Rundtur på Jæren

Etter to dagar på Himmel og Hav var det tid å setje kursen sørover. Men først tok vi ein rundtur på Jæren denne fine sundagen. Frå Sola gjekk turen mot Klepp, men før vi kom heilt til Kleppekrossen, kom vi til eit skilt der det stod Orre. Sjølv om eg har køyrt ein del på Jæren, var det ein veg eg ikkje kunne hugse å ha køyrt, som regel tok vi kortaste vegen frå Bryne til Pollestad dei få gongene eg har vore i Orre Samfunnshus. Så eg svinga til høgre og droppa Kleppekrossen.

I dag var det høveleg god utsikt ut over havet, vi såg ei rekke båtar på tur nordover eller sørover. Mykje grønsaker og kyr som beita, det er ingen tvil om at bøndene på Jæren legg seg i selen for å halde produksjonen oppe. På Orre var det drivhus med tomat og agurk, ikkje nett små, om lag som fotballbanar såg dei ut.

På Bryne såg vi eit skilt til Garborgsenteret, så vi svinga inn, men såg det bare utanfrå. På turen heimover i kveld høyrde vi sangen Den dag kjem alltid, og det vart sagt at det var Vinje som hadde skrive den, men då protesterte eg for meg sjølv i bilen og meinte det var Garborg, eg har alltid trudd det var ein Haugtussasong. Men Wikipedia var samd med hallomannen i radioen, og eg måtte noko lang i maska konstatere at eg hadde feil, men etterpå tenkte eg at det var godt å lære noko nytt i bilen også denne dagen.

Etter ein hyggeleg kaffepause på Ålgård med kake, is og jordbær, gjekk så turen på E39 sørover. Eg hadde i grunnen tenkt at den nye samferdselsministeren, Marit Arnstad, burde ha reist den turen både fredag og søndag, så hadde kanskje pengane kome som kunne lage firefeltsveg på denne strekningen. Køane mot oss i dag var vel på 30 bilar i slengen, å kome forbi sneglekøyraren framfor oss var jo praktisk talt uråd, for det var alltid motgåande kø. Slik tenkte nok dei som var på veg mot Stavanger også. At hovudvegen frå hovudstaden til Norges fjerde største by har så dårleg standard, er ikkje mykje å skryte av.

Men me kom oss heim til Mandal, samde om at det hadde vore ein gild tur. Niesa mi er no gift, og tysdag går bryllaupsreisa til USA.

Bak havdis grå

Eg saag det tidt som sveipt i Eim
bak Havdis graa;
det er ein Huld, ein heilag Heim,
me ei kann naa.

Arne Garborg visste kva han skreiv om. I dag var det havdis grå då vi vakna etter alveland-opplevinga frå i går kveld. Men frukosten på Himmel & Hav er god å starte dagen på. Vertskapet er hyggeleg og trådlaust internett fungerer. Dermed fekk eg sjå framsida på Setesdølen frå i går, men ettersom avisa kjem med posten klokka 15.30 og eg drog frå Mandal ved totida, fekk eg ikkje med meg innhaldet vestover. Om ikkje nokon andre oppretter artikkel med overskriftene i avisa, må du nok vente til over helga før du får dei på Setesdalswiki.

På Wikipedia er det denne veka ein konkurranse om å utvide stubbar. Eg tok nokre stubbar og utvida dei og tenkte at eg kunne få 200 poeng og dermed ein brun rosett, men landa på 180 før eg drog vestover. Men her på Himmel & Hav fann eg ein artikkel eg kunne utvide. Det fungerte som dagens bibelstudium samstundes. Artikkelen om Kapernaum var bare ei linje på norsk, men på engelsk var det mykje. Det meste av det som stod i avsnittet om Kapernaum i NT kunne eg bruke, det er stoff som me kjenner frå bibelhistoria. Og plutseleg var det nok til at eg kom over 200 poeng. No ligg eg på 12. plass i konkurransen og trøystepremien er klar. Samstundes var det interessant for meg å repetere bibelsoga. Når ein samlar det som står i Bibelen om Kapernaum, får ein med seg meir enn om ein bare høyrer om einskilde episodar derifrå. Byen er i dag ein ruinby som har blitt gravd ut av arkeologar.

