Frigjering

I dag var det 75 år sidan frigjeringa i 1945. Det har vore markert både i radio og på fjernsyn, men også på Setesdalswiki. Eg fekk lov å leggje ut eit avsnitt frå Kultursoga av Leonhard Jansen og Alfred Ryningan som Leonhard hadde delt på Facebook. Eit par bilete gjorde susen, så vi kunne sjå at det var mykje folk samla.

Onsdagskvelden hadde Siri ein prat med Jørn Buø om frigjeringa av Setesdal i Valle Radio og om fred og fridom generelt. Eg skreiv litt om det på bloggen tidlegare og då fekk eg respons frå han, så i samarbeid laga vi i dag ein artikkel om han på Setesdalswiki, det vil seie, eg fekk cv og informasjon og så sjekka vi artikkelen saman før den vart publisert på Setesdalswiki.

Sjølv om det ikkje har vore så stor produksjon i dag i tal på nye artiklar, vart det likevel ein solid tilvekst til stofffet ein kan finne på Setesdalswiki. Her er dei siste nye artiklane:

Skoleprat

I går kveld hadde Siri Johannessen fått med seg den nye rektoren på KVS Bygland til ein liten prat om skolen.  Han begynte 1. november 2019, så han har bare ein knapt halvår bak seg, men har fått merke utfordringar i fleng. I år var det 59 elevar på kursa, no er det 21 etter at dei fekk lov å få elevar på yrkesfaglege linjer tilbake.

Til neste år har 61 takka ja til no, dei har kurs på VG1 Byggfag og naturbruk, VG 2 med tømring og lafting eller hest og skogbruk og VG3 med påbygg naturbruk. Men i desse koronatider har det blitt mykje nettundervisning og ettersom eksamen er avlyst, blir det viktig å ha godt grunnlag for å setje standpunktkarakter.

Til sommaren håpar dei å få til Bibel- og naturcamp som dei har hatt kvart år, men det kjem an på kva kommuneoverlegen seier.

Så hadde Siri Johannessen ein prat med styreleiar Olav K. Hovet i Setesdal folkehøgskule på Nomeland. No er det roleg rundt skulen, for 12. mars måtte dei stenge som alle andre. Då var ei gruppe på veg til Spania, dei måtte gjere vendereis i Tyskland- Det er bare linja for esport som kan drive normalt, der er jo aktiviteten digital. Klatring kan bare ha teori i desse fjernundervisningstider og lærarane har heimekontor.

Folkehøgskolerådet har vore gode å ha når det gjeld formelle ting, elevane skal jo ha tilbake pengar for kost og losji når dei ikkje er på internatet. Søkinga til neste år stoppa opp då samfunnet elles stoppa opp, men skulen satsar på normal drift frå hausten att med motorlinje med gruppe for motocross, enduro og trial, esport, klatring og paragliding. Neste år blir det fokemusikk, men det er eit problem at skulen har for lite jenter som elevar.

Han meinte også at UNESCO.statusen på spel og dans kom til å bety mykje etter kvart for folkehøgskulen.

Frigjering, krig og fred

Då eg sat og høyrde på Jørn Buø i samtalen med Siri Johannessen i Valle Radio i kveld, tenkte eg at her var det mykje interessant stoff, Besteforeldra hans var kaptein Olav O. Nomeland sr. og Inger K. Nomeland, fødd Rysstad (1896), så han var godt kjent i Hylestad sjølv om han vaks opp i Bærum og fekk ei militær karriere innan etterretning og med mange års teneste i andre land.

Temaet var frigjering, og det var godfar hans som overtok Evjemoen etter den tyske okkupasjonen. Han hadde kommandoen der til oktober, for det var mange tyskarar som skulle sendast tilbake til Tyskland og Evjemoen var sentral samlingsplass for dette. Men det var viktig at dette vart gjort på ein verdig og fin måte, ikkje med tankar om hemn.

Samtalen kom og inn på motstanden mot okkupasjonen i Setesdal og dei mange som hamna både på Arkivet, på Grini eller i konsentrasjonsleir i Tyskland. Namna vart nemnde på dei som døydde under desse tiløva og at deira eksempel ikkje må bli gløymt. Morbror var Olav O Nomeland f 1919 gift med Birgit T Harstad f 1923. Han var i Milorg satt på Arkivet, Grini, Natzweiler og Dachau.

