Takk

I kveld har eg lyst til å takke. Postkassen min har fått så mange helsingar at eg er heilt overvelda. Det starta like etter at klokka tippa tolv i går kveld. Deretter rulla det inn med «gratulerer med dagen» frå nær og fjern. Det er sjølvsagt Facebook som er grunnen til det, dei fleste kom som meldingar om at nokon hadde skrive på sida mi der. Like fullt så kan ein verte overvelda. Eg er ikkje særleg mykje på facebook, hadde det ikkje vore for Valle Radio så hadde eg nok ikkje meldt meg inn. Men då eg og Ronny hadde eit program for minst eit år sidan der han oppretta ei Valle Radio-gruppe, kunne eg ikkje anna enn å melde meg inn, det skjedde vel helst for open mikrofon. Sidan har jo Valle Radio fått si heimeside på Facebook, så når det er sendingar, er det ein del aktivitet der og vi har jo ganske mange medlemmer. Mange av dei er og blitt venner, men at dei tok seg bry med å sende bursdagshelsing, det var meir enn eg hadde tenkt.

Feiringa har vore lita i år, eg sit i Valle og det vert ikkje noko feiring når Reidun ikkje er her. Så eventuelle kaker får ein vente med til helga. Om det blir kaker då, det har i grunnen blitt mindre av dei med åra.

Men i kveld vil eg takke for helsingar via Facebook frå Olve Utne, Asbjørn Kvalbein, Nina Aldin Thune, Hans A. Rosbach, Nikolai Sandved, Kari Margrethe Haugland, Gudrun Torill Rysstad, Harald Knutsen, Torhill Bjørgum Åkre, Signe Rysstad, Siv Rysstad Omlid, Gunn Randi Leite, Ole Thorvald Moen, Torfinn Brokke, Ketil Homme, Britta Lise Homme, Svein Askheim, Solbjørg Meling Lindøe, Bernhard Emmelkamp, Leonhard Jansen, Torhild Aamlid, Ørnulf Hasla, Øyvind Jacob, Liv Gyro Brokke Homme, Ingvar Nes, Karl Laurits Olsen, Grethe Sola, Kim André Rysstad, Kannika Tveiten, Helge Haugland, Ånund K. Homme, Inga Flateland, Margunn Haugland og Elisabeth Homme. I tillegg kom det jo nokre telefonar og SMS-ar som eg ikkje tek med her.

Frå eit år til eit anna

I dag kom eg til å sjå i Setesdølen for 18. august 2009. Den handla om Landbruksdagane på Evje, akkurat som dagens avis gjorde.

Framsida i år:
Jørgen Høgetveit på rovviltdebatt på Evje: Ulven er ein drapsmaskin
Folkefest på Evjemoen
Tok NM-gull nr. 50

I fjor:
Berre veret øydela for Landbruksdagane på Evje
Skulestart i går
Energiministeren til Iveland og Åseral

For meg personleg er desse dagane noko spesielle, for det er no akkurat eit år sidan eg vart send i ambulanse til sjukehuset i Kristiansand og vart liggjande der halvanna veke med lungebetennelse. Det syner på bloggen for i fjor, sjå http://valleradio.blogs.no/2009/08/31/ og kalenderen i venstrekanten som syner liten aktivitet i august 2009. Grunnen til det var at vi fyrst var på tur austover og at eg i den tida ikkje brukte datamaskinen og då vi så kom til Valle og skulen skulle starte, vart det sjukehusopphald i staden.

I år har skulen kome fint i gang. Eg kjenner meg i høveleg form og det har vore triveleg å møte att elevane og høyre korleis deira sommarferie har vore. Så eg vonar at det vert eit normalt arbeidsår i haust.

Med utgangspunkt i Aftenposten

Eg les i Aftenposten at NRK har snudd og at Fedrelandssalma igjen vil bli å høyre klokka 06:57 sundagsmorgon. Det kom så mange protestar at NRK snudde, etter at dei hadde teke Gud signe vårt dyre fedreland bort i juli 2010. Då hadde salma blitt spelt i seks år, så det er ikkje ein veldig lang tradisjon, men svært mange over heile landet har likt den starten på sundagen, og det har vore mange lesarinnlegg i avisene. http://www.aftenposten.no/kul_und/article3770826.ece

Så les eg vidare på sida, og då ser det ut til at Aftenposten sitt dataprogram har klart å finne venene mine på Facebook, for plutseleg ser eg bilete av Oddbjørn, Ånund K. Asbjørn Kvalbein, Bernhard organist, Nina wikipedia, Torunn oboist, Astrid, Kim, Øyvind og til og med Margunn. Alle likar dei Aftenposten, det gjer eg og, men eg har ikkje blitt med i Facebookgruppa deira, der er det 21.868 medlemmer.