Her på Sola er det ei ruinkyrkje, ei gamal kyrkje som tyskarane tok ned under andre verdskrigen. Ho er bygd opp att og er eit turistmål. Det vesle Strandleiren kapell er nok ikkje på same måte eit turistmål, men har ei særeigen historie det med, sjølv om det er så nytt at det var vigsla i 1950. Stubben om det kapellet burde nok og vore utvida på Wikipedia. Det er med andre ord nok å skrive om.

Men i dag er det bryllup og no når føremiddagen er over, er det bare å gjere seg klar til fest for Grethe og Geir Inge. Truleg vert den grå havdisen til eit alveland også denne kvelden, om ikkje i konkret tyding, så i overført tyding. God laurdag.

Det stig av hav eit alveland

I kveld fekk eg oppleve det. Eg kom frå Høg-Jæren og nordover mot Sola ved halv elleve tida, og då stod himmelen i brann i nordvest. Sola heldt på å gå ned, og skyene vart farga i alle slags raude og gylne fargar, og Arne Garborg sin sang kom på tunga nokså fort.

Diverre vart det med fyrste vers, det er så sjeldan ein syng den at han held på å gå i gløymeboka. Men då eg kom på Internett i kveld, fann eg han og deler han her med deg:

Det stig av Hav eit Alveland
med Tind og Mo;
det kviler klaart mot Himilrand
i kveldblaa Ro.

Eg saag det tidt som sveipt i Eim
bak Havdis graa;
det er ein Huld, ein heilag Heim,
me ei kann naa.

Ho søv, den fine Tinderad
i Draume-Bann;
men so ei Stund ved Soleglad
ho kjem i Brand.

Naar Dagen sig som Eld og Blod
i Blaae-Myr,
det logar upp med Glim og Glod
og Æventyr.

Det brenn i Brè og skjelv og skin
med Gullan-Bragd,
og Lufti glø’r i Glans av Vin,
Sylv og Smaragd.

Men av han døyr, den bleike Brand,
som slokna Glod,
og klaart som fyrr ligg Alveland
i kveldblaa Ro.

Eg lengta tidt paa trøytte Veg
der ut til Fred;
men Lande fyrst kann syne seg,
naar Sol gjeng ned.

Her kom ein originalversjon, men eg vonar du klarar å lese den. Lufti glør i glans av vin, sylv og smaragd. Slik opplevde vi det på Nord-Jæren i kveld, og det er få plasser ein kan få den opplevinga på same måten.

Vi er på Sola i høve eit bryllup. Som oftast bur vi hos familie, men denne gongen tenkte vi at vi ville bu på Himmel og Hav på Solastranda. Det er den gamle Strandleiren som NMS hadde som leirstad, bygd opp av Racin Kolnes etter andre verdskrigen. Kolnes var kinamisjonær for NMS frå 1925 til 1947. I 2009 feira dei 60-årsjubileum som leirstad for NMS. Strandkapellet er blitt kvitt, og det gamle bygget er pussa opp, internatavdelinga er blitt ei hotellavdeling med høvelege rom. Lyset er det same som for 45 år sidan då eg var leiar på leir på Strandleiren. Og i kveld kom den alveland-kjensla då sola gjekk ned i havet i nordvest. http://www.himmelhav.no/

Utstillingane på Setesdalsmuseet

Fredag i sist veke hadde eg ein hyggeleg ettermiddag på Setesdalsmuseet. Då sikra eg meg utfyllande informasjon til den faste utstillinga deira, So gjekk me kledde i Råbyggjelaget. I dag fekk eg laga artikkel på Setesdalswiki om utstillinga. Biletet som eg brukar i artikkelen er svart/kvitt, same biletet er handkolorert i utstillinga. Den er verd dei 30 kronene det kostar å gå inn, og så får du sjå alt det andre for same prisen. http://www.setesdalswiki.no/wiki/So_gjekk_me_kledde_i_R%C3%A5byggjelaget

Eg utvida artikkelen som Setesdalswiki hadde om Setesdalsmuseet og då vart det ein del røde lenker. Dei vil eg prøve å gjere blå etter kvart, men når ein skal skrive leksikon, må ein ha noko å skrive etter. Kjelder er vesentlege for eit leksikon, ein kan ikkje skrive frå hovudet.

I dag la eg ut lenke til Så gjekk me kledde i Råbyggjelaget på Facebook. Ofte kjem då nokon og trykkjer “liker” og det er jo ei oppmuntring til å skrive meir for kvar gong nokon trykkjer liker. I dag trykte Leonhard Jansen og Knut Olav Tveit på knappen og Knut Olav hadde ein kommentar: -Du så vel til at Bamsen hadde det bra, når du først var der?

