Hopp til innhald

Vidar Toreid

Frå Setesdalswiki
Vidar Toreid
Født: 29. september 1947
Død: 31. august 2026 (78 år)

Vidar Toreid (fødd 29. september 1947, død 31. august 2026) var distriktslege og seinare kommunelege i Bygland frå 4. januar 1977 til 2008. Legeutdanninga gjennomførte han på Island.

Han sa opp fastlegeavtalen fordi han ikkje lenger fekk lov til å arbeide med privat pasientpraksis på det kommunale legekontoret. Han blei etterkvart også sagt opp som smittevernlege i Bygland.

Etter at han slutta i legestilinga i 2008, arbeidde Vidar Toreid som vikarlege i Åseral, Hægebostad, Audnedal, Marnardal og Eiken. Dessutan hadde han stadig oppdrag for Norsk Pasientskaderstatning for å lage faglege uttalar til saker som vart handsama der. Han var og med i legevaktsamarbeid for kommunane i indre Vest-Agder. Han søkte ei rekke utlyste legestillingar i kommunane i Setesdal, minst 15 sa han sjølv. Men han fekk aldri nokon av desse.

Vidar vaks opp i Valle. Han hadde ei stor interesse for folkedans og kveding, og for målsaka. Han var også ein sentral person i Bygland helselag. Han var med i idrettslaget på Bygland, og i ungdomslaget. Han var formann i Setesdal sogelag i fem år, frå 2018 til mars 2023.

Vidar Toreid var gift med May Elisabeth Brurberg, som døydde tidlegare. Han etterlet seg barna Brage Toreid, Angjerd Toreid og Vetle Toreid, svigerbarn, barnebarn og annan familie. Den siste tida var han på Byglandsheimen. Gravferda var frå Rjukan kapell fredag 2. oktober 2026 klokka 11. Etter gravferda var det ope minnesamvær

Kjelder