Olav A. Bratteland
| Olav A. Bratteland | ||
|---|---|---|
| Født: | 21. november 1916 | |
| Død: | 15. november 2009 (92 år) | |
Olav A. Bratteland (fødd 21. november 1916, død 15. november 2009) budde i Kristiansand. Han var ikkje gift og etterlet seg syskjena Torbjørg og Auver og deira familiar. Gravferda var frå Oddernes kapell onsdag 25. november 2009 klokka 12.30. I staden for blomar ønska ein ei gåve til diakoniarbeidet i Vågsbygd menighet.
Olav kom frå gardsbruket Nordstog Bratteland ved Botsvatn i Bykle. I 1946 overtok han eigedomsretten etter mor si Ingebjørg Olavsdotter Bratteland (f. Trydal 1890, d. 1985). Han overtok samstundes naboeigedomen Skolås. Olav dreiv garden med hest, 2–3 kyr og om lag 20 sauer til 1955. Ved sida av gardsarbeidet var han møbelsnikkar. I 1955 flytta han til Kristiansand saman med mora og ei syster. Der arbeidde han resten av yrkeslivet som snikkar og bygningsmann.
Kjelder
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 92, 2009 side 2
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, band III, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 75–78