Det kunne eg bekrefte, Bamsen hans er utstilt i scooterutstillinga saman med flotte bilete frå livet Bamsen hadde med familien Tveit på Hegglandsheia. Men eg har ikkje hatt stoff til å skrive om scooterutstillinga, for stoffet heng som plakatar på veggene, det er ikkje noko å ta med seg slik som det er på Setesdal i biletkunsten og på draktutstillinga. Men då kom Leonhard inn og sa han skulle sende stoff i morgon når han kom på kontoret, og Knut Olav ville også sende noko, så no trur eg at eg skal få til ein artikkel om den utstillinga og.

Eg trur jo at jo fleire artiklar det er om utstillingane på Setesdalsmuseet, jo betre er det for museet, kan hende det til og med kjem fleire innom for å sjå utstillinga. Om du går innom, så kan du jo skrive i gjesteboka der og seie at det var artiklar på Setesdalswiki som inspirerte deg til å ta turen. Sjølv gløymde eg å skrive i gjesteboka då eg og Reidun var der 29. juni, det var så hyggeleg å prate med John Melhus og Randi Myrum at tida gjekk så alt for fort den dagen.

Stoff frå Setesdal

I går avslutta eg bloggen med å streke under verdien av at Fædrelandsvennen har stoff frå Setesdal. I dag kom Setesdølen, og det eg les der, er stoff som i liten grad finst i Fædrelandsvennen, så for oss som er interesserte i lokalt stoff frå eigen region, er det uråd å unnvære den avisa. Overskriftene i Setesdølen finn du på Setesdalswiki, og du kan sjå det sjølv om du går til overskriftene i dagens avis: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesd%C3%B8len_nr._52,_2012

Her er nokre tema som er omtalte i Setesdølen og som eg har funne lite eller ingenting stoff om i Fædrelandsvennen:
*Flytting av lopt i Bykle
*Tomter på Moisund
*Vannvittig Moro
*Elin Uppstad på 12 år vann kvinneklassen i Skagerakmila i Arendal
*Landskappleikvinnarar frå Setesdal
*Ny hengebru i Valle

Setesdølen har og små notisar om folk som har fått jobb. I dagens avis les ein om Jannicke Ruud som har fått lærarjobb og Sigrid Uppstad Pedersen som har fått jobben som arkivansvarleg i Valle kommune. Det er også ein notis om at skattekontoret i Bykle er lagt ned, men at ein arbeider med å få til noko som kan kome i staden.

Setesdølen lagar framleis journalistikk av aktuelle saker i kommunestyremøta, og i dagens avis har dei fått med to førespurnader frå Bykle kommune. Ettersom Setesdølen dekker fem-seks små kommunar, kjem journalistikken nærare inn på livet til alle kommunepolitikarane enn den store regionavisa gjer det.

Endeleg er det ein føremon at det ikkje er så mykje vedlagt reklame i Setesdølen, i alle fall for meg, som klarar meg godt utan aviser med bustadsal og tilbod frå butikkar i byen. Så Setesdølen dekker store deler av det stoffet eg treng for å orientere meg om bygdene eg er oppteken av når eg bur i Setesdal. Så får det våge seg at eg ikkje får med meg alle lesarinnlegga og kronikkane i regionavisa.

Sentrumsfrukost i Valle og litt til

Laurdag 30. juni kom med regn som yr.no hadde spådd, men like fullt skreiv Ørnulf Hasla på Facebook ved titida at det var sprekker i skydekket. Han fekk rett, sjølv om han var litt tidleg ute. Sjølv hadde eg teke ein tur på skulen frå morgonen av for å blogge litt før sentrumsfrukost i Valle, men då klokka var ti, slutta eg av og gjekk ned for å finne meg ein plass under tak. I lommen hadde eg nokre ark eg tenkte eg kanskje kunne få biografinotatar på, men det vart med tanken i regnveret. Sjølv under tak var det ikkje heilt trygt for dropar.

Snart kom Reidun og fann meg, og så svinga elevar innom bordet vårt. Etter ei stund dukka Karin og Torjus opp, det var hyggeleg å få litt meir tid saman. Så svinga Pashco og Aina innom fann seg plassar ved bordet vårt, dei hadde ikkje møtt Karin og Torjus før. Dei kunne fortelje om ferietur til Madagaskar siste hausten og planar om ferietur til Albania i sommar. Og Karin og Torjus hadde vore på ferietur i Ryfylke og besøkt jernaldergarden Landa på Forsand.

