Gode hjelparar

På veg nedover fredag tok bilen min til å riste. Eg var komen til Flåstrondi og tenkte at dette blir problematisk, så eg stoppa på Kåvenes og stod ei stund og tenkte at det kanskje ville gje seg når eg starta opp att. Det gjorde det ikkje, men eg trilla meg ned til Hylestad Auto og lurte på om dei kunne finne ut kva det var.

Akkurat då var det ledig på verkstaden, så Vidar køyrde bilen inn, vippa han opp og trilla hjula rundt. Venstre framhjul trilla fint, bakhjulet og, høgre bakhjul var heller ikkje noko problem, men det høgre framhjulet stod heilt stille. -Dette kan eg ikkje fikse i dag, sa han, eg må få deler frå byen. -Har du leigebil? spurde eg. Det hadde han, og etter kvart fekk eg tre meg inn i ein WV med manuell giring og halde fram nedover til Mandal, der barnebarn venta på morfar.

I dag ringde eg verkstaden, men dei venta deler i dag, så eg måtte smørje meg med tolmod til i morgon.

I dag fekk eg ein annan telefon. Dei hadde ryddesjau på kommunehuset i Valle og lurte på om dei skulle kaste ei samling med Setesdølen for år tilbake, eller om eg kanskje ville ha dei. Eg skriv gamle Setesdølen inn på Setesdalswiki, så for mitt føremål er det ei skattkiste, så eg sa ja takk. -Det kan ha dei i svarte søppelsekker, sa eg. Elise Marie lo og sa dei alt låg i esker, og dei skulle setje dei til sides, slik at eg kunne kome og hente dei. -Eg kan ikkje kome før eg får bilen att. Akkurat no er han på verkstad. -Det er greitt, me skal ta vare på dei.

Gode hjelparar frå to ulike hald. Eg trong hjelp med bilen, og Vidar stilte opp. Setesdalswiki trong hjelp for å vekse, og Valle kommune stilte opp med gamle nummer av Setesdølen, som er ein viktig del av grunnlaget for å skrive Setesdalswiki. Takk til gode hjelparar.

Setesdalswiki på Valle skule

I dag hadde eg gleda av å vere med ei gruppe elevar på Valle skule og fortelje om Setesdalswiki. Eg fortalde om nettvett og om korleis det er lurt å starte å skrive, og etter ein time der eg hadde demonstrert med projektor på tavla korleis ein kunne gjere, var det tid for elevane å prøve seg.

Då måtte dei registrere seg, og etter litt startkrøll var alle registrerte som brukarar, så i dag fekk vi fire nye brukarar, og alle fekk gjort ein redigering. Seinare skal eg kanskje tilbake til skulen for å syne fleire elevar korleis prosjektet fungerer, det er ikkje så dumt at unge folk lærer om det.

Å skrive leksikalsk er ikkje det same som å skrive ein vanleg stil. Ein leksikalsk artikkel er oppteken av å få fram fakta, og det er spesielle krav til form i eit leksikon. Til dømes skal ein artikkel starte med oppslagsordet, det skal og vere kjeldetilvising. Slike formelle ting er ikkje like lette å få med seg, så det tek som oftast noko tid før ein lærer det skikkeleg.

I går hadde eg kontakt pr. brev med ein som hadde prøvd seg som skribent på Wikipedia og blitt blokkert, han fylgde ikkje dei mange krava som tross alt er der, sjølv om slagordet er at alle kan skrive på wikipedia. Eg seier til folk at det beste dei kan gjere er å prøve seg fram på ein forsikig måte, gjerne med å rette ein ordfeil dei finn, for slik å få ei føling med korleis det verkar.

Sjølv om eg i dag var på Valle skule og fortalde nokre elevar om korleis det verkar, kan ein ikkje rekne med at det kjem så mange redigeringar frå elevar. Dei prøver det som ei skriveøving i klassen, men når timen er over, er det andre interesser som står i fokus. Men eg opplevde dei som interesserte og positive, det var ein hyggeleg time. Og framleis har eg ikkje funne kjelde til å skrive ein artikkel om Valle skule, vi får sjå kor lang tid det tek før eg finn nok stoff til å kunne skrive ein artikkel om skulen, eller om nokon andre let seg inspirere.

Problemløysing på fleire måtar

Kvelden i kveld vart litt annleis enn eg hadde tenkt og skrive opp på Setesdalswiki. I ettermiddag laga det seg til på ein grei måte, for Bjørgulv T. Berg hadde gjort eit opptak med Elise Marie Kringen, for ho var bortreist i dag. Han hadde gjort eit opptak med Jon Hovet om Kveasåne kraftverk før jol, men så vart det ikkje plass til det lisle jolekvelden. Difor var det hyggeleg å kunne få det med i kveld.

