Våren og wikipedia

Det vårast, og det er ei god kjensle når kveldane vert lysare og lufta mildare. Eg såg at postbilane fekk sommarhjul i dag, tida for det er jo nå, helga etter påske. Spesielt viktig er det for dei som har piggdekk, vi som køyrer piggfritt er ikkje så utsette.

Kona mi var i kvinneforening i Mandal sist veke, og då var det ei av dei som var på møtet, som hadde vore ute med plenklypparen. Det sprett i trea og, folk med pollenallergi merkar det sikkert alt no.

Men alt i alt er våren ei viktig tid for å gje nytt mot til dagen og livet.

Truleg var det våren som fekk nokre wikipediaskribentar til å gå over stokk og stein i dag. Klassen hadde truleg ein time der dei fekk bruke internett, og så kom det meldingar som var langt over streken i høve til det sømmelege. Vi som skriv på wikipedia har eit system for å oppdage slikt og fjerne det, og mykje av tida går med til å rydde når rampen har vore ute.

I dette tilfellet fann eg ut at adressa det kom frå, var ein skule, så eg skreiv til kommunen og synte kva som kom frå maskina der. Då vart det vårreingjering i skulestova. Nokre timar seinare kom det svar frå kommunen om at eleven vart utestengt frå skulenettet ein månad. Han orsaka seg med at han ikkje visste at andre kom til å sjå det han skreiv. Men internett er ope, alle kan sjå det ein skriv og meir til. Så sjølv om våren er komen, bør ein ikkje miste fatninga.

I hovedtrekk var dette kåseriet mitt i kveld i Valle Radio.

Program for 21. og 22. april 2009

Tysdag 21. april 2009

Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Tysdagsmagasin
20:30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 22.04.09

Ansvarleg : Ronny Stavsholt
Teknikar : Torhild Sandnes
Tlf.vakter : Jorunn Helle og Berit Homme

18.00 Aktuelt
19.00 Kommunen informerer med Rådmannen
19.30 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki
20.00 Ronnys time
21.00 Opi sending med Britta Lise Homme

Telefon 379 37577
Høyr på internett: Last ip-adressa http://159.171.56.7/ValleRadio inn i spelaren din, så kan du høyre oss på nettet.

2400 telefonar

Å ta i mot 2400 telefonar på to kveldar er litt av ei oppgåe. I følge Setesdølen var det så mange telefonar til Valle Radio i påska 2009. Helsingar, loddsalg og rebusar, om vi deler på to kveldar, vert det 1200 til kvelden og deler vi det ut på 6 timar, vert det 200 i timen. Det er rimeleg hektisk då, dette skal ein lage radio av: Helsingar og loddkjøp skal organiserast og kome på lufta, rebusar skal løysast, vinnarar trekkjast ut og prate med.

Når sendinga er slutt, må ein setje seg ned og tøme hovudet for inntrykk og surr før ein kan ta kvelden. Setesdølen sin flotte reportasje fredag 17. april syner litt av aktiviteten. Eg let meg imponere både av folk og av reportasje. Takk til Ole Birger Lien som skreiv artikkelen, og til Ørnulf Hasla som rokk å ta bilete midt i all ståheien. Det er godt for ettertida å sjå kva vi held på med.

Eg har site og mimra litt i kveld over heilt andre avisutklipp. Det var ein vane for meg i alle år å klippe ut frå aviser. Men no har eg jamt slutta, Så eg tok for meg nokre av utklippa og såg gjennom dei før eg heiv dei. Eg har hatt mange interesser opp gjennom åra, det spegla seg i utklippa. Men eg ser at eg nyttar media på ein ny måte no. Eg googlar. Og er på Facebook. 368 medlemmer er det i Valle Radio-gruppa no. Det gjer eg ikkje så mykje ut av, men eg er der.

Takk til dykk som vil legge meg til som ven. Eg svarar i helgene, for i vekene er eg utan kontakt til Facebook. Det er Valle kommune sin policy. Ordførar Per Sigurd Sørensen styrer ikkje i Valle, i Kristiansand er dei tilsette på Facebook og det veit heile landet etter at ordføraren gjorde ein tabbe. Eg veit ikkje om han fekk 2400 telefonar, men ein storm vart det og Fædrelandsvennen hadde stoff til fleire sider i eit par dagar, det hender jo ikkje så mykje like etter påske.

Heldigvis har eg wikipedia, det dekker ganske mange sider av avisutklippa mine og kan nåast når eg ynskjer det, til forskjell frå utklippa som eg mimrar over kvar gong eg flytter eller når eg finn dei. Og når eg skal kaste dei.

Flegmatisk?