Grunnen til at eg gjekk på Aftenposten si side, var at eg leita etter ein artikkel som stod i dagens avis og som eg ville dele med dykk som les bloggen min. Overskrifta var Lokalradioene kan forsvinne, og artikkelen handlar om at snart kjem DAB-radio. Når ein er på NRK sine sider kan ein trykke på ein Ja til radio-knapp, og då vert ein med i heiagjengen for DAB-radio. Problemet for oss i distrikta er at DAB er for byane, eg tvilar på at det kjem DAB-radio til Valle. Men om dei sluttar å sende FM-radio, så vil dei slutte å selje slike radioar, og plutseleg er det slutt med Valle Radio, tenkjer eg. I utgangspunktet skulle dette skje i 2014, men no er det kan hende utsett nokre år, men innan ti år er det ikkje FM-radio, seier artikkelen. Og er det ikkje FM, så vil det vere for dyrt for lokalradioar å lage sendarnett for DAB, så då vil dei forsvinne.

Med utgangspunkt i Aftenposten kan ein gjere seg mange refleksjonar. Dette var nokre som eg ville dele med dykk.

Stor trafikk

Denne helga må ha vore ei stor utfartshelg. I går drog vi til Kristiansand for å hente Sigmund, som har vore der for å produsere strandvolleyball i det som heiter Otera Open. Klokka 1830 denne laurdagskvelden gjekk trafikken i litt over 60 km/t, og det danna seg lang kø bak ein bil med L på hekken. Hadde eg vore køyrelærar der, hadde eg nok bedt sjåføren svinge inn til sida og sleppe køen forbi.

I dag skulle han inn att, det var mange som ville ha bilete sjølv om kampane ikkje vart overførte på NRK, det hadde dei bare blitt om norske lag hadde gått vidare. Vi drog frå Mandal litt over klokka 09, og då vi kom ut på E 39, undra vi oss over den store trafikken så tidleg ein sundagsmorgon. Så sette vi Sigmund av i Tresse 0950 og returnerte til Mandal, det går jo ikkje buss så tidleg, så han måtte ha skyss om han skulle rekke jobben, men vi hadde ikkje noko vi ville gjere i Kristiansand, så vi snudde bare og returnerte. Også no var det stor trafikk i begge retningar, akkurat som då vi drog innover. Inne i byen såg vi grunnen til at det kom så mange tyske bilar mot oss, Color Line si ferje låg inne og tømde lasta si. Men det var og mange norske bilar i køen både austover og vestover.

Kanskje det er Vikingar som skal til Skien på cupkamp i fotball, undra eg. Men dei Viking-supportarane eg såg på TV i kveld fylte ikkje mange bilar. Så tapte laget deira og, helga var skuffande for ein supportar som hadde sett for seg Start-Viking i semifinale eller helst finale. Ingen av dei laga gjekk vidare, så slik sett var det nok ei skuffande helg både i Kristiansand og Stavanger.

.Det er meir trøkk i arrangementet i Stavanger, sa Sigmund om strandvolleyballfesten i Kristiansand. Meir folk og betre arrangement. Ikkje særleg godt når ein får hotell langt ute på quality i Sørlandsparken, der maten kostar ei formue, sjølv om romma sikkert er billege for arrangøren, og der ein må vente på transport i lange tider om ein vil mellom hotellet og sentrum. Sjølv vart han ståane ein time i byen og vente på transport, det er ikkje mykje inspirerande etter ein lang dag i ein TV-buss.

Vonar det er mindre trafikk måndag morgon tidleg når eg set meg i bilen for å dra oppover og ta imot elevar etter skuleferien.

