Ein time om snøscooterar

Onsdagskvelden hadde eg sett opp ein heil time til å snakke om snøscooterar i Valle Radio. Grunnen til det er at Setesdalsmuseet planlegg ei utstilling om dette. Her er kva dei skreiv på Facebook 6. februar:

Snøskuterar i kombinasjon med ferdsle i utmark har etter kvart nærare 50 år med historie bak seg. På godt og vondt har skuteren vore ein medhjelpar i arbeidet og ein likekamerat i fritida. Knapt nokon i bygdene i Setesdal kan påstå å ikkje ha eit forhold til skuteren.

Setesdalsmuseet sine planar for sommaren 2012 er å lage til ei utstilling der tema er ferdsle i utmark med snøskuter som viktigaste framkomstmiddel. Vi treng difor innspel av mange slag, gode historier, brosjyrer og plakater, gode fotografi, og ikkje minst må vi ha med nokre av dei gamle, gode snøskuterane som folk minnest. Kanskje har nokon au videoklipp frå heieturar. Fram til og med vinteren 1988 var det ingen reglar for slik ferdsle, og turane gjekk til stader der det i dag ikkje vert gjeve løyve til å ferdast.

Som ein vil skjøne er vi opne for idear og innspel, og håper på mange tilbakemeldingar her på FB!

I løpet av dei tre månadene fekk museet 23 liker og 4 delingar. Truleg tok og folk kontakt med museet, for no ser det ut til å bli ei utstilling der dei vil vise ti scooterar, frå nokon av dei fyrste som kom til Setesdal, til dei mest moderne. I Valle er det fire scooterforhandlarar, og dei har vore til god hjelp.

Mellom anna har dei fått tak i Røde Kors sin scooter, som var ein av dei fyrste. Den har hatt eit skiftande tilvære etter at han gjekk ut av bruk, i programmet fortalde Leonhard Jansen at scootersamlaren Svein Jore hadde fått tak i den grøne scooteren i Kvinesdal og fått han heim til Valle. Pål Dale kunne fortelje at Røde Kors hadde telt ved Bakkebu i påska og scooteren på plass om noko skulle hende, men det skjedde sjeldan noko. Elles leigde dei ut scooteren med sjåfør til folk som trong frakte noko på heia. Kjetil Rike administrerte ordninga, og mange nytta seg av den. Pål trudde folk melde seg inn i Røde Kors for å få vere med og køyre scooteren den fyrste tida.

http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_9._mai_2012

Dette skjedde

-Eg vonar at ikkje FM fell ut i dag som det gjorde i går kveld klokka 19, frå då av sende eg bare nettradio, sa eg til Jørund Georg då han i kveld var innom i Valle Radio for å minne oss om korleis vi skulle snakke i dei nye mikrofonane i studio.

Han vart litt lang i maska med det same, så kom det: -Det var min feil. Eg hadde gløymt det skulle vere sending, så eg tok ned den linken som går frå Valle Radio til Bykle då me skulle drive feilsøking på noko. Heldigvis at du sa det no, for eg hadde tenkt å gjere det same i kveld, eg kom ikkje på at den linken også vart brukt av Valle Radio.

Så var nå den gåta løyst, det var jo kipt for alle dei eg prata med på telefonen som trudde at det var mange i øvre Setesdal som høyrde kva dei sa, og så var det bare eg og fem-seks lyttarar på Internett.

Eg lurer forresten på korleis det vil vere om fem år når FM-nettet skal slåast av, slik Ørnulf fortalde på årsmøtet til Valle Radio. Då vert vi nettradio, men eg ser ikkje for meg at alle som no høyrer på FM-bandet, vil verte med over på nettet. Og ingen har råd til å legge om slik at vi kan ha DAB, det vil koste millionar.

