Stille tysdagskveldar i Valle Radio

Det var ein stille tysdagskveld i Valle Radio i kveld, for eg sat heime i Mandal og prøvde å stelle godt med meg sjølv. Slik vil det vere ut februar, men vonleg kjem vi i normalt gjenge att når mars-sola skin i bakkane i Setesdal.

I grunnen er det lite eg rekk, fekk no skrive inn dagens Setesdølen på Setesdalswiki og litt anna, men heller ikkje det går særleg fort. Ein skulle tru at å sitje med datamaskinen, ville vere enkelt og greitt, men i noverande situasjon går eg fort trøytt.

Eg har likevel fått nokre innspel som eg kjem til å nytte på Setesdalswiki når eg kjem litt meir til hektene, så det veks litt etter kvart. Andre har og hjelpt til med stoff, så eg er i grunnen godt nøgd. Eg er særleg glad for at vi har fått til eit system med oppdatering av kva som skjer i Setesdal kvar dag, det ligg på framsida og når klokka rundar 24, kjem stoffet for ein ny dag opp. Det er nå 2345 artiklar på Setesdalswiki. Om fleire vert med og skriv, vil det vere ein føremon. Så bli med på dugnaden.

I morgon er det ikkje stille i Valle Radio. Programmet for morgondagen legg eg ut på bloggen i morgon. Kan hende sender nokon meg ein epost med programmet, så slepp eg taste alt, men om dei ikkje gjer det, så skal eg likevel få det på plass på bloggen.

Stor takk til Ronny

Det vart Ronny Stavsholt som hjelpte då eg måtte kaste inn handkleet onsdag kveld. Eg var ikkje god, så eg bestilte time på legekontoret, der Daniel, som har vore med meg i fleire program, var vikarlege denne veka. Han ville ha meg på sjukehuset, og eg sa at eg ville ha radio først, men det kom ikkje på tale. Eg tok ein telefon til Ørnulf, men han var i Oslo, han sa han kunne ringe Ronny, men eg sa eg kunne snakke med han sjølv, men det synte seg å vere litt vanskeleg, for nummeret hans låg ikkje på den nye mobilen min. Etter noko tid fekk eg til slutt tak i han, og deg var ja med det same, eg skisserte programmet og sa at eg hadde lagt det inn på programsida på Setesdalswiki, så han kunne printe ut programmet derifrå og vonleg ville det heile fungere. Så gjekk eg heim for å pakke og kome meg til sjukehuset.

Eg høyrde litt etter på noko av det som skjedde og fekk med meg at Liv Tanche-Larsen hadde lese bloggen min, der eg tidlegare hadde kommentert at ho ikkje hadde informert om barnehagen, men nesten bare om kulturprogram. Då måtte eg smile, og smilet vart breidare då ho tok til å fortelje om Hylestad barnehage og om barnehagedagen 2012. Då fekk innslaget hennar eit særpreg som syte kvifor ho var i radioen denne kvelden.

Etter kvart kom eg meg på sjukehuset og vart lagd inn med penicillin i flytande form. Etter ei hostande natt, der ikkje bare eg, men og medpasienten min på romet og pasienten på naboromet harkla og hosta det beste vi vann, mannen i korridoren var og med i konkurransen, tenkte eg at dei som gjekk av vakt den morgonen, verkeleg kunne trenge å kvile seg.

Ut på dagen kom Reidun på besøk, og då ho tok ein tur ut, støytte ho på Marit Salvesen, som hadde høve til å stikke innom meg. Eit slikt sjukebesøk er som ein ekstra dose medisin, trur eg, så vi fekk ein god Valle-prat og eg var mykje friskare då ho gjekk.

Fredag fekk eg med meg ei sjukemelding og penicillin i pilleform heim. Andre fekk romet vårt, ettersom min nordnorske romkamerat og fekk dra heim. Så no skal eg sove meg frisk att.

Stor takk til Ronny som tok over på kort varsel og gjennomførte den delen av kvelden som eg skulle hatt.

Kenya i Valle Radio

I kveld var det Kenya-fokus i Valle Radio. Misjonær Asbjørn Vegge, som denne veka har møte i Bykle, var misjonær i Kenya. Han kom innom i studio klokka 18 på veg til Bykle og fortalde levande om arbeidet i Pokot, som er eit fylke vest i landet på storleik med Vest-Agder pluss Setesdal. Arbeidet er i samarbeid med den lutherske kyrkja i Kenya, og dei har eit Bibelsenter i hovudstaden i fylket, Kapenguria Bibelsenter. Her har dei kortare kurs for folk som skal bli evangelistar. Språket er zwahili og engelsk, så Vegge, som lærte seg amharisk den første perioden han var ut, då var han i Etiopia, måtte lære seg zwahili, men han lærte seg ikkje pokot.

Se9inare i sendinga kom Jakob Trodahl, som har vore misjonær og TV-predikant i Kenya og Tanzania. Han er forsamlingsleiar i Salem i Stavanger og har laga mange program til Radio og TV frå Norge og sendt dei ned til både Kenya og Tanzania for å bli sendt på nasjonalt TV der nede.

