Kommunikasjon

Det er ikkje lett å kommunisere, det veit vi som prøver å lære utlendingar norsk. Dei treng ikkje bare å kunne norsk, dei må og kunne den lokale dialekten. Den er jo varemerke for Valle Radio, sjølv om fleire av oss som lagar programma, ikkje er innfødde.

I løpet av året er det mange misforståingar, sjølv når elevane våre burde kunne forstå. Korleis må det ikkje då vere å vere utan lokalt språk, som til dømes dei utlendingane som sit i fengsel. Dei får bare tolk når det er formelle tilhøve. Advokatbesøk og avhøyr, då kan dei få tolk. Og når dei kjem frå land der ein ikkje har engelsk som andrespråk, men russisk, til dømes, så blir talet på nordmenn dei kan snakke med nokså begrensa.

På wikipedia er det heller ikkje alltid lett å vite kva dei andre som skriv, eigentleg meiner. Det er laga mange møteplassar for skribentane, irc, diskusjonssider og meir generelle sider. Men når det eg skriv, ikkje vert ledsaga av kroppsspråk, kan det lett misforståast, sjølv om eg meiner det er enklaste sak av verda.

I land der det bur fleire folk enn i vårt land, har folk lært seg nokre køyrereglar, og på ein tur på gata i London kan du høyre excuse me eller sorry ganske mange gonger. Her er det sjeldan å høyre. Men vi er jo få her i landet.

På denne bakgrunnen vonar eg at du skjøner mi oppfordring om å ta det eg seier i beste meining, anten du les på bloggen eller innlegg eg skriv på wikipedia. Å smørje med smil kan vere lurt, så eg avsluttar med eit lite smilefjes i kveld. 🙂

Minnepinner

I datalivet mitt har eg gått gjennom mange generasjonar når det gjeld minne, Då eg fekk den fyrste datamaskina, måtte ein lagre på ein bøyeleg floppydisk. Det var ikkje mykje plass til minne stoff der, kan hende 50 sider med skriven tekst. Men for den som kom frå ein skrivemaskin, var det ei ny verd som opna seg, sjølv om også skrivemaskinane på slutten hadde minne som var ei god hjelp når ein skreiv feil og skulle fjerne det ein hadde skrive, då var det bare å trykke på tilbaketasten, så henta han fram viskeler-papir og sletta siste bokstavane.

Frå den bøyelege floppydisken gjekk eg via Amstrad-maskina som hadde ein stiv floppydisk, men i eit ukurant format, det var bare desse maskinane som hadde det formatet. Dermed var det ikkje så lett å flytte stoff frå ei maskin til ei anna.

I mange år hadde vi så diskettar som ein kjenner i våre dagar. Dei er jo greie, men teknologien utviklar seg stadig, og snart var det ikkje plass til å lagre så mykje meir med gammal teknologi. Diskettar som sveiv rundt har etter kvart blitt avløyste av minnepinnar, http://no.wikipedia.org/wiki/Minnepinne Dei kan ikkje bare lagre data som eg skriv, men og musikk, og mange av dei som kjem i Valle Radio no, har musikk med seg på minnepenn. Då stikk ein bare pennen i USB-porten på maskina, og vips kan ein legge det på miksebordet og spele det når tida er inne.

Trude Ringheim er journalist i Dagbladet og i Magasinet i går hadde ho ein interessant artikkel om minnepinnar som ikkje er digitale. Ho tenkte på opplevingar, for eksempel sommarminner:
*Teltturen da det haglet.
*Far som datt i elva med fiskestanga.
*Første ferie i Italia, og far som la seg på feil hotellrom.
*Hele gjengen som fikk magesjau på danskebåten av potetsalaten.”
http://blink.dagbladet.no/profil/?op=ViewProfile&nick=truringh

Turen til Nord-Norge var ein slik minnepenn for meg. Nye minne vart lagra og gamle vart friska opp att. Trude Ringheim var inspirert til artikkelen sin av ei bok ho hadde lese i sommar, Linda Olsons “La meg synge deg stille sanger”. Eg trur nok at for borna våre er sommarferien år om anna ein god minnepenn. Denne sommaren vil vel for nokre bli sommaren med regn heile ferien, for andre vil den bli det motsette.

Uansett: Pass på at du lagrar minna, at dei ikkje bare sviv bort i ingenting.

Blåbær

Eg fekk ei tekstmelding i dag som formidla glede over blåbærhausten. Blåbæra har klart seg betre i regnet enn jordbæra til brødrene Kjetså på Evje, der var sesongen over då regnbygene slo inn over Evje den helga dei hadde jordbærfestival.

Men blåbæra har vore kjelde for glede for både ho som sende tekstmelding og for dei gutane eg møtte utanfor Coop på Moi i Rogaland, dei hadde vore i skogen og plukka blåbær, -det er veldig mykje blåbær i år, sa dei. No sat dei og selde bæra, 30 kroner korga, og folk kjøpte villig vekk. Pannekaker med nyrørt blåbærsyltetøy er ein delikatesse ein kan nyte anten bæra er sjølvplukka eller ikkje. Og Olav Holen formidla i ein serie vi hadde i Valle Radio for nokre år sidan mykje informasjon om kor rike dei er på antioksidantar og C-vitamin og meinte at vi burde ta turar i skog og mark så ofte vi kunne, det ville betre helsa både på den eine og den andre måten.

Vi hadde i grunnen tenkt oss ein tur ut i dag, sola skein og det var nydeleg. Det var bare litt vi skulle ha gjort først, Så skya det over og vart lite triveleg, og dermed vart det ingen blåbærtur. Her er lenke til nynorsk wikipedia sin artikkel om blåbær; http://nn.wikipedia.org/wiki/Bl%C3%A5b%C3%A6r Bileta der kan gje ekstra lyst til å ta ein tur i skogen. Då vil du få bær som på bileta i denne artikkelen: http://www.nrk.no/mat/4936825.html Og der er det til og med oppskrifter.

Visste du forresten at ein prøver å temme blåbæra? Her er ei lenke til ein artikkel om det: http://www.forskning.no/artikler/2007/februar/1171875182.16

Det er visst bare Alf Prøysen som har skrive sang om blåbærplukking. Den står her: http://www.anetteshus.com/2009/05/sommerlengsel.html “der var det blått i blått så langt de kunne se”

Skriv gjerne ein kommentar om andre blåbærsongar, dikt som handlar om blåbær, eller oppleving knytt til blåbærplukking.