Program 13. og 14. mars

**Tysdag 13. mars**
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Knut Olav Tveiten

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel. Egil Elling Ellingsen
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Bokaktuelt
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Tema: Purcell
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 14. mars**
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Gudrun Rysstad
Telefonvakt: Jorunn Lund Harstad

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer. Lene Dyrkorn
19:30 Tankar frå Bibelen ved Egil Elling Ellingsen
20:00 På tur til Haydom. Olav Holen fortel
21:00 Open sending ved Harald Haugland, Hege Sandhaug og Anna Arneberg

Dette sende eg til Setesdølen måndag:
**Haydom i Valle radio**
Onsdag kjem Olav M. Holen til Valle radio klokka 20 for å fortelje frå ein tur til Haydom. Dette hospitalet i Tanzania har ein stor plass i hjarto til folk påAgder etter den livslange innsatsen til dr. Olsen og Mamma Kari. I vinter har kommunelegen i Valle, Olav M. Holen, vore ein tur til Haydom, det var ein tur med mange inntrykk. Holen har sjølv vore lege ved eit sjukehus på Taiwan, så for han var det ei stor oppleving å kome og sjå eit slikt arbeid i Afrika.

I programmet får vi og høyre korleis det gjekk då han prøvde å kome til toppen på Kilimanjaro, høgaste fjellet i Afrika,.5895 meter høgt. Dette er eit av dei lettaste høge fjella å kome opp på, kvart år er det 15.000 personar som prøver seg. Men 40 prosent av dei får høgdesjuke og må snu. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Kilimanjaro

Å reise med tog

I helga kosta eg på meg ein tur med tog frå Kristiansand til Oslo og tilbake. Det var ei god oppleving, og eg kan gjerne anbefale det. Å reise med Comfort-klasse var spesielt gjevt, det gjorde eg på laurdag morgon. For 75 kroner ekstra får ein aviser, kaffe, Internett og betre plass til føtene, noko mine føter sette spesielt pris på. Eg valde å bruke tida til ei bok: Fire dager, åtte år av Line Baugstø. Den skal eg kome tilbake til her på bloggen. Men du kan få lenka til artikkelen om henne på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Line_Baugst%C3%B8

Vel fire timar tek turen til Oslo, og det er mykje meir behageleg enn å å køyre sjølv, så om ein bare skal noko i sentrum, og ikkje treng bil, er det å føretrekkje.

På heimturen var det ikkje plass på comfort, og då var det heller ikkje billege billettar å få tak i. Likevel valde eg toget framfor å sitje i buss nedetter e-18 denne sundagen. Mange hadde gjort som meg, det var mykje folk med toget. Men komforten var god også i dei vanlege vognene, sjølv om føtene mine nok hadde sett pris på den ekstra plassen også på heimturen.

Boka fullførte eg, og ho vert tema i tysdagens Bokaktuelt. Ho er nominert til Sørlandets Litteraturpris. I fjor var det Annemor Sundbø som vann prisen, ikkje minst på grunn av stemmene frå alle lydarar på Valle radio; det sa ho i alle fall sjølv. Vi sender tankar til henne og oppmodar folk om å lese bøkene og stemme på Sørlandets Litteraturpris sine kandidatar også i år. Lån ei av bøkene på Biblioteket og ta deg ein tur på toget.

Arbeidarpartilista

Også på lista til Valle Ap er det mange nye namn, sjølv om det også er nokre veteranar som held ut. Her er lista:

1. Olaf Henrik Homme
2. Liv Tanche-Larsen
3. Toralv Andersen
4. Hilde Pedersen
5. Per Kristiansen
6. Tora Homme Uppstad
7. Knut Hagen
8. Gyro Uppstad
9. Augund O. Brottveit
10. Solveig Rysstad
11. Kim Pedersen
12. Jorunn Brokke
13. Knut J. Helle
14. Jorunn Bø Andersen
15. Tarald Mo Helle
16. Ellen Christine Mordal
17. Gjermund Flaten
18. Hildeborg Homme
19. Hallvard T. Brokke
20. Alida Harskamp
21. Olav S. Lund

Som barn igjen

I dag vil eg skrive om noko som eg har tenkt på, men som eg ikkje har teke opp i radioen til no. Det gjeld utlendingar og førarkort. Svært mange av dei kan kjøre eitt år på sitt gamle førarkort når dei kjem til Noreg. Men så må dei få nytt sertifikat.

I samband med dette ser det for meg ut til at svært mange av dei som kjem frå land utanom EU må starte på same nivå som norske 16-åringar: Grunnkurs på 12 timar før dei kan begynne på kjøreskolen. Pris mellom to og tre tusen kroner. For folk som bur i Valle vil det ofte vere slik at dei må reise til Evje. Der er det kurs frå klokka 16 til 19 fire kveldar.

