Paulenfoss
Hopp til navigering
Hopp til søk
Paulenfoss er eit fossefall i Otra, rundt 2,5 km nord for Grovane, på grensa mellom Iveland og Vennesla.
Fossen var den første som blei bygd ut i Otra, med Kringsjå kraftverk som blei sett i produksjon i år 1900. I samband med kraftutbygginga blei det bygd dam over heile elvelaupet, slik at den naturlege fossen ikkje finst lenger. I dag nyttar Steinsfoss kraftverk vatnet i Otra frå dam ved Beiehølen litt ovafor Paulenfossen. Det er difor i regelen lite vatn i fossen. Men ved flaum i Otra er han framleis eit mektig syn.