Bøker som manglar ein bokstav

Av og til er det litt moro å finne på Internett, og på Twitter i dag dukka det opp kvitringar med boktitlar som mangla ein bokstav, og som difor fekk ny tyding. Nokre av desse vil eg dele med dykk i kveld:

Ut å stjæle Ester. Per Petterson om kidnapping.
Larm! Kommer snart, oppfølger fra Hanne Nabintu Herland.
Oman 1987. Solstads arabiske år.
KongLer. Shakespeares botaniske komedie.
Euromancer – William Gibson om EUs historie.
Markens røde.
Døde seler. Gogols mindre kjente oppfølger
iBelen – Apple.
“På gengrodde stier” Hamsuns tanker om fremtidens forskningsmuligheter”
Ly.
Forbrytelse og Staff. Selvbiografi i tredjeperson.
beatle – Lars Saabye Christensen. Brukermanual for Folkevogn
Gif. Alexander Kielland gjør rent i pietismens kroker.
“Har asfalt” – en brutalt ærlig roman om det tøffe livet som logistikkansvarlig i Veidekke
“Marekor” Nesbøs thriller om det tovedøvet blandakoret som ble slaktet, en etter en.
Hiene. Bjørneboes epos om bjørnebo.
Kokkene ringer for deg. Ein restaurantguide.
Markens røde. Historia om agrarkommunistane.
En Lad Gut. Bjørnsons skildring av ørkesløshet blant ungdom.
Odejegerne – Endelig får Jo Nesbøs brukt sine poetiske sider
Vett og vett. Kjedelig og moraliserende førsteversjon fra Aas og Zapfe
Ult. Hamsuns bok om høyrøstet Oslo-boer.
Arrenes skip. Porters bok om smertefull oppvekst på eit skip
Genferd – Jo Nesbø oppsummerer FrPs innvandringspolitikk
Alvbroren. Av dreamteamet Lars Saabye Christensen og prinsesse Märtha Louise.
En flyktning kysser sitt spor
Menneske og aktene. Duun legg ingenting i mellom
Harry Potter og alvblodsprinsen. J.R. Rowlings forsøk på en Tolkien.

Ved første søk kom det opp 25-30 titlar i den tråden. Men skriptet heldt fram med å leite og då eg hadde skrive inn desse, kopiert og limt er vel rett å seie, hadde det funne 200 til som hadde fått hashtaggen #bokersommanglerenbokstav. Ettersom systemet slit med å sortere på ø, fann folk ut at dei måtte bruke o i staden. Så kan du jo teste ut om du veit kva bokstav som manglar i boktitlane eg har teke med, og om du vil vite meir om emnet, kan du sjekke ut Twitter.

Hatten av for oppfinnsomme skribentar! Kven dei er, orka eg ikkje kopiere inn i lista, dei får du og finne sjølv om det er nokon du spesielt lurer på.

Ingebjørg K. Bøs minnepremie

Setesdalskappleiken er over og eg har lagt inn resultatlista. i artikkelen om kappleiken på Setesdalswiki. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskappleiken_2011#Resultatliste

Kim André Rysstad vart beste kvedar og vart kåra til beste utøvar totalt sett, og då fekk han ein spesiell pris, Ingebjør K. Bøs minnepremie. Då han kom heim etter festen delte han gleda på Facebook med denne meldinga: Totte det va stas å vinne “Ingebjørg K. Bøs minnepremie” på Setesdalskappleiken 2011! På tide at den gjekk ti ein kvedar og Setesdøl, og ikkje berre til spelemenn frå telemark og sverik!

Det fekk meg til å lure på kva denne minnepremien var, og i dag tok eg ein telefon til Harald B. Knutsen for å finne ut meir. Han er jo dagleg leiar av Agder folkemusikkarkiv, så eg tenkte han vel måtte vite noko. Harald stod i matkø på ferja mellom Sandefjord og Strömstad, men han fortalde at Sigurd Brokke var den rette å spørje om informasjon, og dermed tok eg ein telefon til Sigrud.

Han kunne fortelje at det no er Astrid Rysstad som er leiar i Setesdal Spelemannslag, og at ho truleg var den som kunne fortelje meir om dette, Sigurd var leiar frå 2001 til 2007. Rett nok var det i hans tid premien vart oppretta ved at Ketil Bø, som er son hennar, i 2003 gav 100.000 kroner til Setesdal spelemannslag for å opprette ein slik minnepris.