Det medfører at ein må reise frå Valle klokka 08.30. Så må vedkomande vandre frå butikk til butikk eller kafe frå klokka ti til klokka fire, då startar kurset. Men når det er slutt, er bussen opp att gått, så det vert å bu på Dølen hotell til neste morgon, og så ta bussen som er i Valle klokka 11.30. Det vil seie at dei må bruke 27 timar på eit tretimars kurs. Kva prisen for mat, buss og hotell er, vil eg ikkje spekulere i. Det må dei gjere fire gonger for å ta kurset. Omkostningane rundt kurset vert då større enn kostnaden for heile kurset.

Min konklusjon er at dette er urimeleg. Men slik er stoda om du ikkje har eit nettverk av vener som vil bruke ein del av dagen sin på ein tur til Evje og vente i tre timar på å kjøre deg heim att. Ikkje mykje å gjere på Evje tre timar ein slik dag.

Når den det gjeld har hatt sertifikat i heimlandet og truleg kjørt i mykje større trafikk i mange år, då verkar det noko firkanta at ein må starte med same kurset som ein norsk 16-åring, som, om han har snike seg til ulovleg køyring med pappa, på ingen måte har same trafikk-kompetansen som ein med sertifikat frå heimlandet og erfaring frå bilkøyring der.

Etter mi meining burde ein køyrelærar kunne ta imot slike elevar på direkten, han vil fort finne ut om dei har bløffa seg til sertifikatet dei hadde i heimlandet.

Meiner du at det eg fortel om er eit konstruert tilfelle. Det er ikkje det, folk som bur i Valle no har opplevd at slik er det.

Det er bare slik, det er etter mi meining ei noko lettvint forklaring vi har andsynes vituge folk som ikkje lenger har kunna bu i heimlandet, og som så har funne asyl i dalen vår.

Ein artig radiokveld

Onsdag 7. mars vart ein artig radiokveld med eit svært variert program.
**Lønsamt sauehald**
Det starta med Torleiv Jore som var i studio og snakka med Bjørgulv om lønsamt sauehald. Bakgrunnen var at det var årsmøte i sauelaget, og Torleiv meinte at det må eit krafttak til for å få opp lønsemda, ikke fyrst og framst for kjøtproduksjon, men for å hindre at kulturlandskapet gror att.
**Regionrådet møter Agderbenken**
Ein telefon til Steinar Kyrvestad som kunne fortelje at i morgon tidleg skal Setesdal Regionråd ha møte med Agderbenken. Hovudsak er finansiering av Riksveg 9, som treng meir pengar for at ein skal kunne starte på parsellen Tveit-Langeid når ein er ferdig med Ose-Tveit.
**Sesilåmi**
Tarald Myrum fortalde på telefonen om arbeidet med å fornye Sesilåmi. I fjor var det rekordtal når det gjeld påmelde, i år har det vore lite snø vestanfor, noko som fører til at talet på påmelde går ned. Men ein har fått kjøre opp grunntrase to veker før rennet, og det vil hjelpe for dei som vil førebu seg betre. I år vert administrasjonen flytt opp på Furestøyl, det er eit steg i rett retning.
**Ny entreprenør for brøyting og vedlikehald**
Sigurd Wiberg i Vegvesenet fortalde om kva det fører med seg når Risa får vedlikehald på vegen i Setesdal og Mesta må finne anna å gjere. Dei vil delta som entreprenør i dalen sjølv om dei ikkje vann anbodet på vegen, og folk vil nok få andre oppgåver.
**Konsertar**
Teknikar Inga Flateland fortalde om ein artig konsert med Fliflet/Hamre i Bykle i går kveld, der det diverre ikkje var meir enn 14 til stades. Så minna Bjørgulv om konserten på Nomeland Bedehus fredag 9. mars kl. 19 med Åshild Rosland Hvass og døtrene hennar, før dei snakka om konserten neste torsdag med folk frå Bit for Bit.

**Kommunen informerer**
Programmet vart erstatta av Gamle svisker med Ånund K, då det ikkje kom nokon frå kommunen i kveld.

**Pilegrim**
Etter Tankar frå Bibelen vart det ein interessant samtale med Birte Løvåsen, som er tilsett i Bykle for å førebu pilegrimsvandring frå Breive til Røldal. Det skal vere fire turar til sommaren, kvar tur på fire dagar, og med plass til 40 deltakarar. Det var interessant å høyre på, før Ann Christin Jacob hadde ein halv time med musikk.

**Opi sending**
Her hadde Harald Haugland steppa inn for Rolf Erik Homme, som hadde influensaforfall. Eg hadde laga rebusar med utgangspunkt i norske musikarar, og så spelte vi ein melodi av den aktuelle artisten. Hundre telefonar gav telefonvaktene Bjørg Ragnhild Trydal Jansen og Anna Rysstad nok å gjere, og lokale lyttarar så vel som folk frå Arendal, Oslo og Nederland kom gjennom og prata i sendinga i kveld.

