Stavenes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn frå Stavenes mot Kyrkjebygda i vest.
Nordstog i Stavenes.
Foto: Geir Daasvatn
Stavenes sett frå Jarekollen 2. juli 2023.
Foto: Geir Daasvatn

Stavenes er ein gard (gnr. 16) og ei lita grend i Bykle. Ho ligg på austsida av Otra, om lag 3 kilometer aust for Bykle kyrkjebygd. Stavenesvegen går over Dam Sarvsfoss til grenda frå hausten 2015. Det er fire hovudbruk – Utistog, Systog, Teigen og Nordstog – og fleire mindre bruk og eigedomar i grenda. Men i 2015 var det bare ein fastbuande.

Stavenes er kulturlandskap av regional verdi.

Historie

Aanund Olsnes skriv i Heimar og folk i Bykle at garden truleg er mellom dei eldre i Bykle. Han kan vere busett i før-kristen tid (før år 1000), eller i det minste i høgmellomalder (før år 1350). Den opphavelege garden blei delt i to einingar langt tilbake i tida, truleg i vikingtid eller tidleg mellomalder. Den eine eininga var då ihopsett av Nordstog/Teigen, og den andre av Utistog/Systog. På eit eller anna tidspunkt kom Nordstog/Teigen i eiga til Valle sokneprestembete.


Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...