Sigmund Skomedal
| Sigmund Skomedal | ||
|---|---|---|
| Født: | 23. januar 1942 | |
| Død: | 3. januar 2023 (80 år) | |
Sigmund Skomedal (fødd 23. januar 1942 på Skomedal i Bygland, død 3. januar 2023 på Evje) var journalist i NRK. Han vaks opp på Evje og gjekk på Hornnes landsgymnas. Etter eit år i Seljord som vikarlærar begynte han på Kristiansand lærarskule. Då han var ferdig der, var han lærar på Åmli statsrealskule. Sidan hadde han ein periode som maskinseljar i Kvinesdal før han vart lærar i Lillesand. Midt på 1970-talet kom han til NRK Sørlandet og der vart han verande til han gjekk av med pensjon. Skomedal var ein mykje aktiv dugnadsleiar og dugnadsarbeidar under utbygginga av Flatebygd skianlegg frå 1989 til 1997.
På romjolsfesten til Setesdal Spelemannslag på Sylvartun i Hylestad jola 2015 blei Sigmund Skomedal utnemd til heidersmedlem i laget. Skomedal gjorde på 1970- og 1980-talet eit stort arbeid med å reise rundt i Setesdal og gjere lydbandopptak av spelemenn og kvedarar. Opptaka er no blitt ein viktig del av folkemusikkarkivet til Setesdalsmuseet og er der gjort tilgjengeleg for alle.
Kjelder
- Vidar Toreid, Sigmund Skomedal heidersmedlem, artikkel i Setesdølen nr. 1, 2015, side 3
- Sigurd Haugsgjerd, Ei kjend røyst har tagna, minneord over Sigurd Skomedal i Setesdølen nr. 3, 2023, side 2
Eksterne lenker
- O.S.M.: Røysti frå indre Agder. Artikkel i Setesdølen nr. 3, 1976.