Ingen blogg i går

Vi har vore utan TV nokre dagar, det var Telenor som hadde problem, vi kunne endåtil få 100 kr. i kompensasjon om vi sende inn søknad. Men i går kom signala att og vi kunne sjå friidrett frå Zürich til seine kvelden. Og plutseleg var kvelden gått utan at eg hadde tenkt på bloggen, det kom eg ikkje på før eg var i senga, og då orka eg ikkje stå opp att for å skrive, sjølv om tanken streifa meg.

No har det dukka opp modne plommer på vårt plommetre også, og då Helge reiste til Sandøya i dag, tok han med eit par-tre kilo, så dei har nok kost seg i kveld, dei som likar plommer. Reidun har laga plommesyltetøy, så no er det lokk på kjøpesyltetøy enn så lenge.

Om eg hadde skrive blogg i går, hadde eg nok skrive om at vi hadde besøk av feiaren. Han var grundig og gjekk gjennom huset frå kjellar til loft og fann mangt og mykje som ikkje var heilt etter forskriftene slik dei no er. Vi skulle få brev om det som måtte fiksast på, forskriftene blir endra og så må heile bygningsmassen sjekkast og få pålegg om å utføre endringar. Det skapar aktivitet i lokalsamfunnet og arbeid til handverkarar av mange slag.

Eg får ta meg ei plomme på det.

Mange forhåndstemmer

I kveldens Kommunen informerer fortalde Gunn Marith Homme at 270 personar alt hadde forhåndsstemt i Valle. Det er om lag 30% av alle som kan stemme og er ganske høgt.

Ho fortalde også at elevar frå Valle skule vil vere observatørar til valet på valdagen. Folk kan forhåndsstemme til fredag denne veka, og dei som har problem med å kome til vallokalet, kan få besøk. Då kjem to personar frå kommunen heim til dei med urna, og så kan dei få lagt stemmeseddel i den, om eg skjøna det rett.

Eit anna tiltak som gjer arbeidet lettare er at det er elektronisk manntal, Dermed kan ein registrere stemmen direkte og sleppe manuell kontroll av om folk har stemt i Valle eller på Rysstad.

Elles kunne ho fortelje at Valle kommunehus no er ope att, så folk kan kome inn om det er noko dei treng. Dei har også fått att felles lunsj, og det er godt for trivsel i arbeidet.

I samtalen elles gjekk dei gjennom mange saker som er omtalt i Bygdenytt. På neste kommunestyremøte kan ein møtast fysisk med avstand, og så skal også elevar frå Valle skule vere der og sjå korleis eit slikt møte fungerer. Dei arbeider med tema Demokrati på skulen i denne tida.

I samtalen med Bjørn Erling Auestad fekk vi høyre om ein travel situasjon på Bykle hotell, han hadde fullt i helga då Normisjon hadde arrangement, har fullt i dag og komande helg. Og seinare i september skal Normisjon ha to helger til, Komande helg er det Bykledagen, den vil dei gjerne ha første helg i september kvart år. Då er det mange aktivitetar i Bykle, guida turar i Bykle gamle kyrkje, ope i Lislestog, overfløyming av dammen og alle aktivitetane er gratis.Det er Bykle næringslag som står for Bykledagen, leiar av dette laget er Tor Hallvard Mosdøl.

Resten av kvelden mista dei ei lyttar, for då fekk eg anna å gjere.

Weinen, Klagen, Sorgen, Sagen

I kveldens Postludium hadde Niklos K. Besteland bare eitt verk, det 18 minutt lange Weinen, Klagen, Sorgen, Sagen av Franz Liszt. Det er også for å minnast dei omkomne på Utøya for ti år sidan og i New York for 20 år sidan, sa han. Verket skreiv Liszt i 1863 etter at dottera Blandine var død. -Vi hadde verket med for 10 år sidan også, sa han, og eg sjekka på Setesdalswiki, og der kom det fram at det mest var på dagen ti år sidan, trur det var 8. september 2011.

Elles i kveldens program var det andakt ved Ragnar RIngvoll og sangtime ved Olav Lindstølen, i kveld musikk med Johnny Cash, Jim Reeves og Elvis Presley, bare engelsk. Så var det ein samtale mellom Harald Endresen og Alf Halvorsen om Troens menn, deretter med Jonas Skjærpe frå Nærbø, det var eit svært gammalt opptak, Skjærpe var fødd om lag 1880 og vart frelst om lag 1920 på eit møte med Johannes Daasvand. Til slutt var det Olaug Lillian Bjørke som fortalde frå arbeidet til Åpne Dører før altså Niklos kom i studio.