I samtalen kom dei også inn på at denne koronatida er vanskeleg, for sjølv om ein kan møtast digitalt, er det ikkje det same som fysiske møter. På mange måtar er også denne tida ei krisetid. Vi må lære av historia og ikkje gløyme at det livet vi lever i dag byggjer på innsatsen frå dei som gjekk før oss.

Ein levande samtale er ikkje alltid så lett å referere, han fylgjer ikkje den stramme disposisjonen som ein gjerne likar å ha når ein skal lage eit referat. Men den levande samtalen har ein eigen nerve og kan vere god radio og interessant å høyre på, og det var kveldens samtale i høg grad, aktuell, perspektivrik og levande.

(retta etter å ha fått kommentar frå Jørn Buø 7. mai 2020)

Hagearbeid

-Å arbeide i hagen gjev fred i sjela og vondt i ryggen.

Det var Aase Holen som sa dette i kveldens sending i Valle radio. Ho og Lisbeh Dalquist Homme hadde ein samtale med Siri Johannessen i samband med at Valle jordbruksklubb nyleg feira 90-årsjubileum på Oveinang grendehus. Det var eit stykke i Setesdølen om saka for ei veke sidan.

Dei to godt vaksne damene snakka ikkje bare om prydhage, som det heiter i sangen: Men ville du ikkje i prydhagen stå, der folk kunne skoda på deg. Nei, rett nok var dei samde om at Aase sin hage har vore ein prydhage. Men no har ho lagt meir og meir over til plen og har ein robotklyppar som steller den. Men ein blomehage er viktig for biene, og Aase hadde ein nabo som dreiv med bier, så blomar måtte ho ha i hagen, det vart gjerne litt honning på henne også.

Men dei snakka om gulrøtter, løk, både purreløk og kepaløk. Jordskokk kunne ein lage suppe av saman med brennesle og andre vekster tidleg om våren. Det var Lisbeth som var inne på det.

I Valle jordbruksklubb har dei for lenge sidan slutta med kunstgjødsel, det er hevd frå ku, hest og høns som gjeld. Hagen på Hovet hadde vldig mykje leirjord, så det har vore ein lang jobb å få god matsjord der. I Homme var nok det lettare.

Klubben pyntar til hausttakkefesten i kyrkja. Og så har dei Jon Ødeskaug som dommar. Han har vore det i 46 år og dei ville gjerne ha han med vidare. Og så ville dei ha med nye medlemmer, også dei som ikkje ville ha nokon dommar i hagen sin. Å vere med i Valle jordbruksklubb er ikkje så sterk binding, meinte dei. Klubben har bare eitt møte i året, det er møtet der dei får resultata og premiane. Men så kom dei på at dei også har ei hagevandring til medlemmene sine hagar, kanskje for å få idear, kanskje for å bare glede seg over å vere saman om hagegleda si.

Eg er for lite hagekyndig til at eg fekk med meg namna på alle plantene som dei snakka om, men hagegleda, den kunne ein godt merke i programmet.

Kva som elles var å høyre i kveldens program i Valle Radio kan du sjå eit oversyn over på Setesdaslwiki si side om programmet. 

Frigjeringsdag markerast

Frigjeringsdagen 8. mai blir markert i Valle radio ved at Siri Johannessen har ein samtale med Jørn Buø om frigjeringa i Setesdal. Det er onsdagskvelden i den aktuelle timen som startar klokka 20.

I mogon kveld blir det eit møte med eldsjelene i Valle jordbruksklubb. Klubben har halde på i 90 år og er truleg ein av dei eldste som framleis er aktiv.

Her er programmet for veka:

Tirsdag 5. mai
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med kåseri
18.15 Andakt med Svein Anton Hansen fra Norea
18.30 Sangtimen

19.30 Aktuell time med Valle Jordbruksklubb med Lisbeth Dalquist Homme og Aase Holen, og Åpne dører

20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 6. mai
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
19.00 Tankar frå bibelen med Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer med Sondre Rua Dokken

20.00 Aktuell time med bl.a. Jørn Buø om frigjøringen av Setesdal i 1945

21.00 Ronnys blå time

Torsdag 7. mai 
10 – 12 Sangstund med Anna Slaby Driel og Siri Johannessen
13 – 14 Valle barnekor inviterer til øving med Anna Slaby Driel

NETTRADIO via  https://valleradio.com/

Rikt dyreliv

Vi bur på landet like utanfor Mandal og byen kjem nærare og nærare. Noko av jorda som svigerfar brukte, er blitt søppelplass for regionen, og utmark er blitt industriområde. Der det før var elg i tunet, kan ein knapt sjå spor no om dagen. Rådyr er det imidlertid nok av, dei er raske til å finne godbitar i hagen. Og i Furulunden i Mandal er dei jo tallrike.

