Festen for Theis

Eg har ikkje tidlegare skrive om konserten i Bykle kyrkje sundag, den som eg sende tysdagskvelden. Eg vil jo gjerne gjere det, for den var ei stor oppleving endåtil om eg ikkje var til stades, men bare høyrde gjennom opptaket.

Takk til alle som deltok, kvar på sin måte. Mange burde vore nemnde, men eg vil trekkje fram tre kvinner og ein konfirmant som på kvar sin måte rørte meg den kvelden.

Det var Kristen Bråten Berg som framførte Vitae lux med Tonhild Kråkenes som akkompagnerte på orgel. Kirsten fortalde at video til verket hadde vorte laga i Bykle der mange barn hadde laga englar i snøen utanfor den gamle kyrkja, og så kom sangen. Det vart ei nydeleg stund.

Det andre innslaget var Rønnaug Torvik som song Langt inn på ville heii medan Tor Hoslemo spela til. -Vi må vere to, sa ho, å syngje og spele samstundes var noko dei gamle kunne. Det var betagande. Det er noko med å leve seg inn i stoffet, ikkje bare framføre det. Folketonar ligg til rette for det, dei er i slekt med negro spirituals på den måten. Noko av det som gjorde til dømes Mahalia Jackson så unik, var at ho levde seg inn i songane. Difor vart aldri ei framføring lik den andre. Slik opplevde eg det då Rønnaug song den kvelden.

Alt det andre var inspirerande å høyre på. Så mykje kvalitet ein heil lang kveld kunne inspirere og å få det på Valle radio og dermed la dei som hadde vore til stades få det i reprise og dei som ikkje hadde hatt høve til å vere til stades få eit gløtt av ei stor kulturoppleving, det er eg glad for at eg kunne få formidla gjennom programmet i radioen den kvelden.

Onsdag i mål

Eg følte at eg plundra ganske lenge før eg fekk orden på denne kvelden med dette programmet:

18:00 Helge Homme om lodd og premiar og radiobasaren og Brokke-Suleskarvegen
18:15 Leif Kvinlog om kveldens humorprogram Kjartan og Kjetil
18:30 Tom Egerhei om Vannregion Sør-Vest
18:50 Petter Utklev om Skogbruksplan for Setesdal

19:00 Arne Tronsen Valle kommune om ope innsyn i journalar
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Haralds time med gjester i studio: Ørnulf er gjest i kveld. Tema: Frå det nære til det fjerne og attende
21:00 Open sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike. Tema: Aktuelle ting om våren.

Brannøving på Valhall

På veg heim frå kurs i Kristiansand ringer telefonen:

-Kan vi lage eit innslag til i kveld med ein direkte rapport frå brannøvinga der dei brenn Valhall? spør Ørnulf
-Klart det, eg kan ringe til deg klokka 18.
-OK

Klokka 18:

-Er det Ørnulf?
-Eg tenkte det var du.
-Korleis går det?
-Når har dei hatt tre-fire røykdykkarøvingar her. Folk har gått inn og sløkt, øvd på røykdykking. Åsmund Åmli har vore og gjort opptak til ein musikkvideo, men han vil ikkje seie kva for ein sang som skal få denne filmen.
-Brenn det godt?
-Ja, no er huset snart overtent?
-Kor lang tid tek det før det brenn ned?
-Tre-fire timar, seier dei. Det er lafta bygg, så det brenn tyngre enn huset ditt på Nomeland som dei hadde øving på i fjor.
-Er det mange menneske der?
-Alt som kan krype og gå i Valle, verkar det som.
-Er det nokon som vil snakke i radioen?
-Eg skal prøve å finne nokon.

Og så fann han fleire folk som kom til mikrofonen og fortalde litt. Lokalradio på sitt beste. Takk til alle som var med.

Ørnulf Hasla og Helge Dahle vil prøve å få stoff klart til sendinga onsdag. Om dei ikkje klarar det til i morgon, vert det neste onsdag. Truleg stoff til opp mot ein time.