Siri har sending i morgon også, då startar ho klokka 19. Programmet ligg på Setesdalswiki.

Plommer

No er det plommetid, og trea bugnar. Vi har Opal, dei er litt seine, men du verden kor gode dei er når dei kjem. Då er det lett å ta for mange, og om ein fell i den fella, blir det mange turar på veslehuset.. Heldigvis har vi det inne i våre dagar, å springe over tunet til fjøset kunne sikkert røyne på den gongen ein hadde utedo.

Av plommer kan ein lage plommesyltetøy, men av dei første plommene i år laga Reidun plommegrøt. Å ete plommegrøt med fløtemelk og sukker på, det er nyting på høgt plan.

Brit lagar også plommesaft, trur eg. I alle fall er det nok av plommer i hagen hennar også.

Kan være et bilde av frukt og utendørs

 

Bibelskulefolk

Då vi var i Lyngdal fredagskvelden, kom vi til å snakke om kva far hadde gjort då han var ung. Han skreiv noko om det, men det han etterlet seg handla mest om barndommen. Jorunn hadde vore på Ålgård og tatt med seg heim gamle papir og bilder, og eitt av bilda var bildet frå då han gjekk på Bibelskolen i Oslo hausten 1936. Då var han 19 år gammal.

Der hadde han Mia Hallesby som lærar i søndagsskolearbeid, og sidan var han ein ivrig søndagsskolelærar nesten så lenge han levde.

Det var også bilder og namn på alle dei andre lærarane og elevane der. og litt til venstre på bildet fann vi bildet av far. Eg spurte svoger Ole Thorvald Moen om han ville skrive ned alle namna, og i dag fekk eg lista. No ligg ho på Setesdalswiki og smått om senn har eg som mål å skrive om dei folka han gjekk saman med. Kanskje vi på neste søskensamling kan vite meir om dei andre elevane også.

Røde lenker er jo ei oppfordring til å skrive, men dessvere er vi så få som skriv, at det går noko seint. Men om arbeidslysten trengjer seg gjennom motstanden i morgon, kan det kanskje bli nokre artiklar om bibelskulefolk etter kvart. Nokre av dei kan eg nok finne informasjon om i Indremisjonsselskapets historie, i alle fall lærarane, men kanskje også nokre av elevane.

Kom arbeidslyst

Eg skreiv for nokre dagar sidan at skrivinga mi helst skjer på kveldstid. Geir skriv meir om morgonen, og i dag starta han ganske tidleg med å skrive om bøkene til Oddbjørn Aardalen medan eg i kveldinga skreiv inn overskriftene i torsdagsavisa og litt til. Dermed har vi no nådd 19 artiklar på det nye hundretalet.

Eg hadde nok meir skrivekløe tidlegare, då kunne det bli mange nye artiklar og mange redigeringar, langt fleire enn det blir no for tida. Før eg starta Setesdalswiki og bare skreiv på Wikipedia, kunne eg på ein god dag ha 50 redigeringar.

Difor tenkjer eg av og til på strofa Kom arbeidslyst og treng deg inn, her skal du motstand finne. For slik kjennest det ofte, arbeidslysten møter motstand kvar einaste dag, anten i form av at eg skal lese noko eller at eg blar gjennom facebook og gløy,er tid og stad. I dag kom eit forslag om å lese artiklar som Med Israel For Fred – MIFF – har lagt ut, og eg vart sitjande med dei ei stund.

Men på måndag, då må vel arbeidslysten ha trengt seg inn….

Samling i Lyngdal

I dag hadde eg og dei tre søstrene mine sett kvarandre samling i Lyngdal hos Jorunn. Vi er så heldige at ektefellene våre lever, og dei var sjølvsagt med.

Eg hadde i grunnen tenkt at eg ville dra like etter formidddagsmat, men eg tok meg ein formiddagsstrekk, og den vart altfor lang. Då vi endeleg kom oss i bilen, var dei andre, som kom frå Rogaland, alt komne til Lyngdal.

Ein ting var å kome seg i bilen, men å kome ut på E39 frå Tregdeveien, det er jo alt anna enn lett. Trafikken er stor i begge retningar og det er langt mellom lukene. Då vi endeleg kunne svinge vestover, var det jo kø, så det var bare å legge seg bak og håpe at det ville gå godt. Det gjorde det også, og då vi kom fram, var det bare å gå rett til bords.

Ei nydelig kyllinggryte med ris var på menyen, og sanneleg var det også plommegrøt til dessert. Plommehausten har vore rikhaldig i år, Jorunn har laga plommesyltetøy i glass og krukker, etter det eg skjøna.

