Om det gode barneliv på landet

I sendinga onsdagskvelden hadde eg ein prat med Lisbeth Homme om artikkelen ho og Lisbeth Skreland hadde i Fædrelandsvennen onsdag 9. januar 2008. Det vart ein interessant halvtime, oppsprita med eit par viser av Kirsten Bråten Berg.

Etter sendinga har eg prøvd å finne artikkelen på Fædrelandsvennen si nettside, men dei har ikkje lagt han ut. Difor tok eg ein telefon til Lisbeth i kveld for å høyre om eg kunne få ha den på bloggen. Det var ikkje problem, eit minutt etter låg den i epostkassen min. Dermed kan eg dele han med deg som vil ha bakgrunnen for samtalen vår. Eg har utheva linjer i teksten som me var innom i samtalen.

**Lisbeth Skreland og Lisbet Homme, båe med oppvekst i by, no barnehagestyrarar i Valle kommune og masterstudentar ved Høgskulen i Vestfold **

”Gøy på landet, gøy på landet, sånt no ha’kke vi i by’n”

….om det gode barneliv på landet.

Denne gamle visa er vel kjend for mange av oss. Innhaldet var eksotisk nok for oss bybarn; hoppe i høyet, stelle med dyr, vere i lag med vaksne og gjere naudsynt arbeid. Bilete av det gode livet på landet har i seinare tid endra seg dramatisk. Nærast dagleg får me informasjon som fortel om flukta frå landsbygda, dramatisk nedgong i folketalet, reportasjar om ungdom frå landet som ynskjer å busette seg i byar. No er det altså ikkje lenger gøy på landet, snarare tvert om. Men korleis er det i røynda å bu på landet, er myten om det gode livet på landsbygda berre ei forelda myte, eller..?

I Fædrelandsvennen, for ei tid tilbake, las me om Bygland skule som hadde særs gode resultat i høve ei mobbeundersøking. Vidare at Valle kommunestyre, truleg som eit av dei fyrste i Noreg, vedtok å gje gratis barnehageplass til alle som ynskjer det. Rett nok fekk ikkje denne siste hendinga særleg stor spalteplass; **det kan vere freistande å spørje seg korleis eit liknande vedtak, gjort av bystyret i Kristiansand, ville verte omtala**. Fortel desse to døma oss noko om ein ulikskap mellom by og land? Meir presist, kva kjenneteiknar oppvekstvilkåra til dei barna som bur på bygdene?

For familiane i dag er det ofte slik at dei ulike medlema lever ganske åtskilte liv. Fleire forskarar hevdar at det over tid har skjedd endringar som aukar kjensla av framandgjering og at me treng meir personrelaterte kvalitetar i dei miljøa me bur i, så vel som i samfunnet elles. No skal me her på ingen måte svartmåle livet i byen, heller synleggjere nokre kvalitetar i oppvekstvilkåra i mindre samfunn, her nærare bestemt Setesdal, som me meiner er underestimerte i vår tid. **Den stadig aukande tilflyttinga til større byar er ein faktor, den meir karikerte framstillinga av oppveksten på landet, som vanskeleg, med streng sosial kontroll og liten fridom i det å ha alles auge på seg, og at alle veit betre korleis du har det enn du gjer sjølv, er kan hende ein meir vesentleg faktor i framstillinga av bygdelivet**.

Er denne framstillinga korrekt, og i så fall berre eit negativt fenomen, knytt til det å kontrollere og ikkje unne medmenneska det beste? Eller kan ein tvert om seie at det å vere interessert i menneska som levar i nærleiken, er positivt og godt? Etter vår oppfatting er nettopp det ein kvalitet, meir enn ei ulempe?

Tidlegare generasjonar utvikla, rett og slett for å overleve, eit system for tryggleik og omsut, særs ofte basert på prinsippet om eit gjensidig ansvar og eit sjølvberande nettverk med utgangspunkt i slekt og naboskap. **Slike system, der ein har eit klårt ansvar for medmenneska, forsvinn med moderniseringsprosessane fordi slike system føresett andre økonomiske, sosial og kulturelle strukturar.** Ein annan økologi, som professor Inge Bø kallar det. Faglitteratur seier med styrke at når alle grupper i befolkninga vert sett under eitt, står dei problema dei ulike gruppene lider under, fram som langt større i dei store byråkratisk styrte einingar, enn i mindre menneskenære samfunnsnisjer.

