I morgon skriv vi 1. oktober og komande onsdag er det min tur til å ha sending i Valle Radio. Eg burde nok helst slutte med det, sjølv om teknikken gjer det mogleg og Setesdølen gir meg informasjon om ting som hender i Setesdal, er eg jo meir på avstand frå livet i dei indre bygdene når eg held til her i Mandal.
Men enn så lenge er eg med, i haust blir det tre sendingar på meg etter den oppsette planen, så eg får prøve å følgje med så godt eg kan. Kvart halvår lagar Ørnulf ei liste over kven som skal ha oppgåver i radioen og sender den ut til oss. I kveld fekk eg endeleg lagt den ut på Setesdalswiki, så no kan du gå inn der og sjå kven du skal kontakte om det er noko du vil ha med i radioen.
Berit Henriksen i Folkeakademiet er flink til å tipse oss om folk dei får på besøk. Ofte blir det då innslag i Valle Radio med dei. Publikum blir vonleg ikkje mindre med slik førehandsomtale. Til onsdag har eg fått med meg Gro Anita Homme, ho skal ha eit innslag i Kulturveka 2022, og då kan det vere interessant å snakke litt på førehand.
Elles blir det ofte at ein finn noko interessant i avisa og spinn vidare på det. Slik blir det nok for meg denne gongen også. Men det får vi kome tilbake til.