Program 22. og 23. september 2009

Tysdag 22. september

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Aktuelt frå kyrkje og kristenliv
20:30 Postludium. Kyrkjemusikk frå Sverige
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 23. september

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Tobbe og Malmfrid

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer. Torunn Charlotte Nyborg Lund
19:30 Tankar frå Bibelen: Torleif B. Harstad
20:00 Haralds time
21:00 Open sending: Jorunn Lund Harstad

Telefon: 379 37 577
Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no/
Meld deg inn i gruppa Valle Radio på Facebook

Politikarar og sosiale medier

Nyvalde politikarar var emne for rebusane i Valle Radio onsdag 16. september. Det slo meg då eg høyrde på programmet at vi veit lite om andre enn dei mest profilerte rikskjendisane. Om eg leitar i avisene, er det lite eg finn om svært mange av politikarane over heile landet. Det handlar mest om Sponheim, som ikkje kom inn, men som siste veka har vore i alle media, Stoltenberg, Navarsete, Jensen, Høybråten, Halvorsen og nokre få til. Når ein tenkjer på at det er over 160 representantar, er det mange av oss som ikkje held styr på 10 prosent av dei.

Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg, er det fem nye på Agderbenken. Dei skal få kjempe for å få fortalt oss veljarane kva dei står for og kva dei klarar å få gjort i dei fire åra som ligg framom. Ein måte å få kontakt med veljarane på, er å bruke det som vi kallar sosiale medier, det vil seie blogging, facebook og twitter. Men sosiale medier er ikkje det same som ein talarstol der ein skal halde foredrag. Ein må vere tilgjengeleg og svare når ein får respons. I ein travel kvardag kan slikt nok verte vanskeleg.

Eg gjorde eit søk for å sjå korleis representantane frå Aust-Agder nyttar dette. Eg las i avisa at Svein Harberg har registrert eit domene som heiter stortingsrepresentant.no, men det var ikkje aktivt til no, såg det ut til. I staden hadde han ein blogg, http://sveinharberg.blogspot.com/ Men siste innlegg var 22. august, då var det tre veker til valet. Det ser ut til at han starta å skrive i mai, og til no har han 14 innlegg. Men han har bare fått to kommentarar, og dei har han ikkje svart på. Så at han vart vald må nok skuldast andre grunnar enn kontakten med lesarane på bloggen.

Kjell Ingolf Ropstad er meir aktiv. I 2008 hadde han 64 innlegg på bloggen, og til nå i år har han hatt 159 innlegg. Han har også 48 som har registrert seg som followers, som det heiter på moderne språk. Og siste sju dagar var det over tusen som hadde lese det han skriv. I snitt skriv han eitt innlegg på bloggen annankvar dag. Og mest kvar gong får han respons på det han skriv.

Freddy de Ruiter har ingen slike aktivitetar å syne til. Han har ei side på Arbeiderpartiet si heimeside, men er ikkje aktiv der.

Ingebjørg Godskesen har eiga heimeside: http://godskesen.info/ Ho starta på den jola 2008 og har lagt inn mange bilete og ei rekke tekstar. Det er ikkje høve for andre å skrive til henne på sida, men det er i interessant side der ein kan verte meir kjent med den nyvalde representanten frå Framstegspartiet.

Annette Larsson

Annette Larsson var gjest hos Øyvind Jacob onsdagskvelden. Countrysongaren frå Sordal hadde med seg ei demoplate av ei singelplate ho skal gje ut i haust, og ho fortalde litt om korleis plata har blitt til.

Pianisten hennar, Asbjørn Renberg, var i Nashville i vår. I 14 dagar banka han på dører hos ulike musikkforlag for å prøve å få napp for vokalisten sin. Ho spelte på Ose Countryfestival i sommar, det var ein sølete og regnfull kveld, men stor stemning slik ho opplevde det. Sidan spelte dei på countryfestival i Silkeborg i Danmark, der var det 5000 publikummarar ein sundag ettermiddag då ho og Arly Karlsen delte ein konsert. Det var nok høgdepunktet hennar så langt i karriera.

Ho fortalde og at i kveld, fredag, skulle ho spele på eit familiearrangement på Bygland, det var ein stor kulturdugnad, og laurdag skulle ho spele på Valle Motell.