Når eit barn ikkje trivast på skulen er konsekvensane sjølvsagt alvorlege. Undersøkingar synar at det er avgjerande for barnas oppvekst, og for individets sosialisering, at ein opplever å vere sosialt forankra i eit trygt, aksepeterande og støttande fellesskap. I små lokalsamfunn er det, etter vår oppfatting, lettare å gjere noko med det som er negativt. Ved å skape og halde ved like gode nettverk, opprettheld ein samstundes ei kjensle av å høyre i hop, ei tett forankring. Kan hende er nettopp dette eit lite lokalsamfunns største styrke, ein viktig faktor i eit barns liv, det at alle, EG, trengs for at samfunnet skal fungere og vidareutviklast.

I eit lite lokalmiljø kjenner alle kvarandre. **Ein er ikkje berre lærar, men gjerne fars fiskekamerat, onkel til bestevennen og samstundes kan hende medlem i kommunestyret.** Ein viktig innsikt kring menneskelege relasjonar, ganske så sjølvsagt for barn i Setesdal. Dette gjer at graden av tilgjengelegheit aukar for medlema i det sosiale miljøet; det er ikkje reint uvanleg å oppleve diskusjonar i nærbutikken som omhandlar barns trivsel og tryggleik, og oppleving av skulen eller barnehagen. Desse uformelle møta er viktige, ein måte å oppleve lokalsamfunnet som oversikteleg og tydeleg, med den fylgje at det som skjer både er mitt eige og andres ansvar.

Barnehagen er eit velferdsgode, men ikkje alle stader i Noreg er det like lett å få barnehageplass til eittåringen din. I Setesdal er det å få ein barnehageplass, tilpassa familiens behov, tilnærma sjølvsagt. Og når alle som ynskjer det får plass, og plassen i tillegg er gratis, vil barnehagen med dette vere eit spegelbilete av samfunnet, ein møtestad for alle barna og foreldra i kommunen, ikkje berre for særskilte grupper. Ein barnehage der årskulla fylgjer kvarandre frå barnehagestart til avslutting av ungdomsskulen. Skulane har små klassar og læraren kan lettare gje tilpassa opplæring til ein elev i ein klasse på 10 enn på 25. Me ser at det å vekse opp i Setesdal inneber kvalitetar som til no har vore ein løyndom for mange.

Politikarane i Setesdal skal ha all ære når dei gjennom mange år har sett barn og oppvekst på dagsorden. **I alle kommunane finns det brukarvenlege barnehagar, nye barnehagebygningar og kvalifiserte tilsette.** Nokre av kommunane var særs tidleg ute i høve auke av pedagogtettleik på kvar avdeling, og det å legge tilhøva vel til rette for vidareutdaning for tilsette i skule og barnehage.

Å vokse opp i ein kommune der føresette, pedagogar og politikarar stillar høge krav til kvalitet, spelar på same lag og har same mål, vil etter vår oppfatting vere ei sikring for at kvart barn skal få ei utvikling, tilpassa eigne evnar og interesser. Me har ikkje så mange barn i kommunane våre, difor vert kvart barn så synleg, så naudsynt for at livet i skule og barnehage skal fungere. **Ein rektor fortalte oss ei gong at skulking var eit heilt ukjent fenomen på den skulen han leia. Årsaka til det var at ein eventuell skulkar ikkje hadde nokon plass å vere, utanom heime, dersom han ikkje møtte på skulen. Alle andre stadar ville han ha møtt vaksne som truleg ville spørje om han var sjuk, kvifor han ikkje var på skulen**. ”It takes a village to raise a child” er eit gamalt afrikansk ordtak. Når heile lokalsamfunnet engasjerar seg i barnas oppvekst blir det faktisk gøy å bu på landet.

Badestoga på Flateland

I den aktuelle timen i går var Torleiv Løyland i studio og fortalde om restaureringsarbeidet som er gjort med den gamle badestoga på Flateland. Han kunne fortelje at stoga vart sett opp i 1943 etter at helsedirektør Karl Evang http://no.wikipedia.org/wiki/Karl_Evang hadde peika på at slike stoger ville vere godt for folkehelsa. Dermed vart slike stoger bygde både i Bykle, Oveinang, Valle, Brokke, Rysstad, Ose og Bygland for ei løyving på 10.000 kroner til saman.

