Veråni
Hopp til navigering
Hopp til søk

Ormslitjønn og Ormslivatnet til venstre. Åmtjønnane til høgre.
Foto: Reidar Tveito

Eit av dei mange små fossefalla i Veråni.
Foto: Geir Daasvatn

Verefossen.
Foto: Reidar Tveito
Veråni er ei lita elv som renn ut av Ormslivatnet under Sandvikfjellet på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland kommune. Frå Ormslivatnet renn ho sør-austover forbi Veresteane og Verehommen, og vidare sørover ned lia og ut i Byglandsfjorden mellom Vik og Sines. Det største fallet i elva er Verefossen.
Veråni er ein del av eit større vassdrag, og har ei samla lengde på rundt ei mil. Av dei mange bekkar som renn inn i Ormslivatnet har Muggetjønnbekken størst nedslagsfelt, på 1400 da. Frå 685 meter over havet byrjar ein liten bekk å renne ned Bakkebrekkon mot Sandtjønni, vidare gjennom Øvre- og Nedre Åmtjønn ned til Muggetjønn. I Muggetjønnbekken renn vatnet 600 meter ned til Ormslivatnet, som igjen er hovudkjelda for Veråni.
Litteratur
- Reidar Tveito: Veråni 2016