Valgsending i Valle Radio

Det vart ein stor kveld i Valle Radio i kveld på mange måtar. Profesjonelt opplegg i kommunestyresalen der 8 mikrofonar var rigga slik at alle partia kunne ha to representantar i panelet:

*Høgre: Bjørgulv Sverdrup Lund og Sigbjørg Næss
*Senterpartiet: Steinar Kyrvestad og Torleif B. Harstad
*Kristeleg Folkeparti: Pål Dale og Arne Bakke
*Arbeidarpartiet: Olaf Henrik Homme og Liv Tanche-Larsen

Debatten starta klokka 18 og helt på fram til klokka 23, fem timar med tema om aktuelle spørsmål i Valle, leia av Ørnulf Hasla og Sigurd Haugsgjerd. Talarstol for publikum slik at dei kunne stille spørsmål. Nokre nytta seg av høvet: Edvin Brottveit, Sissel Åkre, Saavi Nomeland. Knut Haugland hadde eit spørsmål om breidband i høve til TV ettersom ein snart ikkje lenger får inn signal i store delar av bygda. Publikum møtte opp i stort tal, over 30 på det meste, 15 heldt ut heilt til slutt.

Då hadde dei vore innom svært mange emne, ikkje minst næringspolitikk fekk stor plass i programmet, truleg størst plass.

Helge Dahle var utereportar, men han fekk ikkje ordet før etter klokka halv ni. Då hadde han funne Torleif Jore, som hadde spørsmål om Grøn rehabilitering. Sidan kom det og spørsmål frå Anne Lise og Torleiv Harstad, som lurte på om det ville kome leilighetsbygg i Valle. Høgre lova at det skulle kome slikt bygg i Valle om dei fekk viljen sin, dei såg at folk kunne trengje bustader der dei ikkje hadde hage å ta seg av.
Pause, var det det?

Verdas beste vaflar var det Tobby og Jorunn som stod for, etter annonsen i avisa i alle fall. Pause for å ta dei i 10 minutt (utvida til 20) klokka 20, så var debatten i gang att.

Ingen telefonar til telefonvaktene, nokre sms-ar og e-postar til den epostadressa som var oppretta for høvet. Det meste vart teke hand om i løpet av programmet.

I løpet av sendinga var det også høve for 1.-kandidatane for nokre av partia til fylkestingsvalet å halde ein tre minuttars appell, her var Oddvar Skaiaa, KrF, Laila Øygarden, Ap og Svein Harberg, H, med på telefon, medan Tarald Myrum, Sp, var i salen og kunne bruke talarstolen.

Til slutt fekk kvart parti 3 minutt til oppsummering. Den kjem eg attende til.

Ei spesiell veke

Inneverande veke er spesiell i Valle Radio. Hovudsendinga vår er flytta til torsdag 6. september, då inviterer Ørnulf Hasla og Sigurd Haugsgjerd til valsending i Kommunestyresalen.

I dag hadde Arbeiderpartiet stand i Valle sentrum, og praten mellom politikarane gjekk livleg. Det verka som om det var forventning til at det kunne verte ein interessant kveld i radioen i morgon.

**Tysdag 4. september 2007**
Ansvarleg: Harald Haugland
Program:
18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Roman Kohler presenterer sigøynermusikk
20:05 Vatn i Valle – Roskreppfjorden
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Tema: Felix Mendelssohn
21:00 Kyrkjebakken

**Torsdag 6. september**
Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Gjesteprogramleiar: Sigurd Haugsgjerd
Utereporter: Helge Dahle
Teknikar: Jørund Georg Jore og Kjetil C. Jore

18:00 Valsending startar i kommunestyresalen

Jorunn og Tobby serverer verdens beste vaflar

Snø i august

Noreg er eit vakkert land, men sommaren i år har ikkje gjeve dei varme opplevingane ein kan ha år om anna. I går la vi i veg til Sunnmøre for å feire bryllup 1. september. Vel framme på Voss lurte eg på om vi skulle stoppe og overnatte, klokka var blitt over seks, og det var kanskje på tide å finne ein stad å bu.