Premiane gjekk til
Ryggsekk – Lisbeth D. Homme, Valle
Krus – Hans Olav Lauvstad, Rysstad
Loddebolt – Roy Jahnsen, Oslo
Pilleeske med alarm – Siri Johannessen, Nederland
Klokke med radio – Annbjørg Trydal Jahnsen, Rysstad
Osteknivar – Torhild Lunden, Valle

Nordisk Råds litteraturpris

I kveldens Bokaktuelt tok eg opp vinnaren av Nordisk Råds litteraturpris. Ettersom Lisbeth var reist til biblioteksjefsmøte for Agder i Lyngdal, måtte eg gjere det aleine. Eg valde då å fortelje litt om forfattaren. Du kan finne meir om Sara Stridsberg på Wikipedia, sjå her:
http://no.wikipedia.org/wiki/Sara_Stridsberg
om romanen hennar, Drømfakulteten:
http://no.wikipedia.org/wiki/Dr%C3%B6mfakulteten

Wikipedia har og ein artikkel om hovudpersonen Valerie Solanas
http://no.wikipedia.org/wiki/Valerie_Solanas

Nordisk Råd har lenker til litteraturprisen i år:
http://www.norden.org/nr/pris/lit_pris/sk/index.asp

Alt dette var eg innom i løpet av programmet, der eg og rakk å la Daniel Sanden Warg spele Fanitullen på fela si.

Programma i veke 10

**Tysdag 6. mars**
Ansvarleg:Harald Haugland
Teknikar: Knut Olav Tveiten

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Kvite-Krist. Eit epos ved Odd Dubland
20:00 Bokaktuelt
20:15 Dagens Grieg
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 7. mars**
Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar:Inga Flateland

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Bjørgulvs time med gjester
21:00 Opi sending: Rolf Erik Homme

Telefon 379 37577

Høgrelista

Så er lista for Høgre klar:

1. Bjørgulv Sverdrup Lund
2. Sigbjørg Næss
3. Olav K. Hovet
4. Anette Bjørgum
5. Saavi Nomeland
6. Gunnhild Lien
7. Rune J. Mikkelsen
8. Annbjørg Uppstad
9. Jon Ola Rysstad
10. Nina Johnsen
11. Jørn Unneland
12. Gudrun Nomeland
13. Erling Sagneskar
14. Lars Helge Helle
15. Karianne Hovet
16. Vidar Helle
17. Ove Lund

Oså denne lista har mange nye namn, det er ting som tyder på at det kan verte ei fornying i kommunestyret til hausten.

Det veks

Prosjektet mitt veks. Kva for eit prosjekt? spør du. Prosjektet med å skrive om Valle på Wikipedia. Wikipedia på bokmål runda 100.000 artiklar sist laurdag. I kveld er det 1588 fleire, så leksikonet veks kvar dag med mellom 150 og 200 artiklar. 57 av dei er om Valle. Stoff som er relatert til Valle kan vere knytt til folkemusikk, geografi, litteratur og politikk. Denne veka har det kome til fire artiklar, mellom anna om Gunnar T. Rysstad og Birgit Rike Lund. Ikkje like lett å få det til å vekse på nynorsk. Der har det ikkje auka noko i kategorien Valle.

Talet på besøk på bloggen har ikkje vakse no, tvert om har talet gått ned i februar med 80 besøkjarar. No var det jo ikkje så mange dagar, så ein får trøyste seg med at det sikkert stig att i mars, som har fleire dagar. Du som vil abonnere på bloggen kan skrive epostadressa di til høgre for teksten her, så får du tilsendt melding når han vert oppdatert. Ha ein fin sundag.

Ny månad

Så har mars starta, midt i vinterferien. Før vinterferien starta, fekk vi jo meir ver i media enn i Valle, for å seie det slik, avisene på kysten har vore fulle av stoff om snø og brøyting det meste av tida. Radio og TV frå Sørlandet har fulgt opp. Balansen i dekkinga av regionen hadde nok vore noko betre om distriktskontoret til NRK hadde vore på Evje og ikkje på Tangen i Kristiansand.

I alle fall vil de som les bloggen min vite at dei som hadde vald å køyre om Evje, ikkje hadde problem å kome seg fram i høve til dei som køyrde E-18. Truleg bør Fædrelandsvennen flytte frå Kristiansand til Evje når Agder blir eitt fylke, slik at dei kan ha rett perspektiv på landsdelen og ikkje bare tenkje på sol, sommer, Sørland og tean i tanga. I alle fall verkar det ikkje som om nokon har tenkt den tanken at indre veg mellom Arendal og Kristiansand er eit betre val enn å stå ei heil natt på hovudvegen. Sjølv om det tek litt lenger å køyre, så er det betre å kome fram enn å bli ståande mellom vogntoga utan å kome fram.

For meg som har har hatt vinterferien i Mandal har det og vore nok snø. Eg trur mest ikkje er har sett så mykje snø her sidan 1970, men då var det meir, og han låg lenger. Med mars månad og ei høgare sol vil det nok ikkje gå så lenge før han renn bort att.

I vinterferieveka hadde eg ikkje tysdagssending. Onsdagssendinga var kommunestyremøte, og i serien første fredag i kvar månad var det Evje sin tur. Difor kunne tankane våre handle om andre ting i denne vinterferieveka. Det har vore godt, men no er det klart for ein ny innsats til beste for Valle radio. Snart er vi i normal gjenge att, og godt er det.