Mannssambandet

I kveld var det konsert i det nye møtelokalet til Frelsesarmeen i Mandal. Mannssambandet vart skipa i 1995 til NRK-aksjonen som det året gjekk til Frelsesarmeen. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Mannssambandet

I eit nytt, flott og fullt lokale song dei for full hals for ei entusiastisk forsamling. Det vart ein stor kveld, vi kom der ein halv time før start og fekk gode plassar og kunne nyte kvelden.

Etter kvart som konserten gjekk, kom eg til at eg vil lage eit program til tysdag når radiosesongen startar, der dei er med. Det er moderne og god kristen sang, på norsk og engelsk. Dei har vore på turne til det fjerne aust og i samband med det laga dei ei engelsk plate, men elles er det mykje norsk dei syng.

Det er jo ikkje ofte at det vert bygd nye forsamlingslokale for kristen verksemd. Men i Mandal har Frelsesarmeen hatt vekst, og det gamle lokalet vart for lite. Dei hadde ei høveleg tomt og har klart å få til ei god utnytting. Det gamle lokalet skal verte Fretex-butikk, så etter kvart vert det vel råd å finne ei og anna bok der, tenkjer eg.

I tillegg til møtelokale har dei fått ein fin liten kafe der ein kan sitje og prate anten før eller etter eit møte. Dermed får slagordet Soup, Soap and Salvation fullt innhald i lokalet. Suppe, såpe og frelse, det er det det handlar om i dag som då det heile starta. http://no.wikipedia.org/wiki/Frelsesarmeen

Ny sesong står for døra

I dag sat eg i sola i Valle utanfor Valle Handel. Då kom Olav Kn. Rike og slo seg ned. Han hadde funne opptak frå 1997 som han lurte på om vi kunne bruke i Valle Radio no ved 10-års jubileet. Vi snakka litt saman og fann ut at vi skulle bruke det i Open sending onsdag 22. august. Deretter skulle vi snakke saman om fisketuren han og ein kamerat skulle på i Ljosådalen i dag. Kanskje vi også kunne ringe til kameraten, som ikkje kom til å vere i Valle i neste veke.

Seinare på dagen fekk eg ein prat med Torjus Uppstad. Etter litt diskusjon vart vi samde om at han skulle få med seg unge som har vore med på VAFA sitt fiskeprosjekt i radioen frå 20 og utover. Siste del av timen fram mot klokka 21 skulle vi prøve å få med folk som kunne fortelje om korleis ein steller heiefisk.

Det vert altså mykje om fisk og fjell siste delen av sendinga til onsdag. Det verkar som om folk no gleder seg til vi skal kome i gang att. Programmet Kommunen informerer klokka 19 vil handle om valet. Jorunn Tveiten står for det organisastoriske i Valle, og ho ville gjerne kome og svare på spørsmål og snakke om aktuelle ting i samband med valet.

Men den store valsendinga blir truleg torsdag 6. september, merk dagen, vi flytter sendinga til torsdag fordi fleire politikarar var opptekne onsdagskvelden. Då vert det debatt i kommunestyresalen, og sendinga, som Ørnulf har ansvaret for, vil gå derifrå heile kvelden, etter det eg skjønar, truleg med Sigurd Haugsgjerd som medspelar. Snart kjem det epostadresse der du kan sende inn spørsmål til programmet.

Ordførarar

I går sende eg ut ei etterlysing på wikipedia. Eg kan godt fortelje om den her og.

Eg meiner at det er viktig at ein har artiklar om ordførarane i Noreg på wikipedia. I alle kommuneartiklane er det namn på kven som er ordførar. Etter kvart som leksikonet vert større, vil ein få fleire ordførarar og kanskje over tid vil det vere aktuelt med lister over ordførarar i dei ulike kommunane.

Noko av det fyrste eg gjorde då eg begynte å skrive på wikipedia, var å leggje inn ein artikkel om ordføraren i Valle, Steinar Kyrvestad. Du kan sjå den her: http://no.wikipedia.org/wiki/Steinar_Kyrvestad

Då eg no i august tenkte på valet som kjem til hausten, slo det meg at det ville vere naturleg å ha informasjon om alle ordførarane i heile landet. På wikipedia er det slik at når ei lenke er raud, tyder det at det ikkje er nokon artikkel om emnet. Eit gløtt på lista over ordførarar i Aust-Agder viste at det bare var tre ordførarar som hadde fått artikkel. Men i går fullførte eg prosjektet når det gjeld Setesdal, så no er alle ordførarane i Setesdal på plass i wikipedia.

