Heile dalen

Fekk ei melding frå Ørnulf Hasla i dag om at i 2013 vil sendingane våre gå til heile dalen kvar onsdag. Til no har vi sendt til heile dale to fredagskveldar i semesteret, pluss påskesendingane. Men etter at det er kome ønske frå Radio Evje om at vi burde sende Valle Radio sine program over deira sendarnett når vi har sending, er det lagt til rette for å kunne gjere dette på ein enkel måte teknisk.

Eg meiner at det vil føre til endring i programma våre. Du vil nok oppleve at den aktuelle timen tek opp tema som gjeld heile dalen, ikkje bare i Valle. Men det vil neppe vere alle programleiarane som profilerer sendinga slik, og om ein gjer det ein gong, er det ikkje sikkert at vi gjer det neste gong. Framleis vil vi vere Valle Radio, ikkje Radio Setesdal.

Om det fungerer etter planen, startar vi med det opplegget alt komande veke. På samlinga vår før jol snakka vi om å få med folk frå Bygland og Bykle i programarbeidet. Om det let seg gjere, får vi sjå etter kvart. Stoff frå andre stader vil nok i stor grad kome via telefon, vi driv på dugnad og kjem neppe til å reise mykje til andre kommunar for å få stoff, sjølv om det nok kan hende at vi vil gjere det når tilhøva legg seg til rette.

Tips og idear til kva vi kan ha med i radioen, tek vi imot med takk. Du finn ei liste over programleiarar på Setesdalswiki, den kan du bruke om du vil tak kontakt med ein programleiar om ei sak, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_program_v%C3%A5ren_2013
Du kan og ringe meg, 9763 1408 om du har noko på hjarta, så avtalar vi korleis vi skal få det på lufta.

Sport heile dagen og halve natta

Amerikansk fotball

Ein kan seie kva ein vil om NRK, men vintersport er dei gode på. Handball og fotball er vel heller TV2 sitt område, men når det gjeld ski og hopp og kva elles ein kan gjere med ski på beina, då vinn NRK. Så får det våge seg at norske utøvarar ikkje alltid vinn, som i dag, då vi sat i stovene rundt om i landet og trudde vi skulle få norske vinnarar, men det var vel bare kombinertgutta som greidde det.

Sjølv prøver eg å få med meg snooker og. Der har det dene helga vore turnering i München, og ein norsk spelar, Kurt Maflin, har vore med og gjort det sterkt. Snooker er ein sport eg likar vel så godt som skisport. Det er lite lyd, så ein kan sitje nokså fredeleg og kanskje til og med ta ein dupp medan spelarane lurer på korleis dei skal få kulene ned i hola på beste måte eller hindre motstandaren å få det til.

På mange av dei andre sportsarrangementa kan ein late seg imponere av talet på tilskodarar, anten det er i hopp-bakken eller i skiløypene. I Hoppuka har det vore over 20.000 på tribunen og eit yrande leven. Arenaen i Oberhof der skiskyttarane har vore, er ikke særleg dårlegare på leven og folk. Og Tour de Ski har sitt publikum. Det er sikkert morosamt for utøvarane når det er heksegryte på tribunen, men det er etter mi meining mest i overkant.

Ein annan idrett med mange folk på tribunen er amerikansk fotball, som eg finn på ein av kanalane på TV. Der kan ein late seg imponere av cheer-leaders som smiler same korleis veret er og same korleis det går for eige lag. Men når det gjeld tribuneaktiviteten, tek musikkorpsa verkeleg førsteplassen. Kor mange trommer og cymbalar ein må ha for å ha eit godt korps i USAs college football, det veit ikkje eg, men det må vere skrekkeleg mange.

Problemet med College Foot Ball er at live-sendingane startar klokka to på natta, og går til klokka seks, så anten må ein vere pensjonist eller så må ein ha joleferie. Det er ikkje noko når ein skal på jobb neste morgon. Så får ein heller få med seg ein reprise eller to, fascinerande er det å sjå på i alle fall.

Oppdatering

Plan for våren måtte oppdaterast, for i det oversynet som var lagt ut først, var ikkje lista over dei som skulle vere med frå Valle kommune komen med. Det var og nokre justeringar på kven som skulle vere teknikarar. No er det på plass, og du kan sjå oversynet på http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_program_v%C3%A5ren_2013

Eg har fått gleda av å starte opp, og vonar at det skal bli litt av kvart som du kan ha glede av å høyre når vi kjem på lufta. Tysdag klokka 19.30 er det klart for ein prat med Ove Berrefjord, han reiste frå Valle det året Valle Radio vart starta, og det er no 15 år sidan, så mykje har skjedd både i Valle og i livet hans på desse åra. Eg gleder meg til den praten, det vil absolutt vere ei oppdatering i det programmet.