Men om natta søv vi, og veit ikkje kva som skjer. Men til jul fekk reidun eit viltkamera, så når vi ser kva det fangar inn om natta, skjønar vi at det er litt liv likevel.

 

Stev også

I går heldt eg det ope kva vi skulle ha i datoartiklane framover når det ikkje er hendingar å skriv om. Det vart stev, og der er det nok å ta av. Men eg trur ikkje eg kjem til å legge dei ut på Setesdalswiki si facebookside, du får heller fylgje med på Framsida, der dei jo vil kome etter kvart.

Men i dag har det vore ein produktiv dag på Setesdalswiki. Det kom 10 nye artiklar i dag. Eg held på å skrive om dei som var talarar på Internatmøtene i Valle, og det er jo talarar som eg høyrde om frå eg var heilt ung. Mange var lærarar på Indremisjonsselskapet sin bibelskole i Oslo. Det er ikkje like lett å finne informasjon om dei på Internett, men i kveld fann Reidun Indremisjonsselskapets historie, så eg vil nok finne noko der.

Eg snakka med søster mi, Jorunn i Lyngdal før eg hadde funne bøkene. Medan mine var forviste til ei mørk krå på loftet, hadde dei bøkene i bokhylla i stova og ho skulle ein tur til Kristiansand i neste veke og ville ta dei med.

Då kom vi til å snakke om desse grand old men og plutseleg kom vi begge på at far brukte å herme noko som blei sagt om dyra på Tomb jordbruksskole, som Indremisjonsselskapet også var eigar av.

Kua seier Møøøøberg

Grisen seier Wisnøfff

Sauen seier Mææævik

Hanen seier Kykeli Hallesby

Vi lo godt saman ved minnet om den soga.

I arbeidet med artikkelen om Håkon E. Andersen, som var talar på Internatmøtet i 1955, kom vi til å minnast at han var i Tromsø i 1969 då Troms Indremisjon hadde kretsårsmøte der. Dermed vart eit gamalt bilete frå femti år sidan av Reidun og generalsekretæren leita fram og brukt i artikkelen om han. Den gongen var vi forlova, eg hadde vore ungdomssekretær i Troms indremisjon eit år og skulle begynne på lærarskulen om hausten. Biletet er teke utanfor Tromsø domkirke.

Reidun Eskeland og Håkon E Andersen i Tromsø 1969.jpg

Staute setesdølar og meir til

I dag var vi ferdige med prosjektet om Staute setesdølar. Vi presenterte 30 setesdølar på framsida og på Facebooksida til Setesdalswiki. Dette skulle vere eit aktivitetstiltak i desse koronatidene når det ikkje er vanlege hendingar å melde om, som arrangement av ulikt slag.

Om det var dette som gjorde at april vart ein spesielt god månad med over 38300 besøk, er ikkje godt å seie. Gjennomsnittleg hadde vi 1276 besøk kvar dag i april, og det er langt over det vi tidlegare har hatt i besøk.

No går vi inn i ein ny månad, framleis utan hendingar i særleg grad, så det spørs om vi kan halde oppe like gode besøkstal i mai som i april. Det blir spennande å sjå.

Onsdagskvelden hadde eg ein prat med Jorunn og Kåre då eg ringa inn på rebusar i Valle radio og då kom vi til å snakke litt om Setesdalswii. Kåre hadde funne mykje interessant stoff og fylgde med på utvilinga, verka det som, og det var jo ei hyggeleg tilbakemelding å få. Respons, ville nok Linda Eide ha sagt.