Det er diverre utruleg lite ein finn om dei på internett. Eg har vore rundt på heimesidene til kommunane. Alle har ei side med bilete av ordføraren og telefonnummer eller annan kontaktinformasjon. Men det står ikkje noko om kor lenge han har vore leiar av kommunestyret, ikkje noko om kva han gjorde før osb., slikt som det er naturleg at folk lurer på når dei møter kommunen sin representant.

Dermed blir artiklane bare stubber, som dei kallar det på bokmål. Dei kallar det spirer på nynorsk, det likar eg betre, for “spede spira lyt få stå”. Kanskje kan artikkelen vekse litt?

Her er lenker til dei andre ordførarane i Setesdal:
http://no.wikipedia.org/wiki/Kay_Jeiskelid
http://no.wikipedia.org/wiki/Knut_A._Austad
http://no.wikipedia.org/wiki/Bj%C3%B8rn_Alfred_Ropstad
http://no.wikipedia.org/wiki/Ole_Magne_Omdal

Og her er lenke til Alle ordførarartiklar i Aust-Agder: http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Ordf%C3%B8rere_i_Aust-Agder

Greitt å klikke på dei no før valet.

Gode historier

Gode historier kan illustrere eit poeng og i Setesdal er det mange som er flinke til å fortelje. Eg skulle ønske at vi kunne få med fleire av desse i program i Valle Radio når vi no går inn i jubileumssesongen. 10 år med radio er ikkje å sjå lett på, for det er mange timar med førearbeid og sending som er lagt ned.

Mange gamle predikantar kunne ofte illustrere eit poeng med ei fortelling som gjorde at ein hugsa det dei talte om. Eg skulle ønska at eg hadde den gåva, men eg opplever ofte at eg ikkje hugsar dei poengterte uttrykka og sogene sjølv når eg har høyrt dei fortalt, langt mindre evnar eg å ta vare på dei når eg opplever dei.

I andaktsboka Stille stunder på veien hjem skriv H. E. Wisløff for gårsdagen om ein medarbeidar i ein av kyrkjelydane han var i. Denne personen var alltid så glad, og ein dag spurde presten han om han alltid var så glad. -Å, nei, du, svarte han, -men ein ting har eg lært i Vår Herres skole: Sorga tek eg med meg inn i lønnkammeret, og gleda tek eg med meg ut att.

Slike små stubbar skulle eg gjerne hugsa og lært meg å bruke både i radioen og elles. Då eg ikkje kan det, eg trur ikkje den delen av hjernen min har fått ein slik konstruksjon at eg får det med meg, må eg i staden glede meg over det andre kan samle opp av små historier på denne måten. Når eg kjem over dei, skal eg dele dei med dykk som les bloggen.

Krypsivfjerning

Så vert det ikkje fjerning av krypsiv på Rysstad i år. Vi får vere glade for at det vert fjerna på Sordal og Heistad, men det er ikkje godt nok for området lenger oppe. I vinter skulle det vore eit innfrysingsprosjekt, men det rann ut i ingenting fordi temperaturen ikkje vart låg nok. No syner det seg at ein må vente eit år med å stoppe produksjonen og få så låg vasstand at det vert effektivt å fjerne sivet. Medan ein ventar er det lite fisk å få i elva.

Krypsiv er ein plante som vi ikkje likar. Sjå lenke her for korleis ein ser på den i Vennesla:
http://www.vennesla.vgs.no/grid/waste/krypsiv/krypsiv.htm
http://www.vennesla.vgs.no/grid/waste/krypsiv/krypprno.htm
http://www.naturvern.no/cgi-bin/naturvern/imaker?id=67807

Ein har rekna ut at krypsiv dekkar nesten 15.000 dekar i Otra og Nidelva i Aust-Agder. Eit stort problem må løysast. Her er informasjon frå Fylkesmannen i Aust-Agder om saka:
http://www.fylkesmannen.no/hoved.aspx?m=144&amid=1542405

