Stev og puslespel

I barnehagen i Valle jobbar dei med stadnamn i bygda og ser på stev som høyrer saman med stev. Dette har ført til at dei har begynt å lage stev sjølv. Eit som vart laga saman av fleire i barnehagen vart i dag framført då dei var på besøk på biblioteket:

I gamlestog er det gama vere,
der kan me leike og mykje lære.
Me ser på Steinsås og Skugebekk
og går til Otra med pakka sekk.

Det er greitt å gå å nynne på slike fine linjer. Men dei har teke temaet eit steg vidare, borna har teke bilete av Steinsås, og eit av bileta er laga til puslespel.

-Eg laminerte ei utskrift vi gjorde, fortel Sissel Åkre. Sjølve produksjonen av brikker skjedde ved å klippe i bitar, ikkje så veldig proff, men vi er underveis med dette. Neste gong kan vi kanskje få laga eit om vi sender biletet til ein som lager slike puslespel, fortel ho.

Det fekk meg til å leite fram oppslaget i Fædrelandsvennen i går. På side 7 har Helge Corneliussen vore på besøk hos Torbjørg Arnesdotter Kjelleberg som jobbar i skatteetaten i Grimstad. Frå 3. juli i år og til no har ho lagt verdas største puslespel, 24.000 brikker er det. Det heiter Life og måler 4,28 x 1,57 meter. Ho fekk det som bursdagsgåve, og no har ho pusla det ferdig. No planlegg ho å lime det opp på plater og henge det opp på låveveggen hos bror sin i Valle. Ho har ikkje plass til å ha det der ho bur i Grimstad.

Verdas største puslespel har eiga nettside der ein kan registrere seg når ein har lagt det. Torbjørg var nr. 58 på den lista, og ingen i Noreg er registret der før henne. Adresse til nettisda er http://worldslargestpuzzle.com/ Men no gleder ho seg til å få på plass møblene i stova att.

Å lage radio for ein kveld er og eit puslespel. Å setje opp liste for våren er eit anna puslespel.

Bøker er den beste julegave

Open sending i kveld hadde det som står i overskrifta som tema. Det var Ronny Stavsholt som sat i studio, og han hadde funne alternativ jolemusikk som vi spela i sendinga. Eg hadde laga rebusar med utgangspunkt i aktuelle bøker i Bokklubbens jolekatalog, og her kom det kjente forfattarar på rekke og rad: Unni Lindell, Jo Nesbø, Gunnar Staalesen, Kolbein Falkeid, Knut Nærum, Lars Monsen, Kjetil Bjørnstad, Ken Follett, Khaled Hosseini og Jostein Gaarder.

Sjølv om det ikkje var slikt rusj av telefonar som fredagskvelden, då det er notert i gjesteboka vår at det var 476 telefonar, var det folk som var med denne kvelden og. Eg var teknikar, men var og samtalepartnar med Ronny. Kveldens telefonvakt var Jorunn Lund Harstad, som hadde stelt til ein nydeleg kveldsmat til oss før sendinga begynte. Jorunn tek og den nødvendige jobben med å vaske i radioen når det trengst, og i kveld rakk ho det og før telefonane tok til å kime. All grunn til å takke henne for innsatsen.

På tampen har eg lyst til å reklamere for boka av Vidar Bergset som er kome ut på Setesdalsforlaget i år. http://no.wikipedia.org/wiki/Vidar_Bergset Boka heiter Frå sigledammen til hoppbakken og har undertittel Nye forteljinga om born. Det er koselege stubbar å lese for store og små. Og så har vi boka med soger av Jon Løyland som Leonhard Jansen stod for og som vart presentert i radioen tidlegare i haust. Måndag skal det vere presentasjon av ei bok om Hellarar på Sylvgarden.

Lisbeth D. Homme var på tråden i kveld. Ho sa at romanar kan ein låne på biblioteket, fagbøker bør ein eige om emnet er av interesse. Det trur eg kan vere ein god regel å ta med seg. Er det lenge sidan du har vore på bloggen hennar? Kan hende du finn fleire gullkorn om du går innom på http://www.bibliofiolen.blogspot.com/

Finn Emanuel Olsen i Fjellgardane kyrkje

Eg sit med eit nydeleg festskrift i handa: Frå Hovden kapell til Fjellgardane kyrkje. ISBN 978-82-993662-1-2 På side 23 er det bilete av frontpartiet med bileta av Finn Emanuel Olsen, eit bilete på kvar side og ein kross av bjørketre mellom. Det gjev eit tiltalande inntrykk.