Så ringte Ulf Kjelleberg og lurte på om vi hadde plass til eit innslag om eit prosjekt som Valle IL lanserer for å prøve å samle inn penger til ein komande kunstgrasbane. Fyrst skal dei utvide møykjeromet, det er stor aktivitet der og dei treng meir plass. Deretter planlegg dei å få laga ein kunstgrasbane, det vil vere ein ny rikdom for bygda. Då han kom i studio, fortalde han at dei skulle starte med sal av toalettpapir og tørkepapir. 64 rullar toalettpapir til 250 kroner eller 15 rullar tørkepapir til 175 kroner, dersom ein kjøper det, så leverer Valle IL på døra, både lettvint og med inntekt til klubben.

Jan Wojtaszek har arbeidd med problemløysing i Brokke Alpinsenter sidan i sommar, då dei starta å støype fundament til mastene til den nye stolheisen. Så kom monteringa av 13 master, to stasjonar og alt det andre som må til for at ein stolheis skal fungere. Til helga opnar dei stolheisen, som kan ta 1100 personar i timen, like mange som var i Kilden i kveld. Ein heil buss med valldølar drog nedover for å vere med på kveldens Folkeleg Kraft, og eg hadde ein kort prat med Tina Høgevold før konserten starta. I Open sending seinare på kvelden fekk vi rapport frå Kjellaug Rysstad, som hadde vore der, og som var full av lovord.

Siste innslag i kveldens aktuelle time var ein prat med Grete Fossen, som har fornya butikken til Hasla i Valle sentrum, men som ikkje er heilt ferdig, for dei venter på nokre hyller. Før har butikken vore trekvit, men etter kvart tok det mykje lys, så det problemet vart løyst ved at dei malte veggene kvite.

I Haralds time kunne eg så fylle på med informasjon om hendingar i komande veke, før vi fekk sendt intervjuet med Jon Hovet. Deretter var det plass til litt informasjon om Setesdalswiki før Ånund K. fekk siste ordet med ein halv time med good ‘n old country. Han løyste problema mine med å fylle sendetida i kveld, og så kunne eg overlate ansvaret til Jorunn og Kåre, som hadde opi sending.

Hjelp frå Danmark

I kveld fekk eg hjelp frå Danmark. Eg hadde lyst til å legge ut litt informasjon om den danske komponisten Johannes Nørgaard, men det var vanskeleg å finne noko om han på Internett. Men i dag kom Niklos innom meg og kunne fortelje at om eg fann epost-adressa til Knud Svendsen i Århus, ville eg nok få den informasjonen eg ynskte. På plata han hadde med musikk av komponisten stod det ikkje særleg mykje.

Eg leita litt rundt på Internett etter at Niklos hadde gått, og klarte å finne epost-adressa til Svendsen, og sende han nokre ord om kva eg trong. Like før eg skulle på lufta i kveld kom det svar frå Danmark med god informasjon, nok til at eg kunne lage ein artikkel på wikipedia om organisten og komponisten. Lista over danske komponister på norsk wikipedia fekk eit ekstra namn i går, og i dag vart namnet blått. Her er artikkelen, ikkje så lang, men likevel med ein del informasjon. Så får andre fylle på etter kvart. http://no.wikipedia.org/wiki/Johannes_N%C3%B8rgaard

Sendinga i kveld gjekk utan særlege problem. Og Britta Lise fylgde opp mellom anna med å legge ut lenke på Facebooksida til Ragnhild Egeland sin blogg, som eg brukte i programmet Nytt frå kyrkje og kristenliv. Ho er i Kenya som ledd i eit skuleår på Hald senter for misjon og evangelisering i Mandal og skriv av og til på bloggen for å fortelje om korleis ho har det. Ho hadde eit nytt innlegg i dag, og då kunne eg lese litt frå det. http://ragnhildikenya.wordpress.com

Du kan lese om heile kvelden i kveld på Setesdalswiki, sjå
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_tysdag_10._januar_2012

Høgtidsvers

I alle år har vi hatt ein tradisjon med eit høgtidsvers i kyrkja. Som regel syng vi det etter at presten på preikestolen har hatt ein liten tale der han aktualiserer høgtida og så legg opp til at vi syng Av høyheten opprunden er om det er jul og Han er oppstanden, store bud om det er påske. Melodien er den same: Wie schøhn leuchtet der Morgenstern.