I kveld vart det ikkje problem. Alle som skulle vere med og bidra i sendinga, dukka opp og vel så det. Både Vidar Homme, Terje Emblemsvåg og Tor Egil Vaule Andersen var med i Aktuell time, den siste på telefonen frå Oslo. Eg fekk forresten informasjon til å skrive artikkel om han på Setesdalswiki i dag, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tor_Egil_Vaule_Andersen

Så var Torleif B. Harstad på plass med Tankar frå Bibelen, og deretter vart studioet mest fullt då Alida Harskamp, June Thorsen http://www.setesdalswiki.no/wiki/June_Salte_Thorsen og Benny Uppstad. Dei fortalde levande og engasjert om Hylestad skule og det gode samarbeidet det er med FAU og at bygdefolk møter opp når dei lagar bygdekveldar og andre arrangement.

Klokka 20 var det tid for ein prat om snøscooter i nytte og fritid, ei utstilling som Setesdalsmuseet skal ha i sommar. Leonhard Jansen og Pål Dale sat i studio, og Knut Olav Tveit kom med frå Oslo og fortalde levande frå kampen for å kome opp Hegglandskleiva. Den timen gjekk ganske fort, eit par scootersongar fekk vi og tid til.

Så var det open sending med Jorunn Lund Harstad. Ingunn og Bitte dukka opp som telefonvakter og kvelden gjekk fort i triveleg lag, så plutseleg var klokka 22.30 og det var tid for å runde av. Så takka Torhild Sandnes, som var teknikar, for kvelden og eg sat att for å skrive bloggen. Den er no ferdig, så då kan også eg seie god natt.

Her er lenke til programsida på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_9._mai_2012

Kva skjedde

Ikkje veit eg kva som skjedde, men midt under sendinga i kveld fekk eg melding om at FM var falt ut og at sendinga bare gjekk på Internett. I går på årsmøtet sa Ørnulf at FM vil bli slått av om fem til ti år, men for oss vart det slått av i kveld. Vi valde å halde fram sendinga som internettradio, ettersom det var lydarar på nettet, etter det vi kunne sjå. Men det er jo litt rart å vite at folk i Valle ikkje kan høyre oss.

Sendinga i kveld var litt spesiell, ettersom eg hadde bygga ut sangkveld med journalistisk arbeid, eg tok ein ringerunde til Torjus Rygnestad, som har skipa Facebookgruppa Bilete av Bykle og Valle i gamle dager. Eg snakka og med Ole Aa. Brattfjord, som har gitt ut plata Dalen vår. Vi fekk høyre tre av songane frå den plata. Så hadde eg ein prat med rektor Ole Magne Omdal på Bygland KVS. Han sat på Gardermoen og venta på Kristiansandsflyet etter å ha vore på konferanse for naturbrukskular. Det var ennå ledige plassar på skulen, og folk kunne bare søke, for dei har løpande opptak fram til skulestart. Til slutt snakka eg med Jon-Rolf Næss om samarbeid i Setesdal, basert på 1. mai talen han heldt på Evje, den som det var så stort oppslag om i Setesdølen.

Så det vart ei travel økt i kveld. Eg fekk ikkje tak i Valborg Hauan som skulle fortalt om NMS Gjenbruk på Evje, så det får vere som det vart. Etter Møteplassen frå Norea var det tid for norsk musikk med Niklos K. Besteland i Postludium. Her fekk vi høyre
1.Ludvig Mathias Lindeman (1812-1887): Fuge over B-A-C-H i frygisk toneart spelt av Magne Elvestrand på orgelet i Margaretakyrkan i Oslo
2.Johannes Haarklou (1847-1925): Fantasia triomphale, opus 36 spelt av domorganist Kåre Nordstoga på orgelet i St. Jacobs kyrka i Stockholm
3.Arild Sandvold: Toccata over «Din rikssak Jesus være skal» spelt av Andrew Canning på orgelet i Uppsala domkyrka
4.Alfred Gammelsæter (1955): Preludium nr. 1, 2 og 3, opus 18 spelt av Einar Steen Nøkleberg.