Frukosten smakte nydeleg. For meg var det no helst lunsj, men det gjorde ikkje noko. Etter kvart svinga også rådmann Eivind Berg og kona innom bordet vårt, vi sat saman i fjor på sentrumsfrukosten, då skulle han til Kina like etterpå og ingen av oss kunne vite at han året etter var rådmann i Valle. Vi fekk ein hyggeleg prat om korleis ting kan legge seg til rette.

Dei to timane gjekk fort, og så gjekk det slag i slag med underhaldning frå scenen etter klokka 12. Vi gjekk heim og lasta i bilen ved to-tida, og så sette vi kursen sørover, glade for å ha møtt mange hyggelege folk i sentrum denne morgonen. Etter ein stopp på Evje valde vi å ta vegen mot Sveindal, men i staden for å svinge sørover der, heldt vi fram og tok ikkje av sørover før i Audnedalen. For mange år sidan var vi i bryllaup i Grindheim kyrkje, men vi hadde knapt kjørt der sidan då, så plutseleg var vi turistar i eige land. Norge – ditt næraste ferieland, smilte vi til kvarandre medan turen gjekk forbi Konsmo og nedover heilt til Vigeland. Siste delen var meir kjent, E39 frå Vigeland til Mandal køyrer vi jo ikkje så sjeldan, så då bar det strake vegen heim.

I dag var det ein triveleg reportasje frå arrangementet i Fædrelandsvennen. Johs. Bjørkeli svinga bortom bordet vårt då han var ute og fotograferte. -Det er bra du dekker Setesdal, sa eg til han, vi likar å lese stoff frå vårt område. -Sei det til sjefane mine, svara han. Så hermed er det sagt til Alf Eivind Ljøstad, redaktør i Fædrelandsvennen: Utan at de skriv om Setesdal er det liten interesse for folk i dalen å abonnere på Fædrelandsvennen, då må vi klare oss med Setesdølen.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Sentrumsfrokost_i_Valle_2012

På sjaling

Etter at vi fredag hadde hatt ein hyggeleg ettermiddag på Setesdalsmuseet, fekk vi oss middag på Sølvgarden. Dei hadde fjellaure på menyen, og då tenkte vi at det kunne vere spennande, så det vart fjellaure til kr. 185 på både meg og Reidun. Heilsteikt var han, med poteter ved sida og salat, steikte små tomatar og agurksalat. Det var godt og mettande.

Vel tilbake i Valle såg vi at dei hadde starta rigginga til Sentrumsfrukost i Valle, så eg tok ein telefon til Karin Bøe for å høyre om ho var heime. Det var ho, så vi tok indre vegen om Homme for å reise på sjaling. Dermed fekk vi ikkje sjå bussen som stod i grøfta sør for Honnevje, det las eg på Internett laurdag.

På Flateland venta Karin og Torjus med kaffi og te og det som elles høyrer med til ein triveleg kveld. Samtalen gjekk om så mange emne i Valle Vev-stova, både frå tida i Nord-Norge, vi var innom dei då dei budde på Fauske, og lokale spørsmål og saker. Vi snakka mellom anna om Setesdalswiki og om boka som Karin held på med og var samrøystes i at skriving kan ta tid og at ei halv side av og til kan ta mykje tid. Når ein skal gå til kjeldene og basere seg på kjelder, trykte og munnlege, er det ikkje bare å taste i veg, ein må ha dekning for det ein skriv. Men det går framover både med boka om den tradisjonsrike vevkunsten i øvre Setesdal og med Setesdalswiki, så ein kan ikkje gje opp. Vi snakka og om utstillingane på Setesdalsmuseet. Torjus hadde i utgangspunktet ikkje så mykje til overs for å ha snøscooterar på museum, men då eg fortalde om korleis folk som elles ikkje var så opptekne av museet sine samlingar likevel tok turen rundt og såg det meste når dei fyrst var på museet, kunne han vere med på at det kanskje hadde noko for seg likevel.

Etter ein innhaldsrik dag braut vi opp og kom heim då dei hadde slutta med førebuingane til Sentrumsfrukost. Då var eg i grunnen så trøytt at eg ikkje sette meg til tastaturet, det tok eg att laurdag morgon før sentrumsfrokosten starta. Men det får eg kome tilbake til seinare.