Program for veke 16

Tysdag 17. april
Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Frå Farvel til Theis-konserten i Bykle kyrkje
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken
Om opptaket frå konserten i Bykle er langt, går det i staden for Postludium

Onsdag 18. april
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Torbjørg Hoftuft

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Haralds time med gjester
21:00 Open sending med Jorunn Lund Harstad

Telefon 379 37577

Hebban olle vogalla

I dag las eg ein artikkel på wikipedia av den norske brukaren som bur i Nederland og som var med som innringar i Open sending tidlegare i år. Ho har skrive ein artikkel med denne tittelen, det er det eldste skriftlege nederlandsk ein har hatt. Sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Hebban_olla_vogala

Om ein skal omsette til norsk blir det Alle fuglane har… Utgangspunktet er ein latinsk tekst, truleg skrive av ein munk (det var helst bare dei som kunne skrive) og det har blitt tolka som starten på eit kjærleiksdikt som er kjent frå latin, då tyder det: Alle fuglane har begynt å byggje reir, bare ikkje du og eg. Kva ventar vi på?

I Valle radio har vi hatt mange program om fuglar, og no har dei kome attende og er i full gang med å byggje reir. Det er ein trong i dei til å kome saman og føre slekta vidare denne våren og.

Onsdag vert det fuglar som vert tema i Open sending. Vi får lage nokre rebusar med fuglar til den sendinga og få med nokre fuglelydar og høyre om de kjenner dei att. Miljøproblema syner seg mellom anna ved at fuglar som tidlegare hadde fast tilhald ein stad, vert borte. Om det er slik i Valle, veit ikkje eg, men vi kan jo snakke om det og i sendinga.

Tid for lam

Onsdagskvelden var Torleif B. Harstad innom og fortalde litt om arbeid før lamminga. Det er ein god del som skal gjerast, kunne han fortelje, og dyrlækjaren, Gunvald Mosdøl, har det travelt med å setje sprøyter på alle sauene. Dei får ein vaksine for å hindre sjukdom når dei slepper ut.

Torleif rekna med at rushet ville starte omkring 25. april. Det er viktig at dei ikkje står så lenge inne før dei kan sleppe ut på beite, for dei treng mykje mat når dei skal produsere melk.

Sjølv hadde Torleif mista lam i år, det var ein sau som kasta lamma og alle var døde. Men som regel pleier det å gå godt, med 50 vinterfora sauer på bruket sitt klarer han greitt å halde oversikten. Om han skulle ha større buskap, måtte han utvide. Men i lamminga utvidar han med sauegarder alle stader det er mogleg, for dyra treng litt meir plass då. Så fort som råd kjem dei seg så på beite.

Her er lenke til artikkelen om sau på wikipedia.
http://no.wikipedia.org/wiki/Sau

Fest for Theis

Det blir ein stor fest i Bykle kyrkje til sundag. Det er jo ikkje uvanleg at ein prest har ein del avskilsarrangement når han skal slutte. Det vert gjerne eit i tilknytning til kvar kyrkje han har hatt teneste i. I Bykle slår dei seg saman, det vert bare i den nye og fine Bykle kyrkje, ikkje noko på Hovden etter det eg forstår.

I presentasjonen av arrangementet i Byklaren står det:
**Festkveld i Bykle kyrkje sundag 15. april klokka 17.00 for Theis Salvesen**
Desse medverkar:
*Sara Paskaleva, Lars Rysstad Nordgreen og Trym Bjønnes
*Randi Steinsholt, Kirsten Bråten Berg, Pavlina Sikjova og Tonhild Kråkenes
*Kulturskuleelevar frå Bykle og Valle
*Rønnaug Torvik og Tor Hoslemo
*Daniel Sandén og Sigurd Brokke
*Bykle og Fjellgardane barnekor
*Bykle Songlag og Syngjandi
*Dansegruppa ZOTGA og Bykle musikkorps

Vel møtt til ein festkveld med god musikk, parodiar, mat og helsingar.
Gratis inngang. Arrangør: Bykle sokneråd

Lenke til dette finn du her: http://www.bykle.kommune.no/dynamisk/byklaren_public.php
Frå lenka kan du laste ned Byklaren frå april og finne nokre fine bilete av Theis.

Kyrkjesjef Sissa Ringstad var i radioen onsdag 11. april og fortalde om dette. Ho kunne og fortelje at Valle og Hylestad sokneråd har lagt opp til avskilsmarkering 1. pinsedag i samband med gudstenesta denne dagen og med festsamvær i storstoga etter gudstenesta.