Ved eit årsskifte er det fort gjort å skrive feil årstal i den fyrste tida. Men det er vel bare å oppdatere den mentale kalenderen. No skriv vi 2013. Det er stemmerettsjubileum dette året og etter det eg kan lese i Setesdølen, har Valle kommune 40.000 kroner som lag og foreningar kan søke om støtte for å markere denne hendinga. Så då er det bare å prøve å finne ei form på eit arrangement og så søke pengar for å realisere det i året som ligg framom. Kan hende det kan hjelpe på ei oppdatering av kunnskap og perspektiv for nokon kvar.

Livsmestring

I dag er det klart at eg til tysdag klokka 19.30 vil ha eit program i Valle Radio om Livsmestring. Gjennom eit intervju med Ove Berrefjord vil eg prøve å få fram kva dette er innan psykiatrien. Mestringshusene har ein visjon: Vi hjelper mennesker til varig endring og frihet fra avhengighet. Mestringshusene held til på Bolkesjø i det nedlagde Gran Hotell. Dei tilbyr folk opphald i seks veker der ein følgjer Anonyme Alkoholikarar sitt program. Det skal bli interessant å høyre kva Ove har å fortelje.

I dag skreiv eg om han på Setesdalswiki. Han var lærar i Valle kommune, både på Hylestad skule og på Valle skule i 11 år. Setesdalswiki kan og brukast til å skrive om folk som har gjort ein jobb i Setesdal ein periode, men sidan flytta ut, så her er mykje å ta av.

Elles starta eg i dag å legge inn dei fyrste avisene frå 2003. Det betyr ikkje at eg har lagt inn alt som er yngre, men dei dukka opp i haugen med aviser, og då kunne eg like godt begynne på dei. Det er interessant å lese i gamle aviser, særleg når ein sjølv hugsar litt av det som hende.

Til dømes står det i avisa frå 7. oktober 2003 at Karin Bøe tek mastergrad i Rauland og difor må utsetje arbeideet med å lage eit hefte om tæpeveving i Setesdal. Så veit vi no at det skulle gå ni år før heftet kom, og då var det blitt til ei praktbok. Dei som venta tolmodig fekk langt meir enn dei nok hadde trudd var mogleg å få ut av eit slikt emne.

Kan hende er det slik med livet og. Om ein er tolmodig og ventar, kan ein mestre kriser og vanskelege hendingar som ein møter.

 

Gamle aviser

Som nokon av dykk som les bloggen min vil vite, fekk eg ein haug med gamle aviser i fjor. Det var Valle kommune som rydda i arkivet sitt og fann ut at dei ikkje lenger ville spare på gamle aviser, men så fekk eg tilbod om å overta avisene, ettersom eg skriv inn Setesdølen på Setesdalswiki.

I okotober 2003 hadde eg programmet Munnharpeforum med Jon Melhus og Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme tysdag 8. oktober og dagen etter hadde eg med meg Olav M. Holen til å fortelje om medisinske planter. Å sjå dette gav gode minne om program som snart er ti år gamle. Mange lurer på om vi klarer å halde liv i Valle Radio, men eg trur det vil gå greitt, det er framleis mykje å snakke om, det gjeld vel bare å få folk i tale som har noko på hjarta.

I den same avisa stod det at Geir Magne Feed var tilsett som leiar på Evjetun leirskule, og då var plutseleg avisa svært aktuell, for i Fædrelandsvennen i dag hadde Johs. Bjørkeli ein prat med han i serien Dagens navn fordi han fekk LOS sin ildsjelpris for innsatsen han legg ned for Otra IL. Så gamle aviser kan setje perspektiv på saker som ein finn i nye aviser.

Eit par ekstra fridagar

Ettersom det bare var to skuledagar denne veka, fekk eg eit par ekstra fridagar. Sjøv om skulen starta i dag, var eg heime i Mandal. Rett til litt ekstra fri når ein er over 60 kan vere litt godt, januar blir kortare når eg kan starte på skulen 7. januar i staden for 3. januar.

Den ekstra tida har gjort at eg har fått skrive blogg kvar dag til no i det nye året, og det er jo litt inspirerande. I dag fekk eg og skrive seks nye artiklar på Setesdalswiki, så med ein ny av Reidar i tillegg, enda dagen med 3577, så no er det bare vel 20 att før eit nytt hundretal vert runda. Kan hende vil det skje alt i morgon.