På side 25 kan ein lese: Utan at vi veit når, eller av kven, var kunstnaret Finn Emanuel Olsen beden om å lage altarmåleri til kapellet. Det kom på plass ein augustdag i 1959.

Festskriftet fekk eg av Kjetil Kyrvestad i kveld, han hadde fått det då det kom ut i fjor og hadde merkt seg at Finn Emanuel var nemnd der. Så skaffa han eitt til meg og. Det er eit interessant skrift, og sjølv om det no er nokre år sidan eg var der, er det alltid gildt med informasjon om om kyrkjene ein besøkjer. Så eg er svært takksam til Kjetil for dette.

Ei litt spesiell historie er det at løyvet til å starte arbeidet med kyrkja vart gjeve den dagen kong Haakon VII steig i land i Noreg att etter krigen, 7. juni 1945. Men arbeidet gjekk seint i attreisingstida etter krigen, så det gjekk heile 12 år før ho kunne vigslast. Biskop Johannes Smidt fastsette dagen til 22. september, då var det visitas i Valle prestegjeld. Men natt til 21. september døydde kongen, det la nok ein dempar på festivitasen.

Det hadde vore greitt å fått på plass ei liste over offentlege rom som har fått utsmykking av Finn Emanuel. Om eg finn meir, vil eg kanskje kome med ein ny rapport på bloggen.

Program for veke 50 – 2008

Tysdag 9. desember
 
Ansvarleg: Harald Haugland
 
18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Musikk i førjolstid
19:45 Nytt frå kyrkje og kristenliv landet rundt
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken
 
Onsdag 10. desember
 
Ansvarleg: Ronny Stavsholt
Teknikar: Harald Haugland
Telefonansvarleg: Gudrun Nomeland
 
18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer ved Pleie og omsorg
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Jolesongar i mange former
21:00 Open sending
 
Telefon 379 37 577

 

Fædrelandsvennen sin policy om retting

Det var nok ikkje bare eg som vart positivt overraska då Fædrelandsvennen kunngjorde at dei ville starte med ei eiga spalte med Rettelser og presiseringer. På side 3 i del 2 skulle ein ha oppfylging og korrigering av feil. Eg tenkte at det var på tide å få noko slikt på fast plass og ikkje bare ha det tilfeldig rundt om i avisa.

Eg tvilar på at det er så lite feil i avisa som ein av og til kunne tru, for rettespalta er tom fleire dagar i strekk. Det kjem kanskje like mykje av at eg ikkje sit med rødblyanten og sender inn epost til rettelser@fvn.no når eg finn ein feil eller tre. For det er nok helst lesarane som må finne feila, det er ikkje så lett å sjå bjelken i eige auge som flisa i nestens, den lærdomen er like gamal som tidsrekninga vår.

Nå er det ikkje så lett som i wikipedia. Der kan den som finn ein feil, gå inn og rette den med det same. Gjeld det stavefeil, altså ortografi, eller grammatikk, så blir også rettingane kontrollert og merka som godkjende utan diskusjon. Men i Fædrelandsvennen må korrigeringane trykkjast på papir for at eg skal kunne lese dei. Difor er det jo best når det ikkje er noko å rette.

Sjølv har eg aldri sendt inn ei retting til avisa før i dag. Men då eg sat og las i fredagsavisa om boka som havna på 7. plass over Sørlandets beste bøker, og såg at artikkelen omtalte Kvitekråkas song med bokmålsordet sang både i overskrifta og i illustrasjonen som syner plasseringa, då tenkte eg at eg fekk sende nokre ord. Her er dei:

Jeg anbefaler desken å lese artikkelen som de lager overskrifter til. Boka fredag 5. desember er i overskrift og barometer satt opp som Kvitekråkas sang, mens teksten handler om Kvitekråkas song. Å kåre Sørlandets beste bøker uten å kunne få på plass korrekt tittel er patetisk og krever minst en unnskyldning overfor forfatter og lesere.

Eg var nok litt skarpare enn eg pleier å vere her på bloggen i den teksten, men eg meinte det eg skreiv. Så sendte eg eposten til adressa for kommentarar til kåringa av Sørlandets beste bøker. Då gjekk det som det pleier nokre gonger, eg fekk den eposten i retur, den kunne ikkje sendast til mottakar.