Torleiv Løyland hugsa godt då arbeidet vart gjort og fortalde levande frå det. Stoga var sett opp av Stein Juvenes og Knut Løyland. Åsmund Øyuvson Løyland murte pipa og lensmannen i Valle, Juel Lund, smidde beslag til dørene. Stoga stod ferdig i 1944, men det var ikkje noko spesiell markering då, fortalde Torleiv, som hadde sett mykje på arbeidet då dei heldt på. Etter at ho var ferdig, fekk han, då han gjekk siste åra på skulen i oppdrag å fyre. Ein måtte fyre heile dagen, og stoga vart brukt fredag for kvendi og laurdag for karar. Ho var vel brukt 10 til 15 år, men så fekk folk bad heime, og stoga vart ståande til nedfalls.

-Eg tenkte at det kunne vore greitt å få restaurert stoga, sa Torleiv Løyland, som så hadde fått grendelaget med seg på prosjektet. Han hadde skrive ein grundig søknad til Norsk Kulturminnefond på Røros, og dei løyvde pengar. Det same gjorde Aust-Agder Fylkeskommune og Valle kommune, som formelt eig badestoga, så vel som Oveinang Grendelag. Badestoga rommar ti personar og vert framleis fyrt med ved. Men det er kome dusj og toalett der, og varmekablar i golvet fortel om at det er eit heilt nytt hus, sjølv om mykje av det gamle er teke vare på. Huset skal brukast til det som det var tenkt til, det er ikkje tale om eit museumsbygg som skal stå på utstilling, seier Torleiv Løyland, som i tillegg til å skrive søknadane også har stått for det praktiske arbeidet i lag med glade dugnadsfolk på Flateland.

Onsdag 9. januar 2008

Det kom ikkje program i avisa i går, men her er programmet for i kveld:

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Gudrun Rysstad
Telefonvakt: Anna Rysstad og Bjørg Ragnhild Trydal Jansen
Open sending: Jorunn Lund Harstad

18:00 Aktuell time.
Varaordførar Sigbjørg Næss og tidlegare ordførar Tarald Myrum kommenterer Attraksjonsbarometeret frå Telemarksforskning, der Valle kom på sisteplass i Aust-Agder. Vi tek og ein telefon til mannen bak barometeret, forskar Knut Vareide

Deretter vert det ein prat med mannen bak den restaurerte basstoga på Flateland, Torleiv Løyland.

Til slutt tek vi telefon til Birger Trydal, som er med i viltnemnda i Bykle og har synspunkt på trafikk og elg.

19:00 Kommunen informerer. Bygg, eigedom og anlegg.
Halvor Rike og Torleif Homme
19:30 Tankar frå Bibelen.
Over ein open Bibel med Kurt Hjemdahl, deretter spela Harald Haugland plater resten av tida.
20:00 Harald Haugland og Lisbeth Homme snakkar om kronikken i Fædrelandsvennen i dag: … om det gode barneliv.
20:30 Bjørgulv og Roald Tveit i studio med blues og prat.
21:00 Open sending. Jorunn Lund Harstad og Tora Homme Uppstad i studio.
Med rebusar frå Setesdølen tysdag 8. januar

Kommunen informerer vår 2008

Dato “Kommunen informerer”  Valle radio 
09.01 Bygg eigedom og anlegg
16.01 Kulturdrift
23.01 Valle skule
30.01 Kommunestyremøte
06.02 Utvikling
13.02 Velkomstsenter
20.02 Sosial og arbeid
27.02 Kommunestyremøte
05.03 Rådmann
12.03 Hylestad barnehage
19.03 Valle barnehage
26.03 Kommunestyremøte
02.04 Pleie og omsorg
09.04 Driftssjef
16.04 Utvikling
23.04 Økonomi
30.04 Kommunestyremøte
07.05 Helse
14.05 Velkomstsenter
21.05 Bygg, eigedom og anlegg
28.05 Valle skule
04.06 Kulturdrift
11.06 Rådmann
18.06 Utvikling

