Vårleg

Medan eg ser på TV at det snør når dei går på ski i VM i Granåsen i Trondheim, kan eg sjå ut vinduet der det er vårleg og tørr veg. Norge er eit langt land, så det blir ulike tilhøve. I vest høljar det ned frå det meterologane kallar ei atmosfærisk elv, dei får ein månads nedbør på tre dagar.

I Valle Radio fekk eg i kveld vite at det er tid for Sørlandets Litteraturpris og at fristen for å stemme er 15. mars. Siri Johannessen snakka med leiaren for tevlinga og gjekk gjennom dei nominerte bøkene, både skjønnlitteratur og sakprosa. Kan hende eg skulle finne nettsida deira og stemme digitalt, sjølv om eg ikkje har lese bøkene. I kveld har eg avslutta lesing av boka Måneskinnshagen, ho som skreiv den er tysk, så den kunne ikkje vere med i Sørlandets Litteraturpris då den kom ut for nokre år sidan.

Eg fekk også høyre flott orgel- og kyrkjemusikk i Valle Radio i kveld. Særleg ein sonate av Johann Kuhnau, som levde på 1600-talet, var fin. Eg likar når ein kan finne ei melodilinje i musikk, og her var det pasjonssalma O hoved høyt forhånet som ein kunne høyre mellom dei mange forsiringane. Takk for eit fint program!

https://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagssending_i_Valle_Radio_20250304

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *