Bykle kommune

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Bykle)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bykle kommune ligg heilt nord i Setesdal og Agder. Kommunen grensar i nord og aust til Telemarkskommunane Vinje og Tokke, i sør til Valle og Sirdal og Forsand i Sandnes i Rogaland, og i vest til Rogalandskommunane Hjelmeland og Suldal. Flatevidda er 1 552 km2. Av dette utgjer skogsareal 166 km² og ferskvatn 106 km². Kommunen hadde 1011 innbyggjarar pr. 4. kvartal 2024.[1] Kommunevåpenet i Bykle kommune er sølvdropar strødd på grønn bakgrunn. Kommuneblomsten er søterot.

Bykles kommunevåpen
Bykles plassering i Aust-Agder
Bykle rådhus i 2011.
Foto: Siri Johannessen

Namnet

Sentrum i Bykle er garden Byklum. Frå dette gardsnamnet har så namnet på kyrkjesoknet og bygda kome. Men gardsnamnet er truleg ikkje det primære i denne rekka. Byrjinga må vere stadnamnet Bykil. Tarald Nomeland meiner Bykil kjem av det gamalnorske ordet bygil; altså noko som er bøygt, ein bøyg eller bug. Det høver på Bykilen, han ligg noko bugen midt i dalen.[2]

Grender

Bykle har to jamnstore bygdesentra, Hovden og Bykle kyrkjebygd; begge vert definert som tettstader ifølge SSB. I tillegg er det busetjing i mindre grender langs Riksvei 9. Grendene er (frå nord til sør): Bjåen, Breive, Ørnefjødd, Geiskeli, Dalen, Berdalen, Hoslemo, Glidbjørg, Stavenes, Trydal, Grasbrokke og Bjørnarå.

Bykle kyrkjebygd i juni 2016.
Hovden sett frå Hartevatn.
Foto: Geir Daasvatn

Tusenårsstad

Opphaveleg blei Hovden sentrum vald til Tusenårsstad, og ein skulptur med ein tusen år gamal myrmalmklump skulle markere staden. Seinere vart staden flytta til Hegni på Hovden, der ein skulptur markerer staden i Hegni friluftsområde.

Elver

Hovudvassdraget i Bykle og Setesdal elles er Otra. Størstedelen av kommunen, med unnatak for eit lite område på grensa mot Tokke kommune i aust og eit noko større område i sørvest, drenerer til Otra.

Fjell

Kommunen er prega av store høgfjellsområder, både på aust- og vestsida av hovuuddalføret. Terrenget er stort sett mellom 1000 og 1200 m.o.h, og har mange avrunda fjell. Mot vassskilet i aust og vest strekker dei høgaste toppane seg mot 1500 m.o.h. Det er ingen isbreer her, men det finst snøfonner i området ved Svartepodd i nordvest som bare forsvinn i svært varme somrar.

  • Sæbyggjenuten (1507 m.o.h.) er høgaste punkt i Bykle kommune og Aust-Agder fylke. Primærfaktor 317 m.
  • Steinheiinuten (1421 m.o.h). Primærfaktor på 436 m
  • Svåenuten (1367 m.o.h). Primærfaktor på 357 m
  • Kvervetjønnut (1417 m.o.h.). Primærfaktor på 327 m
  • Hovdenuten (1119 m.o.h). Primærfaktor på 242 m. Mykje populært turmål, merka turveg bratt til topps.

Vann

Den småkuperte topografien gjer at det i Bykle finnast hundrevis av vatn. Nord for Vatnedalsvatn er grunnen kalkrik, slik at fiskebestanden er god, trass i sur nedbør i tidlegare tider. Aure er det einaste naturlege fiskeslaget.

Næringsliv

Viktigaste næringar i Bykle er vannkraft og turisme. Hovden er den største vintersportsstaden sør for Hardangervidda. Dei rundt 2750 registrerte fritidsbustadane er i hovudsak konsentrerte rundt Hovden.[3]

Turistforeninga sine hytter

Val i 2015

Val i 2011

Historie[4]

Dei første spora etter menneske i Bykle finn ein rundt 7 000 år før Kristus. Det er bålrestar etter samlarar og jegerar.

Universitetets Oldsaksamling undersøkte i 1973 Neslandsstølen Strond ved Botsvatn, samt garden Holen, og fann spor etter busetnad frå yngre steinalder om lag 2500 år f.Kr. Det vart funne ei rekkje reiskapar og pilspissar av flint og kvarts. Stadnamngranskinga syner også at det truleg har vore fast busetnad i Bykle så tidleg som 400-600 år etter Kristus. Truleg har den første busetjinga kome frå Vestlandet. Ut frå alle jernvinnetufter og kolgroper som er registrerte, er det tydleg at det har vore aktivitet og budd folk i området frå om lag 500 e.Kr.

Bykle kyrkje er først nemnd i 1327, men først i 1619 blei Bykle gamle kyrkje som står i dag sett opp. Bykle var i mange år utan kyrkje. I mellomalderen var det busetjing i dei fleste bygdelaga i Bykle og på Hovden. Den fyrste fysiske bruksdelinga på opphavsgarden kom på 1700-talet, og då fekk ein gardsnamn som t.d. Systog, Norstog, Austistog, Attisog og Der Nord med fleire. Jorda var skrinn i Bykle, og det var jakt og fangst i utmarka som var det viktigaste for gardsbruka.

Då formannskapslova kom i 1837 blei Bykle eit annekssokn til Valle, heilt fram til 1902. I 2002 markerte kommunen hundreårsjubileet med å gi ut fotodokumentaren Bykle - tre dagar i mai, fotografert av Knut Bry. På slutten av 1800-talet byrja turismen i Bykle med skysstasjonar både i Bykle og på Bjåen. På denne tid starta og kraftutbygginga, men denne utbygginga var på framande hender, slik at bortsett frå sysselsetting, var inntektene små. Byklarane var strevsame folk, og det blei på denne tid starta tamreinlag, som gav både inntekter og sysselsetting. Starten på Setesdal Bilruter skjedde og i Bykle i 1921.

I tida frå 1963 til 1969 var kampen om Bykildammen ein tung prosess for kommunen. Søknaden om konsesjon på Bykildammen med ei oppdemming til høgde 570 m.o.h. vart ikkje godkjend av regjeringa. Men til gjengjeld vart det gitt konsesjon for oppdemming av Botsvatn til høgde 551 m.o.h. Dette førde til at alle dei som budde på dei 12 gardsbruka som var her då, måtte flytte frå Nordbygdi. Det vart arbeidsplassar og etter kvart kraftinntekter til kommunen, og turismen auka. Infrastrukturen både i Bykle og på Hovden tilfredstilte nasjonale krav, og ein fekk moderne aktivitetssenter, overnattingsbedrifter og tilflytting både i Bykle og på Hovden.

Kjende personar frå Bykle[5]

Kjelder

Referansar

  1. Kommunefakta for Bykle hos Statistisk Sentralbyrå
  2. Knut Gjerden, Bykle kultursoge, utgjeve av Bykle kommune, 1993, side 364
  3. Påskemagasinet til Fædrelandsvennen, april 2022, side 16
  4. Innhaldet er henta frå Kulturminneplan for Bykle 2016-2019, vedteke av Bykle kommunestyre 16. februar 2017, side 6
  5. Kulturminneplan Bykle 2016-2019, side 23

Eksterne lenker