Sangkveld med Anny Brokke

Gleda mi var stor då eg fekk ja frå Anny Brokke på at ho ville vere med og lage sangkveld i Valle Radio. Vi avtalte at ho skulle vere med tysdag før vinterferien, men det gjekk i vasken, for Bykle kommunestyre ville ha møte denne dagen i staden for torsdagen, som dei pleier. Deira møte varte mest til klokka 21, så det var liten grnn til å ha vanleg tysdagssending etterpå. Men Anny var sporty og stilte opp tysdag 8. mars. Eg skreiv visst ein stad at sendinga den kvelden ikkje var så veldig kvinne-relatert, men Reidun sa at det var feil. Anny valde songar, Niklos hadde kvinnelege organistar og kvelden starta med ein sving innom på Bergtun der nærare 40 kvinner var samla for å sjå på smykke frå Hasla og klede frå emm-shop, som snart skal opne nettbutikk i kjellaren under arbeidsplassen min.

Anny hadde funne fram til fine songar med god tekst. Eg la dei ut på Setesdalswiki, du kan sjå heile programmet der: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_8._mars_2011 Men eg tek med spelelista her og:

Det er makt i de foldede hender med Lage Wedin
En port til himlen åpen står som opplesning med personleg minne.
Nå er jeg på vei til himlens land med Egil & Arne
Takk at du tok mine byrder med Frikirkekvintetten og Else Iren
Djube spor med Sigvart Dagsland
Kyrie med Bjørn Eidsvåg
Doggdråpen med Gunstein Draugedalen
Upp gledjest alle, gledjest no med Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga
His eye is on the sparrow Hans Inge Fagervik
Velsignelsen med Oslo Gospel Choir

Den sangen som det stod at Hans Inge Fagervik song, var på ei av platene han har gitt ut, men det var ikkje han som song, så den fada vi ut. Det var ein fin time Anny gav oss denne kvelden. Ho likte best når ho kunne fylgje med i teksten på songane, teksten gjev mykje å tenkje på og grunne over.

Den timen ho var med, var det eit par som høyrde på oss på Internett. Kan hende ein av dei var sonen hennar, Geir. Det lurte vi litt på då programmet var over og vi fekk oss te saman med Niklos. Tusen takk for ein fin kveld.

Er det abdre som vil lage sangkveld i Valle Radio er det bare å seie frå, så ordnar vi ein kveld.

Kråkefeller og anna Setesdølen-stoff

I kveld hadde eg Opi sending i Valle Radio. Eg var litt utanfor i høve til at det var eg som skulle ha det i kveld, så eg laga rebusane med utgangspunkt i Setesdølen for i går. Når ein går gjennom Setesdølen litt grundig, finn ein meir interessant enn ein skulle tru.

I denne avisa, som var nr. 19 for 2011, var det oppslag om både vipe, kråke og stare. Dermed fekk eg høve til å bruke cd-platene med fuglelydar som vi har i radioen. Liv-Gunn fann dei fort og greitt, og fuglelydar skaper vårleg stemning, i alle fall lyden av vipe og stare. Verre er det med kråkelyden, eg tenkte litt på om eg skulle hatt kråkevisa, men droppa den. Tone Åmlid Haugeland svara på den rebusen, for det fekk ho seg ein ryggsekk, og ho var sporty nok til å vere med då eg tok ein telefon til Ragnar Aspholm, som har søkt Valle kommune om tilskot til å lage kråkefeller. Han fortalde at kråkefeller er store bur, 3x3x4 meter, av netting med tak som går nedover, slik at kråkene spaserer ned for å ete av åtet som er lagt i fella. Men dei kjem ikkje opp att, og kan dermed takast av dage. Tone var enig i at det kunne vere lurt å redusere talet på kråker, om ho ikkje hadde fått kråkeskit i hovudet, så hadde det nok kome på klede.

Dei andre vinnarane av premiar var Torbjørg Harstad, som fekk kruset, Johanna Solheim, Kari Tveit, Gyro Uppstad og Torhild Lunden. Gratulerer!