I følge Gards- og ættesoge Valle bind 3 hadde Ingebjørg K. Bø, som levde frå 1906 til 1981, fem born. Ho var frå Åmli, syster til Margit, som vart gift med Hallvard Dale. Ingebjørg vart gift med Åsmund O. Bø som var slaktar, Ingebjørg sauma mykje daleklede, står det i bygdebøkene på side 177. Dei fem borna var Birgit, gift med Knut H. Uppstad, Olav, som flytta til Notodden, Kjetil, som flytta til Trondheim, Gjermund, som flytta til Kristiansand og Sigrid, som bur i Bø i Telemark.

Sigurd Brokke kunne fortelje at Per Anders Buen Garnås vann premien, det var i 2006, han sjølv fekk premien i 2007, og året etter fekk Daniel Sandén-Warg premien, han har til og med vunne premien to gonger. Den aller første som fekk premien var hardingfelespelemannen Torgeir Straand frå Spelemannslaget Bøheringen i 2004. Så Kim hadde rett i at svenskar og telemarkingar har fått premien. Eg trur nok det kjem ein artikkel på Setesdalswiki etter kvart om dette.

Marhyl og kappleik

Sjølv om Marhyl bare ligg ein snau kilometer frå huset på Nomeland der eg budde i mange år, har eg aldri vore nede ved badeplassen. Mange gonger når eg har køyrt forbi, har eg registrert at det har vore folk der, for det har stått bilar på parkeringsplassen. Etter kvart er den blitt oppgradert og har fått plass nok til at det dei fleste dagar er plass.

Fredag kom det fram i Setesdølen at dei ynskte flytebrygge og vassklosett, og sjølv om folk såg i augo at det siste ville vere vanskeleg å få på plass, meinte både Bjørgulv T. Berg og Kim Pedersen at flytebrygge burde vere meir oppnåeleg.

Artikkelen i Setesdølen førte til at eg skreiv ein liten artikkel på Setesdalswiki, men den manglar bilete, og ei etterlysing av bilete på Facebook har ikkje gjeve resultat så langt. Artikkelen finn du her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Marhyl

I dag kom resultatlista frå Setesdalskappleiken 2011. Eg prøver å få lagt den inn i artikkelen på Setesdalswiki, men det tok litt tid, for det var ei pdf-fil som var organisert på ein annan måte enn det eg fann naturleg. Så eg må taste det heile om att, men etterkvart vil heile lista finnast i artikkelen om kappleiken på Setesdalswiki. Sjå nederst i artikkelen her http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskappleiken_2011 Framleis vil det ta tid før dei raude lenkene er blitt blå, men det fyllest på med artiklar, kvar dag kjem det ein eller fleire nye. No er det 1543 artiklar og dagleg er om lag 100 personar innom og finn eitt eller anna nyttig. Velkomen innom du og.

Hund og katt

Den som har høyrt eit kåseri av HC Hansen der han legg ut om pus sine vurderingar av situasjonen i verda, har ofte trekt på smilebandet over kåsøren sin omgang med kattar, Whiskas og whisky.

Me har og ein katt og den har etter kvart fått mange kommentarar. Han hoppar opp på gelenderet og bankar på vindauga når han vil inn, og når vi et frukost, kjem han og set seg på golvet ved sida av bordet og sit til han får ein brødbit med smør på. Av og til er han nøgd med ein bit, andre gonger vil han ha meir. Ei halv skive av familieskinke vert ofte og sett pris på, før han luntar opp trappa og finn ein roleg plass å tilbringe dagen inntil Reidun kjem heim. Av og til lurer eg på om han kan klokka, for nokre minutt før ho kjem ned bakken, sit han i vinduet og kikkar etter henne, og når bilen kjem, er det full fart ut i gangen for å vere mottakingskomite.

Men om eg vil ha han ut og han sjølv ikkje vil, nyttar det ikkje om eg opnar døra, han snur halen til døra etter å ha kikka ut, så jamtar han og vil ut døra på andre sida av huset. For min del kunne vi godt vore utan katt, men det er ei anna soge.

Då eg vaks opp, hadde vi hund eit par år, det er ei tid eg minnest med glede. Difor kan eg forstå det når den nye skulepsykologen Silje Marie Rygnestad Nesvaag tek med seg hunden Lobo på biletet i Setesdølen fredag 5. august. I den artikkelen hadde Helene Horverak fått med så mykje informasjon at eg kunne lage ein artikkel på Setesdalswiki om henne. Du kan lese den her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Silje_Marie_Rygnestad_Nesvaag Og då eg leita etter eit bilete av henne, kom det opp bilete på Facebooksida hennar, der var også Lobo med.