LEVE

Organisasjonen LEVE, som Astrid Nomeland har hatt sentrale oppgåver i, var tema då ho kom i studio onsdagskvelden. Astrid har eit stort engasjement for organisasjonen, men på årsmøtet i januar gjekk ho av som leiar for fylkesavdelinga i Aust-Agder.

Engasjemenentet var like sterkt framleis, den har gjeve meg mykje, men no var det tid for å sleppe andre til. sa ho. Likevel ville ho på landsmøtet, som i år skal vere i Ålesund om eit par veker. -Vi er blitt som ein stor familie, og vi treng ikkje seie mange orda når vi møtest, alle veit om sorga som alltid er der for ein som er etterlatt etter sjølvmord.

Astrid kunne og fortelje at i år har den fem år gamle organisasjonen fått reklamekampanjen for humanitære organisasjonar, som inneber gratis reklame for eit titalls millionar. Dei har og fått fylkeslag i alle fylker, det var ein viktig milepel.

Kronestykket

Det vart ein innhaldsrik kveld i Valle radio i kveld. Mange grunnar til det, men eg likte godt å prate med Ingrid Austlid Rise frå Det Norske Myntverket på Kongsberg om kronestykket. Ho fortalde om prosessen som førte til at motivet på Hylestadportalane no i ti år har vore på kronestykket.

Bakgrunnen var at ein valde å ha to myntar med hol i når ein skulle ha ein ny myntserie i Noreg. Dermed måtte ein starte frå nytt med design, og ho hadde over 70 utkast som var lagde fram for ein komite utan at det var semje om korleis det nye kronestykket skulle vere. Dei meinte at det skulle vere noko frå gammal tid, og så såg dei gjennom skisseboka ho hadde og peika på skissa med basis i Hylestadportalane, som ho hadde sett på Historisk Museum. -Prøv å gjere noko med det, sa komiteen.

Og slik vart det. 80 prosent kopar og 20 prosent nikkel, på Myntverket i Kongsberg har dei ein maskin som lagar 600 myntar i minuttet, og kronestykket har etter kvart fått så liten verdi at det er stort svinn og dei lagar fleire millionar myntar kvart år, sjølv om ein mynt kan vare i 30 år.

Ingrid Austlid Rise fortalde og om Sigurd Fåvnesbane og soga bak fuglen på kronestykket, om Sigurd som slikka blod og lærte å forstå kva fuglane sa. Ho meinte at portalane gav mange bilete som presten kunne bruke og fortalde og at soga finst i mange land og med mange variasjonar.

Sidan fortalde ho om Det Norske Myntverket, som ikkje bare lagar myntar, men som også lagar medaljar av ulike slag i mange seriar og at det er mange som samlar på dette. Ho heldt i kveld på med ein medalje knytt til H. C. Andersen i ein serie dei har i Danmark. Medaljar er ikkje bare ei utmerking, men formidlar ofte historie og kultur, og for formgjevaren er det ei oppgåve å sjå til at dette ligg i motiva på medaljen.

Her er lenka til Wikipedia sin artikkel om 1-krone (norsk mynt):
http://no.wikipedia.org/wiki/1-krone_(norsk_mynt)
Frå denne kan du leite litt rundt i myntverda eller gå til Hylestadportalane. Det er lenke både til Norges Bank og Hylestad kyrkje på sida.
http://www.dkm.no/default.asp?uid=43&CID=43
er ei side til Det Norske Myntverket med oversikt over myntserien vi nyttar i dag.
Og her er lenka til artikkelen om Ingrid Austlid Rise på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Ingrid_Austlid_Rise

Ekstra onsdag

Det vert etter alt å dømme sending også onsdag 11. april, sjølv om eg ikkje har alt på plass ennå. Slik det ser ut nå, blir programmet slik:

Ansvarleg:Harald Haugland
Teknikar: Knut Olav Tveiten
Telefon: Karin Bøe

18:00 Aktuell time
1. Sjekk eit kronestykke. Er det noko kjent? Telefonintervju med Ingrid Austlid Rise
2. Leve ved Astrid Nomeland
3. Kyrkjenytt ved Sissa Ringstad
4. Før lemminga ved Torleif B. Harstad
19:00 Kommunen informerer ved Astrid Knudsen, rektor Hylestad skule
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 VAFA skal ha årsmøte. Torjus Uppstad i studio
20:30 Musikk ved Ånund K. Homme
21:00 Open sending.