Då måtte eg smile. Men heldigvis fann eg epostadressa eg har sitert øvst i artikkelen her. Den funka, så no spørs det om det kjem ei retting i avisa i morgon. I mellomtida kan du gå inn på wikipedia og finne artikkelen om Terje Dragseth, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Terje_Dragseth og lese om forfattaren av denne boka.

Ånund K. fekk jolestjerne

Det var ei glede å lese i Fædrelandsvennen at Ånund K. Homme hadde fått jolestjerne frå avisa. Han har hatt ei aktiv tid med Setesdalsforlaget etter at han vart pensjonist, 170 bøker har han gitt ut, mange av dei har han tasta sjølv, alle har han hatt layout på. Det tyder på mange timar framom PC-en. I tillegg har han funne tid til Valle Kunstlag og Valle Pensjonistforening.

Eg vil her trekkje fram ei side som gjeld Valle Radio. Når vi får ein halv time utan program, så tyr vi til ein kassett frå samlinga han laga til oss då Valle Radio starta opp. Dei kan heite Gamle svisker, På dansefot eller eit anna namn, og så får vi musikk presentert av denne kulturentusiasten. Desse programma er sette saman på ein variert og harmonisk måte, det er ei glede å høyre på han.

Bakgrunnen hans for å kunne lage desse programma er ei levande interesse for musikk og ei platesamling som ikkje vert mindre med åra. Det heile starta då han og Nella budde på Sunnmøre og Ånund dreiv ungdomsklubb med diskotek der i Herøy kommune. Dette gjorde han i tillegg til å vere lærar, og han hugsar på elevane han har hatt og fylgjer med korleis det går dei.

Også i haust har han tasta inn fleire bøker og hatt layout på andre. Ei av dei var av ein gamal kollega av meg: Vidar Bergset frå Stryn, som har skrive forteljingar om og for born, gode å lese for vaksne og. Kanskje du har høyrt han i Sangtimen, http://www.nrk.no/programmer/radioarkiv/sangtimen/3034099.html

Glem ikke!

Når ein er blitt senior, kan ein vel med godt samvit gå på eldres hyggestund, anten det er av den eine eller den andre typen. Eg veit at mange ser på Open sending onsdagskvelden som Eldres hyggestund og samlast rundt radioen på Bygdeheimen i Valle.

Nokre gonger har eg hatt høve til å få med meg ei slik hyggestund, mellom anna fordi Reidun av og til er i komiteen som steller i stand. Når det høver slik, er det triveleg å vere med. Eg har og vore så priviligert at Valle Pensjonistforening av og til spør meg om å halde andakt eller kåsere, og det fungerer og som ei slik eldres hyggestund.

Sist eg var på eit slikt arrangement, var det ein tale som ein kunne hugse i alle fall til ein kom heim, kanskje lenger. Det var Egil Tonstad som talte, og han hadde temaet Glem ikke. Og så meinte han at det var noko som dei fleste eldre kunne kjenne seg att i, den problemstillinga, for sjølv om ein ikkje har Alzheimers syndrom, kan ein nok gløyme eitt og anna når ein kjem opp i åra.

Med ei slik innleiing hadde han forsamlinga og kunne minne om viktige ting som ein ikkje må gløyme om ein kjem opp i åra.

Flyplassen i Bangkok – og Valle

I ei veke har vi sett på TV at det har vore kaos på flyplassen i Bangkok, http://no.wikipedia.org/wiki/Suvarnabhumi_lufthavn Kampen for å få statsministeren til å gå av har ved at ein lamma trafikken her, fått merksemd i heile verda. Nærare 70 millionar reiser til og frå denne flyplassen på eit år, det er over ein million i veka, og då må ting fungere utan stopp, elles vil det fort verte køar og store grupper som vert misnøgde.

År om anna er vel nokre frå Valle og innom denne flyplassen, ferie i Thailand har blitt populært for mange. I fjor kom det ein familie frå Burma til Valle, dei hadde budd i ein flyktningleir som Høgkommisæren for flyktningar i FN hadde etablert nord i Thailand, Mae La, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Mae_La  Den veka som flyplassen i Bangkok var på TV kvar kveld, skulle 15 personar frå den flyktningleiren som ligg nærast Bangkok, Tham Hin, kome til Valle. To familiar skulle få eit nytt liv hjå oss etter å i flyktningleiren.

