Kommunen informerer – ny refleksjon

Sist onsdag skreiv eg om programmet Kommunen informerer og hadde nokre refleksjonar om innhaldet i programmet. I kveld var rektor Alida Harskamp på Hylestad skule gjest i programmet. Samtalen i kveld var i stor grad om skulen og arbeidet der, eg trur knapt det var noko om kommunal kulturinformasjon, som det var mest av forrige veke.

I kveld var og programmet utvida ved at Alida hadde fått med seg lærar Benny Uppstad, som fortalde om musikkundervisninga på skulen. FAU hadde sponsa utstyr så dei kunne spele i band, og elevane var svært glade for den utvidinga av tilbodet, og nytta det med respekt, dugleik og glede.

I tillegg hadde ho fått med i studio den nye læraren, June, som begynte på Hylestad i haust. Ho er frå Evje, men har no flytta til Rysstad, og underviser i 1. klasse. Hege Jore skal no i permisjon, men Liv Gyro Brokke Homme kjem inn som vikar, så situasjonen er god når det gjeld lærarar på skulen. Og Alida ynskte gjerne folk innom på skulen om dei hadde spørsmål eller ville sjå korleis det var der.

I løpet av programmet fekk eg så mykje informasjon at eg kunne skrive ein artikkel om June på Setesdalswiki, den finn du her: http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=June_Salte_Thorsen&redirect=no

Seinare i sendinga denne kvelden hadde Ronny med seg ungdomsarbeidar Lars Liset både i timen og i open sending, og eg fekk ein artikkel om han og. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Lars_Liset

Setesdalswiki si side om kvelden finn du her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_16._november_2011 Eg fekk ikkje med meg første delen av programmet, så skriv gjerne inn det som skjedde i den aktuelle timen, om du høyrde på.

Program for tysdag 15. november 2011

Tysdag 15. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer komponisten Healey Willan
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 16. november
Ansvarlig: Ronny Stavsholt
Teknikker: Inga Flateland
Telefonvakter : Gudrun Nomeland

18.00-19.00 Aktuell time med Ronny Stavsholt
– Smånytt
– Ringe Olav Mosdøl : Jolemesse på Rysstad
– Dansekurs i Bykle.
19.00-19.30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30-20.00 Kommunen informerer ved Alida Harskamp, rektor ved Hylestad skule
20.00-21.00 Ronnys time
– Daniel Homme om utbygging på Bykle Vindu
– Lars Andreas Sverdrup Liset kjem i studio for ein prat. Han er bygdas nye ungdomsarbeidar.
21.00 Opi sending ved Ronny Stavsholt

Programside på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside
Fylg oss på Facebook: http://www.facebook.com/#!/pages/Valle-Radio
Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com

Geocaching

Torsdag var eg på eit møte på Sølvgarden Hotell. Det var Valle Næringslag som arrangerte, og dei hadde fått Thor Flognfeldt som foredragshaldar. Tema var «Kultur, natur og aktiviteter – hva skal til for at Valle finner en plass i reiselivsmarkedene framover?» Flognfeldt sa sjølv at han ikkje var så oppdatert på situasjonen i Setesdal no for tida, sjølv om han for ein del år tilbake jobba mykje med Setesdal, særleg Hovden.

Noko må ha virka, for Hovden har vakse godt gjennom åra og har ein tyngde som reiselivssentrum. Sør for Valle finn vi Evje med Mineralparken som eit sterkt sentrum sommarstid. Mellom desse har særleg Brokke og Rysstad etter kvart bygd seg opp som ein viktig stad for reiseliv, men det står mykje att før satsinga bringer fleire varige arbeidsplassar. Rolf Kåfjord, som er styreleiar i Brokke Invest, meinte at det var investert for ein milliard i hytter og infrastruktur i Brokke på ti år, Dyreparken i Kristiansand har brukt 30 år på si milliardinvestering.

I eit lite innlegg frå salen på møtet nemnde eg Honnevje rasteplass, som jo vart kåra til årets rasteplass i 2011. Eg meinte at både denne og Hekni rasteplass burde kunne nyttast betre til å fortelje om tilboda i Valle kommune. Eg kom til å nemne at på Honnevje er det geocaching, noko som er blitt ganske så populært. Folk kjem til Honnevje for å finne ein liten boks med ei skrivebok der dei skriv seg inn. Så loggar dei seg inn på Internett for å notere at dei har vore der. Eg meinte at noko slikt burde ein kunna utnytte til beste for å få folk til å stanse i bygda ein dag ekstra.