Postludium med Niklos

I kveld hadde Niklos mest kormusikk i Postludium. Han starta med Laudate Nomen Domini, ein motett av Christopher Tye, som levde frå 1498 til 1573. Motettkoret i Stavanger Domkyrkje song med domorganist Lars Mæland som dirigent. Ingen artikkel på norsk wikipedia enno, men engelsk har: http://en.wikipedia.org/wiki/Christopher_Tye

Deretter var det Orlando Gibbons (1583 til 1625) sitt Nunc dimittis frå Second Evening Service med koret i Winchester Cathedral, dirigent David Hill. http://en.wikipedia.org/wiki/Orlando_Gibbons

Det tredje stykket var og eit korverk, denne gongen av Felix Mendelssohn (1809 til 1847) med Thomaskoret i Leipzig: Herr, nun lasst du deinen Diener in Frieden fahren. Dirigent var Thomaskantor Georg Christoph Biller. http://no.wikipedia.org/wiki/Felix_Mendelssohn

Då spurde eg om han ikkje hadde tenkt å kome med orgelmusikk i Postludium i kveld. Han kunne trøyste meg med at han ville slutte programmet med orgelmusikk. Og så kom to stykke basert på høgtidsverset sin melodi: Av høyheten opprunnet er, eit svensk og eit dansk stykke:

Gustav Adolf Hägg (1867 -1925): Vär hälsad, sköna morgonstund. Festpreludium. Organist var Per Thunarf på orgelet i St. Klara kyrka i Stockholm. http://sv.wikipedia.org/wiki/Klara_kyrka Her er pg bilete av kyrkja og orgelet.
http://sv.wikipedia.org/wiki/Gustaf_H%C3%A4gg

Johannes Nørgård, fødd 1916: Af højheden oprunden er – frå samlinga Periokope, orgelkoraler til kirkeåret. Domorganist Niels Henrik Nielsen spela på orgelt i Vor Frue kirke i København. Stor kveld med variert kor og orgelmusikk i Postludium

Program for 8. januar 2008

Ansvarleg: Harald Haugland

Program:
18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Frå Hellbillies til Olav H. Hauge og litt til
19:50 Juletonar
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Nokon av dykk stussar vel når de finn på bloggen at eg skal ha eit program eg har kalla **Frå Hellbillies til Olav H. Hauge og litt til**

Bakgrunnen er ein interessant artikkel av Sveinung Nordstoga i Norsk Litterær Årbok, som eg lånte på biblioteket sist veke. Han har kalla den for Mål dagen og skriv eit dikt. Tekstmøte mellom Hellbillies og Olav H. Hauge. Dermed tenkte eg at eg ville formidle noko frå den artikkelen. Eg kjem til å spele songen **Ei krasafaren steinbu**, som Sveinung Nordstoga meiner er ein song om livsvandringa. I samband med det har han sett opp diktet **På høgdi** av Olav H. Hauge, og då er det naturleg å ta med det og.

Det er ikkje vanskeleg å finne dikt om livsvandringa, og eg vil ta med eit par til i programemt.

Her er ein artikkel eg skreiv på wikipedia i dag om plata Pela stein av Hellbillies.
http://no.wikipedia.org/wiki/Pela_stein

Og her er det eg skreiv om Sveinung Nordstoga i går: http://no.wikipedia.org/wiki/Sveinung_Nordstoga

Nytt år – gamle muligheter

Eg las med interesse denne artikkelen i Dagbladet laurdag 5. januar 2008 og kjende meg att i nokre av dei problema Knut Nærum tek opp. No har han bestemt at han ikkje skal kjøpe bøker i år, det er eit nyårsløfte nokon kvar kunne trengje å gje. Einaste unntaket er at han kan gje bøker som gåve, han kan få bokgåver, og han kan låne bøker.

Grunnen til det er at han skal lese dei bøkene han alt har, som han ikkje har fått lese, fortel Knut Nærum og skildrar levande situasjonen på nattbordet. Der er det ein stabel på 43 cm, på golvet er det to, ein på 25 m og ein på 15 cm. Han kan verte teken av eit bokskred, fortel han og legg til at dei etterlatne i så fall ikkje kan vite om han døydde lukkeleg, men at han hadde kulturelle ambisjonar.