Så stranda det heile. Dei kom seg ikkje ut frå Bangkok, all flytrafikk stoppa jo. Alle dei førebuingar som var gjort, måtte stillast i bero, så fekk ein sjå kva tid det kunne verte råd å kome av garde frå Thailand. Om karenarane, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Karen_(folkeslag)  får besøk av andre karenarar til jol, er vel heller usikkert no.

 

Finn Emanuel og Internatmøta i Valle

For eit par veker sidan skreiv eg om Finn Emanuel Olsen, han som var landsungdomssekretær i Indremisjonsselskapet og seinare reisesekretær i Bibelselskapet, men som og er kjent som kunstmålar. Alt då skulle eg ha visst det, men det var gått i gløymeboka for meg, men han hadde eit tettare forhold til Valle enn bare å vere innom som predikant av og til og elles stoppe og måle motiv frå bygda. Det fann eg ut då eg bladde i Valle Indremisjon 100 år, ei bok som Sverre Lund vel hadde mykje av arbeidet med. Den kom ut i 1991, trur eg, det var like etter at eg var komen til Valle at den festen vart halden.

Alt då kunne ein ikkje unngå å legge merke til det tette samarbeidet det hadde vore med prestane gjennom åra. Trygve Nordtvedt, Åsulv Austad, Sverre Olsen og Leif Raustøl var kjære vener av Valle Indremisjon. Ingen kunne heller snakke med Sverre Lund i den tida utan at han nemnde Internatmøtene i Valle. Sverre var sorgfull fordi dei ikkje lenger kunne haldast i Valle, dei var flytt til Hovden Høyfjellshotell nokre år tidlegare.

Den som hadde ideen til internatmøta, det var den før omtalte Finn Emanuel Olsen. Sverre Lund skriv om det på side 33 i boka. Fyrst var folk i Valle nokså lunkne til å halde eit slikt arrangement, men Finn Emanuel lirka det til og fekk overtydd folk om at det ville føre til mykje velsigning for bygda, og nokre år etter krigen starta desse møta, som vart haldne på seinsommaren og kunne samle fleire hundre tilreisande deltakarar, alle innkvarterte rundt om i bygda dei fyrste åra, sidan vart campingplassane etter kvart populære å bruke til overnatting. Indremisjonen stilte opp med sine mest kjende talarar på desse arrangementa, møtene var i kyrkja og så var det felles mat i Valle menighetshus.

Leksikonskriving

Dei fleste av dykk som les bloggen min, har nok etter kvart fått med seg at eg dei siste åra har skrive på leksikonet wikipedia. Vi er mange som gjer det, dei siste par månadene har vi skrive om lag 15.000 nye artiklar. I tillegg kjem all utviding og fiksing og oppdatering av 185.000 gamle artiklar.

I helga leita eg fram mitt leksikon frå 1973,. Gyldendals store konversasjonsleksikon. Stoffet der er jo gått ut på dato for mange av artiklane. Andre folk har kome i fokus, så mange av dei som er omtalt der, er tekne ut i nyare utgåver av leksikonet.

Ettersom eg har vore litt oppteken av å skrive om folk som har dikta salmar, kom eg til Johannes Johnson, far til biskop Alex Johnson. Det fine med wikipedia er at det er plass til omtale av dei som etter kvart ville falle ut av eit papirbasert leksikon. Men ein må helst ha tilgang til papirbasert stoff for å kunne skrive om dei, for det viser seg svært ofte at folk som ikkje er her meir etter at IT-revolusjonen kom, ikkje så lett let seg finne på verdensveven.

Wikipedia er eit leksikon som er lett å ty til. Alle kan redigere der, skrive nye artiklar eller fikse på gamle. Men ganske lenge vil det vere naudsynt å nytte papirbaserte oppslagsverk, ein kan ikkje basere seg på at alt er få finne på internett på lenge enno. Så får vi heller nynne på salmene han skreiv og tenke på ei eldsjel som sleit seg ut i arbeidet for evangeliet på Madagaskar og her heime.

Johnson skrev en rekke bøker, og i Norsk Salmebok finnes det flere salmer av ham:

  • 515 Vår seierssæle helt og drott (fra 1899)
  • 517 Lysenes far, vi takker deg (fra 1912) Melodi av Sigurd Lunde
  • 830 En dalende dag, en stakket stund (fra 1906)

Han har også oversatt den eneste salme vi har fra Madagaskar i Norsk Salmebok:

  • 516 Send ut, o Jesus kjære (oversatt i 1915)

Artikkelen om han finn du her:  http://no.wikipedia.org/wiki/Johannes_Johnson