Sirdal
Sirdal er ein kommune i Agder, i tidlegare Vest-Agder, og i storleik den største kommunen i fylket. Flatemålet er 1 547 kvadratkilometer. Kommunen grensar i vest til Lund, Bjerkreim, Gjesdal, Eigersund og Sandnes i Rogaland fylke, i nord til Bykle, i aust til Valle, Bygland og Kvinesdal og i sør til Flekkefjord. Kommunen har 1 810 innbyggarar (2022). Kommunesenteret er Tonstad. Sinnes i Øvre Sirdal er eit turistsenter.
Sirdal kommune er ein kraftkommune med god økonomi. 45 % av dei sysselsette i kommunen arbeider innan offentleg forvaltning. Sira-Kvina Kraftselskap og turisme representerar mange arbeidsplassar i kommunen. Mange populære turområde og hyttefelt blir mykje brukt av folk frå Rogaland,
Historie
Før 1838 gjekk grensa mellom Stavanger amt og Lister amt i elva Sira som deler Sirdal i to. Området på vestsida av Sira høyrde til Lund skipreide i Stavanger amt, medan austsida låg i Feda skipreide i Lister amt. Frå 1838 blei vestsida av Bakke sokn ført over til Lister amt. Soknet vart etter kvart delt i tre herad: Øvre Sirdal, Tonstad og Bakke. Kommunen Sirdal blei oppretta i 1848, da han vart skild ut frå Bakke formannskapsdistrikt. I 1905 blei kommunen delt mellom Tonstad kommune og Øvre Sirdal kommune. I 1960 vart Tonstad, Øvre Sirdal samt Haughom-grenda frå Bakke kommune slegne saman til Sirdal kommune. Kommunen blei i 1987 utvida med Espetveit og Viraksgrenda, som tidlegare høyrde til Flekkefjord kommune.