I dag tenkte eg at eg ville skrive inn Sverre Lund si liste over Internatmøtene i Valle. Det er over 30 år sidan dei slutta, eg var ikkje komen til Valle då, men hans hefte om Valle indremisjon 100 år har med mykje lokalhistorisk stoff. Det var i grunnen litt interessant å skrive inn dei mange gjestetalarane som var i Valle i desse 43 åra, for det var mange av leiarane i Indremisjonsselskapet både i gammal og nyare tid. Mange av desse er heller ikkje omtalt på andre nettstader, så eg må grave både i bøker og på Internett for å få litt stoff til ein artikkel.

Det ser ikkje ut til at ein skal gå tom for noko å skrive om. Men då eg utfordra Kåre og Jorunn til å bli med i skrivinga, var dei ikkje særleg lystne på det, og det ser ikkje ut til at vi blir så mange i denne lokalhistoriske dugnaden. Med nye dagar kjem mye høve til å skrive.

Vi burde nok finne eit prosjekt å legge ut på Facebook også i mai, vi får sjå kva det blir. I morgon ….

Innspurt

Når april no er omme, var målet å runde eit nytt tusental på Setesdalswiki. I skrivande stund manglar det ein artikkel, men den vil kome så fort eg er ferdig med bloggen, om då ikkje Geir har noko på lur som han legg inn medan eg no skriv.

I grunnen starta det med at eg skreiv om orgel i Valle og Hylestad. Stein Johannes Kolnes var konsulent for orgelet i Hylestad og Fjellgardane kyrkje, så då vart det artikkel om han og om ei av bøkene han laga som orgelforskar. Kyrkja vart vigsla av Johannes Smidt, så fekk vi ein artikkel om han også saman med to små artiklar om kyrkjegarden og arkitekten. Mellom alt dette laga Geir ei rekke artiklar frå turar han har hatt i Vegusdal-området, der han har merka seg namn og informasjon på skilta turløyper.

Så dermed runda vi 92.000 artiklar i kveld, for medan eg skreiv dette, kom den artikkelen inn. Han har fylgt den gamle Futevegen og skrive om bruer og andre ting der. Så no går vi inn i ein ny månad etter å ha brukt tre veker på dei sist hundre artiklane. Om vi held det tempoet, burde vi runde 93.000 før året er omme.

Her er artiklane frå i går og i dag:

 

Forsiktig opning

Vi opnar forsiktig, sa Steinar Kyrvestad i Kommunen informerer-halvtimen i Valle Radio i kveld.

Ein brukar to veker mellom kvar større opning, slik at ein kan sjå korleis det går og eventuelt vente om det viser seg å ikkje gå godt.

Men det er mange som lengtar etter normale tider att. Vi fekk høyre at han skulle ha time hos frisøren, men der var det over 80 på ventelista. Og i byggeforretninga i Valle var det tomt for maling, så der er visst mange som pussar opp no for tida.

I kommunen er det no sagt at det skal vere heimekontor ut mai, så det er jo ikkje så mange på kommunehuset. Men Bygdenytt kom i dag, og der var det informasjon om programmet til 17. mai.

Dette var også tema i samtalen Ørnulf Hasla hadde med Torunn Charlotte Nyberg. Der vart det snakka om biltog som skulle kjøre frå Rysstad til Homme og tilbake indre vegen slik at ein kunne stoppe nedanfor Valle bygdeheim. Og talen for dagen skulle vere på Valle Radio.

Før dette hadde han snakka med Roy Bakke i Visit Setesdal. Hotell og reiseliv har blødd denne våren, no vona dei å få litt av innanlandsmarknaden i sommar slik at når folk skulle på tur i Sør-Norge, kunne dei legge vegen om Setesdal. Marknadsføringa gjekk mest på det, etter det eg kunne skjøne.

I den aktuelle timen skulle han også hatt med seg mannen som skal organisere biltoget 17. mai, Jan Olaf Rysstad i Setesdal bilhistoriske forening, men han fekk dei ikkje tak i, så då vart timen avslutta med litt ekstra musikk.

I Opi sending var det Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike som var i studio, det var helst lenge sidan sist, men dei var i godt lag og la ut rebusar og ordgåter i kjent stil. Det er ikkje så mange som ringer inn, så eg kom gjennom to gonger, og for det fekk eg eit flaxlodd, Gyro Kopprud og Kjellaug Rysstad fekk gåvekort på Coop og Joker.

Og så var sendinga slutt.

 

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.