Steinsfoss kraftverk
Hopp til navigering
Hopp til søk
Steinsfoss kraftverk er eit vasskraftverk i Otra i Vennesla kommune. Kraftverket utnyttar tre fall i Otra; Steinsfossen, Paulenfoss og Urfoss. Den totale fallhøgda frå Beiehølen dam til stasjonen er 57,4 meter. Tunnelen som fører vatnet til kraftstasjonen er 3 580 meter lang. Sjølve kraftstasjonen ligg inne i fjellet på vestsida av Otra, om lag ein kilometer nord for Grovane. Han blei sett i drift i 1957/1958. I 1985 blei det montert ein kaplanturbin på 60 MW.
Steinsfoss kraftstasjon har tre aggregat og ein installert effekt på 105 MW. Kraftverket leverer 589 GWh i året til Å Energi. Det tilsvarer straumforbruket til om lag 36 800 husstandar.
Kjelder
Kart
![]() |
Breive · Skarje · Skarg · Holen · Hommsåne · Kveasåni· Brokke · Bjørgum · Straume · Hekni · Hovatn · Nordåni · Nånes & Mele · Longerak · Storebekk · Uleberg · Fennefoss kraftverk · Iveland · Nomeland · Steinsfoss · Hunsfoss · Vigelandsfoss |