Brokke-Suleskarvegen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Brokke-Suleskarvegen er ein 42 km lang vinterstengt fylkesveg som går frå Nomeland i Hylestad i Valle gjennom Setesdal vesthei til Suleskar i Sirdal i Vest-Agder. Han vart opna i 1990. Frå Nomeland til fylkesgrensa mot Vest-Agder ved Håhellervatn er det offisielle vegnamnet Fylkesveg 337. Lokalt i Valle heiter dette vegstykket Suleskarvegen, og er 26,9 km langt. Frå fylkesgrensa til Suleskar er namnet Fylkesveg 987. Dette vegstykket er 15,1 km langt.

Den første delen av vegen vestover frå Brokke følger den gamle Heibergvegen.

I 2016 opna Brokke-Suleskarvegen 20. mai og stengte 1. november. I 2017 opna han også 20. mai. Det same var tilfellet i 2018. I 2023 var opninga søndag 21. mai.

Det har blitt diskutert å bygge ein 17 km lang tunnel på vegen. Ein så lang tunnel på ha to separate løp og kan kome til å koste 3,8 milliardar kroner.[1]

Kjelder

Referansar

  1. Sigurd Haugsgjerd: Milliardsluk for tunnel? Artikkel i Setesdølen nr. 38, 2025 side 4