Med demoplata gjekk det slik til at då Asbjørn var i Nashville, var det innspelingsstopp. Difor var det fleire låtskrivarar som etter kvart gav han songar han kunne bruke for Annette, og no held dei på og arbeider med dei med tanke på å få eit album om ikkje så lenge. Demoen har dei laga for å promotere den. Av kjende namn som har sunge tekstar av same låtskrivarane er Gretchen Wilson, Faith Hill, Trisha Yearwood, LeAnn Rimes, Patty Loveless, Reba McEntire, George Strait, Big & Rich, Trace Adkins, Rascal Flats og Randy Travis.

Her er lenke til Annette si heimeside: http://www.annettelarsson.com/

Astronomi i Aktuell time

I den aktuelle timen i onsdag 16. september hadde Øyvind Jacob astronomi som tema. Fleire av sangane han spelte var inspirert av det, mellom anna Fly me to the Moon. Med seg i studio hadde han to nye sjukepleiarar som har inngått avtale om to års teneste i Valle kommune og som nyleg har begynt på Valle bygdeheim, Siril (eg fekk ikkje med meg etternamnet) frå Birkeland og Gurid Kristine Kleggetveit frå Evje. Dei prata om laust og fast, men var ikkje så interesserte i astronomi som Øyvind, det skal kanskje noko til.

Han hadde ein avtale med Knut Jørgen Røed Ødegård om å snakke med han på telefonen, så etter nokre forsøk på å få kontakt, lukkast det, og det vart ein interessant prat.
http://no.wikipedia.org/wiki/Knut_J%C3%B8rgen_R%C3%B8ed_%C3%98degaard

Astronomen var i Tromsøområdet og leita etter meteorittnedslag, det hadde visst vore eit slikt nedslag i området ved Tromsø. Ein meteoritt er ganske gamal og kan gje forskararne informasjon om mange spørsmål, så dei er alltid på utkikk etter slike nedslag. http://no.wikipedia.org/wiki/Meteoritt

Dei snakka og om Betelgeuse, ei stjerne i stjernebiletet Orion som er i siste fase av livet. http://no.wikipedia.org/wiki/Betelgeuse
Ødegård meinte at innan tre til fem år ville den gå i oppløysning og verte svart. Det er mange astronomar som fylgjer den stjerna, for det vil skje i løpet av svært kort tid når det skjer. Øystein lurte på om det ville bli eit gammaglimt http://no.wikipedia.org/wiki/Gammaglimt når den gjekk i oppløysing, men det kunne Ødegård avkrefte.

Elles snakka dei om dei mange spesielle hendingane innan astronom i året som ligg framom. Det fyrste var visstnok at jorda passerer Leonidene 17. november, og då kan ein sjå mange stjerneskot på himmelen. http://no.wikipedia.org/wiki/Leonidene

Eit anna fenomen er formørking, og det skulle vere fleire slike i tida framover. http://no.wikipedia.org/wiki/Solform%C3%B8rkelse

Til slutt snakka dei om kva som kunne vere fornuftig om ein ville kjøpe sin første stjernekikkert, og Ødegård meinte at ein kunne kjøpe ein til om lag 3000 kroner som ei fyrste investering. Men sjølv ein vanleg kikkert kunne vere god til å studere stjernehimmelen.

Mange nye på Agderbenkene

Så vidt eg kan sjå i oversikten over stortingsrepresentantar frå Agder er fem av dei ti representantane nye. Det er litt urovekkjande, for det tek tid før ein kjem inn i ein ny jobb, og når halvparten er nye, vil det nok gå litt tid før dei kan tale landsdelen si sak på ein full og god måte.

