Program for 8. og 9. desember

Tysdag 8. desember

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Bjørgulv T i samtale med kapellmester Bernt H. Christensen
20:00 Når tru kostar.
20:30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 9. desember

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter: Jorunn og Gudrun

18:00 Aktuell time ved Ørnulf
19:00 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
19:30 Kommunen informerer ved Torunn C. N. Lund
20:00 Gamle opptak frå Heddi og Bjørgulv Myhola. Andres Helle sitt kåseri ved opninga av Sylvgarden
21:00 Opi sending ved Øyvind og Ørnulf.

Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com/
Epost: post@valleradio.com
Telefon 379 37577

Du kan no og høyre Valle radio som mp3. Gå inn på sida vår og trykk på lenka til å høyre som mp3 eller på gamle måten..

Skafså fjellkyrkje og andre kyrkjer

I går var planen å skrive om Skafså fjellkyrkje. Men det går ikkje alltid slik ein planlegg, og for meg gjekk det ikkje slik i går. Eg vart i staden hekta på å skrive om Fødselskirken i Betlehem på wikipedia, og dermed gløymde eg det meste. Nå vart det ein grei artikkel på wikipedia, det kan du sjølv sjekke her: http://no.wikipedia.org/wiki/F%C3%B8dselskirken Fire bilete og litt historikk om ei av dei eldste kyrkjene som er i bruk i verda i dag. Og i ei førjolstid kunne det høve godt, for sjeldan er kyrkja så sentral som i denne tida.

På wikipedia har vi for tida ein dugnad om å skrive nye artiklar basert på ønske som folk har kome med. Difor skreiv eg og om Särna stavkyrke i Sverige, ei kyrkje frå 1600-talet som vart bygd for å makrere at området var blitt svensk, det er ei interessant historie som du kan få med deg om du les artikkelen og lenkene som ligg i artikkelen. Heile området vart hærteke på ublodig vis av ein prest som kom og døypte borna, det hadde tydelegvis ikkje vore norske prestar der på mange år, for nokre av borna var sju år gamle, heiter det i protokollen han skreiv etter hendinga. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/S%C3%A4rna_stavkirke

Valle Radio hadde eit innslag om Skafså fjellkyrkje fredagskvelden, det var Bjørgulv T. som snakka med Gunnar Seltveit i telefonen. Kyrkja, som ligg like ved Hallbjønnsekken, vis a vis skitrekket, vart vigsla av biskop Olav Skjevesland i sommar.

Fredag den 11. desember har dei planlagt eit førjolstreff oppe i fjellkyrkja. Det vert kl. 1800, og programmet er som fylgjer, skriv Gunnar Seltveit i ein epost til Valle Radio:

Dikt, opplesing, duettsong, mykje allsong og sjølvsagt noko attåt. Denne kvelden vert det saft, kaffi og kringle. Det vert ein kollekt til fjellkyrkja.
Alle er hjarteleg velkomne.

Det vert fyrste gongen vi tek kyrkja i bruk på kveldstid. Vi ynskjer at dette skal bli ein fin tradisjon før jol.

Setesdalslaget i Oslo

I sendinga fredagskvelden hadde Bjørgulv T. Berg ein prat med Gunvor Ruth Salvesen i Setesdalslaget i Oslo. Bakgrunnen var ein epost vi fekk frå det reetablerte laget:

Onsdag 28.10 vart det fyrste styremøtet i Setesdalslaget i Oslo halde hjå Sigrid Berg. Med heimelaga rundstykke og blautkake låg alt til rette for ei produktiv og triveleg samling. 10 av 12 møtte opp, og med saksliste for hånd tok me fatt i dei fyrste begivenheitane og drift av det reetablera laget.

Setesdalslaget i Oslo har som mål å samle dei utflutte setesdølane og vil bygge på den felles kulturen me har vakse opp med. Gangarkurs, kvedarkurs, t-skjorte produksjon og samlingar var noko av det me diskutera på møtet.

Olav Bendic Hovet var framsynt og hadde i førekant booka Halli i Nordahl Bruns gate som var det gamle lagets tilhaldstad. Med dette vert det tilskipa fest den 12.12.2009. Me gjentek suksessen frå forrige gong med quiz, og denne gongen er det byglendingane Vetle Toreid og Sveinung Skjevrak som har teke utfordringa om å lage denne.

Denne festen vil koste kr. 50 som skal gå til innmelding i Bygdelags samskipnaden og Norges ungdomslag. Her vert det spel og dans frå 19.00 til 01.00 og alle setesdølar er sjølvsagt velkomne.

Styret blei satt og titulert. Sigrid B. Berg vart valgt til formann, og Jorunn Nomeland fekk den gjeve tittelen frå det gamle lagets tid; ”Propaganda minister”.