Det eg ikkje visste var at det alt er ei rekke slike geocaching-stader i Valle kommune. Til og med på ein fjelltopp i Everdalen ligg det ein liten boks. http://www.geocaching.com/seek/cache_details.aspx?guid=647a7c12-c06b-4fec-ad30-6ad6aa7ef826
På Hekni er det ein, ved Gloppefossen er det ein. Det skal og vere ein på ein badeplass ved Suleskarvegen.

For å finne desse boksane, må ein ha ein GPS-mottakar. Frå Internett får ein koordinatar, og så er det bare å dra dit og leite. Innanfor 10×10 meter skal boksen vere, men han er ikkje alltid like lett å finne, så folk brukar tid for å kome til staden, og tid for å finne cachen. Ikkje bare nordmenn leitar, folk frå heile Europa er med i denne sporleiken, som vart starta for 10 år sidan i USA, då GPS vart opna for at sivile kunne finne stader innanfor 10×10 meter. Før var det 100×100 meter som var aktuell for sivil bruk. No leitar folk etter 423 i Aust-Agder, både ved Storestraum og på toppen av Fånefjell, ved Syrtveitfossen og på toppen av Hovdenut så vel som ved Vatndalsdammen er det lagt ut boksar. I Setesdal er det nok flest i området rundt Hovden.

Det burde vere ein rimeleg sak å få på plass ein del slike boksar rundt om i Valle kommune på stader der ein kunne tenke seg at turistar kunne ha glede av å oppleve kultur og natur. Om dette vart gjort på ein profesjonell måte med tilhøyrande informative nettsider, kunne det nok føre til at turistar vart verande ei stund i bygda.

Vekk med kjettingane!

Torsdagskvelden var eg på eit møte på Sølvgarden på Rysstad. Det var eit temamøte om Reiseliv og destinasjonsbygging og halde av Valle Næringslag klokka 18 til 22. Problemstillinga var Korleis dra nytte av å liggje mellom dei to store, Evje om sommaren og Hovden vinterstid?

Eit av emna som kom opp var Brokke-Suleskarvegen. Då fortalde ordførar Tarald Myrum at det var på hengande håret ein fekk byggje vegen, og eitt av krava frå grunneigarane for å gje fri grunn var at avkjørslene måtte stengjast med kjetting.

Eg kom til Valle i 1991, det var vel om våren det året at vegen vart opna, og alt første året drog eg over til Ålgård for å besøke familie. Alt då la eg merke til kjettingane, og då familien kom året etter og vi ville på tur på fjellet for å sjå etter molter, var det uråd å finne parkeringsplass, så eg sette av Sigmund og Reidun og køyrde sjølv ein tur for å finne ein stad å parkere, og så kom eg attende og henta dei etter eit par timar. Eg er nok ikkje den einaste som har gjort det på den måten, kjettingane har vore ei effektiv stengsle for folk som ville ut i naturen på fjellet.

No har det gått 20 år og i løpet av desse åra er det bygd opp eit stort hyttemiljø i Brokke. Hytteeigarane undrar seg og på kvifor det skal vere så vanskeleg å få parkert på heia for å ta seg ein spasertur i fjellet. Thor Flognfeldt frå Høgskulen i Lillehammer var på møtet på Rysstad ikkje nådig mot folka som har sperra norsk natur for opplevingar, det er bare dei aller sprekaste av oss som kan oppleve norsk natur, sa han. I alle andre land legg dei til rette for at turstiar skal vere tilgjengelege for ferdsle og for folk med rørslehemming, men i Norge er stiane så smale at ein må sjå seg godt for om ein skal halde seg på føtene, og då vert naturopplevinga lita. Han synte til nasjonalparkar i mange land, alle har gode tilhøve for brukarar, som då nyttar desse og ikkje øydelegg der dei ikkje har høve til å gå. Og nasjonalparkar i andre land kan ha tusenvis av gjester dageleg utan at ein opplever å gå i kø, fortalde han og synte lysbilete frå mange besøk i ulike land og parkar.