Her er lista:

Aust-Agder
Freddy de Ruiter (Ap)
http://no.wikipedia.org/wiki/Freddy_de_Ruiter
Kjell Ingolf Ropstad (KrF) NY
http://no.wikipedia.org/wiki/Kjell_Ingolf_Ropstad
Svein Harberg (H) NY
http://no.wikipedia.org/wiki/Svein_Harberg
Ingebjørg Amanda Godskesen (Frp) NY
http://no.wikipedia.org/wiki/Ingebj%C3%B8rg_Amanda_Godskesen

Vest-Agder
Alf Holmelid (SV) NY
http://no.wikipedia.org/wiki/Alf_Egil_Holmelid
Kari Henriksen (Ap) NY
http://no.wikipedia.org/wiki/Kari_Henriksen
Dagrunn Eriksen (KrH)
http://no.wikipedia.org/wiki/Dagrun_Eriksen
Peter Gitmark (H)
http://no.wikipedia.org/wiki/Peter_Gitmark
Åse Michalsen (Frp)
http://no.wikipedia.org/wiki/%C3%85se_Michaelsen
Henning Skumsvoll (Frp)
http://no.wikipedia.org/wiki/Henning_Skumsvoll

Lenker til wikipedia gjer at du lett kan skaffe deg meir kunnskap om representantane frå Agder. Ein kan vel like godt lære seg namna, det er dei som skal representere oss dei neste fire åra. Heldigvis er det ein som har gode kontaktar til Setesdal, så om Kjell Ingolf Ropstad får høve til det, vil han nok leggje inn mange gode ord for Riksveg 9. Men alle dei andre held til ved kysten, så langt eg har forstått det. Om dei ikkje har hytte på Hovden, vil sikkert Riksveg 9 vere like fjern for dei som vegen over Haukeli.

Sjølv om det er mange nye, er det godt med ei fornying. Vi får vone at dei vil få høve til å gjere ein god jobb for Agder i åra som kjem.

Program for veke 38 2009

Tysdag 15. september

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 På tur til Sverige og litt til
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Mendelssohn
21:00 Kyrkjebakken

Det er ei glede å kome i gang att med tysdagssendingar. Sjølv om vi startar to veker seinare enn planlagt, vonar eg at det vil vere nokon som høyrer på tysdagsprogramme også denne sesongen. Lista som er sett opp med programleiarar og teknikarar for onsdagskveldane syner at eg skal ha ansvar for om lag ein kveld i månaden, det er til å leve med. Men eg vonar at eg kan halde på med tysdagsprogramma dei fleste vekene denne sesongen, sjølv om eg framleis droppar tysdagssendingane når det er skuleferie.

Onsdag 16. september

Ansvarleg: Øyvind Jacob
Teknikar: Harald Haugland/ Jørund Georg Jore (i staden for Inga Flateland)
Telefonvakt: Ingunn og Bitte

18:00 Aktuell time med mellom anna samtale med Knut Jørgen Røed Ødegaard
19:00 Kommunen informerer. Valle skule ved Tron A. Støle
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20:00 Øyvinds halvtime
20:30 Politisk halvtime med Ole Birger Lien.
21:00 Opi sending med Øyvind og Bjørgulv. Debatt mellom Bjørgulv S. Lund (H)og Liv Tanche-Larsen (Ap)

Telefon frå klokka 21:00 379 37577
Mail : post@valleradio.com
Klikk deg inn på : http://www.facebook.com/l/83a57;www.valleradio.com for å høyre!
Eller legg denne linja i adressevinduet til Windows Media Player:
http://www.facebook.com/l/83a57;159.171.56.7/ValleRadio

Busettingssoga i Setesdal 8

Her kjem siste del av Leonhard Jansen sitt foredrag om busettingssoga i Setesdal som han heldt i Valle Radio den fyrste sendinga hausten 2009, 2. september.

Jernvinne og anna utmarksnæring på heia, og handel og handverk nede i dalbotnen – dette i kombinasjon med vanleg gardsdrift – kan ha vore grunnlaget for den velstanden vi tykkjest finne i dalen i vikingtida.

Men ikkje alt varer evig. Nedgangstidene i seinmiddelalderen med pest og annan sjukdom råka hardt. Heiane vart fråflytta, og busetnaden konsentrert til dalbotnen. Johannes Skar fortel: Men “Storedaui” kom. Og han herja so hardt. Heile dalen mestom låg i øydet. På Bykleheidane livde fire menneskje etter. (—)

Finndalen kom aldri i hæve meir. Der var prest ei tid frametter; men han druknast då han skulde til kyrkja. Då la dei Finndalen under Valle – etter segni. (—)

Gardane er underlagde til støylar – Ækra og Gamasbø er støylar som andre; men Gamasbø hev dei vendt av namnet og kallar det “Gåmålsbø”. Mange av gardane ligg plent i øydet. Men manntykt hev der vore; der er ikkje ko åkerfòll utyver støylane.