Den hunden er kanskje meir enn bare ein hund, for psykologen har skrive masteroppgåve om Tassende terapi. Den ligg ute på internett, og du finn oppgåva via Setesdalswiki og kan lese det ho skreiv om å bruke hundar i dyreassistert terapi.

Hytteliv

Eg skreiv ein artikkel på Setesdalswiki i går om hytter i Bykle. I dag gjorde eg han ferdig og talde opp kor hytteeigarane kom frå. Det syner seg at dei kjem frå 95 kommunar utanom Bykle. Til og med folk som bur i Bodø og Tromsø har hytte i Bykle, det er jo mest ikkje til å tru. Men statistikken syner at det i alle fall var tilfelle i 2007. Dei kan då ikkje bruke hyttene sine særleg mykje.

I artikkelen i Fædrelandsvennen seier ein av dei som står bak undersøkinga at hyttebyklarane vert tekne vare på og inkludert betre i bygdelivet enn hytteeigarar ved kysten. Eit slikt tiltak er å utvikle aktivitetar for hyttebyklarane både sommar og vinter, ikkje bare vinter, som ein kanskje lett kunne tru.

Komande helg er det ein slik sommaraktivitet som står for tur. Rekordfestivalen kallar dei det på Hovden, og ein av aktivitetane er treklamring. Ein annan er kappløp med bade-ender frå Støylsbruka ned til Hartevatn. Slike aktivitetar gjev verdensrekordar på Hovden, i alle fall den sistnemnde, den kan bare haldast på Hovden. Treklamring kan kanskje organiserast andre stader, for alt det eg veit.

Med slike aktivitetar er det bare fantasien som set grenser. Når det i tillegg vert lagt opp til konsertar og underhaldning for små og store, vil folk bruke hyttene sine og på ei tid ein ikkje tenkjer ein Hovden-tur som aktuell.

På Setesdalswiki har eg ein artikkel om Rekordfestivalen. Den handlar om festivalen i 2009, så mykje vatn har funne vegen gjennom Otra til havet sidan artikkelen vart skriven. Men årets festival er over same lest, så litt får du med deg: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Rekordfestivalen

Programmet for årets festival finn du her: http://www.rekordfestivalen.no/

Hytter i Setesdal

For folk i byane på Sørlandskysten er nok Setesdal særleg aktuell som stad å ha hytte, i alle fall om ein er glad i å vere på fjellet og gå på ski, og det er det mange som er. I går, torsdag 4. august 2011 stod det ein interessant artikkel i Fædrelandsvennen om dette. Det var Hans Jacob Brekke som hadde gått gjennom ein rapport laga av Agderforskning i 2009 om Norsk hyttestatistikk. Artikkelen kalla han Dominerer hyttemarkedet. Den stod på side 8 i avisa, så om du ikkje har kasta henne, kan du lese han no i helga, det var interessant stoff.

Eg sleit litt med å finne utgangspunktet for artikkelen, for eg fann ingen rapport i skriftene til dei to forfattarane som var nemnde, Winfried Ellingsen og Jørn Cruickshank. Då sende eg like godt ein epost til Brekke, og ikkje lenge etter hadde eg stoffet som han hadde basert artikkelen på.

Du kan vel tenke at grunnen til at eg vart interessert i artikkelen ikkje var fordi eg sjølv skulle skaffe meg hytte. Det har du heilt rett i, hytte har ikkje interessert meg noko særleg, og hytte i område der føresetnaden er at ein skal gå på ski, det interesserer meg i alle fall ikkje. Om nordmenn vart fødde med ski på beina, så vart ikkje jærbuar det. Dei tøffingane frå Rogaland som går Sesilåmi har nok lært å gå på ski gjennom prøving og feiling, og på det området har eg helst feila. Så mitt tilhøve til hyttefolk er stort sett at eg møter hyttebyklarar på veg til Hovden når eg er på veg til Mandal fredagane, og så prøver eg å køyre opp dalen så seint på sundagskveldane at dei er kome nedover når eg dreg oppover.