Du finn meir om programmet i kveld på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_tysdag_8._mai_2012

Årsmelding 2011

Styret:
Ørnulf Hasla, leiar
Britta Lise Homme, nestleiar
Helge Homme, kasserar
Jørund Georg Jore, teknisk leiar
Inga Flateland, medlem
Rolf Erik Homme, varamedlem
Anna Rysstad, varamedlem

Rekneskapsførar: Halvor Rike

Revisor: Hallvard Holum

Valnemnd: Henri Tore Viki og Ronny Stavsholt

Aktivitet
Styret har i 2011 hatt 5 styremøter.

Det har vore sendingar kvar veke på tysdag og onsdag i skuleåret, og i samarbeid med Evje Radio fyrste fredag annankvar månad + nokre ekstrasendingar, blant anna direktesendig i samband med kommunestyrevalet, sauesjå og lisle joleptdagen. Siste sending i kvar månad er som regel overføring av kommunestyremøte. I alt ca 75 sendingar.

Valle Radio si Facebookside har no 2 476 medlemer (pr 1. mai 2012).

Podcast vart bestemt igongsett 2011, men er av tekniske årsaker ikkje i orden.

Programleiarar for påskebasaren var Helge Dahle, Rolf Erik Homme og Britta Lise Homme. Basaren gav ei brutto inntekt på kr 164 050.

Det vart bestemt at det skulle byggast eit ”kaldtlager” ved innganga til radioen. Likeeins nytt studiobord med konsulenthjelp/utstyr frå Jørgen Lien.

Det vart kjøpt diverse utstyr, så som iPhone, PC, kamera.

Jolebord for medarbeidarane var på Valle Motell.

Hovedsponsor for Radioen er Valle Sparebank, med kr 25 000 kvart år.

Valle kommune held oss med lokaler og straum i Valletunet til ein verdi av kr 30 000 pr år.

Valle Radios blogg: Harald Haugland har ansvar for bloggen.

Valle Radios facebookside: Britta Lise Homme har ansvar for denne sida.

Medarbeidarar:

Programleiarar:
Bjørgulv T. Berg, Ørnulf Hasla, Harald Haugland, Britta Lise Homme, Øyvind Jacob, Ronny Stavsholt, Jorunn Lund Harstad, Rolf Erik Homme, Henri Tore Viki

Teknikarar:
Torhild Sandnes, Inga Flateland, Kåre Rike, Liv Gunn Viki, Jørund Georg Jore, Torleiv Soltun Haugen

Telefonvakter:
Torbjørg Hoftuft, Berit Homme, Bjørg Ragnhild Trydal Jansen, Gudrun Nomeland, Ingebjørg Ellinor Rysstad, Ingun Uppstad, Jorunn Lund Harstad, Jorunn Helle, Solveig Rysstad, Ingebjørg Helle Haugen, Ingunn Åkre, Anna Rysstad

Andre medarbeidarar:
Niklos K. Besteland, Torleiv B. Harstad, Håvard Viki

I tillegg kjem folk som har vore med under spesielle sendingar.

Takk
Styret vil takke alle for innsatsen i året som har gått.

Valle, 2. mai 2012

Styret

Program for 8. og 9. mai 2012

Tysdag 8. mai
Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Laust og fast frå Setesdal
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer norsk musikk
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 9. mai
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter: Ingunn Åkre Uppstad og Ingebjørg Helle Haugen

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen. Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer. Alida Harskamp
20.00 Haralds time med gjester. Tema: Snøscooteren til nytte og fritidsbruk. Om utstilling på Setesdalsmuseet sommaren 2012. Med Leonhard Jansen og Knut Olav Tveit
21.00 Opi sending. Harald Haugland og Jorunn Lund Harstad

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio
Bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Setesdalswiki:http://www.setesdalswiki.no
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Epost: post@valleradio.com
Telefon 379 37 577 onsdag etter klokka 20.30

Sparebankane sitt samfunnsansvar

Måndag kjem statssekretær Morten Søberg (Sp) i finansdepartementet til Valle Sparebank. Eg hadde vel tenkt at Vidar Homme hadde skrive noko på sin blogg om det, han skal jo vere vert. Men når dei har vore i banken, skal dei i Valle Radio og høyre litt om samarbeidet mellom banken og radioen, banken sponsar jo Valle Radio med 25.000 kroner årleg.