Bjørgedalen vart øyden. Der sat tri kjempor i Bjørgedalen då sotti kom; det var Rygg Fissstøyl og Åni Skjellestøyl og Knipp Harstøyl. Dei var som rysar på storleik og skapleik og lag. Storedaui tok dei, alle tri. Dei er gravne kvar på sin gard. (—)

På Uppstad vart hjuringen etter. So læste han hurdene og tok på Nordlandet – lyklane kasta han i “Lyklebekkjen”. Då han kom att, var der ein som hadde teke garden; men han sette kvar lykjel i sin lås, og hin laut pila seg. Frå Bjønnarå kom ei gjente. So sat dei på Uppstad, hjuringen og ho. (—)

Skåmedalen var bygd i lang tid framigjenom; der var so vent og greidt. Men det gjekk nedetter; gardane vart underlagde til støylar, den eine etter den andre. Fyre enden var ikkje ko Jørundlid etter. Men det tok same vegen”.

Slik var det til langt ut på 1600-talet, då folketalet på ny var på veg oppover. Men det lyt verte ein annan historie ei anna gong.

Frisknar til att

No er rekonvalesensperioden min over, så måndag er eg tilbake på skulen og tysdag vert det radio att. Då startar eg mine tysdagssendingar og vonar at det vil gå greitt å kome i gang att. Niklos er i alle fall klar med eit program om Mendelssohn, det er 200 år sidan han vart fødd i år.

Sjølv har eg vore på Ålgård og feira mor sin 92-årsdag denne helga, og det var ein fin tur. Då vi drog vestover fredagskvelden køyrde vi mot ein kø som var større enn påskerally på riksveg 9, som Åsmund Åmli syng om. Det verka som om heile Stavanger skulle til Sørlandet denne helga, mon nokre skulle kanskje til Seljord på Dyrskue, for alt det eg veit.

Det er alltid hyggeleg å treffe familie i Rogaland, og når mor har ope hus, kjem alle som kan. Så pratast me og gleder oss over vennskap og over å få vere saman. Mor delte eit bibelord med oss denne kvelden: Einast i håp til Gud er mi sjel stille, frå Salme 62. Og ho nyttar den gamle nynorsk-omsetjinga av Bibelen – Seippel sin nynorsk er klangfull og vakker å høyre.

Denne gongen overnatta vi hjå syster mi på Varhaug, og etter å ha prata om mangt og mykje, fekk eg og smette inn noko om wikipedia, og då måtte vi finne ein PC og sjå litt på korleis det fungerer. Ho og mannen har vore misjonærar i Bangladesh, så vi leita litt etter stoff om deira andre fedreland, utan å finne så mykje på norsk, så her er det ei oppgåve å ta fatt på. Om Gaute finn noko stoff, så kan det vel tenkjast at eg kan leggje inn noko. I så fall skal eg skrive om det på bloggen.

Men kyrkja på Varhaug er frå 1904 og har ei altertavle frå 1609, så Gaute kom med ei brosjyre som dei hadde laga i år i samband med jubileet. Det gav meg høve til å utvide artikkelen om denne kyrkja på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Varhaug_kirke

Og kanskje må eg skrive litt om inventaret i kyrkja etter kvart.

Ferda heimover til Mandal laurdag ettermiddag vart mykje rolegare enn turen vestover fredagskvelden. Så vi kom heim i god form og gleder oss til å stemme måndag, så startar eg turen til Valle. I år skal eg ha undervisning på måndagskveldane, slik at vi kan ha eit tilbod til folk som jobbar, men som vil lære litt norsk. Mange har ynskt å få eit slikt tilbod, og då har eg funne ut at det høver godt å gje det måndagskvelden.

Om svineinfluensa og mat fra naturen

I ein epost til meg seint onsdagskvelden skreiv Ronny, som var ansvarleg for sendinga i Valle Radio denne kvelden, om programmet. Det var ein smilande epost som eg gledde meg over å lese. Det vonar eg du og gjer, sjølv om den kjem litt seint.

I aften skjedde følgende

18.oo til 19.oo
Ronny Stavsholt snakket om influensa og svineinfluensa
Ringte Stein Vabo og snakket med ham om influensa, svineinfluensa og forkjølelse.
Litt om sykdomsforløp, og hva vi kan gjøre for å unngå å bli syke.