Olav Bendic Hovet, som både kom med gode råd og helt oss unge litt i øyrene, fekk tittelen ”Mentor” Vidare titlar/ansvar:

Anne Hasla: Kunstnerisk leiar
Finn Håkon Borgi: IT-ansvarlig
Peer Ole Jacob: Spelemann
Vetle Toreid: Vara sekretær
Gunvor Ruth Salvesen: Sekretær
Lars Rysstad Nordgreen: Underhaldningsansvarleg
Monica Helle: Journalist
Liv Bakke Kvinlog: Kasserar
Gunvor Edel Åkre: Språkvaskar
Sveinung Skjevrak: Varakasserar

Me ynskjer med dette å halde setesdølar både heime og i Oslo oppdatert om kva som skjer i hovedstaden. Etterkvart vil det kome ei heimeside som gir alle tilgang på drift og verksemd av laget.

Det er viktig at setesdølane vert høyrde og sett også i ein storby som Oslo, og med dette er Setesdalslaget i Oslo i gong!

Heile dalen

Eg fekk ei oppdatering frå Britta Lise, som ikkje høyrde på heile kvelden, men litt til og får. Det som Bjørgulv hadde med i den aktuelle timen, var om 5. klasse som overnatta i kyrkja natt til 1. sundag i advent. Han hadde også gjort opptak frå konserten med Jorunn Stiansen i Valle kyrkje den sundagen.

I Tankar frå Bibelen nytta han eit opptak han gjorde då Elin Fagerbakke var i Hylestad kyrkje sist.

Frå Regionrådet kom dagleg leiar Signe Haugå og dei hadde ein samtale, men eg veit ikkje kva dei snakka om. Deretter hadde han ein prat med Bjarne Tveiten om den nye boka han har laga og som kom ut no til jol.

Dei nye valldølane var Jamie Lodberg og Hessel Haker. Jamie arbeider som IT-konsulent i Valle kommune og har stor interesse for folkemusikk og har lært seg setesdalsdialekt. Hessel driv Furestøyl.

Og så kom Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike og hadde opi sending til rundt midnatt, med rebusar og musikk, slik dei pleier. Det var nok mest telefonar frå nedre del av Setesdal denne kvelden.

Heile dalen, 4. desember 2009

Britta Lise Homme sendte en melding til medlemmene i VALLE RADIO.

——————–
Emne: Sending for heile dalen ikveld, fredag 4 des-09

Ansvarleg : Bjørgulv T.Berg
Teknikar : Inga Flateland
Telefonvakter : Berit Homme og Ingebjørg Elinor Rysstad

18.00 : Aktuell time
19.00 : Regionrådet informerer
19.30 : Tankar frå bibelen m/Bjørgulv T.
20.00 : Møte med Bjarne Tveiten
20.40 : Nye valldølar
21.00 : Opi sending

Kjempemoro dersom du deltek med rebusløysing,helsingar eller ynskjeplater.
tlf : 37937577 (frå kl 21.00)
mail : post@valleradio.com

HØYR : http://www.facebook.com/l/ba6da;www.valleradio.com/

GOD FORNØYELSE!

Sjølv var eg i Mandal og hadde ikkje høve til å få høyre denne sendinga. Eg forstod at det var Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike som hadde Opi sending, eg trur dei hadde den i desember i fjor og, så det held på å bli ein tradisjon.

Men kven som var med i aktuell time og kven andre som var med i programma denne kvelden, det får eg eventuelt kome tilbake til. Takk til Britta Lise for programmet som medlemmer av Valle Radio-gruppa på Facebook får.

Postludium 250 – 3

Her er programet Niklos presenterte i Valle Radio 1. desember 2009, som var hans program nr. 250 i serien Postludium:

Nun komm der Heiden Heiland. Koralmotett for kor og basso continuo frå samlinga Die Fest- und Zeitandachten av Andreas Hammerschmidt (1612 – 1675). Det var Hannover guttekor og Himlische Kantorei som song med Jørg Breiding som dirigent, og det var Noregspremiere på dette stykket.

Nun komm der Heiden Heiland. Orgelkoral (BuxWV 211) av Dietrich Buxtehude (1637 – 1707) spelt av organisten Piet Kee på orgelet i Roskilde domkyrkje.

Machet die Tore weit. Motett for 4-stemmig kor av Gottfried August Homilius (1714 – 1785) framført av Stuttgart Kammerkor dirigert av Frieder Bernius.

Offfertoire pour premier dimanche de l’avent frå samlinga Neuf offertoires de caractères gradués pour l’avent et le temps de Noël (nr. 1 i d-moll) spelt av organisten Jaques Amade på orgelet i St. Ouen klosterkyrkje i Rouen.

Og så avslutta han lokalt:

Sonata con Chorale over Folkefrelsar til oss kom av Eilert Hægeland, spelt av komponisten på orgelet i Flekkefjord kyrkje.

