Hekni kraftverk

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Inngangen til kraftstasjonen.

Hekni kraftverk ligg i Otra lengst nord i Bygland kommune. Det nyttar eit fall på 38,5 meter frå ein dam ved Tjurrmo i Valle kommune. Samla effekt er 56 MW og midlere årsproduksjon er på 230 GWh. Kraftverket produserer straum til 14 900 husstander. Produksjonen starta i 1995. Tunnelen frå dammen til kraftverket har eit tverrsnitt på 115 m². Tilløpstunnelen har ein lengde på ca. 5500 meter og avløpstunnelen er ca. 675 meter lang. I kraftverket står to kaplanturbinar, turbinar som vert brukte når det er liten fallhøgde og stor vassmengd.

Å Energi Vannkraft (66,66 %) og Skagerak Kraft eig Hekni kraftverk, som regulerer Otra, der Otteraaens Brugseierforening er reguleringsansvarleg.

Av estetiske grunnar og av omsyn til blekebestanden er det sett ei minstevassføring frå Tjurrmodammen på 5,0 m³/s i sommarhalvåret og 3,0 m³/s resten av året. I tillegg kan Fylkesmannen krevje at det sleppast inntil 10 millionar m³ vatn årleg for å betre miljøforholda nedstrøms dammen, der det er 11 terskelbasseng på strekningen mot Byglandsfjorden.

Kjelder

Eksterne lenker


Kraftverk i Bygland
   Hekni · Hovatn · Nordåni · Meleåni · Langerak   



Aust-Agder våpen Kraftverk i Otra
   Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Fennefoss kraftverk · Iveland · Nomeland · Steinsfoss · Hunsfoss · Vigelandsfoss