20. og 21. mai 2008

**Tysdag 20. mai**

Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Gospelkveld
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland har musikk til høgtidsdagane i mai
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 21. mai**
Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Harald Haugland
Telefonvakt: Anna Rysstad og Bjørg Ragnhild Trydal Jansen
Open sending: Jorunn Lund Harstad

Ved ein feil kom ikkje onsdagsprogrammet i avisa. Men her er medarbeidarane, så legg eg ut programmet seinare.

Sportsfiske

Etter at eg hadde Ronny Stavsholt med meg i Valle Radio onsdagskvelden, har det surra litt bak i hovudet mitt at eg skulle skrive noko om sportsfiske her på bloggen.

Ronny fortalde at han var dommar i konkurransar i casting, som er ein sport der flugefiske har gått på land. Fram til 1970 heldt International Casting Sport Federation (ICSF) konkurransar i dette i vatn, men så flytta dei på land, og no er dei på land når dei konkurrerer. Her er heimesida til det ICSF: http://www.castingsport-icsf.com/

Det er som regel lettare å lese på norsk, men wikipedia har ikkje nokon artikkel på norsk om casting enno, men det er artikkel om flugefiske, og det kan vere ein god start på å finne ut kva som står i leksikonet om dette: http://no.wikipedia.org/wiki/Fluefiske

Om du då går til andre språk, finn du mange gode artiklar om temaet. Om du går nederst i artikkelen, finn du kategorien Sportsfiske, og den har 17 artiklar. Den har og lenke til bekkefiske og meitefiske. Men det er mykje som manglar i kategorien, så det kan nok tenkjast at det kjem nye artiklar der og i 2008.

Ronny fortalde og at han kvar sommar drog til Finnmark for å fiske. Om du nyttar denne lenka, kjem du til Iesjávri, som er vatnet han har lagt sin elsk på: http://no.wikipedia.org/wiki/Ie%C5%A1j%C3%A1vri Der finn du geografiske koordinatar, og når du trykkjer på den lenka, kjem det opp ei side der du kan velje ulike kart for å sjå kor vatnet ligg. Om du då vel google, får du opp kart og kan få mange ulike løysingar, mellom anna zoome inn og ut for å orientere kartet i høve til andre stader i Finnmark. Det er og eit val der du kan få opp alle artiklane i wikipedia om området, då gjeld det wikipedia på engelsk, og av dei to millionar artiklar wikipedia på engelsk har, er det ganske mange frå Finnmark, og artikkelen om Iesjávri er større enn den norske.

Inn til vidare kan den fiskeinteresserte lære flugefiske av Ronny kvar mandag kveld i Valle. VAFA står for opplegget, og om ein ikkje har stang sjølv, kan ein låne. Det skjer utanfor Valle Motell, men snart skal dei i elva og prøve seg.

Elg både her og der

I dag då eg drog oppover frå Mandal, var Reidun med meg, og dermed valde vi ein annan veg enn den raskaste. Det er jo litt triveleg å køyre på tur ein sundag og. Veret var fint, men vi var ikkje meir enn så vidt starta på vegen opp Mandalen, så tok det til å skvette litt. Det vart ikkje noko særleg av det, så i staden for å køyre på asfalt, tok vi i Marnardal av på grusveg til Finsådal og til vidare Lauvslandsmoen i Finsland. Dette er ei strekning som ofte vert nytta til Rally Sørland, men denne gongen gjekk det i bedageleg gamalmannstempo opp bakkane og bort slettene, gjennom svingar og langs bekker. Jordene stod grøne og frodige på dei lange moane.

Etter ein kort etappe på asfalt til Brandsvoll, tok vi turen over Hønemyr på grus. Og vi var ikkje kome langt på den nye asfalten før vi atter svinga av og tok over Steinsland, noko som vel førte oss opp mot det høgaste av Indre Agder i dette området, det var langt til toppar som låg høgare, slik opplevde vi det i alle fall.

Plutseleg, i ein sving, seier Reidun: -Ein elg! På jordet ved sida av vegen stod ein stor elg og såg på oss. Etter kvart har det blitt så sjeldan å sjå elg på Eskeland at vi stoppa litt midt i bakken og studerte det store dyret. Det heldt på å få sommarpels, så det var helst spettete. Eg trur det studerte oss, eller rettare sagt, bilen vår, like mykje. Det var vi som gav oss. Då vi drog vidare etter nokre minutt, stod elgen framleis der, rund og stor, aleine på jordet.

Ei naturoppleving på ein sundagstur.

Etter kvart kom vi ned til Riksveg 9 på Hægeland og tok neste etappe til Evje. I påskelotteriet til Valle Radio vann eg middag for to personar på Pernille kafé på Evje, og vi hadde planlagt å bruke den premien i dag. Utanfor Pernille stod Unni og Gunnar Hillestad og studerte menyen, og så fekk vi selskap ved bordet, noko som var svært så triveleg.