Den skjulte kyrkja

Dette var temaet Aril Edvardsen hadde då han talte på Skalldyrgudstenesta i Mandal i dag. I Bondeheimsgården var det stappfullt då sokneprest Per Ragnar Haraldstad helsa velkomen til både kyrkjelyd og gjestetalar.
http://no.wikipedia.org/wiki/Aril_Edvardsen
http://no.wikipedia.org/wiki/Skalldyrfestivalen

Det vart ei flott gudsteneste. Aril talte om dei mange kristne som ikkje er synlege der kristne samlast. Han fortalde korleis han trimmar i Kvinesdal og ofte kjem i prat med folk når han går etter vegen. Dei vil gjerne snakke om tru, og han har ikkje møtt ein einaste i slike situasjonar som ikkje har trudd på Jesus som den oppstandne Frelsar.

Aril utfordra folk i Mandal til å kome ut av skapet, til å ikkje bare vere gøymde kristne, men til å vise trua si.

Det var ein tankevekkande tale, han målbar noko som eg og har kome fram til etter kvart. Den kyrkjelyden som finst ved radioen klokka 08.17 er ikkje liten. Den som høyrer på Norea-programma i Valle Radio er og mykje større enn den som finn vegen til kyrkja, anten det er avskilsgudsteneste for Theis eller velkomst for Arne Skare, som det har vore i dag.

Difor sluttar eg meg til bodskapen frå Aril: Kom ut av skapet, alle de som trur. Det er lov å tru og å vere tydeleg og synleg truande i Noreg. Det vil gje ein rikare dimensjon i livet ditt om du deler trua di med andre truande.

Det var kveldens ettertanke. Då høver det godt å sitere verset eg brukte for nokre dagar sidan:
2.
Men du förbliver den du var,
o Herre, full av nåd,
och våra nätter, våra dar
du tecknat i ditt råd.

Vakne med sang

Då eg vakna i dag, klokka var bare sju, tona ei strofe i hovudet mitt. Det var Odd Børrezen si Noen ganger er det all right, noen ganger er det all right, noen ganger er det helt all right…. In the morning…
Den har vore der heile dagen i dag, sjølv om det ikkje har vore nokon spesiell dag eigentleg. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Odd_B%C3%B8rretzen

Litt seinare i dag tona ein ny song i hovudet mitt: Å for ein strålande morgon, songen frå musicalen Oklahoma. http://no.wikipedia.org/wiki/Oklahoma%21

Slik kan det ein har høyrt og som har betydd noko for ein, kome att og minne ein om gode opplevingar og fine stunder.

Så kom vi til andakten i NRK, som var ved Tonje Haugeto Stang. Ho talte fint om regnbuens pakt som Gud gjorde med menneska. http://www.nrk.no/programmer/radio/andakten/1.2876703

Men musikken, den var ikkje etter min smak, og då var han truleg ikkje etter smaken til dei som er i fleirtal av lyttarane. Eit svært moderne musikalsk uttrykk var det, etter det eg hugsar, ikkje på norsk. Eg skrudde av og let orda og tonane frå tidlegare på morgonen tone i sinnet.

No er det tid for å ta kvelden. Å leggje seg med sang har vore ein gamal tradisjon i mange heimar. Eg trur i alle fall eg vil nynne litt (på svensk i kveld):

1.
Så går en dag än från vår tid
och kommer icke mer,
och än en natt med Herrens frid
till jorden sänkes ner.
2.
Men du förbliver den du var,
o Herre, full av nåd,
och våra nätter, våra dar
du tecknat i ditt råd.
3.
Trygg i din vård jag lämnar mig
när solen från oss flyr,
och gladligt skall jag prisa dig
när dagen åter gryr.
4.
Men om det stilla dödens bud
i denna natt jag hör,
det är min tröst att din, o Gud,
jag lever och jag dör.

http://sv.wikisource.org/wiki/S%C3%A5_g%C3%A5r_en_dag_%C3%A4n_fr%C3%A5n_v%C3%A5r_tid

Den er henta frå svensk wikisource, som har lagt ut heile teksten. Sangen er skriven av Christoph Friedrich Neander, som var prest i Kurland i Latvia og omsett til svensk av Johann Olof Wallin i 1814. Astrid Lindgren fortalde at dei song den i hennar heim som kveldssalme då ho vaks opp.