Om ein skal få turistar til å stoppe ein dag ekstra, bør ein få vekk nokre kjettingar og ta i bruk parkeringsplassane på fjellet, så stoppar dei på butikkar, kafear og campingplassar ein dag ekstra, eller kan hende ei veke om det er tilrettelagt med varierte opplevingar i den flotte naturen vår i Setesdal.

Kommunen informerer

I kveld var Liv Tanche-Larsen frå Hylestad barnehage i Kommunen informerer-halvtimen i Valle Radio. Som vanleg hadde ho sikkert sendt mail til tilsette i kommunen for å få noko å snakke om, og som vanleg hadde kulturavdelinga ei rekke meldingar å kome med.

Eg sat og høyrde på programmet den halvtimen og så tok tankane mine til å fundere litt, kanskje utan at eg var så veldig med sjølv. Men her deler eg tankane mine med deg:

Eg synest Kommunen informerer er ein positiv halvtime i Valle Radio. Kommunen set opp ei liste over kven som skal kome, det er som regel leiarar på ulike sektorar i kommunen. Sjølv hadde eg med meg Magnhild Hovet, styraren i Valle Barnehage. Då klarte eg til og med å få ein artikkel om henne på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Magnhild_Hovet

Når vi programleiarar i Valle Radio får høve til å snakke med leiarar av ei av avdelingane i Valle kommune, opplever eg det som interessant at leiaren fortel noko om avdelinga vedkomande leiar. Eg trudde og at det var noko av grunnen til at oppgåva rullerer mellom leiarane i kommunen. Men i kveld tok dansehelg og andre kulturarrangement tida, og så langt eg fekk med meg, var det ikkje noko særleg om Hylestad barnehage i programmet. Nå fekk eg ein telefon i starten av programmet, så Liv og Ronny kunne ha snakka litt om barnehagen då, men det kan ikkje ha vore mykje.

Dette seier eg ikkje som kritikk mot dei som var i studio, men som ein refleksjon over programmet. Eg opplever det svært positivt at leiarane i kommunen stiller opp og slik er med på dugnaden som Valle Radio jo er, vi skaper noko saman til glede for folk i bygdene her i Øvre Setesdal. Men mange gonger utnyttar vi ikkje situasjonen når han ligg der. I dette tilfellet var Liv ny styrar i Hylestad barnehage, i mitt tilfelle var Magnhild ny styrar i Valle barnehage. Begge har arbeidd i mange år i barnehagen dei no styrer, og eg var ikkje flink nok til å snakke med Magnhild om aktuelle og relevante utfordringar då eg hadde henne med meg i studio, og høvet til å snakke om tilsvarande med Liv for Hylestad barnehage trur eg vart borte i kulturaktivitetane. Kan hende burde vi gje dei høve til å møtast i studio ein gong for å snakke om dei respektive barnehagane og gje oss lyttarar meir innsikt i eit viktig område av drifta til Valle kommune.

Himmelvende sangar

I sangkvelden i Valle Radio i kveld hadde eg himmelvende sangar. Det var allehelgensøndag for to dagar sidan, og det var jo naturleg å markere det med nokre av dei mange songane som er skrivne om målet for livsvandringa, slik ein ser det i kristen samanheng. Her er spelelista:

SALIGPRISNINGENE 04:43
JERUSALEM, DU BY PÅ HERRENS HØGD 03:59
BEDRE KAN JEG IKKE FARE 03:17
NÅR MITT ØYE TRETT AV MØYE 04:54
UNN MEG GUD, ET LITE ROM 02:38
HVOR ER DET GODT Å LANDE 02:15
HEILAG ER KYRKJA HER 04:18
HEN OVER JORD 02:55
EG VEIT I HIMMERIK EI BORG 05:05
GUDS MENIGHET ER JORDENS STØRSTE UNDER 04:07
NÆRMERE DEG, MIN GUD 05:10
ORGELKORAL 01:58
DEN STORE HVITE FLOKK 04:40

Det var ei plate eg nytta, Oslo Domkor gav ut plata Blant alle englers sang – salmer til Allehelgen i 2001, og ettersom eg er glad i korsong, fall eg for den.