Då måltidet var over, var vi mette og gode. Dermed var det tid for å lette litt på trykket. Då møtte eg elgen att. På den eine døra stod det Okse, på den andre stod det Kyr, begge var pryda med teikning av elg.

Då smilte eg.

Solblom

I følgje Fædrelandsvennen fekk ordførar Bjørgulv S. Lund sist veke brev frå miljøvernminister Erik Solheim om å ta vare på solblom, ein plante som vi har i Valle, men som er trua. Det var eit interessant oppslag om saka i Fædrelandsvennen, Oppslaget dekka alle kommunane på Agder, og Bygland sitt oppdrag var bleka, Evje og Hornnes kommune fekk Grannjamne, Iveland orkideen smalmarihand, mens Bykle fekk i oppdrag å gjere noko for kvitkurle.

Kva ein skal gjere, sa artikkelen ikkje noko om. Det kan du finne ut meir om her:http://www.dirnat.no/kommunearter Direktoratet for naturforvaltning står bak aksjonen og har laga **Tips til hva kommunene kan gjøre** og fleire andre sider med informasjon.

Her er lenke til Solblom-artikkelen på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Solblom
Her er lenke til Solblomartikkelen hos Rolv Hjelmstads planteleksikon: http://www.rolv.no/urtemedisin/medisinplanter/arni_mon.htm

Eit søk på internett kan gje mange fine bilete og meir informasjon.

Før 17. mai

Kveldens sending var prega av 17. mai.I den aktuelle timen var Annette Bjørgum Berg innom. Ho leiar 17. mai komiteen for både Valle og Hylestad. Komiteen er foreldrene til elevar i 9. klasse, men dei har hatt det travelt, for dei har hatt konfirmasjon og i denne tida.

Det er klart at det ikkje vert korpsmusikk i år, for korpset er nedlagt, ikkje alle har levert inn utstyret sitt, dei kan gjere det ved å vende seg til Jorunn Tveiten på Velkomstsenteret.

I Valle vert det musikk, trekkspel med Kjetil Rike fyrst, sidan trommer frå eit band på tur til Kultursenteret, der dei vert møtte av leikarringen. Så går det slag i slag med tale og underhaldning. I Valle talar varaordførar Sigbjørg Næss, på Rysstad er det Pål Dale som skal i elden. Ved bautaen i Valle er det Torleif B. Harstad, på Rysstad talar ordførar Bjørgulv S. Lund.

Program for veke 20

**Tysdag 13. mai**

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Dameklubben. Tema: Vår
20:30 Postludium. Iman de Zwarte spelar på orgela i Strandvik og Fusa
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 14. mai**
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Knut Olav Tveiten
Telefonvakt: Ingunn Uppstad

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer ved Velkomstsenteret
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20:00 Haralds time med gjester i studio
21:00 Open sending

Ingvar Nes sluttar i Valle

**Frå Setesdølen fredag 9. mai:**

Ingvar Nes, som har vore tilsett i Valle kommune i 11 år, har sagt opp stilinga si som driftssjef. Frå hausten av er han å finne på Sola i Rogaland, der han skal ta til som seksjonssjef fellestenester i NAV helseteneste vest.
-Det verste vert å reise frå arbeidet og kollegaer. Eg har hatt det veldig bra i Valle. Hovudårsaka til at eg flyttar på meg er at eg kjenner behovet for å kome nærare familien eg har i Rogaland, og så er det kan hende på tide å flytte på seg og finne nye utfordringar etter så mange år i same stilling, seier Ingvar, som opphavleg er frå Sogn og Fjordane. Ingvar Nes tok til som skulesjef i Valle i 1997. Frå 2004-2005 var han vikarierande rådmann, før han vart drifssjef i 2005.

Ingvar har vore ein god samarbeidspartnar for oss i Valle Radio. Han har kome fast til programma **Kommunen informerer** og han har stilt opp når vi har hatt andre saker der han hadde ekstra informasjon. Det vert eit sakn etter han, men vi ynskjer han lukke til i ny jobb på Sola.

God pinse

50 dagar etter påske kjem pinse. http://no.wikipedia.org/wiki/Pinse Men det er ikkje like lett å få tak på den høgtida som på jul og påske, sa sokneprest Per Ragnar Haraldstad i Mandal kirke i dag. http://no.wikipedia.org/wiki/Mandal_kirke

Han leia ei gudsteneste som hadde seks barn til dåpen og gjorde det til ei festgudsteneste både for familiane og kyrkjelyden. Med seg hadde han Mandal kantori, det var ein trompetist der, og så var det tre hyggelege kyrkjeassistentar som hjelpte med ulike oppgåver, mellom anna med å kome fram med dåpslyset etter kvart som borna vart døypte.

Med Mandal kantori til å leie songen var det lett å syngje i den store kyrkja, og dei hadde sett opp songar som minna meg om Danmark, mellom anna I al sin glans nu stråler solen, av Grundtvig. Vi song alle versa, det gjekk leikande lett.

