Setesdølen ville ha likt seg i Arendalsuka 2016

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Kløvstad
Foto: Jan Dukene

Setesdølen ville likt seg i Arendalsuka er eit lesarinnlegg som fylkestingsmedlem for Venstre Jan Kløvstad hadde i Setesdølen nr. 66, 2016 side 6. Innlegget var ein reaksjon på ein leiarartikkel i Setesdølen nr. 64, 2016.

Leiarskribenten i Setesdølen er stolt over at han ikkje var i Arendalsuka sist veke, og har noen sleivspark til opptil fleire namngjevne folk. Det hadde vore gildt om leiarskribenten hadde vore i Arendal. Da skulle han fått både kaffi/te og muffins på Venstres stand, og han kunne møtt veldig mange folk og fått veldig mykje kunnskap.

Derfor eit lite referat: Evjeordførar Bjørn A. Ropstad var utstyrt ned minnepennar med effektiv informasjon om fengsel på Evje, og var særleg gåvmild med desse minnepennane til stortingsfolk i justiskomiteen, til koffertberarane deira og oss lokalt/regionalt som har mykje kontakt med stortingsfolk i fleire parti. Vi kjempar nå hardt for tidleg oppstart på Evje. Fleire blei også påspandert Voss-vatn frå Iveland, eit eple og ein god vaffel. Kjell Ingolf Ropstad var overalt i debattar og samtalar på standen til Kristeleg folkeparti. Jon Rolf Næss sørga for å snakke med alle han møtte om å støtte opp om viktige Setesdalsprosjekt i statsbudsjettet, og sentralstyremedlem og Ivelandsordførar Gro Anita Mykjåland passa på at interessene til indre Agder kom godt fram også i og frå Senterpartiet. Underteikna og Bjørn A. Ropstad snakka med Norsk Folkehøgskoleforbund og fleire stortingsparti om arbeidet for å få statsstøtte til å starte opp folkehøgskole på Evje. Dette er også følgt opp i eit møte mellom Venstres stortingsrepresentant Iselin Nybø, leiinga frå Evjeklinikken og underteikna på Stortinget mandag kveld. Få finanspolitikarar på Stortinget er nå uvitande om den felles kampen frå Venstre og KrF om å halde på skattekontora på Evje og i Valle. Vidar Toreid fekk mykje kunnskap om Panama-papira, og var særleg imponert over partileiaren i det islandske Piratpartiet. Leonhard Jansen og Anna Stella Karlsdottir sørga for at alle kulturminneinteresserte folk veit kva Setesdalsmuseet driv med, og var aktivt med i arbeidet rundt museumsbåten Gamle Oksøy som lå til kai og var åstad for mange interessante debattar mellom museumsfolk og folkevalte. Eg hadde sjølv gleda av å vere med i to av samtalane. Ole Morten Vegusdal lot ingen sjanse gå frå seg til å knyte kontaktar til beste for heile Agder, også indre Agder, med leiande folk både i Venstre og andre parti. Trine Skei Grande var, som leiarskribenten skriv, i Arendal, - og om Donald Trump skjelv i buksene av det, veit eg ikkje. Men eg kan glede Setesdølen med at Trine Skei Grande har takka ja til å kome til Setesdal når det blir åpningsarrangement ved den nyflytta Jørgen Løvland-statua. Formannskapsmedlem Hans Olav Omnes i Valle, av Setesdølen omtalt som ei særs god blanding av Jørgen Løvland og Johan Sverdrup, var sjølvsagt i salen under partileiardebatten. Helga Arntzen ga solid informasjon både om Landeskogen, Aktive Fredsreiser og Revsnes i teltet midt i gågata. Bondelagets Finn Aasheim var på plass og fekk ordna kloke samtalar med folk i samtlege parti om dei utfordringane landbruket på Agder har, og dei formuleringane bondelaget gjerne ser i dei komande programma for stortingsvalet 2017. Dette kombinerte han med gode ord om suksess for Naturligvis på Evje.

Det hadde vore gildt å sjå leiarskrivaren i Setesdølen også i Arendalsuka. Han ville likt seg der, - saman med veldig mange setesdølar. Takk til alle som stilte opp og talte Setesdals sak når så mange folk var i Arendal.