglevik, Lauritz. 1928. En fottur gjennem Europa i 1801. Lindesnes. 4., 6., 11.,13., 15., 18. og 20. juni.
Fuglevik, Lauritz. 1929a. Laksefisket på Agderkysten i ældre tid. Laksegarn (kilenot) et flere hundrede aar gammelt redskap. Norsk Fiskeritidende.
Fuglevik, Lauritz. 1929b. Sagn om Saanum kirke. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1929c. Sagn fra Spangereid. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1930 Bjørnesogor. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1931a. Et avsnitt av hummerfiskets historie i Agderfylkene. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1931b. Ulvesogor. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1932. Handelsstedet Harkmark. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1933. De gamle handelssteder ved Mandalselva. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1934. Halse og Harkmark. Lindesnes 17.11., 20.11., 22.11.
Fuglevik, Lauritz. 1935a. Selfangst og hummerfiske i gamle dager. Tråneplomma. Mandal.
Fuglevik, Lauritz. 1935b. Harkmark kirke. Et historisk tilbakeblikk. Samleren. 23.03., 25.03.
Fuglevik, Lauritz. 1935c. Folkeminner og sagn fra kystbygdene i Vest-Agder. Lindesnes 12.04., 15.04., 26.04.
Fuglevik, Lauritz. 1937. Gamle Minne (3 artikler). AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1937. Jon Eskeland. AHÅ.
Fuglevik, Lauritz. 1995. Sagn om Harkmark kirke. I Dag Hundstad (red.). “La oss bygge et hus for Herren”. Mandal.
Fuglevik, Lauritz. [U.å.] Folkeminner fra kystbygdene i Vest-Agder. I–II. “Lindesnes”s føljeton.
Fuglevik, Lauritz. [U.å.,ca. 1931?] Fra det mindste sogn paa Agder. Agder Tidend.

Ein artikkel som gjekk som føljetong i avisen “Lindesnes” i 20-årene ligg på Internett: Fra kapertiden. (Av lærer og lokalhistoriker Lauritz Fuglevik) Der fortel han og om ein av forfedrene til Reidun, Nils Guttormsen Eskelands tid som krigsfange om bord i blokkskibet ”Bahama”. Det er ei spennande historie den gamle læraren trekkjer fram frå 1809. Eg finn ikkje Bahama i lista over British prison hulks på engelsk wikipedia, men fleire andre skip han kan ha vore på er omtalt der.

 

Om kjelder når ein skriv leksikon

I dag vart det ein artikkel om Øyuvsbu på Setesdalswiki. Eg kom over ei bok frå Turistforeninga, Årbok 1992-1996, der det var ein artikkel om hytta. Og då kunne eg jo skrive litt. http://www.setesdalswiki.no/wiki/%C3%98yuvsbu

Når ein skal skrive eit leksikon, treng ein kjelder. Tanken er at eit leksikon skal samle og presentere kunnskap som alt finst. Ved å lage ein nettstad som samlar ulik informasjon frå mange kjelder, aviser, bøker og Internett, mellom anna, så vert artiklane ein presentasjon av noko som alt er kjent. Store Norske Leksikon har ein blogg om dette. Der står det:

En leksikontekst er:

Beskrivende, ikke fortellende
Eksplisitt, ikke subtil
Distansert, ikke personlig
Balansert, ikke påståelig
Analytisk, ikke refererende

Les gjerne heile teksten deira her:
http://lillenorske.wordpress.com/2012/07/31/hva-vil-det-si-a-skrive-leksikalsk/

Det er ikkje alltid så lett å skrive slike tekstar. Håkon, barnebarnet mitt på 10 år prøvde seg litt på å skrive om Pisketrost og Pilgiftfrosk på Wikipedia, det var ikkje artiklar om desse der. Men han kom ikkje så langt før han ropa på morfar for å få hjelp til kva han skulle skrive. Regelen er jo at ein kan bruke kjelder, men ikkje forme det på same måten som i kjeldene, og då må ein tenke og kan hende ha ein eigen mal i hovudet eller på eit papir for korleis ein vil skrive ein artikkel. I ein biografi startar artikkelen med namnet og fødselsdato, så kjem gjerne kva vedkomande er kjent for før ein skriv om utdanning, jobbar, hobbyar og familie. Når ein skriv om dyr, må ein få med korleis dyret ser ut (farge, lengde, vekt), kor dyret lever, kva det lever av, kor lenge ungane er med foreldre og slike ting. Når ein har gjort det nokre gonger, går det nok meir automatisk, men det er litt vanskeleg i starten.