At ein sparebank brukar noko av overskotet til almennyttige føremål i lokalsamfunnet, har lange tradisjonar. I ein kronikk i Sparebankbladet, som vel ikkje så mange utanom sparebankane les, skreiv han for eit snaut år sidan, i august i fjor:

August, sein kveld. Surfar; kjem inn på www.nb.no. Derifrå lastar eg ned ei lita bok frå 1898 av H.E. Berner (då bankdirektør): «Om sparsomhed og særlig om vore sparebanker.» Skriv ut, og skriv av. Spesielt side 30. Der står mellom anna dette: «Da sparebankerne ikke som aktiebankerne er beregnet paa udbytte for aktionærer, lægger de heller ikke an paa stort overskudd. Det overskud, som de giver, gaar til «almennyttige øiemed» (saasom: til kirkelige og religiøse formaal, til museer, samlinger, bibliotheker og leseværelser, skolevæsen, husflids- og haandgjerningsskoler, børneasyler, arbeiderforeninger og arbeiderhjem, syge- og understøttelsesforeninger, musikk- og kunsteriske formaal, vandledninger m.m.m.)»

Over 100 år sidan. Og vi kjenner det att frå Valle Sparebank si utdeling av gåver kvart år. No vil Finansdepartementet lære om dette, og dei har funne ut at dei kan lære noko i Valle. Svært mange av dei oppgåvene som bankane støtta tidlegare er i dag kommunale og statlege. Endringane har ikkje ført til at bankane har slutta å dele ut gåver, men føremålet med gåvene har nok endra seg noko. I dag stør banken opp om arbeidet til lag og organisasjonar, alle med sine føremål organisert i demokratiske grupper på sida av det offentlege apparatet i kvar kommune.

No ville tilfellet at Valle Radio skal ha årsmøte etter at statssekretæren har vore i Valle. Om han hadde stoppa, ville han sjå at det er ei nokså fast gruppe som står bak aktiviteten med sendingar to kveldar i veka frå september til og med mai. Men radioen formidlar nyheter og kulturell identitet på mange plan i bygda. Det er pengane frå Valle Sparebank med på å bidra til, saman med pengar vi får inn på den årlege radiobasaren. Ingen av oss får løn, dugnad har vore prinsippet frå radioen var ny.

Alle vi som jobbar i Valle Radio, nokre av oss jobbar og i Valle Sparebank, opplever banken som ein god støttespelar i lokalsamfunnet. Nettopp fordi han har blitt ståande som ein sjølvstendig lokal bank, er det vår bygd som nyt godt av tilskot til lag og organisasjonar. Truleg opplever også næringslivet det slik, banken kjenner tilhøva og tek ansvar i lokalsamfunnet vårt når noko skal finansierast så sant banken har høve til det. Slik vil vi ha det også i nye hundre år.

Eit slag for Napoleonskaka

I dag var eg innom Spisekroken på Evje. Dei har bakverk frå Moseid i Vennesla, det er kjent for å vere særs godt, sa Heidi Ose, som opna butikken for tre veker sidan. Å få eit bakeri til å gå på Evje har vore vanskeleg tidlegare, men det har vore godt sal dei fyrste vekene, kunne ho fortelje. I dag hadde det vore så mange kundar innom at køen stod heilt til inngangsdøra i periodar og den stunda eg sat der, var det eit jamnt sig av folk som ville ha bakverk eller brød til helga.

Eg stoppa første gongen der sist fredag på tur ned frå Setesdalskonferanen. Då hadde eg vore på Bykle Hotell og høyrt Richard Jacobsen snakke om sal, korleis den som sel skal oppfylle kunden sine behov, og nettopp det var det Heidi Ose gjorde denne seine fredagsettermiddagen, dei har jo ope til klokka 18 på fredagane på Evje. Eg fekk med meg brownies og jojo-kake heim, så vi hadde noko til fredagskaffe og laurdagskaffe. Snadder.