Elles har eg brukt dagen på å planlegge neste veke litt, for då skal eg ha sending i Valle Radio både tysdag og onsdag. Eg har alt oppretta sida som eg brukar å planlegge på for tysdagen, og i morgon vil eg opprette sida som eg skal planlegge onsdagen på. I kveld leita eg litt etter kva eg skal ha i Sangkvelden, og høyrde på Weyses julekantate, som eg spelte i Valle Radio i 2007, eg lurte på om eg skulle bruke den om att. Men eg kom til at eg trur at eg heller vil spele siste del av Bachs juleoratorieum, det høyrer vi sjeldan, det er laga til nyårsdag og sundag etter nyttår. Det kan jo vere ein fin måte å avslutte jula på i år.

Det ser forresten ut som om mange folk avsluttar jula tidlegare. Før varte jula i alle fall til Hellig Tre Kongers dag, mange venta heilt til 13. januar før dei hausta juletreet. No høyrer eg om folk som ryddar bort jula til nyttår. Hos meg var jula enkel i år, vi valde å ikkje ha juletre ettersom bare eg skulle vere heime i nyttårshelga. Reidun og Helge feira nyttår i Ålesund hos Sigmund. Men julegleda har eg teke med meg inn i det nye året.

Eg skreiv nokre linjer på min andre blogg og i kveld, dei finn du her: http://valleradio.blogs.no/2013/01/03/plan-for-varen-15393103/

Plan for våren

No er planen for vinteren og våren i Valle Radio komen. Rett nok manglar oversikt over kven som skal representere kommunen i halvtimen Kommunen informerer, men elles skulle lista vere høveleg komplett. Du kan sjå lista på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_program_v%C3%A5ren_2013

Der vil du sjå at det er same gjengen som dreiv radioen i 2012 som held fram i 2013, men Bjørg Ragnhild og Anna har pause no i vår. Elles ser eg av lista at eg skal ha sending om lag ein onsdag i månaden, og at det er eg som startar stafetten. Men opplegget er lagt opp slik at eg ikkje så ofte har opi sending, eg trur det vart bare ein gong det komande semesteret. Eg skal halde fram med tysdagssendingane, så komande veke vert litt travel i og med at eg skal ha sending to kveldar. Men eg har alt begynt å planlegge kva eg skal ha med desse kveldane, og eg har gjort avtale med Ove Berrefjord om å snakke med han om livsmestring på tysdagskvelden.

Eg lurer på om vi kjem til å starte opp med sending til heile dalen alt frå første sending i det nye året. Eg gleder meg til det, eg trur det kan gje litt anna perspektiv på dei programma vi lagar. Ein radio for heile Setesdal med utgangspunkt i Valle kan verte interessant.

Min andre blogg finn du her: http://blog.setesdalswiki.no/2013/01/eit-par-ekstra-fridagar/
og eg har sanneleg klart å skrive litt der og i dag.

Blogging og anna skriving

Eg har skrive blogg sidan 2005, det har blitt over tusen blogginnlegg, i fjor var det minste eg har hatt noko år, bare vel to hundre. Det som karakteriserer blogginnlegg, er vel at dei høver for dagen i dag, men sjeldan for å lese særleg mange dagar etter at dei er skrivne.

Mi skriving er helst for det aktuelle, eg sit ikkje og filar på tekstar for å få dei spesielt gode og meiningsfulle. Dikta som eg skriv, er og tekstar som høver til eingongsbruk, etter at høvet dei var laga til, er borte, er dei nokså platte. Gjennom åra har eg vel bare skrive eit fåtal dikt som kunne ha varig verdi, dei skreiv eg i den tida eg var redaktør av Fiskerens Venn og av og til trong litt meir tidlaust stoff der.

Mi skriving har helst vore journalistisk, i alle fall fram til eg starta å skrive på Wikipedia. Smått om senn lærte eg meg å skrive leksikalsk, og etter at eg starta Setesdalswiki, har eg jo hatt høve til å skrive leksikalsk om lokale tilhøve i Setesdal. På Wikipedia har vi noko som kallast anbefalt artikkel og utvald artikkel. Til no har ingen av mine artiklar vore i nærleiken av det nivået, eg skriv nokså kort og ikkje så grundig som slike artikar er tenkt å vere. Det synest eg er heilt greitt, vi er ulike, og medan nokre likar den eine forma, likar andre ei anna form.