Det vakre veret denne pinsedagen gjorde nok og sitt til at det gjekk lett å syngje.

Men tankane mine gjekk til kursveka eg hadde på Løgumkloster høyskole i Danmark for to år sidan. Du finn lenke til Høyskolen ved å bruke denne lenka: http://da.wikipedia.org/wiki/Løgumkloster Høyskolen samarbeider med Løgumkloster kirke, slik at vi kvar dag hadde morgensang og aftensang der. Ei eiga oppleving å møtast i et rom med god akustikk og synge salmer som start og som slutt på dagen. Eg unnar folk å oppleve det, og det skal vere nytt kurs der og i sommar.

Der song vi Grundtvigsongar med liv og glød. Du kan repetere frå kurset ved å bruke denne lenka: http://valleradio.blogs.no/?tag=nordisk-sang

Og vil du melde deg på til årets kurs, kan du gå til skulen si heimeside. Der finn du det du treng. Sjå
http://www.lkhojskole.dk/

Ei artig oppleving

I dag var eg ein tur på Eikås i Mandal for å kjøpe litt til helga. Då vart eg ståande i kassen bak ein kunde som skulle betale med kort, men som hadde fått mannen sitt kort, og det kunne ho ikkje pinkoden til. Medan ho var inne og handla, hadde eit barn slått seg vrang, så han tok barnet med i bilen på ein kjøretur, så då ho sprang ut på leiting etter mannen, såg ho bare baklyktene på bilen. Og køen vaks seg lenger bak henne.

Eg var førstemann, så eg sa at eg kunne betale for henne, det var snakk om vel hundre kroner, så det kunne eg stå i. Men det var ikkje lett, ho som sat i kassen, visste ikkje heilt korleis ho skulle reagere, og det visste ikkje kunden heller.

Til slutt gjekk ho med på det, vi skulle treffast utanfor, då måtte vel mannen vere komen tilbake.

Då eg kom ut, stod ho der, men mannen var ikkje komen tilbake. Ho hadde funne ein femtilapp, men eg sa at eg gjerne ville gje henne dette som pinsegåve, og så ønskte eg henne god pinse. Medan eg sit og skriv dette, sit eg og smiler for meg sjølv.

Tenk at det bare skulle vel hundre kroner til for å få ei oppleving som gav meg grunn til å smile heile kvelden. Då eg kom heim, fortalde eg det til kona mi, og ho smilte og. Det betyr at smilet vårt var ganske så billeg, eigentleg. I tillegg fekk eg nydelege baguettar som vi hadde til kveldsmat, og så sat vi og prata saman om ei triveleg oppleving ein nydeleg dag.

Eg vonar at også ho og familien kunne glede seg over det som hende. I så fall spreidde det seg ringar i vatnet. Om du fekk dra på smilebandet, gjekk ringane endå lenger.

God pinse!

Skal barnehagen i Iveland tilsetje besteforeldre?

Det var nok meir enn ein som lurte då dei las i dagens Setesdøl om dei 27 søkjarane til ledige stillingar i barnehage og SFO i Iveland. For alderen på søkjarane var svært uvanleg:

1. Eva Thomassen frå Iveland, (68)
2. Alfred Fjermeros frå Iveland (77)
3. Runhild Skarpengland frå Iveland (86)
4. Rebekka Aasheim frå Vennesla (84)
5. Grethe N. Ingebretsen frå Øvrebø (85)
6. Anne Østrem frå Evje (67)
7. Ingvild Engesland frå Vatnestrøm (82)
8. Lill Kristin Øyslebø frå Øyslebø (21)

Og slik heldt det fram med ei lang liste.

Det har etter kvart utvikla seg ein skrivepraksis der alder på ein person vert sett i parentes i aviser. Difor var det heilt naturleg å lese at Eli Thomassen var 68 år gamal og Alfred Fjermeros 77 år gamal. Noko så uvanleg kunne nok trengje ein kommentar på bloggen, sjølv om eg til vanleg helst kommenterar med utgangspunkt i Valle Radio, ikkje i Setesdølen.

Eit søk på heimesida til Iveland kommune sende meg til denne lista: OFF. SØKERLISTE: STILLINGER I BARNEHAGENE, IVELAND SKOLE SFO. http://dns.nettkroken.com/index.php?m=fil&m_action=vis&f_id=1163

Den syner at det er litt ulikt oppsett i lista: Nokre vert lista med alder, andre med fødselsår. Alfred Fjermeros er altså fødd i 1977, ikkje 77 år gamal. Lill Kristin Øyslebø er 21 år gamal, ikkje fødd i 1921. Truleg var det nokre av Setesdølens lesarar, til dømes Anne Østrem på Evje, som fekk seg eit lite sjokk då dei såg seg sjølve omtala på denne måten.

Og barnehagen på Iveland skal ikkje tilsetje besteforeldre, men heilt vanlege assistentar til å arbeide med unge ivelendingar, som det jo vert fleire og fleire av.

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.