Oppigard (Frøysnes)

Oppigard er eit gardsbruk (gnr. 19 bnr. 1) på Frøysnes i Bygland. Ei tid, ca. 1862-1884, eigde familien Seippel garden. Familiefaren, Ferdinand Seippel, fekk då garden namna om til Sonnenberg. Ingebjørg Frøysnes Berg hadde garden til ho døydde i 2021. Mannen hennar, Erling Berg, døydde i november 2016. Heimelshavar i dag (2026) er Kjell Øyvind Berg (f. 1971).
Fornminne
På garden er det eit nes som stikk ut i Åraksfjorden, og som heiter Lundarhalsen. Her fann ein langt tilbake i tid ei flat helle som var «bygd opp». Over denne hella låg ei stor, flat helle. Fagfolk frå Oldsaksamlinga som undersøkte funnet nærare meinte det kunne vere ein gamal gravplass, men meir truleg ein offerstad for guden Frøy.
Historie
Siri Pålsdotter eigde garden i 1670. Ho var dotter til Pål Olavson Frøysnes, som eigde heile Søndre Frøysnes til 1660. Siri var mest truleg enke etter Salve Salveson Ose. Etter 1670 blir alle spor etter desse folka borte, heiter det i gards- og ættesoga for Bygland.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 142
- Gardskart på nett
- Elektronisk grunnbok hos Statens Kartverk