Sommarkonsert i Egersund kyrkje – ei oppleving rikare

Eigersund Musikkråd i samarbeid med Eigersund kulturskole og Egersund kirkes kulturutvalg arrangerer lunsjkonsertar med tittelen **Musikkstund i kirken** i kyrkja kvar måndag, onsdag og fredag i juli. Eg hadde gleda av å oppleve ein slik konsert i går, onsdag 11. juli. Det vart ei stor oppleving.

Musikarane var Henning Rød Haugland på piano og Magnus Rød Haugland på kontrabass. Om du når du ser etternamnet tenkjer at det er familien min, har du rett, eg er onkel til dei to flotte musikarane. Onsdagen før denne konserten spelte Magnus då Dronning Sonja hadde lunsj i Stavanger, så ein kan kanskje seie at det var kongeleg.

Henning og Magnus spelar jazzinspirert musikk, og dei starta med ein Ballade som Henning hadde skrive. Deretter var det religiøse folketonar, mellom andre Swing low, sweet chariot og Kven kan seia ut den gleda. Ein rik halvtime var det i alle fall, og opp mot 100 personar fann vegen til arrangementet. Ikkje dårleg ein onsdag midt i juli.

Egersund har ein gjestevennleg parkeringspolitikk. Du kan stå ein time midt i sentrum, like utanfor kyrkja, utan parkometer. Det heldt godt for min del. Etter konserten flytta eg bilen til ein annan stad, og så spaserte vi gjennom gågata til Eikunda, der vi fekk oss litt mat. På menyen stod det at dei hadde steikt kveite, men då vi skulle bestille, var den utseld, så vi måtte finne noko anna. Eg og dei som var med meg brukte nok minst 1000 kroner i Egersund denne dagen, alt fordi det var ein liten konsert vi ville oppleve. Truleg var det slik for mange andre og, noko som tyder på at om det vert arrangert noko ein stad, vil det ofte føre til omsetning i næringslivet.

I morgon spelar Viggo Fagerjord orgel i denne konsertserien.

Måndag i neste veke er det Margun Risa, sang og Solvor Kvåle Konstali, klaver, som skal halde konserten.

Onsdag 18. juli er det Line Haukland, cello og Gundhild Kristoffersen, sang/klaver.

Fredag 20. juli er det Knut Magnus Bøen, fløyte og Bodil Fagerheim, orgel.

Alle konsertane er støtta av ulike firma i Egersund. Det er 17. året på rad at Eigersund Musikkråd står for denne serien med konsertar.

Quiz 2

Eg veit ikkje om quiz er så populært hjå lesarane på bloggen som open sending er onsdagskveldane. I alle fall kom det ikkje inn særleg mange svar på quizen eg la ut i går kveld. Faktisk kom det inn bare eitt svar, men det var ikkje rett, så det vert ingen premie å dele ut i kveld. Her er svara, og den som svarte har heilt rett i at ein kan finne meir om svara på wikipedia. Difor legg eg ut lenke til artiklane på wikipedia om desse.

1. **Mandal** http://no.wikipedia.org/wiki/Mandal
2. **Spangereidkanalen**, det er ikkje nok med Spangereid: http://no.wikipedia.org/wiki/Spangereidkanalen
3. **Ålgård** http://no.wikipedia.org/wiki/Ålgård
4. **Lista** http://no.wikipedia.org/wiki/Lista
5. **Åvik** http://no.wikipedia.org/wiki/Åvik

Her kjem fem nye, framleis i Agder og Rogaland:

1. Hedersnavn under krigen + nr. 6 + mold
2. Bukt + hev + elv
3. Flå av never eller bark + smal arm av hav
4. Grue seg for + odde + søkk
5. Bjørnebustad + trekk

Svar innan klokka 18 i morgon til harhaugl (at) gmail.com, så kan du vinne ein refleksvest.

Quiz 1

I dag startar eg ein serie innlegg på bloggen. Nokre av dei kan brukast som rebusar medan du ventar på at vi skal kome i gang att med Open sending.

Tema i dag er stader i Agder og Rogaland. Send svaret til harhaugl at gmail.com

1. Hestehår + forsenkning
2. Grave + karakter + lever + smalt land + ferdselsåra
3. Fisk + rusler + Tyskland
4. Bakke + egen
5. Elv + pronomen + tusen

Send svara, gjerne med informasjon om kva du veit om dei stadene du kom fram til.

Det vert ein refleksvest i premie til den som eg trekkjer ut som vinnar, så du må skrive adressa eg skal sende den til.