Nei, grunnen til at eg vart interessert i den artikkelen, var at han høvde for å lage ein liten leksikonartikkel på Setesdalswiki. Kanskje det til og med kan kome fleire artiklar, men til no er det bare kome ein. Den finn du her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hytter_i_Bykle

Det syner seg at det var 2223 hytter i Bykle i 2007, då statistikken vart laga, og av desse hadde kristiansandarane 778. Andre byar langs sørlandskysten var og høgt på lista, så om dei nyttar hyttene sine eit par gonger i månaden, vert det ein del trafikk på Riksveg 9.

Kappleik og sanghelg

Det har vore stor aktivitet i Setesdal denne sommaren, og det er ikkje slutt enno, for komande helg er det Setesdalskappleiken 2011 på Rysstad, den har eg skrive om på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskappleiken_2011 og Evangelisk song og musikkhelg på Ose, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Evangelisk_song_og_musikkhelg_2011

Så her er det noko for ulike interesser. Eg for min del skulle gjerne vore begge stader, men kjem ikkje til å vere nokon stad i Setesdal denne helga heller, eg held meg til Mandal, no er det siste helga barnebarna er på besøk hos morfar og mormor. Snart startar skulen att, både for store og små.

Men eg vil prøve å skrive litt om begge arrangementa på Setesdalswiki, og eg har alt skrive om nokre av dei som deltek på Setesdalskappleiken 2011. Det slår meg at årets arrangement kanskje toppar det som har vore år om anna, her er både dei lokale storspelemennene Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid og kvedarane Kirsten Bråten Berg og Kim André Rysstad, av desse er det bare Hallvard eg enno ikkje har artikkel om på Setesdalswiki. Og så er gruppa Frifot der, den svenske folkemusikkgruppa skreiv eg om på Setesdalswiki i dag, og eg laga og ein artikkel på wikipedia.

Men det er mange namn som eg ikkje har artiklar om, av dei som skal undervise fredag er det mange som manglar artiklar.

Når det gjeld Evangelisk song og musikkhelg har eg bare artikkel om helga og om Oddvar Høgevoll på Setesdalswiki. Eg skulle gjerne hatt artiklar om dei som syng, men det er vanskeleg å finne informasjon, så det tek tid å få til slike artiklar. Men vonleg kjem dei, om ikkje i år, så kanskje til neste år.

Tid for å fylle opp kalenderen 3

I denne serien om å fylle opp kalenderen har eg eit poeng til. Det er litt mindre personleg enn dei ande to artiklane mine, som har handla om Time Manager og Valle Radio sin kalender. Men Setesdalswiki har og ein kalender.

Om du ser i venstre margen på Setesdalswiki, står det Kalender 2011. Om du trykker på den lenka, kjem det opp ein kalender for heile 2011. Nokre tal er raude, nokre er blå. Dei raude betyr at det ikkje er skrive noko, dei blå har alt informasjon om eitt eller anna.

Tanken med å ha ein kalender på Setesdalswiki er at ein skal kunne skrive inn informasjon om hendingar i Setesdal på den aktuelle dagen. Alle kan skrive inn informasjon der, det kan til og med gjerast om ein ikkje har registrert seg, men det er noko enklare å gjere det registrert, for då slepp ein å skrive inn koden som uregistrerte brukarar må nytte for at vi skal unngå spam i nettleksikonet for Setesdal.

I denne kalenderen kan ein altså skrive inn hendingar som skal skje. Nokre lurer på kvifor eg skriv dei i fortid, det er fordi då slepp eg å gå inn og rette det når dagen har vore der. Eg skriv inn mangt og mykje, mest slikt som er annonsert i Setesdølen, ettersom eg ikkje i særleg grad har andre kjelder å basere informasjonen på.

Eg hadde likt godt om du skreiv inn hendingar i den kalenderen. Det tek bare ein augneblenk, men om ti personar skriv for aktivitetar som lag og organisasjonar har, vil det fort verte ei stor kjelde til informasjon som folk kan nytte. Eg veit det er andre slike tenester, men det fine med Setesdalswiki er at alle kan skrive, om ein skal ha det inn på ei kommunal informasjonsside, må ein sende mail til dei som har rett til å leggje inn stoff der. Ved å skrive det på Setesdalswiki, sparar ein eit ledd og kan legge ut informasjonen som ein sjølv vil. Nokre gonger fortener arrangementet ein eigen artikkel, andre gonger kan alle informasjonens stå direkte i kalenderinnslaget, det er valgfritt. Men det fine med Setesdalswiki er at ein kan lenke til namna på dei som skal delta med foredrag eller musikk, og ofte er det artiklar om dei, og om det ikkje er, kan ein skrive artiklar om dei og.