Honnevje rasteplass og Setesdalswiki

I dag låg det ein epost frå Ånund K. i innboksen min. Den gjorde meg storglad. Han hadde registrert seg på Setesdalswiki og skrive ein artikkel om Honnevje rasteplass, som vart laga i den tida han var kulturkonsulent i Valle kommune. Han bad om hjelp til å fikse på den, og det var ikkje vanskeleg å gjere det. Eg wikifiserte, som det heiter, laga mellomoverskrifter og lenker og det som høyrer med i ein hypertekst, og artikkelen kan du lese her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Honnevje_rasteplass

Torsdagskvelden tok eg turen til Honnevje rasteplass, tenkte å sjå korleis det var blitt. No er sykkelstien frå Øyne-krysset asfaltert og ligg så fint i skogkanten langs elva. Det er veldig bra. Paradokset er at ein ikkje har fått på plass sykkelsi mellom sentrum og Valle skule, der er nok trongen mykje større. Men det kjem vel med tida.

Grunnen til at eg vart så glad, var at det kom ein artikkel frå ein annan skribent enn meg sjølv. Det har vore få andre enn eg som har skrive artiklar på Setesdalswiki, og det vert ikkje så mykje når ikkje fleire er med på ein slik nettdugnad. Ein wiki må ha eit liv, å lage wiki aleine er ikkje i pakt med wikien sin ide, som er at alle skal kunne skrive, Det var og difor Setesdalswiki vart starta, tanken var at ein skulle kunne skrive om bedrifter og reiseliv i Setesdal, så vel som om folk og kultur. Men om ingen andre enn eg skriv, vert det magert.

No har eg tenkt at vi burde få fleire bein å stå på, så eg har sagt til Trond Støle ved Valle skule at dei kan nytte setesdalswiki om dei vil trene på å skrive i sosiale medier, heller enn å øve seg på wikipedia. No når skulane startar att, vil det nok vere fleire som vil bruke tid på wikipedia, ofte fører det til meir rydding og sletting enn til nye artiklar. I tillegg trur eg at eg kjem til å bruke Setesdølen meir aktivt for å finne stoff til Setesdalswiki. Så får vi sjå om det etter kvart veks og grip om seg.

Tusen takk til Ånund K.

Gold Wing og planar framover

Denne helga er det Gold Wing-treff i Valle. Det er eit minitreff som Rogalandsavdelinga står for, men det kjem folk frå heile landet. Dei fyrste kom til Valle torsdagskvelden, då var eg innom på Motellet og Ingebjørg kunne fortelje at det var ein tradisjon så langt tilbake som ho mest kunne hugse. Sjølv hugsar eg dei var her alt det første året eg budde i Valle, eg kom sommaren 1991, så når eg no er tilbake i Valle, er det for å starte mitt tjuande år i bygda.

Eg la merke til dei flotte motorsyklane alt då og sidan har dei vore her kvart år, og no altså i år. Grilling og sosialt er nok det viktigaste for dei ei slik helg, og eg vonar veret vert betre enn det var for dei som låg i telt frå torsdag til fredag, for dei fekk seg ei heftig natt med mykje regn. Sjå http://www.gwcn.org/?art=12188&group=587

Sjølv sette eg nasen mot Mandal att etter to planleggingsdagar i Valle. Måndag startar skulen att, det ser ut til at det vert mange utlendingar som vil lære norsk det komande året.

Radioen tek og til å tenkje på start av ein ny sesong. Eg snakka med Ørnulf ein dag, vi møttest i Valle sentrum, og då gjekk det fort over i radioprat. Slik det ser ut vert fyrste sendinga i haust den fyrste fredagen i september, då er det Evje som har heile dalen-sending. Så kjem fyrste sendinga frå Valle onsdagen etter. Tysdagssendingane vil då starte tysdag 7. september, som er fyrste tysdagen i september.

Undring

I mi wikipediaskriving har eg meir enn ein gong undra meg når eg kom over ein person som levde då eg var ung og såg biografien til vedkomande. Dei verkar å ha hatt tid til mykje meir enn vi har i vår tid.

I dag skreiv eg ein artikkel på wikipedia om syster mi sin gymnasrektor. Eg veit ikkje om ho hadde han som realfaglærar, men han var ved Rogaland landsgymnas på Bryne frå 1930 til 1972 og rektor frå 1947. Og ho gjekk ut i 1968, så vidt eg hugsar.

