I Mandal arrangerer Musikkens Venner av og til konsertar, og i kveld var musikarane Margrete Moen Birkedal og Torunn Irene Moen Kristiansen saman med Eva Landro i kyrkja med eit program dei hadde kalla Uskyldens og erfaringens sanger. Det vart ei fin oppleving.
Dei starta med litt kjent stoff, frå Haugtussa av Grieg/Garborg etter at Margrete og Torunn Irene hadde opna med ein sats frå ein sonate for obo og piano av Emile Saint-Saens. Denne avdelinga vart så avslutta med andre sats av sonaten. Eva Landro er mezzosopran og musikken høvde godt til stemmen hennar, som fylte det store kyrkjeromet. Det var på ingen måte fullt, om lag 40 tilhøyrarar kom for å få med seg denne konserten.
Hovudvekta låg på verket Ten Blake Songs, songar av Vaughan Williams til tekstar av William Blake. I tre avdelingar fekk vi sju av desse songane og mellom desse kom musikk av Debussy. I programmet for kvelden var Geir Uthaug si gjendikting av tekstane til norsk, og det var bilete av den kunstnarleg utforma engelske originalteksten.
Torsdag vil dei framføre same programmet i Krisiansand frikirke. Då kan du få det med deg der. Det bør du unne deg. Her ser du arrangør Kai Stoveland, oboisten Torunn Irene Kristensen, pianisten Margrete Moen Birkedal og sopranen Eva Landro i Mandal kirke.