I samtalane med dei som ringde inn, fekk eg ein trivele prat med Anne Lise Harstad. Ho lærte å rydde på den brutale måten, då ho tømde huset i Valle før ho flytta til ein mindre leilighet på Rysstad. Mannen hennar hadde samla på mykje, men når ein skal over i ein mindre leilighet, må ein vere brutal, sa ho, så ho hadde alt kasta gårsdagens Setesdølen. Eg fekk då fortelje at eg har spart opp heile siste årgangen av avisa i samband med at eg skriv inn overskriftene på Setesdalswiki. No er det bare tre aviser som manglar av 2010-årgangen. Dei har Siri Johannessen lova å skrive inn, slik at årgangen blir komplett. Då får 2010-årgangen av Setesdølen ein fin nettbasert indeks som kan brukast om ein vil sjekke noko av stoffet: fyrst finn ein avisa det stod i ved å søkje på Setesdalswiki, så kan ein gå til den aktuelle avisa og lese kva som stod i den artikkelen.

I utgangspunktet var eg litt utanfor, men då kvelden var over, var eg glad for ein triveleg kveld i Opi sending-studioet. God hjelp av Liv-Gunn Viki og Kåre Rike ved teknikarbordet og Anna Rysstad og Bjørg Ragnhild Trydal Jansen ved telefonane. Anna og Bjørg Ragnhild stod og for pizza, den smakte særs godt med ein nydeleg rømmedressing til.

Og ikkje lenge etter at sendinga var slutt, hadde Britta Lise lagt ut vinnarane på Facebooksida til Valle Radio. Ho hadde også lagt ut informasjon om Opi sending tidlegare på kvelden, og då kom det liker-melding frå Ørnulf Hasla, Siri Johannessen, Torhill Bjørgum Åkre, Beathe Ribe Uppstad, Wenche Lillian Foss og Hege Haugen. (Ingen av dei ringde inn, det var 46 telefonar til dei ti rebusane, så telefonvaktene hadde det ikkje så veldig travelt.) Men dei likte programmet likevel. Eg kan ikkje anna enn å seie takk for i kveld.

I gang att

Kommentaren frå SiriJ med spørsmål om eg har tatt vinterferie frå alt var jo betimeleg, for det gjekk fleire dagar som eg ikkje skreiv noko her på bloggen. Vinterferien var prega av snufs for mitt vedkomande, eg snufsar framleis. Men er i gang att. Her er programmet for Kvinnedagen i Valle Radio:

Tysdag 8. mars
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld med Anny Brokke
19:30 Møteplassen
20:00 Sørlandets Litteraturpris
20:30 Postludium med Niklos K. Besteland
21;00 Kyrkjebakken

Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Høyr på Internett: http://valleradio.com
Setesdalswiki har meir om programma http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside
Fylg oss på Facebook

Det einaste kvinnedagrelaterte er nok Niklos sitt program, han pleier å ha kvinne-organistar og komponistar denne dagen.

Velkommen til å høyre på programmet denne kvelden.

Og her er programmet for onsdagskvelden 9. mars:

Ansvarleg: Øyvind Jacob
Teknikar: Liv-Gunn Viki
Telefonvakter: Anna Rysstad og Bjørg Ragnhild Trydal Jansen
Hjelpeteknikarar: Torleif Soltun Haugen og Kåre Rike

18.00 Aktuell time. Politisk time med Tarald Myrum og Ann Christin Jacob i studio. Opptak frå tysdag: Ronny Stavsholt intervjuer Odd Einar Dørum
19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Rune Ingebretsen
20.00 Øyvinds halvtime. Gjest: Hallvard Mosdøl
20.30 Musikkhalvtime ved Katrine Johnsen og Selma Margaret Dahlin frå Valle vidaregåande skule
21.00 Opi sending ved Harald Haugland

Vinterferie-onsdag

Onsdag midt i vinterferien var det Ronny som hadde ansvaret for sendinga. Det kom ikkje noko program i Setesdølen i går, så her er programmet, slik det såg ut på Facebook-sida til Valle Radio:

Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Tekniker: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Torbjørg Hoftuft og Jorunn Lund Harstad

18.00 Aktuell time – Jaktprat med Ragnar Aspholm
19.00 Tankar frå bibelen m/ Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer m/ Merethe Mykland Johansen
20.00 Musikkprogram m/ Selma og Katrine
20.30 Ronnys halvtime
21.00 Opi sending m/ Rolf-Erik Homme og Henri Tore Viki