Vi valde å ta turen over Vikafjellet til Vik i Sogn. Då vi kom ut gjennom tunnellen og såg ned i bygda frå høgt oppe på eggen, var det fire grader, så stoppen vart kort.

Overnatting fekk vi i Vik, Hopstock er eit hotell med eit vakkert namn og vi vart godt mottekne av ein venleg resepsjonist som hadde ledige rom. Då vi kom til frokost i dag til morgonen, låg snøen kvit der vi køyrde i går og vi var glade for at vi hadde teke den ekstra timen i bilen og slapp å skli på sommardekk i snøen på fjelltoppen.

Trollstigen var stengd med 30 cm snø kunne vi lese på tekst-tv denne dagen.

Oddvar Skaiaa i Valle Radio

Tysdag 28. august var fylkesordførar Oddvar Skaiaa i Valle. Han hadde stand saman med lokale KrF-politikarar i Valle frå klokka 15 til 16, så drog dei til Rysstad og hadde tilsvarande opplegg der. Etterpå var dei på Sylvgarden til omvisning og mat.

19:40 kom han så tilbake til Valle for eit intervju i Valle Radio. Det var improvisert, hadde ikkje plass i programmet som var trykt i avisa. Men det er jo ikkje kvar dag eit slikt høve byr seg.

Praten vår gjekk både om vervet han har hatt i åtte år og vonar å få attval til å ha i to år til, han reknar med at då vert Aust- og Vest-Agder slått saman. Dermed vonar han at samarbeidskonstellasjonen som har stått bak han no, kan få fornya tillit inn i neste periode.
http://no.wikipedia.org/wiki/Oddvar_Skaiaa

Skaiaa svara på spørsmål om programmet for Aust-Agder Kristeleg Folkeparti og kunne utvide det som stod der. I går var det ein aktuell debatt om snøscooter i NRK og fylkesordføraren var klar på at ein ikkje måtte ta bort høvet for folk til å bruke scooter for å kome seg på hyttene sine, å tvinge alle til å bruke taxi vert for rigid. Men det er naturleg med hovudtrasear og avkjøringar til den einskilde hytta. Omsynet til dyreliv er viktig, men han kunne knapt tenkje seg kva for eit ramaskrik det skulle blitt om ein tok bort retten til å ha båt ved kysten.

Skaiaa har hatt som mål medan han har vore fylkesordførar at han skulle svare ja til å hjelpe like gjerne øvst i Setesdal som ved kysten der han bur. Det har blitt ein del kontakt til Setesdal, mellom anna knytt til Riksveg 9, til Kristen Vidaregåande Skule på Bygland, Setesdal Regionråd og andre aktuelle saker. Ein av desse er arbeidet for å få til folkehøgskule i Valle. Det syner seg at ofte må fylket på banen for å tale saka til departement og rikspolitikarar, dei seier at dei kan ikkje høyre på 435 ordførarar, http://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_n%C3%A5v%C3%A6rende_ordf%C3%B8rere_i_Norge men dei 20 fylkesordførarane kan dei høyre på, fortalde Skaiaa.

Skaiaa, som har vore lærar og rektor på Drottningborg før han vart politikar, har vore oppteken av politikk det meste av livet, heilt sidan han var med i ei studiegruppe og vart engasjert for Kristeleg Folkeparti. Han gledde seg over at Helene Horverak i Bykle står høgt på lista og trudde at det skulle vere mogleg for henne å få plass i fylkestinget.

Då vi var ferdige med praten, takka han for at til ei forandring han hadde fått ein lengre samtale i radio om politikk, -som oftast blir det bare eit minutt eller to, sa han.

Vi kvitterte med å gje han ein refleksvest frå Valle Radio og mana til arbeid for å få fleire sykkelstiar langs vegane i Aust-Agder.

