Ormslivatnet
Hopp til navigering
Hopp til søk

Veiånivassdraget med Ormslitjønn til venstre nærast og Ormslivatnet bak der igjen.
Foto: Reidar Tveito
Ormslivatnet ligg under Sandvikfjellet på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Frå Ormslivatnet renn Veråni sør-austover forbi Veresteane og Verehommen, og vidare sørover ned lia og ut i fjorden mellom Vik og Sines.
Av dei mange bekkar som renn inn i Ormslivatnet, har Muggetjønnbekken størst nedslagsfelt, på 1400 da. Frå 685 meter over havet byrjar ein liten bekk å renne ned Bakkebrekkon mot Sandtjønni, vidare gjennom Øvre- og Nedre Åmtjønn ned til Muggetjønn. I Muggetjønnbekken renn vatnet 600 meter ned til Ormslivatnet, som igjen er hovudkjelda for Veråni.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Reidar Tveito, Veråni, Byglandsfjord 2016, side 12–16