Normalt tenkjer eg om meg sjølv at eg er noko flegmatisk. Eg let meg ikkje hisse opp så lett og går sjeldan i taket. Om dei som kjenner meg er samde, veit eg ikkje.

Men tysdagskvelden vart eg litt ilter. Ved tre-tida den dagen fekk eg ein SMS frå LOS om at det skulle vere straumbrot i Valle ca. klokka 21:15 og i nokre minutt. Normalt sluttar eg sendinga mi klokka 21:10, så eg tenkte at eg skulle i alle fall slutte 21:10 denne dagen, slik at det ikkje skulle bli problem. Men midt i kunngjeringane mine klokka 21:03 gjekk lyset og det var bare å famle seg ut av radioen og køyre Niklos heim. Så var vi ikkje komne lenger enn opp til kommunehuset, så kom straumen att.

Men eg var framleis ilter, og når eg tenkjer på det, irriterer eg meg til og med ein fredagskveld, tre døger etter hendinga. Eg meiner at ca. 21:15, det er ikkje 21:03. Når dei sender ut nokre hundre sms-ar for at folk skal vite om ein straumstans på førehand, då bør det klokkeslettet dei skriv, vere det som gjeld. ca. 21:15 er for meg perioden mellom 21:12 og 21:18 og ikkje perioden mellom 21 og 22. Om dei skulle ta straumen klokka 21:03, kunne dei skrive ca klokka 21:00, så kunne ein tilpasse seg det.

No enda det heile i at vi ikkje fekk kople ned og inn P4, så onsdagen var det stille på frekvensen, og då vi skulle kople opp att onsdagskvelden, måtte vi ha hjelp frå teknisk sjef Jørund Georg til å få forbindelsen til Bykle.

Ikkje lett å vere flegmatisk under slike høve, nei.

Onsdagskveldens program

Valle Radio 15. april 2009

18:00 Kjenning og Intro
18:05 Telefon til Karl Sundby. Om Dan Andersson, Mannen fra skogene.
Etterpå: Jag ventar vid min stockeld
18:12 Fra påskesendinga. Ørnulf Hasla fortel og takkar
18:20 Telefon til Per Emanuelsen – om sjømannskyrkjekveld i Fjellgardane kyrkje. Etterpå: Salme
18:30 Telefon til Rune Skibsrud om Setesdalskonferansen. Sjå http://www.setesdal.no/getfile.aspx/document/epcx_id/558/epdd_id/1062
Etterpå: Hallvard T. Bjørgums nye plate
18:45 Telefon til Atle Kåsa: Om Hallbjønnsekken Bakkedrag. Sjå http://hallbjonn.no/ eller http://motorsport.skafsa.com/
Etterpå: Scotervisa

19:00 Kommunen informerer: Valle skule
19:30 Tankar frå Bibelen. Torleif B. Harstad
20:00 Haralds time: Ronny fortel frå påskesendingane om Facebook.
20:30 Haralds time: Torunn Charlotte fortel om kulturmiddeltildeling
21:00 Jorunn Lund Harstad har open sending. Telefon 379 37577

Sjølv om dei fleste som vert intervjua i kveld, ikkje kjem i studio, men må nåast pr. telefon, vonar eg at det vert ein triveleg kveld med nyttig informasjon og noko å tenkje på for deg som høyrer på Valle Radio.

Eg prata med mange i løpet av dagen, og alle var svært viljuge til å kome i radioen. Innimellom møtte eg folk som synest at Valle Radio må ein få med seg når høvet er der. Difor er eg glad for at vi fekk i stand ei sending i kveld og, sjølv om det kom fort etter storsendingane i påsken.

Om du vil lese meir om Dan Andersson, kan du slå opp på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Dan_Andersson Om du går vidare til den svenske teksten, får du meir informasjon, og der er det lenker til fleire av dikta han.

Sending etter påske

Etter planen skulle Ørnulf hatt sending i morgon onsdag, men det har vore så hektisk i påska at han var mest innstilt på å avlyse. Eg har vore i Mandal i påska og tok på meg å ha sendinga onsdag, så det blir vanleg radioveke. Kanskje vi kan prøve å ri på suksessen frå påskesendingane.

Tysdag 14. april
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Etter påske. Musikkprogram
19:30 Tysdagsmagasin.
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 15. april

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Marcel Tiedje
Telefonvakt: Bjørg Ragnhild Trydal Jansen og Anna Rysstad

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer. Valle skule
19:30 Tankar frå Bibelen. Torleif B. Harstad
20:00 Haralds time
21:00 Open sending ved Jorunn Lund Harstad

Rebusar og helsingar: Telefon 379 37577

Tankar etter påskesendingane

Eg har site og tenkt på påskesendingane og er storleg imponert over resultatet. Eg føler at vi utvikla dei eit steg vidare i år med Facebook-gruppa vår. Plutseleg fekk vi ut informasjon til folk som ikkje får Setesdølen på Moisund eller som abonnentar. Det synte seg at Internett er ein svært viktig kanal for slike lyttarar, og det var mange som høyrde på sendingane på den måten.

Når folk finn fram til Valle Radio på internett, må det tyde på at dei har tilhørighet til valle og til radioen. Vi som er ferske i internettsamanheng ser truleg ikkje alt som ligg i å gjere nytte av dette systemet, men Ronny fortener stor takk som heldt kontakt med den delen av lyttarene våre.

Det er viktig å få heimesida opp på nettet no. I fjorårets årsmøte var planen at vi skulle få den opp til over sommaren 2008. At ho ikkje er på plass som ein rik kanal for folk som er interesserte i Valle Radio er eit tap – midt i rikdomen som påskesendingane gav oss. Vonleg får vi den på plass om ikkje altfor lenge.

Påskelotteriets andre dag

I kveld var det siste sendinga av årets påskelotteri. Sendinga starta med ein runde som Ørnulf Hasla og Øyvind Jacob hadde til hjelpekorpsa og politiet. Sigurd Haugsgjerd i Setesdølen hadde og ein nyhetsbulletin, men det hadde vore ei stille påske på alle stader. I dag var det ein leiteaksjon etter ein gut som var komen bort frå familien, men heldigvis enda det lukkeleg.

Sigurd skulle fylle 10 minutt, men når det ikkje har skjedd noko, måtte han ty til gamle nyheter frå Setesdølen. Men han meinte at politiet hadde lurt alle trafikantane på riksveg 9 på veg til fjellet, for dei hadde sagt dei skulle vere på vegane, men ingen hadde sett noko til dei.

Klokka 20 starta loddsalet, og etter den gode kvelden på skjærtorsdag, var forventningane høge hos Helge Dahle, Tore Katerås og Britta Lise Homme, som var programleiarar i kveld. Konseptet for programmet er ganske enkelt; Rebusar, helsingar og opplesing av namna til dei som kjøper lodd. Då sendinga slutta, var resultatet kome opp i 212.000.

Alle som kom inn i studio og hadde svar på rebusar, fekk premiar frå sponsorar. Om dei song eller hadde ei soge, så fekk dei ekstra premie.

Med Facebook som kommuniskasjonsmiddel i tillegg til epost, sms og telefon tok vi eit steg vidare, og det kom ein del helsingar på den kanalen i løpet av sendinga. Eg sit i Mandal og les og ser at vi har fått kommentarar frå Taiwan, USA, Frankrike, Vennesla, og ein del andre stader. Pre

Premiar gjekk til Solveig Huset, Liv Øgland, Malene Nygård Homme, Rolf Rike, Straume Handlaft, Eldbjørg Fennefoss, Eli Anita Foss, Statoil Rysstad, Geir Dyrstad, Sigrid Rysstad, Gudrun Steig, Solveig Skovskov, Geir Dyrstad, Gudrund Toril Rysstad, Grete Tveit, Vegard Rysstad, Arne Åkre, Torstein Hermansen,

Skinnfua gjekk til Kjell Olav Uppstad, Uppstad Transport og Anlegg.

Sendinga vart avslutta med ein stor takk til alle som hadde vore med på å lage sendinga.

Gratulerer med eit strålande resultat og vel blåst til alle som stod på for å gjennomføre sendinga!

Påskelotteriet første dag

Første dagen av påskelotteriet vårt vart det kjøpt lodd for 131.600 kroner, det er vel 25.000 kroner meir enn i fjor. Takk til alle som kjøpte lodd. Det er desse pengane som vert brukte til å drive Valle Radio heile året.

I tillegg til den tradisjonelle skinnfua, mannsbunad sauma etter mål, er det ei rekke andre fine gevinstar. Den som vart trekt ut til å svare på rebus, fekk premie, som regel eit gåvekort frå ein av sponsorane våre. I tillegg var det i sendinga i går timetrekking av vinnarar som hadde kjøpt lodd. På Facebook auka talet på medlemmer i gruppa til 309 når eg skriv dette, i går var talet under 300. Eg lurer jo på om vi kjem til 500 i løpet av sendinga 1. påskedag. Målet vårt bør vere at det er like mange på Valle Radio-gruppa på Facebook som det er innbyggjarar i Valle kommune. Men det får kome etter kvart. Fyrste målet er no å kome til 500.

Her er viktig informasjon framom sendinga 1. påskedag:
lodd :94504434 eller sms : 98030310,
helsing 37937578 eller sms helsing : 98443644
mail : post@valleradio.com
og her er lenka til Valle Radio på Facebook: http://www.facebook.com/group.php?gid=24202689958