Tenk om vi kunne fylle kalenderen på Setesdalswiki slik at alle dagan for resten av 2011 vart blå.

Tid for å fylle opp kalenderen 2

Eg lova i går at eg skulle skrive meir om det å fylle opp kalenderen. Ein av dei som fyller opp min kalender, er Ørnulf Hasla. Snart kjem oversynet over kven som skal ha sendingar i Valle Radio onsdagskveldane i haust, og nokre av dei dagane er eg på den lista. Men eg treng knapt kalender for tysdagar og onsdagar, for då er Valle Radio prioritert for mitt vedkomande, så kalenderen min er i grunnen full desse dagane alt no.

Å fylle opp kalenderen for Valle Radio er nok viktigare for mange andre enn for meg. Dei som arbeider skift, må synkronisere vakter slik at det ikkje blir dobbeltbookining. Dei likar jo å få lista over oppsettet for Valle Radio tidleg, slik at dei kan bytte om noko skulle skjere seg. Så Ørnulf har ein jobb å gjere no i august midt mellom alle gjeremåla som næringsdrivande i Valle sentrum der handelen med turistar er viktig for å halde verksemda oppe.

Eg kunne nok fylt opp kalenderen med oversyn over kva eg skal ha i radioen på tysdagskveldane, at eg vil ha fleire seriar som eg så kunne planlagt noko nøyare enn eg gjer. Men eg likar fridomen og har ikkje så lyst til å binde meg så veldig, så det har eg i grunnen unngått å gjere, i alle fall for lange periodar om gongen. Mange seier at ein full kalender gjev fridom, for då har ein struktur på avtalane sine. Eg likar betre å ta ting noko på sparket.

Utanom Valle Radio har eg ikkje så mange oppgåver som er faste og treng å ryddast plass til i kalenderen. Å skrive på Setesdalswiki er noko ein kan gjere kva tid som helst. Det skal eg kome tilbake til i morgon.

Tid for å fylle opp kalenderen 1

Så skriv me 1. august og det er tid for å fylle opp kalenderen. Eg fylgjer Tor Bjarne Bore på Twitter, og han gav meg ei lenke til ein artikkel i New York Times der ein diskuterte valget mellom papirkalender eller kalender på datamaskinen. http://www.nytimes.com/2011/07/31/fashion/calendar-wars-pit-electronics-against-paper.html?_r=2&ref=technology

Sjølv har eg hatt eit avslappa forhold til kalenderen. Eg har aldri fått meg til å fullføre prosjekt med Time Manager og slike fine system, sjølv om eg har starta nokre gonger. Truleg burde eg hatt eit slikt system, for då hadde eg vore meir effektiv og fått gjort mykje. Om eg hadde skrive kva eg skulle gjere frå time til time, så kunne eg avtale å treffe folk på ei tid som høvde for oss begge.

I dag var eg på bilverkstaden, eg stilte med det same Citroen-verkstaden i Mandal opna, dei har hatt sommarferie i tre veker og bilen min har stått minst så lenge, bare det aller mest nødvendige av turar har blitt gjort. For det er ein eller annan følar som ikkje virkar, så han får alt for mykje bensin og vert nesten kvalt. I dei situasjonane tek heile bilen til å riste, og køyring er lite triveleg. Men så går det over etter ei stund, og ein lang periode er bilen heilt fin, men så kjem det att.

Eg trong ingen kalender for å vite at måndag 1. august måtte eg vere på bilverkstaden klokke 07.30 for om mogleg å få dei til å sjå på bilen min. Eg hadde ikkje bestilt time før ferien, men tenkte at eg fekk høyre med dei. Dei tok bilen inn på verkstaden og las frå computeren det same som eg fortalde dei, så må dei skaffe deler. Kalenderen deira sa at det tidlegaste eg kunne få time på verkstaden var onsdag 10. august. Det har vore verre, om eg ringer og bestiller time, likar dei best å setje meg opp ein månad eller seks veker fram i tid.

Når situasjonen er slik, skjøner eg at dei treng kalender, elles ville dei ikkje hugse kven som skulle på verkstad så langt fram i tid. Og deira kalender er synkronisert etter alle kunstens reglar, slik at dei på datamaskinen sin kan finne ut kven som skal kome og kva som skal gjerast.

Mitt system er noko enklare, og det er eg glad for. Det skal eg skrive meir om i morgon.