Ein blogg er nok lettare, for der skriv ein etter innfallsmetoden. Ovanståande var innfallet mitt i kveld. På den andre bloggen min, Blogg for Harald, skreiv eg om Lauritz Fuglevik, sjå http://blog.setesdalswiki.no/?p=19

Sommar på hell

Ein fin sommarsundag, denne augustsundagen. Men sommaren er på hell, dei melder om kø på vegane mot Oslo, og trafikken på Tregdevegen har stilna noko, verkar det som. Denne sundagen hadde vi besøk av Reidun sin onkel til kaffi, og vi fekk ein time der vi kunne sitje ute i solskin på den vesle terrassen vår. Barnebarna våre som er på besøk var nøgde med is og banankake før dei sprang inn for å sjå Manchester United mot Vålerenga. Det går mykje i OL desse dagane, med litt avveksling til Disney Channel, det er nokre kanalar dei ikkje har heime, så dei nyttar høvet som best dei kan. Denne veka er ikkje mor deira her og held eit strengt regime med skjermtid, så Håkon har i tillegg til spel og TV, skrive om Pilgiftfrosk og Pisketrost på Wikipedia med litt hjelp frå morfar. Men komande veke er den siste før førebuingane til skulestart hentar dei heim til Nittedal att.

Sjølv skreiv eg ein artikkel om spelemannen Halvdan Furholt på Setesdalswiki i dag. Den var basert på ein artikkel i Setesdølen, men så fann eg ei bok frå 1972, Feleljom frå dalom, der det var ein artikkel om han. Det hjelpte godt, når ein skriv leksikon, må ein ha noko å gå ut frå. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Halvdan_Furholt

Det vart og ein artikkel om boka eg brukte, den hadde mange spelemenn omtalt, så eg kan nok finne stoff til fleire artiklar der om det høver slik: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Feleljom_fr%C3%A5_dalom

Slik går no dagane medan sommaren er på hell. No må vel Ørnulf til å lage lista over kven som skal ha ansvar for programma i Valle Radio til hausten, det er bare fire veker, så rullar dei i gang att.

Til kvartfinalen

Så sit vi og bit neglar att og vonar at det skal gå godt. Handballjentene var rimeleg positive før OL, dei kjende seg i godt slag, sa dei. Men det såg ikkje slik ut i gruppespelet. Dei kom i den hardaste gruppa, og vinnarspelet let vente på seg. Søstrene Sisters kom ikkje i gong, dei var bare skuggar av seg sjølv.

Eg vil jo ikkje seie at det løysna i kveld, men å slå Danmark var nødvendig, og dei gjorde det med minst mogleg margin, eitt mål då det var 10 sekund att. Heldigvis klarte dei å demme opp for det danske angrepet dei siste sekunda, og så kunne både vi i dei tusen heimane og jentene i Copper Box senke skuldrene og sjå framover med tru på at det skulle gå vegen sjølv om starten var nølande.

I dag har vi fått med oss bueskyting og dessur-ridning med norske deltakarar. Knappast mogleg margin skilde Siren Helgesen frå å kome til finalen, litt verre var det for bueskytaren. Sleggekast og sandvolleyball enda og med at dei norske vart slegne ut. Godt då at Ida Markussen såg optimistisk på andre dag i sjukamp. Og så var det Henrik Ingebretsen, då. Han ser ustoppeleg ut etter at han vann EM i Helsinki, og han tok seg vidare etter forsøksheata.

Som du skjønar, det går i OL i heimen desse dagane, bare med litt Disney Channel som avveksling. Då vert det ikkje tid å skrive så mykje på Setesdalswiki, det får vente til betre tider kjem. Gledeleg er det å få hjelp frå ymse hald. I dag fekk eg litt meir stoff om Jorunn Fjermestad, Leonhard Jansen hadde sendt ein epost til dottera hennar og fått supplerande opplysningar. Dei får eg leggje inn etter kvart.

Konsmo er verd eit besøk

Som eg skreiv i går, gjekk turen denne veka opp Audnedal. Kommunesenteret Konsmo er, som namnet seier, ein mo. Vegen er lang og bein, ein kan nok tenkje seg at folk frå dei indre bygder køyrer fortare enn godt er på ein slik veg, men vi, som var turistar, tok det med ro.

-Skal vi stoppe på Barnevandrersenteret? spurde eg. Eg hadde alt antyda at eg ville fylle bensin, så då sa passasjerane i bilen at dei meinte at det var nok å stoppe ein stad, altså på bensinstasjonen, som var kombinert med ein Spar-butikk. Den hadde og post i butikk, så då eg kom inn og skulle betale, var det naturleg å vende seg til den første kassen, altså post i butikk, men ei vennleg jente meinte eg fekk bli med over til kasse nummer to, for den var for Esso.

Ettersom vi var svoltne, gjekk vi innom Brødrene Ågedal Bakeri og Konditori. Det var ei hyggeleg oppleving. Ei vennleg jente lånte ut nøkkel til toalettet, og det var prima kvalitet. Minestronesuppe med rundstykke til 35 kroner let seg høyre og smakte fortreffeleg, stor suppeskål var det og. Eit kakestykke og kaffi toppa opplevinga, så vi var styrkte og klare for ein ny etappe etter ein halvtime der. Det høvde godt å kjøpe eit grovbrød og nokre rundstykke og bollar å ta med seg. Bollane vart niste på resten av turen, det øvrige var og godt, men måtte vente til vi var heime att.

Brødrene Ågedal Bakeri og Konditori har eiga heimeside. Sjekk den ut og gå innom når du er på dei kantane, det er vel verd eit besøk.