Ingebjørg Frøysnes Berg

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingebjørg Frøysnes Berg
Født: 2. januar 1946
Død: 1. oktober 2021 (75 år)

Ingebjørg Frøysnes Berg (fødd 1946, død 2021) var hjelpepleiar og arbeidde i Bygland kommune sidan 1973. Ho var gift med Erling Berg, som døydde i 2016.

Ingebjørg og Erling budde først på Tonstad, der Erling var anleggsarbeidar. I 1968 flytta dei til Bygland, og budde ei tid hos foreldra hennar på Frøysnes. I 1976 overtok dei gardsbruket Oppigard. I tillegg til arbeid i Bygland kommune dreiv dei med sauer heime på garden.

Ingebjørg hadde borna Liv Elin Frøysnes Berg og Kjell Øyvind Berg med Erling. Foreldra hennar var Olav Torbjørnson Frøysnes og Liv Frøysnes (fødd Austenå). Dei budde i Storrvollen, eit nabobruk til Oppigard.

Kjelder