Otra: Skilnad mellom versjonar
s →Elveløpet: litt meir språkpuss til nynorsk |
s →Fisk: omskrevet avsnittet til nynorsk |
||
| Line 11: | Line 11: | ||
==Fisk== | ==Fisk== | ||
===Laks=== | ===Laks=== | ||
I Otra er det produksjon av | I Otra er det produksjon av lakseungar og laksesmolt. Vasskvaliteten dei siste åra har vore så god at det ikkje er registrert forsuringsskadar på smolten. Laksen klarar seg godt i Otra fordi elvevatnet ikkje er så surt. Det er kalkrik berggrunn i nedbørsfeltet øvst i [[Setesdal]] som gir elvevatnet ein viss bufferevne mot forsuring. | ||
Fangstane dei siste åra har vore varierande: | |||
*2001: 7,2 tonn | *2001: 7,2 tonn | ||
*2002: 5,3 tonn | *2002: 5,3 tonn | ||
| Line 23: | Line 23: | ||
===Bleke=== | ===Bleke=== | ||
[[Bleke]] er | [[Bleke]] er ein laksefisk som bare finnast i Otravassdraget. | ||
===Aure=== | ===Aure=== | ||
===Ørekyte=== | ===Ørekyte=== | ||
Også [[karpe]]fisken [[ørekyte]] har fått innpass i Otravassdraget. | Også [[karpe]]fisken [[ørekyte]] har fått innpass i Otravassdraget. Fram til 2008 var det bare funne ørekyte i heile vassdraget ovanfor Hekni. Denne fisken er uønska i vassdraget, og det gjekk føre seg eit arbeid for å hindre vidare spredning. Dette arbeidet var mislykka, og sommaren 2008 blei det først funne ørekyte på [[Frøysnes]] og seinere andre stader i Åraks- og Byglandsfjorden. Ho vil truleg også gå vidare ned vassdraget. | ||
==Regulering== | ==Regulering== | ||
Versjonen frå 23. april 2022 kl. 10:29


Otra er den største elva på Sørlandet. Ho har løpet sitt frå Sæsvatn/Breidvatn ved Bjåen nord for Hovden i Bykle kommune i Aust-Agder til ho renn ut i havet ved Kristiansand i Vest-Agder i sør. Namnet kjem frå det norrøne ordet otr, som i dag er blitt til oter. Altså dyrenamnet oter.[1] [2] [3] Elva er lakseførande opp til Vigeland i Vennesla. I tillegg finnast den spesielle relikte laksen bleke i Byglandsfjorden. Otra er ei av dei mest regulerte elvane i Norge.[4]
Elveløpet

