Roskreppfjorddammen
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn

Roskreppfjorddammen er ein svær steinfyllingsdam som saman med tre mindre sekundærdammar demmer opp Roskreppfjorden på kommunegrensa mellom Valle og Sirdal i Setesdal Vesthei til magasin for fleire kraftverk i Sira-Kvina-vassdraget. Høgaste regulerte vasstand (HRV) er 929 moh. Lågaste regulerte vasstand (LRV) er 890 moh.). Damanlegga blei bygde i 1966–1968 av Sira-Kvina Kraftselskap og rehabiliterte i 2004.
Rett sør for dammen ligg Håheller rasteplass på Brokke-Suleskarvegen og Håhellervatn.
Kjelder
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
- Om Roskreppfjorden og damanlegga på nettsida til Sira-Kvina Kraftselskap