Anna Stella Karlsdottir
| Anna Stella Karlsdottir | ||
|---|---|---|
| Født: | 2. januar 1955 (70 år) | |
Anna Stella Karlsdottir (fødd 2. januar 1955 i Island) var styrar på Setesdalsmuseet frå 1996 til 2019. Frå 1. mai 2016 var ho også assisterande direktør for Aust-Agder museum og arkiv, med hovudsete i Arendal.
Anna Stella er utdanna etnolog frå Universitetet i Bergen i 1992 med hovudoppgåva «Fra reiseskildring til turistbrosjyre - en analyse av hvordan utvalgte kulturelementer blir etablert som symboler for en lokal kultur, og hvordan de samme kulturelementene blir brukt i dagens turistbrosjyrer». Støttefaga hennar var folkloristikk og psykologi. Same hausten vart ho tilsett som museumspedagog på det då nybygde Setesdalsmuseet. Ho hadde tidlegare arbeidd som omvisar på Bygland Tun fleire somrar. Då Thor Gunnar Hansen i 1996 gjekk ut i permisjon og sidan slutta som styrar, vart Anna Stella Karlsdottir tilsett som dagleg leiar av museet.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Frå bygdetun til regionmuseum. Artikkel i Temaavis for Setesdalsmuseet juli 2012
- Anna Stella assisterande direktør, stykke i Setesdølen nr. 34, 2016, side 2