Av og til kunne eg nok hatt lyst til å skrive noveller eller forteljingar, til og med romanar. Det hadde vore fint å få ein roman utgjeven på eit forlag. Men eg trur ikkje fantasien min held til eit slikt føremål, sjølv om eg likar å lese romanar, til og med tykke bøker, vil ikkje det seie at eg meistrar skriving av noko slikt, trur eg.

Så eg trur eg får halde meg til min lest, ein tekst skriven for å lesast i ein eller annan situasjon og det var det. Leksikontekstane i Setesdalswiki vonar eg held litt lenger enn bloggtekstane mine. Men eg er takksam for at du les det eg skriv. I kveld vart det ein tekst på den andre bloggen min og: http://valleradio.blogs.no/2013/01/02/det-kom-respons-15388802/

Det kom respons

Etter å ha skrive gårsdagens blogg, fekk eg respons i dag. Det var min gamle kollega og venn Ove Berrefjord som sende meg nokre linjer. Litt av det han skriv, vil eg dele med dykk som les denne bloggen:

Vet ikke om det er interessant, men jeg benytter anledningen til å sende litt om det nyeste jeg som “utflytta Valldøl” driver på med. Sammen med 4 andre har jeg dannet et livsmestringssenter her i Svarstad. det er i en oppbyggingsfase, hvor vi foreløpig kan tilby 2-3 kurs i halvåret, men på sikt håper vi å bli et kurssenter med månedlige kurs, i tillegg til at vi tilbyr rekreasjonsopphold. I forbindelse med åpningen i oktober hadde vi med oss popstjernen Chris Medina, og da deltok 450 på kveldsseminar. Normalt vil vi ha kapasitet til ca 150 deltakere. Dette drives ut ifra et idealistisk grunnlag hvor vi legger kursprisen lavt (kun dekking av utgifter) for å nå flest mulig mennesker med et viktig budskap.

Ove er kirkeverge og diakoniarbeider i Svarstad menighet i indre Vestfold, kommunen ligg mellom Larvik og Kongsberg. Vi som hadde gleda av å jobbe sammen med ham den tida han budde i Valle kommune og var lærer og aktiv på Nomeland bedehus og i Hylestad idrottslag, hugsar ein mann som var flink til å organisere og få folk med seg, så eg er ikkje overraska over det han fortel.

Sjølv om eg i går tenkte på tips om ting som skjer i Setesdal, vil eg prøve å få ein prat med Ove i sendinga mi tysdag 8. januar. Eg trur mange kan like å høyre han i radioen og kanskje nokon kunne ha lyst å reise til Svarstad på kurs. Neste kurs skal vere med Per Arne Dahl mandag 14. januar og tirsdag 15. januar. Med ein pris på 700 kroner for kurset og 600 kroner for overnatting, kan det gje ein god start på det nye året. Påmelding kan du sende til ove.berrefjord@lardal.kommune.no

På min andre blogg skreiv eg i dag dette: http://blog.setesdalswiki.no/2013/01/blogging-og-anna-skriving/

Tusenvis av artiklar om Setesdal

I løpet av 2012 kom Setesdalswiki opp i 3560 artiklar. 1360 av desse vart skrivne i året som ligg bak oss. Rett nok er det flest i sjangeren datoartiklar, dei vil jo gje like mange artiklar som det er dagar i året. Men framleis er det skrive tusen artiklar om Setesdal i året som gjekk. Takk til alle som var med på den dugnaden.

Det burde vere råd å lage minst like mange artiklar i året som kjem. Om fleire vert med i skrivinga, vil det vere lettare å kome seg vidare. I løpet av året har vi fått artiklar om mange fjell i heiane, men dei fleste står att. Her er ein stor oppgave. Vidare har ein på langt nær dekka næringslivet i Setesdal, der er det mykje å skrive om. Sjølv hadde eg likt å få artiklar om masteroppgåver og andre oppgåver som anten handlar om Setesdal eller der forfattaren kjem frå Setesdal. Eg trur den oversikta som alt no ligg på Setesdalswiki, er svært fragmentarisk.

Å skrive leksikalsk om forhold i Setesdal, er ikkje så lett, så eg har av og til lurt på om det hadde vore ein ide å kome saman og hjelpe kvarandre. Det ville også gje inspirasjon og glød i dugnadsarbeidet for å lage eit variert og innhaldsrikt leksikon for ein variert og innhaldsrik region i landet vårt.

Godt nytt år!