Nettradio : http://valleradio.com/
Les bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Ring inn svar på rebusar eller helsingar: tlf 379 37 577
Mailadr: post@valleradio.com

I grunnen hadde eg og Reidun planar om å delta på Sangkveld på Mandal Sykehjem i kveld, men forkjølinga mi sette ein stoppar for det. I staden fann eg Valle Radio på datamaskinen og høyrde litt på den aktuelle sendinga, samtalen med Ragnar Aspholm var interessant. Mellom anna snakka dei om at det etter kvart er blitt eit kråkeproblem i Valle, og at Ragnar hadde planar om å fange kråker i feller. Kråkene tek mykje egg og ungar frå andre fuglar, så om bestanden av kråker vert for stor, vil det gå ut over det biologiske mangfaldet i området.

Dei snakka og om store hjortedyra sine problem i all snøen. Ragnar fortalde at kvar dag står ein flokk hjortar på Vegstasjonen om kvelden og ventar på at Pål Dale skal leggje ut rundballar til sauene. Då tek dei over elva og jagar vekk sauene for å få maten.

Tidlegare i dag ringde Bjørgulv T, Berg meg. Han skulle til Kristiansand i kveld og lurte på om eg hadde noko til andakten i kveld. Sjølv hadde han eit opptak med Viggo Wilhelmsen, men han kunne ikkje kome i radioen i kveld, og då trudde han det ikkje ville fungere. Eg meinte at det kunne sikkert teknikaren få til, med noko musikk før og etter. Men då klokka var sju, høyrdest det ut til at Ronny ikkje hadde fått melding frå Bjørgulv, så han lurte veldig. Det enda opp med at han sende countrymusikk den halvtimen. Av og til fungerer ikkje løysingane slik ein hadde trudd.

I avkroken

I dagens Fædrelandsvennen var det ein artikkel om Agder, kva det er og korleis Agder er blitt oppfatta gjennom tidene. Delinga i aust og vest har tydelegvis lange tradisjonar etter det ein kunne lese, sjølv om det ikkje alltid har vore så formell ei deling som det er no med dei to fylka.

Vel så interessant var det å lese om avkroken Råbyggelaget, det som ligg innanfor kanten mot havet. For det var visst det Agder skulle bety etter dei lærde si tolkning. Råbyggelaget betydde etter det eg fekk med meg avkroken innanfor. Det var jo godt å få vite at Valle Radio sender til avkroken innanfor. Eg tenkjer at via nettradioen får folk ute ved kanten av det opprørte havet høyre frå avkroken innanfor.

Akkurat denne veka held eg meg ved kanten av havet. Ikkje slik at eg sit og kikkar ut over mot Danmark og andre fjerne land på andre sida av havet, nei huset vårt ligg ikkje slik til. Men å ha vinterferie er for meg å nyte langsame dagar i noverande Mandal, tidlegare Halse sokn. At vi ikkje er byfolk syner seg og i kyrkja, eg trur knapt eg nokon gong har site i by-avdelinga i Mandal kyrkje til ei gudsteneste. Vi sit i det venstre sideskipet i denne store kyrkja. Og vi er ikkje i avkroken, inkluderte og med i messa på alle måtar.

For tida driv eg og les gamle nummer av Setesdølen. Ikkje så veldig gamle, men årsgamle. Der repeterer eg diskusjonent om at ein ikkje bør byggje hus på Moisund, det vil føre til pendling som er ille for kloden. Kvifor skal nokon bu i avkrokane, det er jo plass til alle i byen, tenkjer eg, la folk bu i blokker i Tinnheia og Slettheia og vente på bussar når dei skal ut.

Og så får vi ein dag som den vi har hatt i dag, med sol over snøkvite vidder i avkroken. -Eg ville ikkje bytte med nokon by, var ein kommentar eg fekk frå Bygland i ein samtale i dag. Og det same les eg i ulike former på Facebook, der folk frå avkroken kommenterer natur og det gode liv.

_Hvis eg kan ha jobb her, vil eg aldri flytte frå Valle, seier mange flyktningar når dei har lært seg nok norsk. Vi har det godt og unner andre å ha det like godt.