Kommunestyremøte denne veka

Program:

Tysdag 28. august
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Sangprogram
20:00 Vatn i Valle
20:15 Open post
20:30 Postludium. Birgit Wildeman spelar på Arp Schnitger-orgelet i Alte Kirche, Pellworm
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 29. august
Teknikar: Torhild Sandnes
18:00 Kommunestyremøte

Før møtet startar vert det fotografering. Difor vert det musikk frå starten av sendinga.

Valleutstillinga

Det vart ein interessant kveld då Karin Bøe kom i radioen og var med under open sending for å fortelje om Valleutstillinga. Med rebusar av kunstnarnamna var det fleire som fann fram dei fargelagde programma og rota gjennom for å finne namnet til dei som var kunstnarar i år.

Karin kunne fortelje at det var over 30 utstillarar, dei hadde ope i sju veker og omsetninga vart på over 370.000 med vel 3000 gjester. Jubileumsutstilling, 20 år, kommunen hadde gjeve bidrag til den fine brosjyra, det var program kvar sundag og auke både i besøk og omsetning.

Denne kvelden konkurrerte vi med fotballkamp mellom Noreg og Argentina, så det var ikkje nokon telefonstorm, akkurat. Nydeleg sommarver gjorde nok og sitt til at folk ikkje engasjerte seg så veldig i programmet. Dei som ringte inn, hadde mykje interessant å fortelje. Mellom anna fortalde Anne Lise Harstad at den fyrste Valleutstillinga for 20 år sida var det handelsstanden som tok initiativet til. Den var i huset nær Valle sentrum der Bjørgulv Sverdrup Lund no bur. Det stod tomt på den tid, så dei fekk bruke ein del av huset til utstilling. Men sidan flytta dei opp til Tveitetunet, der dei har vore etterpå.

http://setesdal.com/index.php?m=produkt&m_action=vis_prod&id=73&parent=10&spraakSet=no er ei lenke som fører deg til meir informasjon om Valleutstillinga.

Vinnarane denne kvelden vart
Jorunn Lund Harstad – gryteklutar, gåve frå Gyro K. Homme
Torhild Lunden – medisinskap
Kjellaug Rysstad – Valle Radio-ryggsekk

Ny prest til Valle

Arne Skare heiter den nye presten i Valle. Sist sundag vart han innsett i tenesta både i Valle og Bykle. I Valle var det messe klokka 11 og etterpå var det suppe på Menighetshuset med helsingar både frå sokneråd, prost og ordførar.

Dette fortalde han då han var med i Valle Radio i kveld. Det var i nyhetstimen, han var fyrste gjest i jubileumssesongen.

Arne Skare hadde gjort mykje før han tok presteutdanning, til gjengjeld tok han den på fire og eit halvt år. Han hadde vore gravar i fleire år, hadde vore kyrkjetenar og lærar og hadde bak seg teneste i NORBATT i Libanon, der han i nokre månader og arbeidde i radioen, ein radio som kunne høyrast heilt til Kypros, men som var retta inn mot dei om lag 600 soldatane som hadde teneste i Libanon.

Han såg fyrste utlysinga og hadde lyst til å søke då, men tenkte at det ville vere fåfengt, ettersom mange prestar kjem frå Agder. Men då han såg andre utlysinga, skjøna han at han kunne prøve, og prosessen som leia han til Valle, starta alt i februar. Så var han her i høve tilsetting og sidan i høve at borna skulle bli kjent med klassen dei no har begynt i. Og 1. august var han så på plass i Valle. I dag hadde han møte med konfirmantane, og etter kvart vil dei andre faste tinga kome på plass på kalenderen.

Velkommen til Valle!

10 år

Eg har inntrykk av at minnet vert kortare og kortare. Truleg er det fordi så mykje skjer heile tida. For meg har det ført til at eg har nokre knaggar i livet som eg hugsar, til dømes at eg kom til Valle i 1991. Men mykje av det som har skjedd både før og sidan er gått over i gløymeboka.