I dag var eg noko tidlegare, så det var Napoleonskake i disken. Då var det ingen grunn til å sjå etter andre variantar til fredagskosen. Raskt og triveleg pakka ho kakene i eske og la i ein pose. Eg valde å få meg ein kopp kaffe og ei skive i same slengen, og så sette eg meg ned for å prate litt. Ho rakk det og i den noko rolegare ettermiddagsstunda.

Etter det eg skjøna av ein annan kunde, burde eg nok og ha fått meg ein eplemuffins eller to, dei var spesielt gode, sa han og sette til livs nr. 2.

Det ligg alt artikkel på Setesdalswiki om Spisekroken, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Spisekroken og snart kjem det artikke om Heidi Ose også.

Gode på regionalt samarbeid

På middagen under Setesdalskonferansen var det varaordførar Tor Hallvard Mosdøl som ønska velkommen til Bykle. Han heldt ein god velkomen-tale og avslutta med eit politisk stev. Eg tenkte at eg kunne bruke noko av det han sa på bloggen min, så eg spurde han om han hadde eit manuskript eg kunne bruke som grunnlag. Ikkje lenge etter låg det i innboksen min, og eg tek med eit utdrag av det han sa.

Velkomen til fylkesmann, politikarar, virkemiddelapparat og ikkje minst dei aller viktigaste:
næringslivet! Det er dykk denne konferansen er til for, og eg håpar at de har hatt eit godt utbytte av dagen i dag og får det også vidare i kveld og i morgon.

Godt samarbeid
Noko av det eg vart imponert over, etter at eg flytta tilbake til Setesdal, er det gode samarbeidet mellom det offentlege og private verksemder. Vegen er ikkje lang til dialog og råd. Og det er få som sit på høge hestar her.

I Bykle og resten av Setesdal investerast det privat kapital i fleire store prosjekt no, og det er dialogar med aktørar i nasjonalt format. Setesdal er interessant å investere i for den som ser moglegheitene. Eg har tru på at det skal det også vere i framtida.

Noko av det eg trur me kan bli endå betre på i Setesdal, er å skyte fram brystkassa og seie at me er stolte av det som skjer i her. Skryte av dei gode historiane, skryte av av me er gode på regionalt samarbeid. Eg er blant anna spent på å sjå kva som kjem ut av satsinga på lokal mat i Setesdal dei neste åra. Der er det mykje spennande på gong.

Bykle
Eg må nemne noko spesielt frå Bykle, sidan det er her konferansen er lokalisert. No sit me omtrent 400 meter frå der dammen over til Stavenes kjem. Otra Kraft og samarbeidspartnarane investerer om lag ein milliard i Bykle dei neste åra, og det er me sjølvsagt glade for. Kraftutbyggjinga ber med seg mykje positive ringverknadar, og denne gongen er det mest ikkje noko negativt i det heile.

Me får knytta Stavenes til bygda gjennom at det på toppen av dammen skal byggast veg, gangveg, vatn, kloakk og fiber. Rett og slett det som er nødvendig infrastruktur i bustadfelt. Dammen kjem kun til å ha 3 meter reguleringshøgde, slik at det i praksis vert eit flott lite vatn me får i bygda. Når Stavenes i tillegg er ein av dei mest solrike stadane i Bykle har me god tru på at det på sikt kan bli eit svært attraktivt bustadfelt, med kort veg til dei sentrale funksjonane i Bykle. Gardane vert liggjande å trone på toppen slik dei gjer i dag. Attraktive bustadfelt er viktig for oss i Bykle og i Setesdal.