Det er mange som har blitt imponert over dei grundige kommentarane Niklos har mellom kvart stykke. Eg tek dei med, slik at fleire enn eg kan få sjå at det ligg eit grundig arbeid bak programma:

Andreas Hammerschmidt var fødd 1. desember 1612 i Brux i Bøhmen (Tsjekkia). Han døydde i Zittau 29. oktober 1675. Han var utdanna på gymnaset i Freiberg og eleva av Stephan Otto i Spandau. Organist i Wesenstein, i Petrikirche i Freiberg og til sist i Johanneskirche i Zittau 1639 – 1682. Samlinga Fest- und Zeitandachten er frå 1671.

Dietrich Buxtehude var fødd i 1637 i Oldeslohe i Slesvig som den gongen høyrde til Danmark. Han var organist i Hälsingborg, Helsingör og frå 1668 til 1707 etterfylgjaren til Franz Tunder i Mariakirche i Lübeck. Ca 115 kyrkjekantataer og omlag 100 orgelverk har han komponert og likeeins pasjonsoratoriet Membra Jesu Nostri og Das Jungste Gericht.

Organisten Piet Kee var fødd i 1927 og var organist i Haarlem og Alkmaar. Professor ved Sweelinck-konservatoriet i Amsterdam.

Orgelet i Roskilde domkyrkje er bygd i 1555 av nederlenderen Herman Raphaelis Bodensteen og seinare ombygd fleire gonger, mellom anna i 1926 då det vart utvida ein del. Den siste restaureringa var ferdig i 1990 og innvigd 1. juni same året med det danske kongeparet til stades.

Gottfried August Homilius var fødd 2. februar 1714 i Rosenthal i Sachsen som son til ein prest. Den lengste tida utdanna han seg i Dresden, men han var og elev av Bach i Leipzig og Johann Schneider. Han var organist i Frauenkirche i Dresden, seinare kantor i Kreuzkirche same staden. Han døydde 2. juni 1785.

Charles Alexis Chauvet var fødd i 1837. Han var elev av Francois Renoit og Ambroise Thomas og organist i ulike kyrkjer i Paris, mellom anna i St. Trinité, der F.A. Guilmant vart etterfylgjaren hans. Chauvet døydde av tuberkulose i 1871. Offertoire er komponert i 1871.

Orgelet i St. Ouen klosterkyrkje i Rouen var bygd i 1890 av den franske orgelbyggjaren Aristide Cavaillé-Coll.

Eilert Hægeland var fødd 21. september 1951 som einaste son til Johanna og Anders Hægeland på Evje. Han fekk si fyrste pianoundervisning hjå Reidun Høgetveit og kom sidan som elev hos domorganist Bjarne Sløgedal i Kristiansand. Seinare studerte han på Musikkonservatoriet i Oslo med lærarar som Arild Sandvold, Hans Solum, Johan Kvandal og Conrad Baden. Han var og i Stockholm og studerte fransk barokkmusikk hjå domorganist Gotthard Arner. Han var organist i Åleseund, Tromsø, Oslo, Bodø, Fyresdal og Bygland. Han døydde 13. februar 2004.

250 Postludium 2

Eg skreiv for eit par dagar sidan at vi ville markere 250 program som Niklos har hatt i serien Postludium. Då antyda eg at vi kanskje kom til å dra til Bykle og få oss middag på Bykle Gjestegard. Dei såg nok langt etter oss om dei hadde lese bloggen, for vi ombestemte oss og drog til Evje i staden.

Det passa i grunnen betre for oss begge, for då slapp Niklos å kome til Valle med bussen klokka halv tolv og vere i Valle heilt til klokka halv ti om kvelden. Og eg kunne få gjort eit par småting på Evje, så noko over halv eitt svinga eg mot sør og fekk sola rett i ansiktet, ho står lågt no.

På Besteland plukka eg opp Niklos og så la vi oss stille bak ein diger lastebil som køyrer stein og grus frå Åraksøyne til den nye vegen som dei har starta så smått å byggje på Tveit. Det er eit stort anlegg, fem bilar går i skytteltrafikk heile dagen, heilt til klokka 20. Dei er store, men det trengst mange lass, eg trur han sa dei skulle ha nærare 200.000 kubikkmeter. Om dei tek 20 i kvart lass, så vert det 10.000 turar.

Eg er av dei som tek 15 minutt, som det står på plakatane langs vegen, så på Storestraumen var det tid for ein høneblund. Det er utruleg kva det gjer å få sove nokre minutt, ein vert som eit nytt menneske. På Evje gjorde vi dei ærenda vi hadde, og så sessa vi oss på Møteplassen. Der fekk vi den store og velsmakande hamburgeren til Gry Elvrum saman med steikte poteter. Det smaka svært godt, den sausen dei hadde var full av meirsmak, så eg trur eg dyppa alle potetene i den. Eit kakestykke og ein kopp kaffe krona eit gasta måltid før vi gjekk tilbake til bilen. Glatt var det til og med på Evje, sjølv om det ikkje var uråd å kome seg fram og strøinga var rimeleg.