Kommunen informerer med Jorun Tveiten, mest om valget

Håvard Viki hadde Tanker fra Bibelen

20.oo til 21.oo
Ronny hadde invitert Kirsten Bråten Berg for å snakke om mat fra naturen: Sopp, bær og frukt.
Vi ringte gartner Morten Bragdø (eier og driver Randesund planteskole og er godkjent soppkontrollør) for å høre litt om det samme, samt litt om hvordan vi kan stelle med frukttrær og bærbusker.

21.oo -> Jorun L Harstad, gjest Ronny. Rebuser om hurtigrutas løype
Telefonvakter Jorun L Harstad og Ronny (vi løp som grå katter)

Teknikker hele kvelden var Marcel Tiedje

Busettingssoga i Setesdal 7

Leonhard Jansen sitt foredrag går mot slutten. Her fortel han om utvinning og smiing av jern.

”Dei smida av myrjarn. Dei saud det sjave av surte. Mann og kone saud eit halvt bismarpund” (2,5-3 kg) ”til dagen. Til heile året saud dei på ei vike. Her visar verone etter dei i lidene. Der er store holor, og innmed er surtedike allstødt”. Slik står det i “Gamalt or Sætesdal”, enkelt og greitt. Vi får inntrykk av at det er tale om ei onn, ei vekes arbeid, og at det var berre til eige forbruk. soppa

Den kunnskapen vi har om jernvinna i Setesdal, tek utgangspunkt i registreringane i Hovdenområdet for 30 år sidan. Omfanget er så stort at det er vanskeleg å tenkje seg den organiseringa som må ha lege bak. Enorme mengder jern har vorte produsert og frakta til marknaden. I åra som er gått har det og vorte klart at Hovden i seg sjølv ikkje er eineståande, men at verksemda har gått føre seg i stort omfang på båe sider av heia langt sørover i dalføret. Registreringar tilsvarande dei på Hovden, er det ingen andre stader. Men det er heller ikkje leita eller vore utgravingar som kan samanliknast. Jernvinna på Hovden er datert til ein periode frå ca. 800 – 1450, med 1200-talet som glansperiode. Ei utgraving Perry Rolfsen stod for på Straume, dvs. heilt nede i dalbotnen, er datert til romersk jernalder, noko som kan tyde på at jernvinna sin historie i Setesdal kan skuvast endå nokre hundreår tilbake.

Restar etter jernutvinninga er vanlegast å finne på heiane. Men kolgroper er det også mykje av nede i dalbotnen. Eg har stilt meg spørsmålet: Kvifor er det brent så mange kolgroper nede i dalbotnen når jernet vart vunne ut på heiane? Eg vil også prøve å gi eit svar.

Levegrunnlaget for setesdølane var samansett. Det var heller ikkje likeins for dei som budde i sidedalane og på heia, som for dei som budde nede i dalbotnen. Fjellbonden produserte eit overskot av jern og skinn, kan hende au kjøt og fisk. Bonden nede i dalbotnen dreiv i tillegg til korndyrking og husdyrhald, også med handverk – underforstått smedeyrket – og handel. Kor vidfemnande handelssambandet var, er uråd seie, men avstandane er ikkje større enn at utmarksbonden på Hovden godt kan ha selt varene sine til smedar lenger nede i dalen.

Jernet vart der smia til barrar, som var ei handelsvare. Til utsmiingi trongst mykje kol, så dersom ein kan tenkje seg at råjernet vart frakta nedetter dalen for å smiast til jernbarrar, altså handelsvara, har vi ei forklåring på kvifor det er så mange kolgroper også nede i dalbotnen. Dei ferdige varene kunne seljast på marknaden i Valle eller andre stader m.a. i byte for korn.

I denne samanhengen må vi au nemne Hylestadportalen. I alt seks motiv er utskorne på portalen, og av desse er to lagde til ei smie. Var det fordi dølane kjende spesielt godt til dette handverket? Depotfunnet frå Helle, som ein tenkjer kan ha vore varelageret til ein smed, peikar i same lei: Smiing – med jern og sølv – var og er eit viktig handverk i dalen!