Heibergvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Heibergvegen er den lengste og eldste av bilvegane (skogsbilvegane) inn i heiane i Valle. Han går frå Brokke i Hylestad, inn Fardalen og Bergsdalen til Tjønnestøyl, noko heimafor Evardalen. Vegen er 12 km lang, og blei bygd frå 1915 og frametter. Vegbyggaren var Thorvald Meyer Heiberg. Han hadde kjøpt enorme heievidder av bøndene i Hylestad og Valle, og vegen vart bygd for å kunne utnytte dei svære heiane betre.
I 1932 fekk vegen ei grein frå Greini og inn til Myklevatnet.
Brokke-Suleskarvegen følger den gamle Heibergvegen frå Brokke.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII - Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 340