Ny heimeside for Valle kommune

Eg hadde ikkje vore inne på heimesida til Valle kommune sidan eg tok ferie. Då eg i kveld gjekk til den adressa, var det ei heilt ny side som møtte meg. Eg visste at det hadde vore arbeidd med å utforme ny heimeside ei stund, men no var ho altså klart. Du kan sjå henne her: http://www.valle.kommune.no/

Så går eg rundt på heimesida og leitar etter aktuelt stoff å fylle bloggen med i kveld. Det kan jo vere greitt å kommentere noko av det som ein kan finne på heimesida til kommunen. Men fyrst vil eg kommentere noko eg ikkje fann. Då eg gjekk på lenka Lag og organisasjonar, syner det seg at det er lenke til 36 organisasjonar. Men det er ikkje noko lenke til Valle Radio. Det undra meg at kommunen sin informasjonsansvarlege har gløymt denne viktige organisasjonen i lista over lag og organisasjonar. For eg trur at kommunen veit om oss, truleg held dei no på å setje opp liste over kven som skal ha ansvar for halvtimen **Kommunen informerer** til hausten.

Valle kommune finst og på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Valle Om du går nederst på sida, der det står Kategori:Valle og klikker på den, får du alle artiklane om kommunen som finst på wikipedia. Det er no 64 artiklar der.

Kommentar for kva anna eg fann på Valle kommune si heimeside får vente til i morgon. No tek eg kvelden.

Regn

I vind å **regn** kan her vere hustre,
å vetredagjen då æ her gruste.
Men skine soli frå himlen blå,
æ her ingjen venare sta å sjå.

Det fine med eit stev som dette er at det dekker dei fleste typar av vêr. Eg fann det i stevdatabasen til Agder Folkemusikkarkiv, eg har gjeve deg lenka til denne baser for nokre dagar sidan, her er den att: http://www.folkemusikkarkivet.net/agder/stevtittel.php

Vi har hatt vêrtype regn i Mandal den siste veka. Ein nabo har målestasjon heime, og i går kveld hadde han kome til nesten 30 cm siste veka. Det er mykje, men nedbørsfeltet her ved Noregs sørlegast punkt på fastlandet er ganske så lite, så det vert ikkje flaum som i Numedalslågen og Drammensvassdraget. Vår vesle bekk fløymde over i går og fann seg veg ut på eit jorde ein periode. Men det turkar opp att.

Denne veka har det surkla i jorda når vi har gått over plenen. Vi har jo ganske mykje plen her i Mandal, og ein del av han vart sett under vatn i går. Då verka det som om himmelen var ei vasskanne med stor hol i silen, og ho vart ikkje tom heller. Eg sat mest og gapa i undring over dei strie straumane som kom ned. http://no.wikipedia.org/wiki/Regn

Ein periode var jordet vi kallar Fidja sett under vatn. Då kom det måkar i store flokkar og landa der og gjekk og sumde rundt i vatnet. Bibelordet Du dekker bord for meg i grøne enger fekk ein ny dimensjon då. Heldigvis hadde naboen som driv jorda fått slått, og graset hadde ikkje grodd opp att, så vi skal ikkje klage.

Den årlege Eskelandsfesten var lagt til laurdag 7. juli. Den gjekk av stabelen etter planen, men vi måtte på reserveløysinga. Dermed vart låven ominnreidd til festlokale, og glade naboar møttest på låven, mest som i gamle dagar. Men det var ikkje høy der, så vi fekk ikkje hoppe i høyet. Likevel vart det ein hyggeleg fest med triveleg prat om mangt og mykje. Det er eit tiltak som kan anbefalast for andre grendelag også.

Haydoms venner

I dag sat eg ved datamaskinen og surfa. Det er i grunnen ein grei aktivitet i alt dette regnet. Eg snur ryggen til vindauga og slepp å sjå regnet som silar ned og dei vasstrukne teigane utanfor huset. Då kom eg til ei side om **Haydom Developement Company Ltd**. Sjå http://www.haydom.no/news/192.htm

I vinter hadde eg eit timelangt program i Valle Radio med Olav Holen, som hadde vore på besøk på Haydom sjukehus i Tanzania. Han fortalde mykje frå sjukehuset, men lite om prosjektet som sjukehuset driv fem mil unna. Der har Haydoms venner kjøpt Mulbadaw Farm og CMSC Galangal, ein storgard og ein maskinverkstad. Halvdan Jakobsen frå Mandal er dagleg leiar (Managing Director) og medlem av styret.

Sida fortel at dei kan få kjøpe endå ein gard, som arronderingsmessig vil høve godt saman med resten. Kor langt dei er komne med det prosjektet, veit eg ikkje. Den sida eg fann, var frå sommaren 2006.

Overskotet frå drift av garden skal gå til sjukehuset i Haydom. Målet er å skaffe ei sikker inntekstkjelde for sjukehuset. Samstundes vert eigedomane nytta i arbeidet for å gje betre kår til folk i området. Då maisen svikta, kunne folk leve av kveite som dei dyrka på garden, den eine garden dyrkar meir korn enn heile Vest-Agder, skriv Jakobsen, som er fylkesgartner i Vest-Agder i ein del av tida si og dermed sikkert veit det meste om kva som kan dyrkast både i nord og sør.

Planen er å utvikle området vidare og få tilbake vilt, intensivt jordbruk har ført til sterk erosjon og tilbakegang av skog som gav ly til dyra. Om ein får det tilbake, vil trivsel i for folk i området auke.

Vi er mange som har blitt imponert over arbeidet som vert gjort på Haydom. Olav Holen vi som pensjonist bruke noko av tida si som lege der og har planar om å dra nedover utpå hausten. Truleg vil vi få fleire rapportar og innslag i radioen om Haydom når han er på plass der på høgsletta i Tanzania, 1750 meter over havet.

Det sørlegaste punktet i Noreg

Etter at Spangereidkanalen no er komen, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Spangereidkanalen har det blitt ein diskusjon om Lindesnes lenger er det sørlegaste punktet på fastlandet i Noreg. Den ytste delen av det som før var Lindesneshalvøya, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Lindesnes_(halvøy) er no skilt frå fastlandet. Fleipen seier no at det som før var Spangereid, sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Spangereid no ikkje lenger bør heite det, men heller heite Spangerøy.

Naturleg nok er det som følge av denne diskusjonen kome opp eit nytt spørsmål. Kor er no sørlegaste punktet i Noreg? Eg kan glede deg med at eg har svar på det, det er på andre sida av skogen her eg bur. Odden i Skjernøysundet er no etter Kartverket si meining det sørlegaste punktet på fastlandet i Noreg. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Odden_(Mandal)

Eg har jo visst at eg heldt til omtrent så langt sør som det er mogleg å kome i Noreg, Eskeland ligg like aust for Skjernøy i Mandal, som er den sørlegaste øya det bur folk på i Noreg. No diskuterer ordførarane i Fædrelandsvennen. Naturleg nok meiner ordførar Åse Lill Kimestad i Mandal at Kartverket har rett. Like klart er det at ordførar Ivar Lindal i Lindesnes meiner at situasjonen skal vere slik den alltid har vore. Sjå wikipedia for informasjon om dei to ordførarane og Fædrelandsvennen for informasjon om diskusjonen.
http://no.wikipedia.org/wiki/Åse_Lill_Kimestad
http://no.wikipedia.org/wiki/Ivar_Lindal

Gordon Johnsen

I går var eg i Kristiansand ein tur og ville handle på Happy happy, butikken som overtok på Lumber etter Price Club. Dei bygde om då Price Club slutta, no er det blitt ein butikk som fylgjer same konseptet, men er stasa opp ein del i høve til det som var i dei same lokala før.

Dei opnar ikkje før klokka 12, det hadde eg ikkje fått med meg, eg trudde dei opna klokka 10. Dermed fekk eg eit par timar, og då tok eg meg ein tur på folkebiblioteket i Vågsbygd. Det ligg i andre etasje på Vågsbygd senter, i bakbygningen der. Eg vart møtt av venlege folk bak skranken og eit hav av bøker i rommet.

Bord på bord låg fulle av bøker, i tillegg til det som stod i hyllene. Til slutt kunne eg ikkje halde meg: -Har de boksal? spurde eg. -Nei, svara ei av dei venlege damene, vi bare rydder litt. Men vi har eit lite boksal, kom her skal du sjå.

Eg hadde ikkje tenkt å kjøpe bøker, eg har redusert boksamleaktiviteten ganske mykje, men det enda opp med at eg fekk meg fem bøker til ti kroner boka. To av bøkene var skrivne av Alfred Hauge, du veit han med bøkene om Cleng Person.
Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Alfred_Hauge Det var Hånden på plogen og Plogmann og såmann – Gordon Johnsen. Eg kjøpte begge, og i dag har eg blitt sitjande og lese om ein særprega person i norsk kristenliv. Han grunnla Modum Bad, om det kan du lese her: http://no.wikipedia.org/wiki/Modum_Bad og fekk bety mykje for folk som strevde og sleit med livet sitt.

Eg vil sitere eit lite avsnitt frå boka, det står på side 23. Alfred Hauge var på besøk på Modum i høve Modumdagen i juni 1982. Han skriv:

Dette var kvelden før selve festdagen. Han fulgte meg over tunet og skulle vise meg rommet mitt. Ute på tunet stanset han opp i den stille kvelden, sollyset falt lavt og skrått inn mellom de brune furustammene, og høyt over oss hvilte hvite makrellskyer. I dette lyset sto han.
-Jaja, Alfred, sa han – og så siterte han et vers fra en av de gamle åndelige sangene som hørt med i det rike utvalget han hadde.
-Jaja, Alfred, tok han opp igjen: -Snart er vi hjemme og står for tronen. Hva gjør det da om solen har oss brent.

Å leve med eit slikt perspektiv over livet var kanskje meir vanleg for år tilbake. Men eg vart gripen av det. Ja, sjølv når eg sit og skriv dette, kjenner eg at det rører meg.

Dronninga sin fødselsdag

4. juli har ein spesiell dåm hos meg. Det er USA sin store dag, det er flaggdag i Norge fordi det er Dronning Sonja sin fødselsdag og det er fødselsdag for ei av systrene mine. Difor har det gjerne vore litt festivitas rundt denne dagen.

I år var det nasjonal festivitas. Det var 70-årsdagen til Dronning Sonja, og som seg høver skal den offisielle feiringa gå over fleire dagar. Det er jo ei sjeldan sprek dame som rundar år, det verkar som om fjellturar i nord og sør står høgt på lista hennar over aktivitetar ho set pris på. Det er ikkje så lenge sidan ho var i Setesdal, 11. august 2006 rapporterte Fædrelandsvennen om at ho hadde vore på tur med Bjoren. Sjå http://www.fvn.no/nyheter/setesdal/article388767.ece

Men det er ikkje bare fjellet ho set pris på. Etter markeringa av dagen i Stavanger drog ho med Kongeskipet Norge til Lindesnes for å opne Spangereidkanalen. Det skjer i morgon. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Spangereidkanalen

Artikkelen fortel om eit stort spleiselag. Summen for kanalen er 35 til 40 millionar kroner, og stat, fylke, kommune og nabokommunar har lagt i for å få til prosjektet. Eg hadde omtale av dette tidlegare, då var artikkelen mykje mindre, så det er meir informasjon å hente om du går inn der no. Grunnen til det er at Philip Gabrielsen vil skrive om Spangereidkanalen til artikkelkonkurransen på Wikipedia. Før festen har han alt lagt inn fleire bilete frå kanalen. Under festen vil han fotografere for å få med mest mogleg med tanke på å utvikle artikkelen på wikipedia vidare.

Eg hadde gleda av å vere til stades då Dronning Sonja opna Setesdalsmuseet i 1993. Det var ei stor oppleving, både festen rundt sjølve opninga og middagen i Soknehuset om kvelden. Eg er sikker på at det vert ei stor oppleving for dei som var med på markeringa i Stavanger så vel som for dei som er med på festen i Lindesnes.

Valle Radio var ikkje skipa då Setesdalsmuseet vart opna. Då Dronning Sonja var i Setesdal i fjor sommar, hadde radioen sommarferie og dekka ikkje det som skjedde. Heller ikkje i år har vi noko stoff relatert til det at ho igjen vitja Agder. Det får halde med dette innlegget på bloggen.

Gratulerer med dagen til alle som har 4. juli som åremålsdag.

Oddvar Moy – han på Stemmen

Nå er det lenge sidan han var der, nå er han midt i byen, der på Silokaia, du veit, bak Fiskebasaren, over brua.

Slik heiter det i reklamen vi sender i Valle Radio to gonger i veka. Desse små reklamesamtalane er ganske artige, synest eg. No har området der Oddvar Moy har forretningen sin endra seg ein del. Det er rive nokre lagerbygg, og over sommaren skal dei til å sprenge i fjellet på Odderøya. Akkurat no er det slik at når du kjem over den lille brua, så lyser dei blå skilta til Oddvar Moy Bilforretning mot deg.

Ute på Silokaia låg eit stort cruiseskip i dag. Turistar vart frakta med City Train gjennom byen på ein sightseeingtur og fekk sjå eit yrande folkeliv i høve Quartfestivalen. Dei som skal på konsert på Odderøya, må krysse Østre Strandgate, så det er nok å sjå på.

Eg tok turen inn til Oddvar Moy i går for å få han til å sjå litt på bilen han selde meg for tre år sidan, han har hatt litt problem den siste tida. -Du kan låne ein bil til i morgon, så får vi litt tid til å sjå på han, sa Oddvar, som vanleg. Serviceinnstilt til det ytterste. Så fekk eg prøveskilt på ein Citroen C5 med alt eg kunne ønske av snadder medan eg venta på at dei skulle kontrollere min bil.

Slik service likar eg.