Men kva skjedde i 1997. Eg veit om tre ting som er ganske nært, to av dei skuldast reklame:

*Joker-kjeden vart etablert. Det vert eg minna om kvar gong eg går innom i butikken til Hans Petter i Valle sentrum. Han har hengt opp store plakater som minner oss på det, og reklamen hans seier at tilboda skal vere ekstra gode i år.

*Hydro-Texaco starta med gratis kaffe heile året om du kjøpte ein spesiell kopp. Det vert eg minna om når eg ser på lokket til den kaffikoppen eg pleier å fylle når eg kjem til Evje og er kaffityrst.

*Den tredje tingen skuldast ikkje reklame, men at eg har bladd i gjestebøkene her i Valle Radio. Det var at vi hadde vår fyrste sending på ettersommaren 1997, etter at det hadde vore ei prøvesending i mai. Eg vonar at vi får høve til å bla litt i minneboka i løpet av hausten og sjå litt kva vi sende den fyrste tida vi var på lufta.

Men kva anna som hende i 1997, det hadde eg ikkje peiling på. Difor gjekk eg til wikipedia for å finne ut meir om det som skjedde i 1997. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/1997 for å finne ut litt av det. Sjå også http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:1997 om du vil finne ut meir.

Difor ynskjer vi velkommen til ein ny sesong, jubileumssesong kallast det. Eg vonar at vi får mange fine kveldar ved radioen i året som ligg framom.

Ein ny blogg: Tregdeveien

Laurdag starta eg ein ny blogg. Du finn han her:
http://tregdeveien.blogspot.com/

Den bloggen gjeld ein smal veg i Mandal, vegen frå Ime til Tregde og vidare rundt halvøya der, heilt til Harkmark. Vegen var bygd i 1947, då var det ikkje mange bilar. Men gjennom 60 år har området blitt bygd ut, først med mange hytter, så med hus. Etter kvart har det kome eit stort feriesenter som brukar vegen.

Det er bare dei første 500-600 meter som har sykkelsti. Resten av vegen er smal og svingete. Det gjer at ein ikkje kan halde stor fart, men det er eit problem at vegen er sykkelrute. Det blir mange mjuke trafikantar langs ein slik veg.

Vi var saman tidleg i sommar og kom til å snakke om denne strekningen, nokre av oss som har sett litt av problema med trafikken der. Då lova eg at eg skulle sjå om eg ikkje kunne starte ein blogg om vegen. No er det gjort. Eg vil prøve å halde han ved like på same måten som eg skriv på denne bloggen.

Eg vonar at du som les dette tek turen innom, du skal vere hjarteleg velkomen til det.

Nye rebusar – Quiz 5

Fleire har etterlyst nye rebusar på bloggen. Dei hadde kost seg med å løyse ein eller fleire og kunne godt tenke seg at det kom nye rebusar her. Det har og vorte peika på at eg hadde lova å kome med nye rebusar utan at dei er komne. Men her kjem dei, som vanleg med nøkkelord og svar på bokmål:

Etter å ha feira 60 år lenge og vel, (takk for alle hyggelege helsingar), gjev eg meg i dag ut i kakeverda. Inspirasjonen til det fekk eg frå driftssjef Ingvar Nes, som kom med kake og blomar i lunsjpausen på skulen i dag. Tusen takk til Valle kommune. Her kjem fem kakerebusar, og eg trekkjer i open sending onsdag. Premien er ein Valle Radio-refleksvest.

1. Ikke hard + kilo + skli
2. Stjele (engelsk) + skinnreim + tone + engelsk preposisjon + riste
3. Smile + tone + kikke
4. Pust – nr. 11 + bakende + vektenhet + ergre
5. Par + nr. 19 + omtrent + spørreord + tusen + feilmelding på kalkulatoren

Send svar til harhaugl @ gmail.com innan onsdag klokka19.00

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.