I morgon har Niklos sett saman eit program med denne melodien i fem ulike utformingar:

1. Michael Praetorius (1571-1621): Wie schöhn leuchtet der Morgenstern. Koralkonsert. Hassler-Consort. Dirigent Franz Raml. 2.42

2. Dietrich Buxtehude (1637-1707): Koralfantasien Wie schöhn leuchtet der Morgenstern. (BuxWV 223). Domorganist Wolfgang Schering på orgelet i St. Victor Dom Xanten. 6.59

3. Johann Pachelbel (1653-1706): Wie schöhn leuchtet der Morgenstern. Orgelkoral spelt av Wim van der Panne på orgelet i St. Jans kerk i Gouda 3.00

4. Niels Wilhelm Gade (1817-1890): Af højheden oprunden er. Orgelkoral spelt av Svend Prip på orgelet i Vor Frue domkirke i København. 2.00

5. Johannes Nørgaard (1916-1977): Af højheden oprunden er. Orgelkoral spelt av domorganist Niels Henrik Nielsen på orgelet i Vor Frue domkirke i København. 2.00

På sida til sendinga i morgon på Setesdalswiki er det lenker til dei fire første komponistane, men den siste, Johannes Nørgaard, har eg funne for lite om til at eg kunne lage ein artikkel. Men om du vil vite meir om dei andre, kan du fylgje denne lenka, og vidare dei lenkene som er i artikkelen: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_tysdag_10._januar_2012#20.30_Postludium

Dermed kan du førebu deg til eit program med kyrkjemusikk i Valle Radio i morgon.

Så startar vi 2012 i Valle Radio

Tysdag 10. januar

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Country Gospel Timen
19.30 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv
19.50 Minneord
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 11. januar

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter: Bjørg Ragnhild Trydal Jansen og Anna Rysstad

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer
20.00 Haralds time
21.00 Opi sending med Kåre Rike og Jorunn Lund Harstad

Onsdag telefon frå klokka 20: 379 37 577
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio
Bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside
Epost: post@valleradio.com

Linda tek kaka

Det er ikkje lett å slå Linda Eide i laurdagskveldsunderhaldning. Eg droppa Idrettsgalla, men Norske Attraksjonar må ein få med seg om det høver slik, og slik høvde det i kveld. Med den lett kjennelege Norgesrullen, eg las forresten at ho knekte eit par ribbein då ho rulla utfor stupetårnet i Haugesund. At det er mogleg å vere så galen som ho er i program etter program, det kan ein undrast på, god underhaldning vert det i alle fall.

Eit einaste hus i Ålesund som ikkje gjekk med i bybrannen, det kunne jo vere eit mysterium, var det Vår Herre som sparte huset eller var det vatnet som naboane auste over det? Det vil nok for dei fleste av oss vere eit spørsmål om tru, og Linda held det ope for det. Men at huset trong maling om det skulle overleve særleg lenger, det var nok ikkje eit spørsmål om tru, og ein skulle tru at sindige sunnmøringar ville verne om det einaste huset som ikkje gjekk med i bybrannen. Det hadde dei tydelegvis ikkje gjort så langt.

Ho ferdast med lange steg, Linda. Turen til Høyanger for å sjå den attraksjonen som monumentet over han som balanserte på stolar var vel verd å ha med i programmet, ikkje minst fordi ho engasjerte så mange sogningar til å bli med i turn-øvingane både å rulle og å stå på hendene. Skigåing i Bergen var og morosamt å få med seg, der ho hadde pause på Bryggen med kakao i brøytekanten.

Men det var nok besøket i Karasjok som var den ultimate attraksjonen. Ikkje bare fordi ho sette seg i kjøleromet i bikini for å prøve på kroppen kor kaldt det var å prøve det livet dei hadde då dei nesten tangerte kulderekorden på -50,4 for nokre år sidan, og ho fekk ein frysande joik medan ho sat der, men og for den folkelege måten ho møtte kvinna som hadde notert temperaturar i ei årrekke og hadde dei samla på kalenderen og kunne syne dei fram for oss alle. Mange kjende seg att i det prosjektet, almanakken har for mange vore staden der ein har notert ned temperaturmålingar rundt om i landet.

Då høvde det godt at Linda delte ei marsipankake med folka som var med henne i Karasjok. For Linda tek kaka i folkeleg underhaldning.

Valle Radio våren 2012

Så er oversynet over kven som skal ha programmet for våren 2012 i Valle Radio klart. Du kan sjå det her:

http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_program_v%C3%A5ren_2012

Det er ganske mange namn på den lista, og likevel er det ikkje alle, for bare få av dei som skal stå for påskesendingane, er med på lista. Heller ikkje dei som kjem frå Valle kommune i programmet Kommunen informerer er kome med på lista enno. Når lista er klar frå kommunen si side, vil eg prøve å få namna med også på lista her.

Så er det bare å ønske lukke til med sendingane i ein ny sesong.