Samtalen gjekk glatt rundt bordet, det var mest som vi ikkje hadde tid til å flytte oss frå spisebord til lenestol. Reidun og nokre andre valde å sitje ute, men fleire av oss sette oss inne og fekk høyre Jorunn lese frå papir ho hadde funne på Ålgård der far fortalde om barneår og slekt og familie. Det var svært interessant og gav oss nokre aha-opplevingar. Med tid og stunder får vi nok kopi av papira, alle saman.

Men tida gjekk fort, og vi måtte jo få kaffi før vi reiste heim. Tre kaker på åtte personar, Eplekake, kringle med vaniljekrem og eplesyltetøy og nøttekake med gul krem på toppen, eg veit ikkje kva den heiter, suksessterte, kanskje, det smakte svært bra.

Før vi runda av, delte vi ein andakt far hadde skrive frå ei bok han fekk ut på Setesdalsforlaget. Boka heiter Jesus har bruk for deg og vart seld til inntekt for Sundagsskulen sin leirstad. Så song vi eit par songar av Petter Dass før vi tok på heimveg.

Solvor, Gaute og Jorunn

Ole Thorvald, Sigurd og Gunbjørg

Normisjon på Bykle hotell

I dag starta haustsamlinga til Normisjon Agder på Bykle hotell. I omtalen skreiv organisasjonen:

Seniorutvalget i Normisjon region Agder inviterer til
«Høstdager» på Bykle Hotell, 2. – 5. september 2021.
Seniorer (60+) ønskes velkommen til dager på fjellet med
god bibelundervisning, sang, fellesskap, turer og deilig mat.
Johnn Hardang blir med som taler, og det blir flott lyrikk ved Haldis Reigstad.
Grete og Jørg Jørgensen vil bidra med vakker sang.

PROGRAM

TORSDAG
Fra kl 16.00  Ankomst og innlosjering
18.00               Middag
20.00               Kveldssamling. Kaffe og kaker

FREDAG
7.30 – 9.00    Frokost og nistesmøring
10.00               Bibeltime
11.15               Tur
13.00               Lunsj (for de som er i nærområdet)
18.00               Middag
20.00               Kveldssamling. Kaffe og kaker

LØRDAG
7.30 – 9.00    Frokost og nistesmøring
10.00               Bibeltime
11.15               Tur
13.00               Lunsj (for de som er i nærområdet)
18.00               Middag
20.00               Kveldssamling. Lyrikk ved Haldis Reigstad. Kaffe og kaker

SØNDAG
09.00               Frokost (+ kr. 45,- hvis du ønsker niste)
11.00               Gudstjeneste og hjemreise

Det var plass til 60 på hotellet og nokre fleire som kunne bu i Messa, og det var fullteikna. Dette arrangementet er vel det som vart etablert i forlenginga av Internatmøtene i Valle i si tid. Dei kan du lese meir om på Setesdalswiki.

 

Brukte bøker

I går skreiv eg om bruktbutikken på Rysstad, der Ørnulf hadde vore på reportasjetur- Eg fekk ikkje høyre innslaget, men snakka med han og han fortalde at dei hadde mange brukte bøker. I telefonkiosken ved det gamle kommunehuset i Valle er det også brukte bøker ein kan ta med seg eller bytte.

Problemet mitt er at eg har alt for mange og helst ikkje bør skaffe meg fleire, i alle fall ikkje utan å kvitte meg med nokon først. Men her i Mandal er det ein bruktbutikk for kristen litteratur, og då eg oppdaga den, han heiter Budskapet Antikvariat, fekk eg jo lyst å kjøpe noko der. Til no har eg ikkje gjort det, men freistinga er der.

Av og til gløymer eg å avbestille ei bok i Bokklubben, så då dukkar ho opp i postkassen. Før kom Bindestreken, som bladet deira heiter, ut ein gong i månaden, trur eg, men no kjem det visst oftare. Sjølv om eg kan returnere om det er ei bok eg ikkje vil ha, så blir ho verande, kan hende kan eg gi ho bort ved eit høve.

Brukte bøker er som oftast av litt eldre dato. Dei fell fort i pris, frå 3-400 kroner nye til ein tiar eller to når dei er brukte. Så det er mykje pengar å spare. Men så er det også eit problem å få tid til å lese dei. Eg vil heller ha eit oppslagsverk som kan gi nokre linjer på Setesdalswiki enn ein roman.

Eg trur eg leitar litt i boklista til Budskapet Antikvariat og ser om eg finn noko.