Mange av salmene med himmellengt har folketonar, dåmen av lengt etter eit betre liv ligg gjerne i mange av dei religiøse folketonane. Mange av folketonane er i tradisjonen frå Thomas Kingos Graduale som vart innført i kyrkje i dansketida, og som hadde sløyfer og snirklar som stilmiddel. Dette var ikkje lett å syngje, og fekk lokale former gjennom bruken. Særleg i Norge overlevde folketonane, hit kom orgel og utdanna musikarar seinare til bygdene enn i Danmark, og dermed levde lokale melodiar lenger. Det er vi takksame for, dei formidlar ein dåm som mange set pris på.

Mange komponistar har teke utgangspunkt i folketonar og laga arrangement av dei for kor som sameinar tradisjonane. Edvard Griegs 4 salmer er jo eit slikt døme, men fleire av arrangementa til Oslo Domkor går inn i same tradisjonen. Eg vonar det var nokon som høyrde på og hadde glede av programmet, det er jo naturleg å dele med seg det ein sjølv finn glede i.

Program for veke 45, 2011

Eg gløymde å sende epost til Setesdølen i dag, det vart litt hektisk. Etter skulen gjekk eg heim, og der har eg ikkje internett. Difor tok eg ein telefon då eg kom på det, og sa dei kunne bruke sist vekes annonse for tysdagssendinga. Men det er litt feil i den i høve til det eg kjem til å ha i morgon. Dette blir opplegget

Tysdag 8. november 2011

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Nytt frå Setesdalswiki
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Slik går det når måndagens gjeremål fyller sinn og tankar og ein heilt gløymer å tenkje framover.

Ja-benken

Turen oppover Setesdal i kveld var ein tur i tåka. Eg hadde tenkt at den skulle forsvinne når eg kom litt opp i høgda, men det gjorde den ikkje, det var helst tungt å køyre oppover Setesdal i kveld. Men så kom det ein telefon frå Reidar Tveito, med handsfree kunne eg ha selskap oppover frå Heggland, så då vart det ein hyggeleg tur.

I natt som var skreiv Reidar om Ja-benken på Byglandsfjord. Hadde du ikkje høyrt om den. Sjekk artikkelen på Setesdalswiki, det er fornøyeleg lesnad med fine bilete. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Ja-benken

Vi prata om Ja-benken og artikkelen, og Reidar fortalde om det fine arbeidet Nomeland Anlegg gjorde for å flytte benken og late han kome til heider og verdighet att. Han var der og tok bilete av flyttinga, og meinet Nomeland Anlegg gjorde ein varsam og fin jobb. Og så har dei funne mold og lagt rundt benken, så når våren kjem og graset gror til, vil han gli fint inn i landskapet og seie noko om meir enn hundre års veghistorie. Det høver jo godt like ved Byglandsfjord oppvekstsenter, ungane kan la fantasien løpe om dagen og ungdomar kan nytte benken om kvelden når sevja stig i både folk og planter.

Så snakka vi litt om besøkstalet på Setesdalswiki, for det har vore godt over hundre kvar dag til no i november, i kveld ligg snittet for dei seks fyrste dagane på 160, og det er viktig at folk les artiklane, elles var det ikkje nokon grunn til å lage dei. Artikkelen om Ja-benken har fått over 50 visningar første døgeret, det er ikkje ofte ein artikkel få så høgt tal.

Vi snakka og litt om at det er mange som ikkje veit om Setesdalswiki enno, så vi har ein jobb å gjere med informasjonen. Eg fortalde at når vi rundar 2000 artiklar, skal vi nok drive litt informasjon, og eg har og planar om å lage litt på nye artiklar i Setesdalswiki som eit program i Valle Radio. Turen oppover gjekk sjeldan fort, eg hadde tenkt å droppe blogging i kveld, og bare køyre rett heim, men Reidar inspirerte meg til å ta turen innom nettet og skrive dette før eg tok kvelden. Og når eg ser at artikkelen om forsovinga mi har fått stå øvst på bloggen heile helga, var det sikkert like godt å starte ei ny veke med noko anna.

Aldri så galt at det ikkje er godt for noko

Etter ein flott kveld i Valle Radio er ein gjerne noko trøytt, så i går kveld var det godt å kome heim og ta kvelden. Eg høyrde nyheter ved midnatt før eg fann loppekassa, og snart sov eg. Men når ein drikk noko seint, slik det ofte blir i radioen, må ein gjerne opp noko tidleg, og klokka seks vakna eg. Ofte står eg opp då, men i dag tenkte eg at kona pleier alltid å ringe halv åtte, så eg søv ein time til. Då vi prata saman etter sendinga onsdagskvelden og sa god natt, avtalte vi jo det. Det eg ikkje tenkte på, var at telefonen stod på lydlaus, eg hadde jo sett den på lydlaus då eg var i radioen i går. Den låg så fint ved sida av senga, men utan lyd makta den ikkje å få meg vaken.