Det er mange som er interesserte i Misjonssambandet i Øvre Setesdal. Dei står bak jolemessa på Rysstad, Torjus Vatnedalen frå Bykle var misjonær i Etiopia før Asbjørn Vegge kom dit og mange vil gjerne vite meir om arbeidet i misjonen både ute og heime. Asbjørn Vegge reiser for hovedkontoret i Oslo og reiser over heile landet, han har ei nokså tett reiserute. Sundag avslutta han på Voss, tysdag er han på plass i Bykle. Bare heimom og snu, om lag. Han bur i Songdalen, og har vore mange gonger i Setesdal på ulike arrangement opp gjennom åra.

http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_tysdag_7._februar_2012

Program for veke 6, 2012

Tysdag 7. februar

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Møt misjonær Asbjørn Vegge før han skal ha møteveke i Bykle
18.30 Over ein open Bibel
18.45 Sangkveld
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 8. februar
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter: Bjørg Ragnhild Trydal Jansen og Anna Rysstad

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Liv Tanche-Larsen
20.00 Johs. Bjørkeli: Cuba-besøk i ord og toner
21.00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

Onsdag telefon frå klokka 20: 379 37 577
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio
Bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside
Epost: post@valleradio.com

Sundagsaktivitet

Om du lurer på å vere aktiv i morgon, kan du sjå ulike tilbod i Setesdal her:

Familiegudsteneste i Hornnes kyrkje ved prost Bernt Olav Jensen klokka 11. Søndagsskolens dag. Takkoffer til Bibelselskapet. Pølsegrilling og skirenn etter gudstenesta. Ta med ski.

Høgmesse i Årdal kyrkje ved vikarprest Gunvor Lande klokka 11. Nattverd. Takkoffer til Det Norske Bibelselskap.

Gudsteneste i Valle kyrkje ved sokneprest Terje Seilskjær klokka 11. Kyrkjekaffi

Kom deg ut-dagen. Høgås skianlegg klokka 12-16. Skileik, natursti, trugetur, skiskyting mm. Bål. Vaffelsalg.

Gudsteneste i Bykle kyrkje klokka 17.00. Sokneprest Terje Seilskjær og prostidiakon Per Emanuelsen. Diakoniens dag.

Lovsangskveld i Evje kyrkje klokka 19. Emmy Stulien Lauen, flygel, familien Sløgedal frå Birkeland, Ingeborg Paul, sang, Åse Guldsmedmoen, sang/gitar. Allsang. Informasjon om Bibelselskapet ved Ingunn Tveit. Utstilling av ulike Bibler. Kaffepause. Gratis inngang. Kollekt til Bibelselskapet.

Familiemøte på Elim Evje klokka 11. Vilhelm Langemyr taler.

Søndagsmøte på Tryggheim bedehus klokka 19.30. Ole Magne Omdal taler. Arrangør: Evje kristelige ungdomsforening.

Alt står på datoen 5. februar på Setesdalswiki. http://www.setesdalswiki.no/wiki/5._februar_2012

Eg la lenka til denne sida ut på Facebook i dag og då fekk eg kommentaren Genialt frå Torunn Charlotte Lund. Sjølv synest eg det er ein god måte å hjelpe lokalt kulturliv med informasjon. Eg finn det i Setesdølen, men om nokon har arrangement som ikkje står der, kan dei sjølv legge det inn på rett dato. Kalenderen på Setesdalswiki skal vere til hjelp for alle som vil vite kva som hender i Setesdal.

Det fine med det regionale nettleksikonet er hyperteksten, der ein kan bruke internlenker for å lenke til presten som skal tale eller kyrkja der arrangementet skal vere ein sundag. Dermed kan folk lese meir om den aktuelle predikanten og staden. Framleis er mange av forsamlingshusa ikke på plass med artiklar i Setesdalswiki, til dømes Byklum bedehus, der det skal vere møteveke frå tysdag av. Men smått om senn veks databasen og smått om senn blir det meir heilskap på informasjonen.

Brennmaneter overskygga alt

Han har vore kulturredaktør i Stavanger Aftenblad, Sven Egil Omdal, no er han journalist for dei i Brussel. Han fekk æra av å avslutte eit suksessprogram i P2, Morgenkåseriet, som pleier kome 07.25, men som no er ute av soga. Det gjorde han med å samanlikne sørlendingar med brennmanetar: -Sørlendingen er som brennmaneten: Ganske giftig – og ubegripelig langsom. http://www.fvn.no/lokalt/–Sorlendingen-er-som-brennmaneten-Ganske-giftig—og-ubegripelig-langsom-2188055.html#.TyxkFFxdwuG

Eg las utdraget som stod i Fædrelandsvennen i dag og måtte smile. Han nemner at rogalendingar vert kalla pissemaur på Sørlandet, og han kan forstå det når det gjeld nyrike og fulle, brølande rogalendingar på Skalldyrfestivalen i Mandal. Eg hugsar ikkje heilt, ein eller annan kommenterte at det var eit hedersuttrykk, hardt arbeidande er i alle fall eit særtrekk ved pissemauren. Og det same kan ein nok seie om rogalendingen, han arbeider tidleg og seint for å pine gull av steingrunnen han har busett seg på.