Nokre lange linjer

I dag har eg fylgd nokre lange linjer. Det meste av det eg har skrive på Internettet i dag, har hamna på Wikipedia, ikkje på Setesdalswiki. Det skuldast at eg i dag tidleg kom til å gjere litt der for å godkjenne noko som var skrive av folk som ikkje skriv så ofte på wikipeida. Både wikipedia og setesdalswiki har ordningar for at det som blir lagt inn, skal vere kontrollert og godkjent.

I dette arbeidet kom eg over ein setning i artikkelen om NILA – Norsk institutt for luftforskning, der det stod om Birkenesobservatoriet. Eg vart litt forviten, eg hadde aldri høyrt om det, så eg rota litt rundt og las litt her og der, og plutseleg var det stoff nok til ein liten artikkel på wikipedia. Du kan lese han her: http://no.wikipedia.org/wiki/Birkenesobservatoriet

Det syner seg at litt nord for Birkeland ligg ein målestasjon som i 40 år har målt sur nedbør og andre ureiningar i lufta vår og at Birkenes ligg lagleg til for vinden frå sør og vest, slik at målingane har lagt grunnlag for avtalar om redusering av utslepp i andre land. Stasjonen på Birkeland er den einaste i Sør-Norge og kan hende den eldste i Europa, starten var i 1971, så den er 40 år gammal.

Så kom avisa, og med den eit minneord om Arne Rudvin, nordmannen som var biskop i Pakistan i over 30 år. Eg møtte han aldri, men eg hadde høyrt om han i ulike samanhengar og tenkte at ein nordmann som har vore biskop i Pakistan burde jo få ein artikkel på wikipedia, så eg fann litt informasjon om han i Norsk Misjonsleksikon og kombinerte det med minneordet og laga ein liten artikkel. http://no.wikipedia.org/wiki/Arne_Rudvin

Det vart nokre røde lenker i den artikkelen, så eg leita på engelsk wikipedia og fann litt stoff om den eine byen som Arne Rudvin og kona Päivi arbeidde i, Dera Ismail Khan, nok til å kunne skrive nokre linjer og legge inn eit kart som syner kor byen ligg. http://no.wikipedia.org/wiki/Dera_Ismail_Khan

Frå Birkenes via ein misjonær som budde i Hemsedal til ein by i Pakistan, det var altså dei lange linjene i dagens skriving for meg på Internett. I morgon får eg kome meg tilbake til Setesdalwiki og få gjort noko der.

Hold fast hva du har

Overskrifta i kveld er sitat frå ei salme av Jonas Dahl. Eg skreiv artikkel om salma på wikipedia for halvanna år sidan, og i kveld sjekka eg statistikken for kor mange som har lese ein artikkel. http://stats.grok.se/no/201112/Hold%20fast%20hva%20du%20har

I heile 2011 hadde 12 vore innom artikkelen, men 31. desember fekk artikkelen 70 oppslag og 1. januar 55. Grunnen til det var at Kong Harald brukte omgrepet i nyttårstalen sin:

Hold fast hva du har, synger vi i en kjent salme. Overlevende ungdommer fra Utøya viste oss vei videre ved sin umiddelbare bestemthet på å holde fast ved sitt engasjement og sine verdier.

Hold fast hva du har. Statsministeren og hele vårt politiske lederskap viste oss vei ved sin verdige og samlende opptreden – og ved sin sindige besluttsomhet om å holde enda sterkere fast ved vårt åpne samfunn og demokrati.

Hold fast hva du har. Redningsarbeidere og vanlige mennesker viste vei. Viste at når det virkelig gjelder, trår vi til for hverandre også om eget liv står i fare. http://www.kongehuset.no/c26939/nyhet/vis.html?tid=96027

Salma er så gammal at det nok bare er folk godt over dei femti som kjenner henne. Ho er ikkje lenger i salmeboka, vart teken ut ved siste revisjon. Men framleis finn vi tre andre salmer av han der:
68 Nå vandrer fra hver en verdens krok
248 Om salighet vi synger
703 Guds Sønn steg ned å tjene
Det synte seg at det var eg som hadde skrive artikkelen om han og på Wikipedia. Eg har likt å skrive nokre slike artiklar, eg meiner at den sida av kulturlivet og må dekkjast i eit slikt nasjonalt leksikon. Så i ein periode skreiv eg ein del om salmediktarar og salmer. Den svenske wikipediaen har lagt inn alle salmene i salmeboka som liste. I den norske har vi liste over alle salmediktarane, men ikkje over salmene.

Også artikkelen om Jonas Dahl fekk eit lite hopp nyårskvelden og nyårsdag, men den har hatt eit meir jamnt sig gjennom året av folk som har hatt lyst til å få vite meir om denne presten frå Stavanger. http://stats.grok.se/no/201112/Jonas%20Dahl

Ikkje ofte at noko eg har skrive på wikipedia, har fått slik respons. Men hyggeleg var det jo.