Otra er 245 kilometer lang og med det Norges sjuande lengste elv. Middelvassføringa ved utløpet i Kristiansand er 150 m³/s. Høgaste vassføring er målt i oktober 1987 med ca. 1000 m³/s nedstraums Vigeland. Høgaste registrerte vassføring ved Syrtveit VM etter år 2000 er i underkant av 550 m3/s (oktober 2017). Vassføringen dei siste 30 år er høgare enn for dei 30 åra før (1960–1990).[5] Nedbørsfeltet er 3 738 km² stort.[6] Høgdeskilnaden frå kjeldene i nord til Kristiansand er rundt 1 150 meter. [7]
Det er to store innsjøar i vassdraget, Åraksfjorden og Byglandsfjorden. Andre innsjøar er Breiflå i Hornnes og Kilefjorden, Gåseflåfjorden og Nomelandsfjorden på grensa mellom Iveland og Vennesla. Dei to siste fjordane er kome til ved oppdemming av elva til kraftmagasin for Iveland kraftverk og Nomeland kraftverk. Venneslafjorden lagar det nedste innsjøpartiet i vassdraget.[8]
Fisk
Laks
I Otra er det produksjon av lakseungar og laksesmolt. Vasskvaliteten dei siste åra har vore så god at det ikkje er registrert forsuringsskadar på smolten. Laksen klarar seg godt i Otra fordi elvevatnet ikkje er så surt. Det er kalkrik berggrunn i nedbørsfeltet øvst i Setesdal som gir elvevatnet ein viss bufferevne mot forsuring.
Fangstane dei siste åra har vore varierande:
- 2001: 7,2 tonn
- 2002: 5,3 tonn
- 2003: 7,4 tonn
- 2004: 5,8 tonn
- 2005: 9,9 tonn
- 2006: 10,7 tonn
- 2007: 5,9 tonn
Bleke
Bleke er ein laksefisk som bare finnast i Otravassdraget.
Aure
Ørekyte
Også karpefisken ørekyte har fått innpass i Otravassdraget. Fram til 2008 var det bare funne ørekyte i heile vassdraget ovanfor Hekni. Denne fisken er uønska i vassdraget, og det gjekk føre seg eit arbeid for å hindre vidare spredning. Dette arbeidet var mislykka, og sommaren 2008 blei det først funne ørekyte på Frøysnes og seinere andre stader i Åraks- og Byglandsfjorden. Ho vil truleg også gå vidare ned vassdraget.
Regulering
Otra er en av Norges mest regulerte elver med en rekke kraftverk i vassdraget[9]:
- Holen kraftverk
- Skarg kraftverk
- Brokke kraftverk
- Bjørgum småkraftverk
- Straume småkraftverk
- Hekni kraftverk
- Hovatn kraftverk
- Langerak kraftverk
- Fennefoss kraftverk
- Uleberg kraftverk
- Iveland kraftverk
- Nomeland kraftverk
- Steinsfoss kraftverk
- Hunsfoss kraftverk
- Vigelandsfoss kraftverk
I tillegg til kraftstasjoner er det etablert pumpestasjoner for overføring av vann mellom reguleringsmagasin:
I et normalår produserer disse kraftstasjonene om lag 4 700 GWh (4,7 TWh). Det er mer enn 3 % av den norske vannkraftproduksjonen.[10]
Miljøtilstanden
Hovedbildet er at Otra i dag (2021) har god badevannskvalitet langs hele elveløpet. For nedre del av elva har det vært en vesentlig forbedring fra tilstanden på begynnelsen av 1980-tallet. De viktigste faktorene som påvirker miljøtilstanden i dag er: Sur nedbør, vannkraftutbyggingen, krypsivbegroing, fremmede fiskearter, klimaendringer med økt årsnedbør g hyppigere episoder med høye nedbørsintensiteter og forurensning.[11]
Sideelver
Denne oversikten (som bare er påbegynt) viser sideelver som renner ut i Otra:
Bykle
- Hemla
- Lislefjøddåi
- Lundebekken
- Mjåvassåi
- Byrtemannsbekken
- Auvervassåi
- Kaldsåni
- Løyningsåni
- Geiskeliåni
- Hoslemobekken
- Berdøl
- Tverråni
- Glidbjørgsåni
- Tveiteråni
- Hagabubekken
- Iverosbekken
- Bjorbekken
- Trydalsbekken
- Hisåni
- Vasstøylsåni (Bjørnarå)
- Ljosåni
Valle
- Ljosåni
- Kåvåne
- Bronebekken
- Veiåni
- Rygnestadåni
- Homsåni
- Espetveitsåne
- Haugebekk
- Gryte
- Kveasåni
- Faråne
- Bjørgåni
- Faksebekk
- Kvernåni (Straume)
- Kvernåni (Besteland)
Bygland

- Eislandsbekken
- Kvernåni (Langeid)
- Heisåni
- Kvernåni (Sordal)
- Kvernåni (Hegland)
- Bytedalsbekken
- Vrongevjebekken
- Kvennåna (Moi)
- Kvernhusbekken (Frøysnes)
- Anvorsbekken
- Kvålsåna
- Fossåbekken
- Reiårsåna
- Kattedalsbekken
- Landsåni
- Nautedalsåni
- Longeraksåni
- Stallemoåne
- Meleåni
- Dalsåna
- Bøåni
- Vikåni
- Veråni
- Vinddalsbekken
Evje og Hornnes
- Dåsåna
- Bjoråna
- Oddeåna
- Gymsåna
- Klepsåna
- Lindåna
- Kjetsåna
- Hannåsbekken
- Bjørnefjellbekken
- Steansbekken
- Syrtveitbekken
- Bjørndalsbekken
- Sagebekken
- Vinbekken
Iveland
Vennesla
Kristiansand
Se også
Eksterne lenker
Referanser
- ↑ Bjarne Tveiten, Otra, kapittel i Hovden. Arkeologi og historie, utgitt av Bykle kommune, 1991, s. 29
- ↑ Artikkelen Frøyrakshorgi på Setesdalswiki med vidare tilvisingar
- ↑ Sigmund Skomedal, I skiftende tider, s. 16
- ↑ Artikkelen om Otra i nettutgaven av Store Norske Leksikon
- ↑ Melding med forslag til utredningsprogram for Syrtveit kraftverk i Evje og Hornnes kommune, Agder fylke, Agder Energi Vannkraft, 2021, side 9–10
- ↑ Artikkelen om Otra i nettutgaven av Store Norske Leksikon
- ↑ I skiftende tider, s. 16
- ↑ Tom Egerhei og Janne Johnsen, Otra. Mulighetsstudie for Otra Elvepark, MIdt-Agder Friluftsråd, 2020, s. 16
- ↑ Otra. Mulighetsstudie for Otra Elvepark, s. 19
- ↑ Otra. Mulighetsstudie for Otra Elvepark, s. 19
- ↑ Otra. Mulighetsstudie for Otra Elvepark, s. 20