Frøysnes



Frøysnes er ei lita grend på vestsida av Åraksfjorden, mellom Skomedal i sør og Ose i nord, i Bygland kommune. Grenda er delt i to matrikkelgardar, Nordre Frøysnes og Søndre Frøysnes. Riksveg 9 går gjennom grenda og følger fjorden i ei lengde av ca. 3,5 km.
Lensmann, ordførar, stortingsmann og statsråd Lars Liestøl (1839–1912) var fødd i Åseral, men budde i Nordigard på Frøysnes mykje av livet. Ein annen kjend mann frå Frøysnes er Øystein Frøysnes, som stod bak den vidgjetne «Ungkarsfestivalen» på Ose 7. september 1996.
Historie
Den opphavelege Frøysnes-garden har truleg gått ut frå Ose. Endå lenger tilbake har kanskje Moi, Ose, Tveit og Frøysnes vore ein stor gard. Frøysnes låg øyde fram mot år 1600. På denne tida var garden alt delt i to gardar, Nedre (seinare Nordre) Frøysnes og Øvre (seinare Søndre) Frøysnes. Når denne delinga har skjedd veit ein ikkje.
På andre halvdel av 1800-talet var Frøysnes noko av eit kultursentrum. Lensmann og odelstingspresident Lars Liestøl budde altså her. Det same gjorde sogemannen Johannes Skar. Doktoren heldt til på Frøysnes. Ein av borna hans var forfattaren Hans E. Kinck. Ferdinand Seippel budde med familien i Oppigard (Sonnenberg). Ferdinand var far til den kjende bibelomsetjaren og stevsamlaren Alexander Seippel.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 15–67 og side 100–102
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, 2018, side 116–117