Stev
Agder folkemusikkarkiv har ein stevdatabase på Internett. Eg skulle i eit bryllaup ei tid tilbake og hadde bestemt meg for å kvede litt der. Då eg sat og surfa i folkemusikkarkivet fann eg eit stev som handla om politikarar i Setesdal. Eg veit ikkje kven har skrive det, men eg tenkte eg skulle ta det til slutt. Elles må de ha ein riktig god kveld, og knytte gode nettverk som kan brukast i det daglege virke.

Høgrefokkji mi alli like,
dei sjave tru at da æ så rike.
Da` gang å tru da æ nokå stort,
men her i dale da kjem ti kort.

Mæ høgrevinden an må kje fye,
an fort tek slutt som ei kvirvlebye.
Om her va stemmo i hundretal,
passar inkje Willoch i Sætisdal.

Senterpartie seg inkje jenkar,
men hell fast Høgre mæ sterke lenko.
Om partiformann æ stor å sterk,
fær an inkje gjere da store verk.

Sosialistan vi ver så svære,
av aire vi da kje nokå lære.
Da bite frå si mæ nebb å klo,
det æ nokå dei have lært av Gro.

Programmet for konferansen finn du på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskonferansen_2012

Onsdagskveld i mai 2012

Dette var programmet:

Ansvarleg : Bjørgulv T. Berg
Tekniker : Kåre Rike
Telefonvakter : Torbjørg Hoftuft og Jorunn L. Harstad

18.00 Aktuell time m/ Bjørgulv
-Mexico reise med Fredrik Korsvik
-Jentelaget i VIL i Telemarksserien. Ulf Kjelleberg, Elin Uppstad og Malene Homme
-Orientering om konferansen “Framtidsbygda 2012”. Jon-Rolf Næss på telefonen.

19.00 Tankar frå Bibelen m/ Håvard Viki

19.30 Kommunen informerer med Gunn Marith Homme, leiar på Velkomstsenteret.

20.00 Bjørgulvs time
-Opptak frå Setesdalskonferansen m/ Ørnulf Hasla.
-Intervju med Johnny Cash tolkar Sindre Løvik m/ Bjørgulv T.

21.00 Opi sending med Henri Tore Viki og Rolf-Erik Homme

23.00 Slutt

Nettradio: http://www.valleradio.com
Epost: post@valleradio.com
Telefon 379 37 577 etter klokka 20.30
Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_2._mai_2012

Langeloni

I dag fekk eg ein artikkel om Langeloni på Setesdalswiki. Langeloni er eit vatn i Langeidsheii, 32 km frå Langeid i Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Der har ein ikkje lov å byggje hytter, men i 2004 vart det sett opp ei jakthytte på 30 kvadratmeter langt der vest i heia, like ved vatnet, på austsida. Grensa mellom Setesdal og Sirdal går i Langeloni.

Grunnen til at eg fekk ein artikkel, var at eg kom til å sjå eit bilete som Knut William Bygland la ut på Facebook av hytta der inne. Det var teke då dei heldt på å reise hytta, og så spurte eg om eg kunne bruke det på Setesdalswiki. Det syntest han var morosamt, så han fann like godt eit bilete av vatnet og, så no ligg det to bilete i artikkelen. På internett klarte eg å finne koordinatar for å legge inn eit kart, så no kan ein sjå på kartet kor hytta ligg.

Det er etablert to grupper på Facebook der ein legg ut bilete frå gamle dagar, det vil seie frå forrige hundreår. Nokre av desse bileta kunne godt høve til artiklar på Setesdalswiki, det har eg tenkt lenge, og i dette tilfellet lukkast det. Eg kunne gjerne sett at fleire artiklar kom til på den måten. Dette skjedde etter klokka tolv i natt, men det kan like godt skje på lyse dagen.

No stundar det mot kvelden att, i morgon er det skuledag, så eg trur nok det er på tide å dra oppover dalen og gjere klar for ei kort jobbveke etter ei lang sjukemelding. I morgon kveld skal Bjørgulv T. Berg ha sending i Valle Radio, programmet kjem vel i Setesdølen i morgon tenkjer eg.

Her er lenke til artikkelen på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Langeloni