Grunnen til at han skriv om det i avisa, er at det er eit vanskeleg nyårsløfte. Han vonar at det skal vere lettare å gjennomføre det når alle har lese om det, for når han står i bokhandelen og kjenner på ei ny bok han gjerne ville skaffe seg, vil folk sjå han og seie at no klarte han det ikkje lenger. Då må han seie at det skal vere ei gåve, eller så må han stå mot freistinga og legge boka bort, kanskje etter å ha kjent lukta av trykksverte frå sidene.

Eg har ikkje funne kåseriet på nettet, men wikipedia har ein artikkel om Knut Nærum her på nynorsk wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Knut_N%C3%A6rum Om du går til den på bokmål, finn du at den er litt større.

Eg trur ikkje eg klarar å gje eit slikt løfte. Men talet på bøker eg kjøper er mindre enn før, og det bør truleg reduserast endå meir. Når no Valle Folkebibliotek har fått ei så god og rask ordning for fjernlån frå nyår, slik biblioteksjef Lisbeth Dalquist Homme fortalde om i sendinga fredag, så kan ein jo låne det stoffet ein treng der. Og så er det eit lurt råd å lese noko av det ein har i bokhylla frå før. Det har eg teke med meg.

200.000 sidevisningar

I dag passerte vi 200.000 sidevisningar. I løpet av dagen har det vore 178 personar inne på bloggen. Dei har sett på 2706 sider, noko som gjorde at vi passerte 200.000 i løpet av dagen. No står teljaren på 200.900 sidevisningar.

Eg veit ikkje kven det er som les bloggen. Det er bare 23 som har abonnert på han, det vil seie at dei får epost i e-postkassen sin når eg skriv eit innlegg. Andre vil kome til bloggen fordi dei finn noko eg har skrive om på google eller ein annan søkemotor.

Eg prata litt med Helge Homme i dag om dette, og då meinte han at eg burde minne om at det er høve til å abonnere på bloggen som e-post. Då får du ei triveleg melding frå meg mest kvar dag. For eg prøver å skrive minst eitt innlegg kvar dag.

Takk for tilbakemeldingar og gode ord. Det gjer det meiningsfylt å skrive.

I sendinga i går sa eg at gevinstane frå open sending skulle eg ta med til Evje i dag då eg drog nedover. Men eg droppa turen i dag, når politiet oppmodar folk om å vere heime, treng ein jo ikkje trasse seg fram. Så de får vente på premiane til veret betrar seg.

Opi sending 4. januar 2008

Om lag 100 innringarar var på tråden i sendinga denne kvelden. Rebusane var henta frå Setesdølen og frå songartistar som har gjeve ut joleplate. Desse fekk premiane:

Valle Radio-krus, trekt mellom alle som ringte inn: **Jorunn Lund Harstad, Valle**
**Fem i studio:**
Valle Radio-sekk: **Ann Kristin Lislevand, Lislevand**
Lampe – gåve frå Gyro K. Homme: **Liv Alstad, Evje**
Oljehyre: **Åslaug Lidi, Longerak**
Drill: **Ånund Lund, Valle**
Valle Radio-refleksvest og feiekost: **Jon Ødeskaug, Valle**, namnet hans vart ikkje lese opp, då premien låg bak ein annan.

Desse kom inn i studio og hadde rette løysingar og ein prat:
Johnny Hansen, Fjellestad
Anne Nordli, Byglandsfjord
Ingvar Østerhus, Evje

Tarald Nomeland

To kveldar måtte til for å lese minneoppgåva Tarald Nomeland skreiv i 1981. Den er trykt i Agder Historielags årsskrift nr. 62 – 1986 og fyller 14 sider der. Det var Torleif B. Harstad som las, og det har vore ei glede å høyre på. Fleire av dei som ringte inn i kveld, kommenterte dette positivt, så ei slik oppgåve er ein rikdom å ha offentleg.

Truleg ligg det ein del skrivne tekstar rundt om med minne frå livet til forfattarane. Men det vert verande i skrivebordsskuffene. Det er dumt. Har du noko, kan det vere lurt å prøve å publisere det, anten det er i bok eller hefte eller i eit program på radioen.

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.