Kvart på ni vakna eg og trudde ikkje mine eigne augo, så lenge har eg knapt sove sidan eg var ung. Medan eg kledde meg, banka det i veggen, utanfor stod min kollega Øystein Berg og nokre elevar, dei hadde prøvd ei stund å få tak i meg på telefonen utan respons. No tenkte dei det verste og hadde sett himmel og jord i rørsle for å få tak i ein nøkkel og kome inn for å hjelpe meg. Eg leier hus av ordførar Tarald Myrum, Øystein fekk han til og med ut av eit møte, men han var i Arendal og kunne ikkje hjelpe Øystein med nøkkel. Mange andre fekk etter kvart vite om saka.

Eg skriv om dette på bloggen for eg reknar med at nokon kvar har opplevd å forsove seg utan at det hadde så store konsekvensar, så de kan jo smile litt av forsovinga mi. Eg pleier som regel vere på skulen ved åttetida, ofte så tidleg som i sju-halvåtte. Men det er jo godt å ha eit nettverk som reagerer når ein ikkje møter opp.

Hendinga førte til at elevane fekk øve på grammatikk i ein konkret og aktuell tekst, dei måtte skrive om saka. Så ein får vel seie med det gamle ordtaket: Aldri så galt at det ikkje er godt for noko.

Frå Damenes Aften og Sprekleiken til vegnamn

Det var ein variert kveld i Valle Radio i kveld. Det starta med at Grete Fossen kom for å fortelje om Damenes Aften, som Valle Bygdekvinnelag, Hylestad Bygdekvinnelag og Sentrumsjentene i Valle skal ha i Storstoga fredag. Å skape noko moro og legge til rette for handel og liv, det er eit av måla med kvelden, i fjor kom 120, og det verkar til å vere minst like stor interesse for arrangementet i år. Fire klesbedrifter skal stille ut klær, så Grete vona at folk hadde handle-genet klar til dyst.

Etter henne kom Sigbjørg Næss og fortalde om Sprekleiken 2011. Opplegget er litt endra i høve til tidlegare, gjesten er Kari Jaqueson, trimdronninga. Det startar sundag klokka 14 og om kvelden skal ho halde foredrag. Å få ein slik kapasitet til Valle er dyrt, så ho var glad for alle sponsorane arrangementet hadde fått, og ho las dei opp i radioen. Etter det som det såg ut, kom det til å bli god deltaking, men det var råd å melde seg på heilt til laurdag, om det ikkje vart fullteikna før.

Siste post i den aktuelle timen var Øyvind Jacob som fortalde om Brokke Naturkjøt. Det var interessant å få vite meir om prosjektet, som akkurat no byggjer hallar som dyra kan gå inn i om dei vil i løpet av vinteren.

Rådmann Eivind Berg kom så og fortalde om laust og fast frå tida før han vart rådmann i Valle. Han har arbeidd i Kina, det skreiv eg om på bloggen i sommar, han hadde tenkt på den frokosten mange gonger, på den tida ante han ikkje at han skulle kome tilbake til Valle Radio som rådmann i Valle, han visste ikkje om at stillinga var ledig då han og kona sat saman med meg og Reidun på Sentrumsfrokosten 2011.

Siste innslag før Open sending var ein samtale med Torleif Homme om gatenamn i Valle. Han meinte vel og at no var det på tide å gjere noko med det spørsmålet, det kokte bort i ingenting på grunn av nokre rare namn som folk hekta seg opp i. Han var ikkje så villig til å nemne namna, men dei fekk vi av Anne Lise Harstad i Opi sending, ingen på Rysstad ville bu i Sluskevegen og ingen i Leite ville bu i Revegarden, sa ho. Både av omsyn til brann og lege og post burde ein innføre gatenamn, slik at folk kunne få ei eintydig adresse. Ein variert kveld, også denne kvelden. Valle Radio gjev alltid noko nytt å tenkje på.