Då vi kom til bilen, møtte vi Lisbeth på biblioteket, ho hadde vore på Evje på møte og skulle no vente på bussen til Valle. Dermed vart vi tre i bilen på turen oppover, hyggeleg å prate og triveleg selskap for oss og to timar tidlegare heim for henne. For meg bar det rett i radioen, Niklos hoppa av på Besteland for å få seg ein middagslur, så kom han opp med bussen, som han pleier på tysdagskveldane.

Ein nydeleg tur på ein vakker vinterdag og ei fin oppladning til program nr. 250 for Niklos i Valle Radio, 12 år etter at vi starta med desse programma, eit vakkert adventsprogram med den gamle salma Folkefrelsar til oss kom som raud tråd i platebunka.

Lastebil til Haydom

Ingar Kvia frå Jæren reiser måndag 7. desember 2009 til Tanzania for å levere ein ny lastebil og ein ny traktor til Haydom-sjukehuset. For 10 år sidan leverte han den fyrste lastebilen til sjukehuset, og lastebilen er på mange måtar ei livsnerve for sjukehuset, den hentar alle varer som sjukehuset treng. Det ligg langt ute i bushen, og forsyningar som dei ikkje har sjølv, må dei reise til byen for å hente. Ingar Kvia skal vere der til februar og hjelpe til i arbeidet.

Traktoren er ein Massey Ferguson, det er den sjette nye traktoren han har levert, i tillegg har han levert ein brukt traktor. Kvia meiner at utviklingsland skal ha like godt utstyr som vårt land, men det er nokre utfordringar når traktoren skal kjøre på vegar i Tanzania, dei er ganske humpete og å kjøre i 40 km/t kan vere eit problem, så han er sperra for å køyre så fort, slik at ikkje elektronikken skal ristast sund. Ofte er det eit problem med vedlikehald i Afrika, noko som kan skuldast dårleg opplæring og lite pengar til vedlikehald. Difor ynskjer Kvia at nokre av dei dyktige mekanikarane som jobbar på Haydom skal få kome til Jæren og få opplæring på Eik-senteret, slik at dei kan halde traktorane i beste stand.

Her kan du lese meir om prosjektet: http://www.gardsdrift.no/id/38726

Og på nytt liv media sine sider kan du høyre innslaget vi hadde i Valle Radio: http://www.nyttlivmedia.no/?menu_3=148

Det var ein auksjon til inntekt for dette prosjektet i oktober, og traktoren har kome gjennom tollen i Tanzania, medan Scania-lastebilen er til fortolling no.

Menneskerettighetsprisen for Nord-Jæren
I 2007 fekk Ingar Kvia Menneskerettighetsprisen for Nordjæren 2007, innstiftet av Sola kommune og SR-bank, med følgende begrunnelse:

Ingar Kvia har arbeidet med menneskerettigheter ved at han siden 1997 har samlet inn ca. Kr. 5 mill. til sitt Haydomprosjekt i Tanzania in Afrika. Disse midler har han brukt til innkjøp av 1 latsebil, 3 traktorer, 2 fireskjærs ploger, 2 horver,, 4 slåmaskiner, 4 tillhengere, en 8 tonns gravemaskin, vegskrape, bakskuffe, forhøster, høyvender og beitepusser som slår gras. Enda en ny stor traktor mm. vil bli levert til jul 2007.

Ingen innsamlede midler blir brukt til administrasjon eller dekning av reiseutgifter.

Med stor velvilje fra arbeidsgiver reiser han nå på sin tolvte 3 månederstur til Tanzania uten lønn og med betalt reise fra egen lomme. Her bruker han tiden på å lære fra seg hvordan diverse maskiner skal brukes og vedlikeholdes.

Juryen konkluderer med at Ingar Kvia gjennom sin uegennyttige innsats har bidratt sterkt til å gi et helt samfunn i Tanzania med svært dårlige vilkår en bedre livs- og levestandard.

Juryen viser også til NRK-programmet Faktor, Ein samaritan frå Jæren, som ble vist 8 mai 2006. Det ligger inne på nrk.no.

Tildeling

Juryen besluttet at pristildelingen skal finne sted ved et arrangement i Sola Ruinkyrkje den 10 desember 2007 kl. 18.00. Sola kulturkontor gis sammen med Sola ungdomsskole i oppgave å lage et høvelig program for anledningen. Selve tildelingen foretas ifølge statuttene av Sola kommunes ordfører.