Kvar helg kjem eit vedlegg til avisa Dagen. Det heiter Korsets Seier og var tidlegare gitt ut av pinserørsla. Her kan journalistane i Dagen finne plass til større artiklar som ikkje høver så godt i papiravisa. I utgåva før jul hadde dei ein artikkel om ei kvinne som hadde samla 465 julekrybber. Då eg i romjula kom til å lese om henne, slo det meg at noko var kjent, og litt meir gransking synte at det var kona til misjonær Asbjørn Haugen, som var i Bangladesh. Ettersom søster mi Solvor Rasmussen og mannen hennar, Gaute, også var i Bangladesh for Santalmisjoen, så var forbindelsen der.
I kveld vart det difor ein artikkel om Asbjørn på Setesdalswiki. Han var frå Halden og vart prest der då han kom heim frå misjonærtenesta. Eg skulle nok ha skrive om Aslaug også, men det får vente til i morgon, for eg er blitt så forkjølt at eg nok heller vil ha litt varm melk med honning, eg fekk honning i julegåve i år, og så vonar eg at eg søv krimsjuka av meg.