Bjarne Undheim var fødd i 1905 og vart cand.real i 1930 etter fem års studier på Universitetet i Oslo. Eg kom over han heilt tilfeldig, slik det ofte er med artiklar på wikipedia. Eg hadde kjøpt Aftenposten i går då eg kom oppover til Valle, og der stod det at bondelagsleder Bjarne Undheim fylte 50 år. Då eg så gjekk inn på wikipedia for å sjå om vi hadde artikkel om han, så hadde vi ikkje det, vi hadde bare ei raud lenke. Men så synte det seg at det var ein annan Bjarne Undheim, han hadde vore stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Rogaland. Det var artikkel om han på engelsk wikipedia, og då tenkte eg at eg kan jo omsette den artikkelen. Engelsk wikipedia har artiklar om ganske mange av dei norske stortingsrepresentantane. Men nå eg skreiv, oppdaga eg jo at dei bare hadde litt av informasjonen om han, og slik kom eg fram til at det må ha vore Jorunn sin rektor det var tale om. No er det artikkel om han på wikipedia, her er lenka: http://no.wikipedia.org/wiki/Bjarne_Undheim_(1905) For å skilje han frå bondelagsleiaren har eg kalla han Bjarne Undheim (1905).

Når eg ser på alt han kunne få gjort, vert eg litt undrande og lurer på korleis han kunne rekke alt. Bryne IL og mållaget, lektorlaget og politikken, alt skulle skjøttast og jobben som lærar og rektor kunne han heller ikkje legge til sides. Han omsette til og med elevøvingar i fysikk til nynorsk og var aktiv i den offentlege debatten med artiklar i avisene.

Eg trur det må vere at det ikkje var 30 kanalar på TV den gongen, heller ikkje var det internett ein kunne surfe på ein heil kveld. Men eg undrar litt framleis.

Tilbake i Valle att

Så er eg tilbake i Valle att. Onsdag føremiddag køyrde eg oppover mellom regbygene, det vil seie, det kom ikkje noko vatn på meg og heller ikkje på bilen. Sola skein, det var 23 grader det meste av turen og eg måtte ha på vifta for å få leveleg temperatur i bilen.

Dagen starta litt trøblete. Eg skulle ha bilen innom på verkstad for å få ny lyspære på venstre lykt framme. Citroen er vanskeleg med slikt, det kosta den nette sum av 865 kroner totalt for å få inn lyspære til 200. Så ville eg handle litt, men då gjekk det som tidlegare i sommar, kortautomaten i butikken ville ikkje ta kortet mitt. Eg vart helst litt varm i skrotten då det heller ikkje fungerte i ein annan butikk, så eg køyrde heim att for å sjekke i nettbanken, men på kontoen var det meir enn nok pengar. Eg flytte likevel noko før eg drog attende til byen og fann ein minibank. Eg hadde bange aningar etter erfaring tidlegare i sommar, men denne gongen funka det, og eg fekk det eg trong, og då eg seinare skulle betale bensinen, var det heller ingen problem. Til vanleg stolar eg på elektronikken, men eg er blitt litt meir skeptisk etter to slike opplevingar i sommar.

Men endeleg kunne eg setje kursen mot Valle. Det var triveleg å få kaffe på YX Evje att, og som vanleg fekk eg meg ei matpakke og. Då kunne turen gå med liv og lyst oppover langs Byglandsfjorden.

Eg svinga innom Setesdølen, det var onsdag og eg tenkte at då hadde Sigurd litt tid. Men han hadde så god tid at han til og med hadde teke fri, så i staden fekk eg ein triveleg prat med Helene Horverak, som no var andre veka på jobb som bladfyk. Å bu på Hovden og jobbe på Bygland, det kan vel kanskje by på utfordringar, men ho kan jo bu heime på Horverak hjå Sigbjørn om ho heller vil halde seg nede i dalen. Ett års permisjon har ho teke frå jobben som kyrkjeverje i Bykle, og Ole Birger har eitt års permisjon frå jobben som journalist for å vere rektor på Setesdal folkehøgskule det første året. Så får dei finne ut om dei trivst med jobbskiftet, Helene har vore 11 år i sin jobb i Bykle, så det var ein stor overgang for henne, kunne ho fortelje.

Så gjekk turen vidare til Valle, og der var det fullt i sentrum då eg kom der ved halv fire-tida. Knapt parkeringsplass, men det skifta fort, og vel ein halv time seinare var det godt med plass att.

Sommarkveld med skriftlesing og salmer

Desse fredagskveldane i Lyngdal kyrkje har alltid skriftlesing. I går kveld las Britt Opsahl frå Apostelgjerningane 18, 1-17 om Paulus sin periode i Korint. Ho las den dramatiske forteljinga på ein flot måte, det må ha vore eit par dramatiske år han heldt til der.

Dei har hatt tema Misjon for fredagskveldane dette året, og Britt Opsahl las NOS 511, Oppløft ditt syn, du kristensjel, salma som Landstad skreiv då det etter 14 år kom melding frå Zululand om at den første hedningen var blitt døypt. Her kan du lese om mannen som var prest i Seljord: http://no.wikipedia.org/wiki/Landstad

Tre personar som syng og ein til å spele piano, det kan verte mykje fint av det. Jorunn og Ole Th. Moen hadde fått med seg dottera Gunn Randi og mannen hennar Bård Leite på piano. I to avdelingar song dei fine salmer:

Kven kan sia ut den glede
Ren og rettferdig
O, hur saligt att få vandra

Wiegenlied
Se solens skjønne lys og prakt
Bare i Deg

Og kyrkjelyden fekk vere med i NOS 505: Jesus skal rå så vidt som sol

Eit slikt program, med stor kunstnarleg dugleik kopla saman med nært og kjært frå salmebok og Bibel, det har vore opplegget dei åra dette har blitt arrangert. Og så er det kaffe på kyrkjebakken til slutt, det var det denne kvelden og, ein nydeleg seinsommarkveld i Lyngdal.

Arrangementet er gratis, ein legg i korg ved utgangen, og saman med noko støtte er det nok til å finansiere arrangementa i kyrkja kvar fredagskveld heile sommaren. Det krev ein del organisering, Jorunn Moen fortalde at ho hadde avtalt med utøvarar alt i vinter. Tim Rishton hadde sagt ja til å spele neste fredag, men hadde øydelagt fingrane og fått speleforbod i tre månader, så på kort varsel hadde ho fått vikar for han. Det vert siste kvelden denne sommaren. Verd å få med seg om du er på dei kantar neste fredag.
http://no.wikipedia.org/wiki/Lyngdal_kirke_%28Vest-Agder%29

August Söderman, Mozart og Chopin i Lyngdal kyrkje

Det vart eit rikhaldig program vi fekk i Lyngdal kyrkje i kveld. Det starta med at Gunn Randi Leite spelte Ett bondebryllup av August Söderman, ein festleg komposisjon som opprinneleg var for kor. http://no.wikipedia.org/wiki/August_S%C3%B6derman Sant å seie hadde eg aldri høyrt om denne komposisjonen før, noko som vel syner at sjølv om vi har hatt Postludium-programma i Valle Radio sidan 1997, så er det mykje vi ikkje har vore innom. (Om nå ikkje Niklos kjem til hausten og fortel at vi hadde spelt noko av han, då.)

For første gong i denne serien av kveldar i Lyngdal kyrkje var det tuba i aksjon som soloinstrument. Det var Stein Haugland, Margunn sin mann, som spelte. Han er korpsentusiast og spelar tuba, og i kveld hadde han Bård Leite ved flygelet. Dei spelte salmer: Kjærlighet fra Gud, Mitt Hjerte alltid vanker og O bli hos meg. Dei spelte koralen nokså tradisjonelt, men så lufta dei litt på han, og sjølv om dei aldri hadde spelt saman før denne kvelden, kunne vi sjå korleis dei knapt hundre tilhøyrarane levde med når det tok til å swinga. Eg vonar det ikkje er siste gongen eg får høyre dei. Og tuba som soloinstrument, det er ei oppleving. Djupt nede i bassen kjem det ein melodi som gjev deg lyst til å nynne med.

Kveldens klassiske solist var Ilse Jaunzeme frå Lativa på flygel. Ho spelte Sonata i B-dur KV 333 av Mozart, og det var ei oppleving. Dei tre satsane Allegro, Andante cantabile og Allegretto grazioso fekk vi i to porsjonar, og flygeltonane ruila gjennom romet så ein måtte bare gje seg ende over. Sidan spelte ho to stykke av Chopin, Nocturne i ciss-moll, opus 72, nr. 2 og Scherzo i b-moll, opus 31. Scherzoen var postludium, og ho fekk trampeklapp etter framføringa. Eg hadde tenkt at ho kanskje hadde kome med eit ekstranummer, applausen la opp til det, men det vart ikkje noko av, i staden vart alle deltakarane kalla fram for å få ei rose som synlig takk for ein flott kveld.

Eg kjem attende til meir om denne konserten i morgon.