Då kan eg og syngje den.

Rådyr og skalldyr

Kvar morgon kjem eit rådyr i hagen vår og et frukost. Reidun ventar bare på at det skal kome inn i hagen og starte på blomane, men til no har det halde seg under epletreet, der det et karten som har falle ned etter vinden dei siste dagane. http://no.wikipedia.org/wiki/R%C3%A5dyr

Eg likar betre rådyr i fryseboksen enn i hagen, og takka vere Torgeir Solbakk har eg nokre år kunna leggje rådyrkjøt i boksen og nyte utover vinteren.

Det eg ikkje visste, var at det og er rådyr i Furulunden i Mandal. Dei seier det er 14 rådyr der, og at dei likar å gå i hagane på Vestnes og nyte blomar der. http://no.wikipedia.org/wiki/Mandal

I morgon startar Skalldyrfestivalen med reker og anna godt i Bryggegata i byen. Eg får vel klare meg med det til fryseboksen vert fylt opp att. http://no.wikipedia.org/wiki/Skalldyrfestivalen

Skalldyrfestivalen er andre helga i august kvart år. Det minner om at det snart er oppstart for skulen att. Det er vel då det vert sol og sommar på Sørlandet i år. Men eg klagar ikkje, sommaren har vore høveleg for ein som vert utanfor av for mykje varme.

God for rådyrbukken også. Kvar dag ligg det nye eple til frokost. Og kvar dag står eg i stovevinduet og ser på han. På andre sida av vegen, i kanten av jordet, går ei ho med to kje. Dei går nokså i eitt med vegetasjonen og held seg på avstand. Det er like godt, så endar dei ikkje på panseret til ein bil. Ettersom dei ikkje er skalldyr, toler dei ikkje slike samanstøytar særleg godt.

Scooter midt på sommaren

Det er ikkje så lett å mobilisere til kamp for snøscooteren midt på sommaren. I dag fekk eg ein epost frå Britta Lise der ho skriv:

Fekk ei SMS melding på mobilen idag som eg sender vidare til deg.

” Hjelp oss i kampen for scooternes framtid,
gå inn på http://www.scooteraksjonen.com
ikkje svar på denne , men send den til alle scooterfolk du kjenner!!! ”

Det er eit engasjert innlegg om å ta vare på retten til å køyre med snøscooter i utmark, som Direktoratet for naturforvaltning no vil ta bort.

Eg sender det vidare, de som les bloggen veit at dei fleste av Valle Radio sine lyttarar ikkje vil gå inn for ein slik regel. Sjølv har eg ingen personlege tilhøve til dette, men ser at i Bykle og Valle er scooteren ein viktig del av friluftslivet om vinteren. Det ville vere eit tap for svært mange om det vert teke bort.

Fotball for heimlause

Når ein har TV2 sine kanalar på parabolen, kan ein kanskje få nok fotball ei helg. Laurdag, to kampar på sundag og måndag, slik er gjerne tilbodet til den som vil fylgje med på kva som skjer i eliteserien.

I helga kom eg til å lese i Stavanger Aftenblad. Der var det ein artikkel om Fotball-VM for hjemløse, som dei skreiv. Det skjedde i Danmark sist veke, og her er lenka til heimesidene for arrangementet i København: http://www.homelessworldcup.org/

Frelsesarmeens rusomsorg står bak det norske laget som er med for tredje gong i år. I fjor tapte dei alle kampane, målet er å vinne i alle fall ein kamp. Før arrangementet var dei ranka som nr. 47 av 48 deltakarar. Det norske laget må betale reiseutgiftene sjølv, men opphaldet vert dekt av arrangøren. Laget er på 11 personar, men bare fire er på banen samstundes. For å få vere med må ein spelar inngå kontrakt om å ikkje ruse seg på landslagssamlingar, trening eller under mesterskap og ein må vere heimlaus, asylsøkjar eller med i eit rehabiliteringsopplegg.

For å verte betre arbeider ein for å få ballbinge i byane der lag kan trene og slik inspirere til å halde seg unna rus. Neste år vert VM for heimlause i Stavanger i mai.

I år slo det norske laget svenskane 8-2, men det var Skottland som vann VM for heimlause.