Omdal fekk mykje merksemd for sitt kåseri, så mykje at eit mykje viktigare innspel i debatten om Sørlandet og Agder kom heilt i skuggen. Forsker Jon P. Knudsen meiner det er på tide at bykommunane langs kysten vender blikket innover når dei planlegg utvikling. Difor meiner han at Riksveg 9 og dei tverrgåande vegane på indre strøk ikkje må gløymast når samferdsla skal diskuterast. Du kan lese meir om det her: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.7981158

Han er nok heilt på linje med Kay Jeiskelid, som jo er Setesdal Regionråd sin talsmann for Riksveg 9. Kay var i samtale med Bjørgulv T. Berg i Valle Radio i dag, det var ein aktuell samtale, for ei ny utgreiing syner at vegen vert ganske mange millionar rimelegare enn standardkalkylen som tidlegare var laga.
http://www.fvn.no/lokalt/setesdal/Hapet-stiger-for-riksvei-9-2188419.html#.TyxpllxdwuE

Eg las og i avisa i dag at Bjørgulv Sverdrup Lund skal leie arbeidet frå Agder for å få meir pengar til veg både nordover, vestover og austover. Då tenkjer eg at det er i gode hender. http://www.fvn.no/lokalt/Sverdrup-Lund-leder-samordningsgruppen-2178381.html#.TyxqoVxdwuE

Desse sakene burde overskygge både brennmaneter og pissemaur!

Fredagskveld i februar

I morgon kveld er det sending til heile dalen frå Valle Radio. Det er Bjørgulv T. Berg som har ansvaret for kvelden, og han har sett opp dette programmet:

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Regionrådet informerer
20.00 Bjørgulvs time med gjester: Kay Jeiskelid og Paal-Helge Haugen
21.00 Opi sending ved Britta Lise Homme og Knut H. Nomeland

Teknikar denne kvelden er Kåre Rike og ein kan ringe inn svar på rebusar i Opi sending til 379 37577. Telefonvaktene er Jorunn Helle og Solveig Rysstad.

Hardt skyts

Det ser ikkje ut til å nytte med samtalar med Forsvaret om skytefeltet på Evjemoen. I dag snudde forsvarsministeren igjen saka på hovudet, denne gongen for Stortinget, og Kjell Ingolf Ropstad stod att utan noko anna enn eit rimeleg klart svar som var nei og atter nei.

Honnør til den unge honndølen som tok saka til Stortinget. Eg reknar med at han har tala med far sin og at dei hadde lagt ein slagplan der dei ville ha ut eit klart og tydeleg svar frå statsråden. Tidlegare har dei bare fått møte ein statssekretær etter at Grete Faremo bytta departement. Det var neppe skytefeltet på Evjemoen som var årsak til at ho bytta departement, men eg tenkjer ho var glad for å sleppe å gå til Stortinget og seie det Kjell Ingolf fekk høyre i dag.

På Sørlandssendinga kunne vi høyre at fader Ropstad var i harnisk. Den elles så sindige Bjørn A. visste mest ikkje korleis han skulle stagge seg. Han har eit samla kommunestyre bak seg i at dei vil ha forsvaret ut av kommunen om dei ikkje sjølv skjermar skytebanen for støy. No må han truleg ta saka til retten for å kome vidare. Så lenge saka står der ho no er, kan ingen bygge noko på Evje, for det er motsegn frå Forsvaret til kommuneplanen, og så lenge den ikkje er godkjent, stoppar all nybygging, sjølv om investorar riv hus og gjer klar tomter.

Nærare 30 millionar kroner er mykje pengar for ein liten kommune. Soldatar frå heile Sør-Norge kjem til Evje for å skyte på ein skytebane som Forsvaret ikkje hadde bruk for. Så kom dei tilbake og ville bruke han likevel, og dermed har vi det gåande.

Vi veit alle at Forsvaret er ein stat i staten. Men om kommunelegen la ned forbod mot å bruke skytebanen på grunn av støyen, så kunne vel ikkje forsvaret bruke den heller. Det er imidlertid ein hake med eit slikt forbod. Då vil banen heller ikkje kunne brukast til Landsskytterstevnet, som legg att millionar av kroner i bygda. Det er bare Forsvaret sine soldatar som ikkje legg att pengar, dei dreg tilbake til Madla og Kjevik. Dilemma kallar vi noko slikt som far og son Ropstad står oppi no. Diplomati må til for å løyse det på ein måte som kan behalde Landsskytterstevnet på Evje kvart femte år og som kan få Forsvaret til å betale kalaset eller forsvinne.